Ein visitas i 1799:

Johan Nordahl Brun på heimtrakter.

Diktar, biskop og Bergens-ikon

Diktaren og biskopen Johan Nordahl Brun var fødd i Trondheim i 1745. Han vart sogneprest i Bergen 1774, vart stiftsprost 1793 og biskop frå 1804 til sin død i 1816. Nordahl Brun er blant anna kjent for å ha skreve Bergenssongen "Jeg tog min nystemte Cithar i hende" og "For Norge, Kiempers Fødeland".

Johan Nordahl Brun fekk ei stor etterslekt, og mange av dei vart oppkalla etter stamfaren. Av dei mest kjende er forfattarane Johan Nordahl Brun Grieg og Johan Nordahl Brun Rolfsen. Den siste kjend for sine lesebøker for folkeskolen

Biskopen var son til Svend Brun og Mette Catharina Nordahl. Mette C. Nordahl var dotter til den utflytta nordalingen John Knudsen Nordahl.


Biskop Johan Nordahl Brun

Mette Catharina Nordahl, mor til biskopen

Visitas til Sunnmøre i 1799

Som stiftsprost gjorde Johan Nordahl Brun sommaren 1799 ei visitatsreise der han mellom anna vitjar Norddal. Fredagskvelden den 19 juli stig han i land i Norddalsfjøra.

I visitats-journalen skriv han følgande: " 19de Iulij ……kl. 7 ved Nordahls Kirke ved min Morfaders Fødestæd, i den Dahl hvorfra mit tilnavn Nordahl har sin Oprindelse.  Kl. 8 paa Præste-gaarden."

Dagen etter skriv han ingen ting i journalen. Derimot skriv han i kyrkjeboka for Norddal at han er blitt "anviist Nordahls Præstegaard" og set signaturen sin bak.

Gudsteneste i Norddal

Søndag den 21 juli er det klart for visitas. Presten Edvard Meyer skriv i kyrkjeboka:   Dom: IX. P. Trinitatis [9de søndag etter treenighet] d 21 Julii P: v: [prediket ved]Nordahlens kirke og samme Dag blev holdt Visitas af hans høyærverdighed Johan Nordahl Brun. …Johan Nordahl Brun skriv i visitas-journalen at " Meyer prædickede sunde og sande ord med Evangelisk Aand" og om sin eigen tale skriv han " Mig tjente lignelsen om de fem kloke jomfruer til utgangspunkt. Emne den kristne forutseenhet, rosverdigere jo betimeligere den viser sig, og jo senere desto mere nødvendig. De unge om første artikkel og især om det guddommelige forsyn. Hvilket gav leilighet til å nevne mitt navn Nordahl og Johan Nordahl, hvis dattersønn jeg er, han var nemlig født her, i trange kår, og reiste ut som ganske ung. Dengang var det langt over utvandrerens forventning at hans barnebarn et hundreår og mere enn det efter skulde vende tilbake hit for å visitere kirken i biskopens sted, og jeg priste det guddommelige forsyn sigende med David: hvo er jeg, Herre? Og hvad er mit huus, at du haver ført mig hidindtil?"

Etter å ha kvilt mandagen reiser Nordahl Brun frå Norddal tirsdag morgon klokka halv elleve.

Kven var John Knudsen Nordahl?

Kven var so denne John/Johan Knudsen Nordahl som på slutten av 1600-talet reiste frå Norddal til Trondheim, gifta seg inn i det betre borgarskap og vart morfar til ein komande biskop?

Det blir tema for ein ny artikkel. Framhald kjem!

John/Johan Knudsen Nordahl - morfar til biskopen, truleg oppvaksen på Linge

© Tor Myklebust 14.04.2002

Litteratur og kjelder :  

Bergen byleksikon
Theodor Bull: Biskop Johan Nordahl Brun og hans slekt
Johan Nordahl Brun: Visitats-journal 1794 - 1812
Kyrkjebok for Norddal