Bjørn Jonson Dale:
1540-1840:
DÅ ÅLESUND BLEI BYGD
Ei langvarig soge om ein by
i emning
Kjøpstaden Ålesund blei ikkje grunnlagt, men oppsto i tiåra før 1848 -
av ytre årsaker: Ikkje lokalt framtøke eller lokal kapital skapte kjøpstaden,
men ein spansk lov fra 1835...
Dette året innførte
kongeriket Spania differensialtoll - eit proteksjonistisk og allereie då
uhørt gammaldags tiltak, i den økonomiske teorien. Men for Ålesund var det den
praktiske inngangen til byen si tredje glanstid:
SPANSKETIDA
Loven innebar at
innførselsvarer til Spania måtte skipast til landet av spanske skuter. Utanlandske,
t.d bergenske skuter som førte varer til Spania, blei ilagte formidabel toll.
For borgarane i Ålesund, som før hadde ført fiskevarene til
Bergen og selt dei til kjøpmennene der, kom loven som manna fra himmelen.
Med eitt segla spanske skuter beint til Ålesund for å kjøpe klippfisk; kva
hadde dei i Bergen å gjøre? Borgarane i byen fikk no direkte avsetning og
bedre pris for fiskevarene enn før, og borgarpungane blei like fulle som
Ålsundet av smekre spanske seglskuter.
Fra å vere likemenn med Sunnmøre sine snautt 30 privilegerte
landkremmarar, steig mange av dei 8-10, og snart 10-14 borgarane i Ålesund,
opp til å bli kjøpmenn, folk som handla direkte med utlandet. Dermed kom dei
inn i ein "trade" som var mykje meir profitabel enn kremmarhandelen.
Og best av alt: Dei trong ikkje investere i dyre skuter for å bli kjøpmenn.
SUNNMØRSBYEN
Samtidig: Borgarar flytta
fra bygdene til byen. Borgarsetehusa frakta dei til Ålesund og førte dei opp
der. Slik kom borgarsetet på Giskegard til Brunholmen, Borgargarden på
Gamlem til Buholmsundet, Tyskholmen til Nordigård, Kriksholmen til Einarvika,
Hareidstrand til Skutvika, Brandal til Hella og endå nokre fleire.
Noke slikt hadde aldri skjedd på Sunnmøre sidan lenet fikk sitt
eige borgarskap nesten 300 år før.
Mykje som ei følge av dette blei sunnmørshandelen sentralisert
til Ålesund 1830-60. Då kremmarprivilegia blei oppheva 1866, hadde Sunnmøre
bare vel 20 kremmarar igjen, mens Ålesund då hadde 115 "handlende":
heile den sunnmørske handelsstanden var auka med vel 90 (over 200%) på 30 år.
Der byen hadde hatt 1/4 av standen kring 1835 hadde Ålesund 1865 over 3/4 av
han. I disse tiåra blei Ålesund det rådande handelssentrumet både på og for Sunnmøre, i det jektefarten på Bergen opphørte.
Årsaken var mest Spansketida, dvs at Ålesund blei ein "eksportby";
det lyder kanskje ikkje så svært, men i gjerda var det nettopp dét. Og snart
blei Ålesund rekna mellom dei større eksportbyane i Norge.
STRANDSTEDET ÅLESUND
Dreier sitt prospekt fra
1827 (sjå ramme) er siste glimtet av den "gamlebyen" som forsvann då
kjøpstaden steig fram i fullt velde fra 1840-åra. Dreier viser oss strandstaden
Ålesund slik hand hadde funnest i meir enn
250 år.
Denne byen oppsto i 1540-60 åra, då bergensborgarar først tok til å handle og sidan til å
busette seg her, og fra kring 1560 hade Ålesund ein fast busetnad av
ikkje-bønder, ofte kalt "strandsittarar", dvs byfolk som ikkje budde
i ein by, men på det som juridisk sett var "landet".
Kjernegruppene i eldste Ålesund var borgarane (tallet veksla
mellom 3-4 og 10-12), losane (4-6), handverkarane (2-8) samt arbeids- og
sjøfolk (på det meste 60-70). Byen hadde også eit titalls ørsmå
"plassar" og eit par "gardar", men ingen av brukarane hadde
jorda som anna enn binæring.
Strandstaden Ålesund: Ein by som ikkje var by, med byfolk som
ikkje var bønder.
BYMESSIGE IKKJE-BYAR
Slik var det, pussig nok, i
dei fleste norske byane for 400 år sidan: Bare dei 5-6 kaupstadane som
overlevde mellomalderen var rette byar. Resten var formelt sett ikkje byar,
men eit slags økonomisk-juridiske hybridar.
