Undervisningsopplegg: Utvandring gjennom
unge auge
Klassetrinn: 8.
klasse Tema: Migrasjon Pedagogikk: Storyline-inspirert Fag:
Geografi, Historie, IT Høver som prosjektarbeid
I dette undervisningsopplegget skal elevane
skrive historie om barn/unge som emigrerer til Nord-Amerika kring
hundreårskiftet (1900). Ved å bruke ulike kjelder på Internett skal
elevane følgje emigrantane frå avreisa fram til målet for reisa.
Ved å kombinere digitale kjelder med andre kjelder, t.d. bilete og
avisutklipp, skal elevane (gruppa) skrive ei tenkt dagbok frå reisa
eller fleire korte brev attende til ein ven i heimlandet. Målet er at
elevane på denne måten skal få kunnskap om det samfunnet over 800
000 nordmenn forlet, og kvifor dei valde å reise. Samtidig vil eleven
også skaffe seg konkret kunnskap om kommunikasjonsmåtar og om
emigrantane sitt møte med styresmaktene på båe sider av Atlanteren. Ved
å bruke kjelder og skrive ei beretning om utvandringsforløpet på basis
av eit historisk kjeldemateriale vil elevane også få trening i
historikarens arbeidsmåte. Hovudkjeldene er dei norske
emigrantprotokollane, folketeljinga 1900 og Ellis Islands Records
(Dokument frå amerikanske immigrasjonsstyresmakter). Kjeldene er
detaljerte på heilt ned til personnivå og alle er tilgjengeleg på
Internett.
|