Eufemia: uvanleg namn med smal lokal utbreiing?
I 1801-teljinga er det 16 kvinner med namnet Eufemia, i litt ulike regionale variantar: Femme i Bergen, Femia på Sunnmøre og i Kargerø, Femie i Eivindvik, Femma i Skjold i Rogaland og Euphemia i Sannikedal i Telemark. Eufemia er eit sjelden namn, berre 16 kvinner i 1801, eller 0,0035% av alle kvinnene i Norge, har dette namnet. I 1865 er namnet endå meir sjelden, berre to kvinner har namnet Femia og begge bur på Sunnmøre. I 1900 har namnet fått noko større popularitet, men dei gamle nameformene er borte, namnet blir no skrive Euphemia eller Euphemie og desse kvinnene bur i byar. Eg tolkar dette slik at det er ein ny namnetradisjon som har blitt etablert, ingen i det gamle kjerneområdet for namnet (Sunnmøre) har dette namnet lenger.Er det ein forbindelse mellom desse Femiane i 1801? Er dei i slekt med kvarandre? Og kor langt attende i tid kan vi føre namnet på Sunnmøre. Kan vi finne ei felles formor, ei ur-Eufemie? Dersom svaret er ja syner dette korleis ein namnetradisjon kan halde seg innafor ei bestemt slekt og region over lang tid. Det syner også behovet for å ta vare på tradisjonar og føre vidare ein namneskikk gjennom eit spesielt kvinnenamn. Ved å studere særeigne kvinnenamn kan vi også få eit innsyn i andre konkrete måtar å føre ein tradisjon vidare på.
Vi skal i første omgong prøve om vi kan finne ein forbindelse - gjennom slekt og giftermål - mellom dei 11 Femiane på Sunnmøre, i Ytre Sogn og i Bergen. 'Kjerneområdet' for namnet er Sunnmøre, 3 i Borgund prestegjeld (Ålesund) og 3 i Norddal prestegjeld. Men før vi leitar etter samband mellom desse skal vi gå litt attende i tid. Kva var bakgrunnen til namnet, og kvar kjem det i frå?
Eufemia - kort om namnet og kvinnene
Namn set ein i båsar (kategoriar) etter opphav: Bibelske, greske, norrøne, nordiske, germaske, helgennamn osb. Eufemia går i Norge for å vere eit tysk fyrstenamn, særleg på grunn av Euphema av Pommeren og dei såkalla "Euphemiavisene", men namnet har hatt langt større utbreiing. Namnet blir tileigna St. Euphemia, ei ung kvinne frå Chalcedon ikkje langt unna dagens Istanbul i Tyrkia som leid martyrdøden i 313 e. kr. Ho blei avretta fordi ho offentleg bekjente seg til kristendomen og ikkje ville fornekte Jesus Kristus. Euphemia vart ein populær helgen og kanskje ein av grunnane til at det 4. ekumeniske kyrkjemøtet vart arrangert i hennar fødeby i 451. På engelsk og gresk tyder ordet euphemism eit mildt eller vagt uttrykk som erstattar ein ide som kan virke hard eller støtande, t.d. 'gå bort' for 'dø'. Ei med namnet 'Eufemia' vil vi kunne seie er ei kvinne med mild, men bestemt tale."Eufemia-visene" er kjent frå skandinavisk mellomalder. Dette er tre romantiske ridderviser som ein meiner er blitt skrive på oppdrag av den norske dronninga Eufemia i samband med ekteskapet mellom dottera Ingebjørg og Hertug Erik, seinare konge i Sverige. Dronning Eufemia, Eufemia av Rügen, var dotter til Wizlaw II von Rügen and Agnes von Braunschweig, og mormor til Eufemia heitte også Eufemia. Dronning Eufemia av Rügen vart gift med Haakon V Magnusson (1280-1319) og dei fekk berre eit barn, Ingebjørg (1301-61). Ingebjørg vart gift med Erik av Sverige og fekk ei dotter som dei kalla Eufemia. Prinsesse Eufemia av Sverige vart gift med Grev Albert I (II) von Mecklenburg-Schwerin.
Det er også ei dansk dronning med namnet Eufemia: Euphemia av Pommeren (1285-1330) gift 1306 (før 1307) med Christoffer 2 av Danmark, konge i Danmark 1320-26 og 1329-32.