Disse, snautt 20 bymessige ikkje-byane oppsto 1540-1640, og var
som regel tufta på trelasthandelen med utlandet; dei var "ladested":
stadar som skipa ut noke, konkret: trelast. Ålesund blei aldri kalt ladested -
for trelast blei ikkje utskipa herfra - men dei første og største kjente
borgarane i Ålesund var nettopp trelasthandlarar:
TRELASTBYEN ÅLESUND
1610-30 handla borgarane
Paul Ebbesen, Hans Lauritzen (Haderslev) og Wibrant Peitersen Lytkes i
Steinvågen. Paul, helst på Steinvågneset, dreiv ikkje trelasthandel, men
Hans Lauritzen på Aspa var største trelasthandlaren i lenet, med opplagsstad
på Langskipsholmen. Naboen, den hollandskætta Wibrant Lytkes, dreiv også
trelasthandel. Borgaren Øystein Eriksen, i vika som seinare fikke namnet
Øysteinsvik, kan også ha vore trelasthandlar før 1620.
Aust ved Ålsundet budde trelasthandlarar både Utomsundet og
Innomsundet: Jens Hanssen, trulig på Brunholmen, og etter han Jens Michelsen.
Helleborgarane er ikkje nemnte som trelasthandlarar, men kan ha vore
fullmektigar for bergenskjøpmennene Bryssel.

Kreiert.
Typisk trelastskute.
Borgaren og
trelasthandlaren
Hans Lauritzen i Steinvågen
eigde ei slik skute.
Innomsundet, kanskje på Lorkeneset, budde trelasthandlaren
Lauritz Sørensen. Og svograne Lauritz Christensen (avsett fut) og Mogens
Antonisen (borgarmeisterson fra Oslo) kan ha budd i Ålesund i 1620-åra, begge
store trelasthandlarar.
Borgarane på det seinare Grimmergård, Johan og Gjert Nilssen,
søner av borgaren Nils Christensen Danske (i Ålesund kanskje fra 1588), dreiv
så vidt kjent ikkje trelasthandel.
Men slutninga er klar: Ålesund i 1620-åra var eit "klassisk"
ladested; borgarane der sto for vel 40% av trelasthandelen i lenet.
Grunnæringa deira var fiskevarehandelen på Bergen, men trelasthandelen gjorde
at Ålesund i 1620-30 åra kunne ha både 9-10 og 11-13 borgarar. Først 300 år
seinare blei borgartallet så høgt (kanskje med unntak av 1750-åra). Då trelasttida
var over kring 1640, gikk tallet på borgarar i byen ned til 4-5, og slik blei
byen liggande, i ei økonomisk bakevje, like til midten av 1700-tallet.
BORGARSKAPING OG
KAPITALDANNING
Den mest markante sosiale
nydanninga 1540-1640 i Norge var framveksten av borgarskapet som samfunnsklasse
med særlige rettar, ein stand, som midt på 1600-tallet utgjorde eit
grunnelement i samfunnet.
Inneburden var a) at herredømmet over det norske varehushaldet
kom på innanlandske hender, og b) at varehushaldet blei utvida til å gjelde
alle nordmenn. I klartekst: Sist på 1600-tallet måtte omtrent kvar einaste
bonde ha med - selje til, kjøpe av og borge hos - minst éin kjøpmann å gjøre,
ein norsk kjøpmann som gjennom kapital- og standsmakt hadde overtaket i dette
tilhøvet.
KAPITALDANNING OG BYDANNING
Ei veldig kapitaldanning
gikk hand i hand med borgarskapinga. Det mest synlige utslaget av dette var
den fysiske veksten i gamle byar og framveksten av ei rekke nye byar, der sjøl
nokre av dei minste kunne føre opp monumentalbygg, særlig kirker på
1600-tallet.
Denne åpenbare sammenhengen: borgarskaping -> kapitaldanning
-> bydanning, har ført til ei historisk mistyding, nemlig at eit større,
norsk område som på 1600-1700 tallet ikkje hadde eigen by, heller ikkje hadde
noke borgarskap. Og empirisk, om ikkje logisk er dette oftast rett. Men med
eitt, overveldande unntak. Ingen bør undre seg over namnet på det lenet som
var unntaket fra regelen "intet borgerskap uten by": Sunnmøre.
EIT BORGARSKAP UTAN BY?
Kring 1630 budde vel 60 borgarar
i Sunnmøre len; bare byar som Christiania, Bergen og Trondheim hadde mange
fleire borgarar, og snautt noken av dei nye ladesteda.
