Nils Torsen Bjørstad
- valldalingen som vart hallik og Gjest Bårdsens hjelpesmann
I krinsen rundt Gjest Bårdsen var Nils Torsen Bjørstad sentral. Nils Torsen var "vertshushaldar" på nøstet i Bergen. "Vertshuset" var ikkje berre ei vanleg sjenkestove. Prostituerte "leigebuarar" hadde rom i huset i Nils Bjørstad, og i kneipa i første etasje vart kontakta mellom kunde og prostituert etablert. Bjørstad-huset var også lenge Gjest Bårdsens faste tilhaldstad særleg i åra 1823-1824. Bak eit av romma i andre etasje, fanst eit hemmeleg rom. Det hemmelege rommet vart nytta fleire gonger av Gjest Bårdsen
Nils Bjørstad måtte sone 4 månader (1826) på tukthuset i Bergen for å ha løynd Gjest Bårdsen og for å ha hindra politiet slik at Gjest fekk tid til å stikke av. Det er uklart i kva grad Bjørstad organiserte prostitusjonen, dvs. om vi med rette kan kalla Nils Bjørstad for hallik, men ut frå rettsdokumenta er det utan tvil rett å kalle Bjørstad-huset for eit typisk "horehus" i Bergens "red-light district" på 1800-talet. I mellomalderen var det Øvregaten(Øvrestretet) med sine badekoner og badestover som ytte tenester for den store kontingenten av tyske menn på Bryggen. PÅ 1800-talet hadde denne aktiviteten blitt flytt til Nøstet. I Baneveien, teatergaten og i Sydneskleiven låg det fleire såkalla "vertshus" med vertshuspiger. Nils Bjørstad sitt hus var eit av desse.
I biografien om Gjest Bårdsen, førd i pennen av Erling Gjelsvik, er det ei brei omtale av Bjørstad-huset, hendingane der og person-galleriet som frekventerte "vertshuset". Bjørstad-huset var utan tvil tilhald for Bergens harde kriminelle kjerne på 1820-talet
Korleis hamna Nils Bjørstad sentralt i den kriminelle sub-kulturen i Bergen på 1820-talet? Det er ikkje godt å seie. Nils vart fødd i 1781 i Valldalen. I 1801, 18 år gammal, var han tenestekar på Vesterås i Geiranger. Neste gong vi finn han, i 1815, hadde han etablert seg i Bergen som "Arbejdsmand,tjener eller Dagleier". Nils Bjørstad var då gift med Anne Marthe Rasmusdatter. Trass i det tilsynelatande enkle yrket har han blitt oppført som huseigar i rode 11 hus 139, dvs. tilsvarande Theatergaten 13 på Nøstet. Truleg er det dette huset som i politi-rapportar og rettskjeldene på 1820-talet som blir omtala som "Bjørstad-huset". Plasseringa av huset og aktiviten der låg til rette for at Nils Bjørstad måtte komme i kontakt med Bergens kriminelle elementer, men kva som motiverte han til aktivt å yte dette miljøet tenester er uvisst. Nils Bjørstad døyr i 1843
Kjelder og litteratur:
Kronologisk oversikt over
Gjest Bårdsens "levnedsløb"
Digitalarkivet 1801 teljinga for Norddal, 1815 teljinga for Bergen, Kyrkjebøker for Bergen.
Jakten på Gjest Baardsen : en biografi / Erling T. Gjelsvik.