|
|
|
Har "Riddar Erik på
Overå" eksistert?
I Stranda bygdebok III står det: "Ridder Erik på
Overå, f. 1460. Erik var utsending til Riksmøte i Bud i 1537, bror hans
Arne var den siste katolske prest til kyrkja i Upsvik. Død ca.
1545"1). Ein riddar som var med på
dei viktige og avgjerande riksmøteforhandlingane på Bud bør ha sett spor
etter seg, både lokalt og nasjonalt. Lokalt som ei leiar for bøndene på
Sunnmøre og nasjonalt som ein viktig aktør i den politiske striden på
1520- og 1530-talet. Og med dette utgangspunktet gjekk eg til
kjeldematerialet, og eg trudde det skulle vere ei enkel sak sidan det er
så få norske riddarar på 1500-talet.
Oppgåva er tilsynelatande enkel: Vi skal
finne ein norsk riddar med namnet Erik, med farsnamnet Olav2), og med tilhald
på Overå. Det betyr at Overå må vere ein såkalla setegard. Og denne
riddaren skal ha delteke i den politiske striden på 1520- og 1530-talet.
Opprøret til det norske riksrådet som kulminerer med at leiaren for
opprøret, erkebiskop Olav Engelbrektson, rømer landet i 1537.
Resultatet av striden endar i Norgesartikkelen i kong Christian
IIIs handfesting av 1536: Norge skal opphøre som eige rike og bli
underlagt Danmarks krone til evig tid3).
|
Tenkt framstilling av riksmøtet på Bud i
1533, illustrasjon frå Aschehougs Norgeshistorie. |
Len i Norge på
1500-talet. Landet var inndelt i fire hovudlen: Båhus, Akershus, Bergenhus
(inkl. Nord-Noreg) og Trondhjem. M.a. Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal
var underliggjande len. |
Riksmøtet på Bud i 1533 I samband med 400-års
jubileet for riksmøtet i 1933 gav Bud Heradsstyre ut eit minneskrift
med bidrag m.a. frå historikaren Johan Schreiner. (Riksmøtet var
15. august 1533, ikkje i 1537 slik som det står i bygdeboka). I
artikkelen går Schreiner gjennom alle dokument som var utferda i samband med
riksmøtet. Kven deltok på Riksmøtet i 1533? Frå ulike dokument kjenner vi namnet på
fleire: Av dei geistlege medlemmane av riksrådet møtte leiaren
erkebiskop Olav Engelbrektson, biskopane Haskold i Stavanger, Mogens i
Hamar og Hans Rev frå Oslo. Dei andre biskopane var enten sjuke eller
nådde ikkje fram. Dei verdslege medlemmane var Vincens Lunge, Niels
Lykke, Esge Bille lensherren på Bergenhus og Claus Bille frå Båhus. Ved
sida av desse fire danske riddarane møtte også væpnaren Johan Kruckow,
opphavleg tyskar. Tre rådsmedlemmar mangla eller var sjuke: Gaute
Galle, Erik Ugerup og Erik Erikssøn Gyldenhorn. I tillegg til dei
øvste leiarane for kyrkja (biskopane) og for adelen/kongsmakta
(riddarar), bestod riksrådet av leiarane for rettssystemet, lagmennene:
Olav Vigfastsson i Trondheim (Frostating), Guttorm Nielsson i Bergen
(Gulating), Hans Bagge i Steigen (Hålogaland) og Niels Claussøn Grønn i
Stavanger. Truleg nådde dei andre lagmennene ikkje fram. Av andre som
var tilstades kjenner vi: Finn Hansson, Håkon på Egge og Aslak
Engelbrektsson rådmann i Trondheim. Andre utsendingar på riksmøtet,
kjenner vi ikkje
namna på, og altså ingen Riddar
Erik frå Overå mellom dei namngjevne. Riddar var ein sjeldsynt
tittel i Norge kring 1500. Dei få 'norske' riddarane var danskar eller
svenskar, t.d. Esge Bille lensherre på Bergenhus. Ingen historiske kjelder syner at ein person med
namnet Erik frå Overå skulle ha vore utsending på riksmøtet i Bud i
1533. Og om ein går gjennom andre dokument i
Diplomatrium Norvegicum frå
perioden 1520-40, så
finst det ingen riddar med namnet Erik Olavsson. Eg har funne tre personar med namnet Erik titulert som riddar eller væpnarar i denne perioden: Erik Eriksson [Gyldenhorn] på Elin i Østfold, Erik til Ugerup (Skåne), og Erik Jehansson.4) Dei to sistnemnde har berre kortare opphald i Norge midt på 1520-talet. Ingen av desse kan knytast til Overå. Vi må derfor konkludere med at riddar
Erik på Overå ikkje har eksistert, og denne riddaren nok er eit produkt
av fri fantasi.
|
Har Erik Olavsson i det heile eksistert?