På denne måten kan Eufemianamnet i Skandinavia ha teke vegen frå nordlege delar av dagens Tyskland og Polen gjennom giftarmål i det danske, svenske og norske kongehuset. Naturlegvis kan det også ha vore andre vegar namnet tok seg til Norge i mellomalder, t.d. var kontakta mellom Bergen og Hans-byane tett. Men no gjer vi eit sprang på 4-500 år, til 1800.
Eufemia kring 1800.
Den første landsdekkjande folketeljinga med namn vart halden 1. februar 1801. Alle personar som var i Norge denne dagen er registrerte, og her bør vi finne alle som heitte Eufemia i ulike variantar. Teljinga er tilgjengeleg på Internett i Digitalarkivet og vi kan søkje på ulike namneforekomstar. Søkjer vi på førenamn som inneheld "fem" finn vi1) Femie Eilertsdtr i Kragerø
2) Euphemia Torbjørnsdtr. i Sannikedal
3) Femie Gundersdtr. i Stavanger
4) Femma Sachariasdtr, 5) Femma Erichsdtr og 6) Femma Andersdtr i Skjold i Ryfylke
7) Femme Hansdtr., 8) Femme Jacobsdtr og 9) Femme Lund i Bergen
10) Femie Olsdtr i Eivindvik
og følgjande sju i på Sunnmøre:11) Femia Johannesdtr. f. 1724, Lille Gjerde, Åsen, Sunnylven, Norddal
12) Femie Larsdtr. f. 1800, Åsen, Sunnylven, Norddal
13) Femia Pedersdtr. f. 1746, Rønneberg, Norddal
14) Femia Olsdtr. f. 1735 Giske-Ødegård, Borgund
15) Femie Mogensdtr. Fiskerstrand f. 1751, Borgund
16) Femie Pedersdtr. Wassædt, f. 1739, Borgund
17) Femia Pedersdtr. Hakind f. 1763, UlsteinI slekt med kvarandre?
Det er eit omfattande arbeid å finne ut om desse 17 Eufemiane er i slekt med kvarandre. Litt mindre omfattande er det å granske kvinnene med namnet Femia på Sunnmøre. I 1801 bur sju av 'Femiane' på Sunnmøre, tre i Norddal prestegjeld, tre i Bogund prestgjeld og ei i Ulstein prestegjeld
Kan desse sju vere i slekt med kvarande?Vi kan ta til med det enkle: Femie Johannesdtr (11) er mormor til (12) Femie Larsdtr. Farmor til Femie Johannesdtr (11) var Eufemia Larsd. Maråk. Eufemia Larsdtr var også mormor til (14) Femia Olsdtr. Giske-Ødegård. For å lette dette kan vi sette forbindelsane opp grafisk.
Tabell 1: Slektssamband mellom Eufemia 11, 12 og 14
Merk at i tabellen er rader lik generasjonar
Generasjon 2 3 (ca. 1610) Eufemia Nilsdtr. Vereide, Gloppen g.m Lars Sylvesterson Maråk, Geiranger Lars S. Maråk g. 2. gong med: Synneve Rasmusd. 4 (ca. 1660) Barn: Eufemia Larsd. Maråk g.m Morten Hanss. (Johanness.?) Møll. 5 (ca. 1700) Barn: Peder Johan(nes) Synnøve g.m Ole 6 (ca. 1730) Barn: Femie Johannesdtr (11) g.m Jokum Barn: Femia Olsdtr. (14) 7 (ca. 1760) Barn: Oline 8 (ca. 1800) Barn: Femie Larsdtr (12) Så langt har vi slått fast at 3 av dei 7 sunnmørsfemiane i 1801 er i slekt, 11 og 14 er søskenbarn og 12 er dotterdotter til 11.
Kva med nr. 13?
Artikkelen er ikkje ferdig, og den vil bli skriven etter eit dugnadsprinsipp. Derfor: Send gjerne ein kommentar/melding om du kjenner slektskapsforholdet mellom personar nemnd i denne artikkelen. Framhald kjem snart (vonar vi!)
Kjelder:
Tor Myklebust og Arne Solli, Kvinner med namnet Eufemia i Norge.
1801-teljinga i Digitalarkivet
http://heiligenlexikon.de/BiographienE/Euphemia.html
http://www.patriarchate.org/ecumenical_patriarchate/chapter_4/html/st._euphemia.html
Arne Solli, 15. april 2002.