Heller ikkje hadde andre bylause len - dei fleste områda fra
Hordaland til Finnmark - noke nær så mange borgarar, om noken i det heile.
Går vi til Romsdal og Nordmøre, begge med små ladested, så hadde
dei bare 10-20 borgarar kvar, ladesteda Litje Fosen og Moldefjøra medrekna.
Sunnmørsborgarskapet ser ut til å vere eineståande for 350 år
sidan. Mindre eineståande blir det ikkje når vi veit at dette borgarskapet utan
by sto ved lag gjennom dei følgande 200 åra, like til Ålesund steig fram som
"Byen" for Sunnmøre.
EIT SUNNMØRSK PARADOKS?
Så rart: At Sunnmøre hadde
eit både mektig og rikt borgarskap på 1600-1700 tallet, men eit borgarskap som
ikkje var sterkt nok til å kunne skape sin eigen fullverdige by...
Sunnmørsborgarskapet kunne, både i omfang og midlar, vore
handelsstanden i ein mellomstor kjøpstad då. Når dette ikkje blei noke av, var
grunnen at det mektigste borgarskapet i Norge, i Bergen, ikkje ville det slik.
Bergen ville ikkje gi fra seg profitten fra utanlandshandelen. Døme på profittraten:
Fiskevarer kjøpt for 6 daler i Bergen blei betalt med 14 dl i Holland. Minus
produksjons- og fraktkostnader, kan overskotet på kring 9 dl ha vore fordelt
slik: 1 dl til fiskarbonden, 3 dl til borgaren og 5 dl til kjøpmannen.
Så enkelt: Sunnmørsborgarskapet fikk dominere sunnmørshandelen,
men ikkje blande seg i utanlandshandelen.
SPREKKER I BERGENSMONOPOLET
Dei første sprekkene i
Bergen sitt de facto monopol på utanlandshandelen med fiskevarer kom 1742, då
ladesteda Litje Fosen og Moldefjøra blei kjøpstadar. Romsdal og Nordmøre låg
under Trondheim sitt handelsomland, men Bergen hadde likevel hatt herredømme
over fiskehandelen der, sidan stordelen av fiskevarene derfra blei førte
til Bergen.
Kjøpstadprivilega fikk mykje å seie for Molde og, særlig, for
Kristiansund. Dei britiske kapitalistane som slo seg ned i disse to byane, tok
hand om nesten heile utanlandshandelen med fiskevarer, og verksemda sette
snart merke etter seg. Kristiansund blei som ein storby på kort tid.
BRITISK
"IMPERIALISME"
Tapet av fiskevarene fra
Nordmøre og Romsdal var så si sak for Bergen, men britane søkte både nord- og
sørover etter råvarer til klippfiskproduksjonen, og allereie kring 1750 kom dei
til Sunnmøre, som hadde største torskefisket i landet ved sida av Lofoten.
Dersom britane hadde lukkast like godt på Sunnmøre som i lena
lenger nord, ville det "uten tvil ha blitt en katastrofe for byen"
(Bergen), skriv historikaren Anders Bjarne Fossen. For Sunnmøre var ei
gullgruve for Bergen. 1754 hadde t.d nær 30% av all tørrfisken som blei utført
fra Bergen sunnmørsk opphav. Og før kan prosenten ha vore større, for mykje av
sunnmørstorsken blei i 1750-åra virka til klippfisk og utført fra Molde og
Kristiansund.
Grovt rekna stamma vel tredjedelen av verdien av varene som blei
eksporterte over Bergen fra Sunnmøre. Tenk på dét: Ein av dei store
handelsbyane i Nord Europa var "tredjedels" grunnlagt på varer fra
bare eitt av dei 12-15 lena i byen sitt handelsomland.
Bare tanken på ein sunnmørskjøpstad kunne gi bergenskjøpmennene
mareritt. Og så, med eitt, heldt marerittet på å bli røyndom - ikkje gjennom
kjøpstadskiping, men gjennom "britisk" infiltrering av sunnmørsborgarane
sitt nett av leverandørar: fiskarbøndene, eller kjøpbøndene, som borgarane
kalte dei.
KRISE FOR BORGARSKAPET
Dei britiske kjøpmennene på
Molde og i Kristiansund hyrte i 1740-åra ei rekke unge romsdalingar og nordmøringar
som dei lærte opp både i klippfiskverking og handel. Disse kjøpsveinane
utstyrte dei så med saltlasta skuter og dalertunge pungar og sendte dei til
Sunnmøre for a) å kjøpe råfisk for overpris og kontant, og b) å leige og lære
opp folk til å verke denne fisken til klippfisk.