Det
fell naturleg å spørje om Erik Olavsson Overå i det heile har eksistert,
eller er også han ein fantasifigur sjølv utan riddartittel? Fantasiar
har ofte utgangspunkt i noko reelt, kan vi finne eit lite 'snev' av ein
Erik Olavsson Overå?
Diplomatarium Norvegicum inneheld 19000 dokument
eldre enn 1570. Kjeldesamlinga er tilgjengeleg i søkbar
elektronisk form under Dokumentasjonsprosjektet. Ved søking finn
vi to dokument som inneheld kombinasjonen av Erik (Eirik,
Erich, Erik) og Olavsson (Olafsen, Olafsson) i tida mellom 1500 og 1550.
I ein gardhandel på
Skaga
i Orkdalen i 1515 er ein Eric Olaffson nemnd. Og ved ein annan
gardhandel i
Berg
sokn (Troms) i 1517 er ein Erik Ollaffson i Skalen kjøpar av
ein gardpart i Berg. Ingen av desse to Erik'ane kan
knytast til Stranda.
Ei anna muligheit for å finne ein Erik
Olavsson er erkebiskop Olav Engelbrektsson rekneskapsbok for året
1533. I denne rekneskapsboka finn vi ei liste over setesveinar (truleg
erkebiskopens ombodsmenn, skatte- eller tiendeoppkrevjarar). Her
finn vi ingen Erik Olavsson, og den einaste setesveinen med tilhald på
Sunnmøre er 'Elef paa Sunnes' (Vigra).
Altså ingen Erik Olavsson med tilknytning til
Sunnmøre i perioden 1500-1550. Og vi må konkludere med: Erik Olavsson
frå Overå er nok også ein fantasifigur. |
Skarprettar og
fut i aksjon. Teikning frå ei handbok i krigføring. Manuskript frå
1500-talet |
Konklusjon
Trass i ei grundig gjennomgang av historiske
kjelder frå frøste del av 1500-talet, kan vi ikkje finne nokon riddar
med namnet Erik frå Overå i Stranda. Det er ingen veg utanom å
karakterisere denne riddaren som fri fantasi, truleg eit produkt av eit
ynskje om å skape orden i heller uklare slektstrådar tilknytt gardane
Langlo, Oksvik og Overå.
Kan
det finnast fleire slike ynskjer og fleire fantasiprodukt i slektene på
Overå, t.d. bror til Erik, Arne, som skulle har vore den siste katolske
presten til kyrkja i Oksvik. Ja, det blir utgangspunkt for ein
annan "småstubb". Framhald kjem! |
|
Kjelder og Litteratur
Bud Heradstyre, Riksmøtet i Bud. Eit minneskrift 1533 -
1933. Molde 1933.
Ludvig Daae, Den Throndhjemske erkestols sædesvende og
frimend, Historisk Tidsskrift. Tredie Række, Første bind.
Kristiania 1890.
Johan Schreiner, Det siste
norske riksmøtet i Bud i Romsdal len 15. august 1533, i Bud Heradstyre, Riksmøtet i Bud. Eit minneskrift 1533 -
1933.
Notar:
1) Olav Langlo, Stranda
bygdebok III, Ætteboka for Stranda, Oslo
1970, s. 282
Stranda Sogelag, Stranda -
Bygdebok III, Ættebok, Bind A, Stranda Sogelag 1996, s 67.
2) Fleire slektsgranskarar har gitt riddar Erik farsnamnet Olav (Riddar Erik Olavsson Overå), sjå Anders Søvdsnes, Ættebok for Anders-garden på Søvdsnes, Volda 1966, s. 58. Hjørdis Nørve, Ætta fra jernalder til
atomalder, Ålesund 1978
3)
Norgesartikkelen i Christian IIIs
handfesting: "Norgis riige [...] her effther jcke weere
eller hede jngtet koninge riige for seg, menn eth ledemodt aff Danmarcks riige
och vnder Danmarcks krone till ewiige tiidt"
4) Ridder
Erik Ugerup: DN I:1068, DN VI:697, DN IX:532, DN VII:591, DN XIV:518, DN
IX:728.
Væpnar/ridder Erik Eriksen: DN XII:347, DN XIII:529, DN XIV:518, DN
IX:728.
Ridder Erich Jehandssens:
DN XI:576, DN XI:577.
Diplomatarium Norvegicum,
Dokumentasjonsprosjektet
Arne Solli,
23.04.2002