Disse blide og likvide kjøpsveinane lukkast godt med å lokke
borgarane sine kjøpbønder til seg og kjøpe råfisk av dei. Når fiskarbonden
fikk nær dobbelt betalt i høve til før, og slapp arbeidet med å verke fisken,
var han ikkje sein med å selje.
Det gamle og, å sjå til, grunnsolide sunnmørsborgarskapet fikk
store vanskar då kjøpbøndene tok til å svikte dei. Kva hadde borgarane å fare til
Bergen med då, og bykjøpmennene å selje til utlandet?
ÅLESUND SI ANDRE GLANSTID
I denne borgarkrisetida
fikk Ålesund si andre glanstid (den første i trelasttida), då britane sine
kjøpsveinar både tok over fleire av borgarseta i byen og etablerte nye.
Mens sunnmørsborgarskapet vakla, heldt ein skikkelig by på å
vokse opp i strandstaden Ålesund. I 1750-åra kan folketallet her ha vore nær
500, dvs like stort som i kjøpstaden Molde.
Dette ålesundseventyret, der dei fattigste med eitt blei velståande
og etter måten frie, varte ikkje lenge. Ikkje bare sto bergenskjøpmennene
overfor ei "katastrofe", men også sunnmørsborgarskapet.
Borgarane brukte no jordeigarmakta si og krevde at leiglendingane
skulle levere fisk i staden for pengar eller andre varer, og dei innførte værtvang
der dei åtte jord som fiskarbøndene brukte som utrorsstadar. Og bergenskjøpmennene
opna pengekistene sine for sunnmørsborgarane, som dermed kunne hamle opp med
britane sine likvidar.
Striden om herredømmet over sunnmørsfisken blei vunnen av det
lokale borgarskapet og kjøpmannsborgarskapet i Bergen. I 1780-åra var slaget
slutt. Men det kosta begge gruppene dyrt, for då borgar og kjøpmann kunne puste
letta ut, blei torsken vekke. Lenge. Mange sunnmørske handelshus gikk konkurs,
og bergenskjøp-mennene som hadde støtta dei gikk det ofte ikkje bedre med.
Ålesund gikk i dvale. Folketallet sank raskt og mykje, og det
heldt seg på dette nivået (snautt 300) like til torskefisket tok seg opp igjen
i andre tiåret på 1800-tallet.
SLUTNING
Ingen veit korleis det
ville ha gått med den folkerike og livlige småbyen Ålesund dersom fisket hadde
halde seg oppe i sist på 1700-tallet. Vi kan bare spekulere. Men kjenner vi
ikkje allereie svaret? Det ville ha gått som det gikk fra 1820-åra og utetter,
dvs at Ålesund ville ha begynt å eksportere klippfisk direkte til utlandet,
ikkje nødvendigvis med formelle rettar, men fordi vegen så å seie var opna...
Endelig: Sidan midten av 1500-tallet har "byfolk" budd
i Ålesund - samme kva for "bystatus" dette samfunnet har hatt - og
fra første tredjedelen av 1600-tallet, eller over 12-13 generasjonar, har
samme folka, samme ættene, budd her i byen utan å ha levd eller livnært seg som
bønder. Eg har ikkje anna ord for eit slikt samfunn enn "by".
Her var ikkje kirke, rådhus eller tollbu, men flust av pakkhus,
fortøyingsringar, jektenaust, bradbenkar, losar og handverkarar, handelshus og
dagleigarar, fiskarar, skipperar og matrosar - og alltid mange utlendingar som
låg i hamn her, i storm og stille, men ofte også vinteren over.
Strandstad? Ladested? Kjøpstad? Namna er uviktige, for alle som
budde i eller vitja Ålesund mellom fra sist på 1500-tallet til først på
1800-tallet visste at dei var i ein by. Å synge om "byen Ålesund", for
å sitere ein nylaga bysang, blir derfor ”kjøt på flesk”, for det heiter
sjølsagt bare Ålesund, eller "Ålsund", som vi seier med overtydinga
om at "Ålesund = by" og at "By = Ålesund".
DREIER OG ÅLESUND
1827 - OG LENGE FØR

Fram til kring 1840 var
Byen lik Bergen for sunnmøringane, slik det hadde vore sidan
seinmellomalderen. Men så, på kort tid, fikk Ålesund dette heidersnamnet.
Ålesund var blitt ein by av ein ny orden, eit høgare slag. For by
hadde det vore her i 300 år. Og i alle fall: Ein by i emning.
Denne byen avbilda den trondheimsfødde bergensmalaren Johan
Friedrich Leonhard Dreier (1775-1833) i året 1827 (skissene kanskje noke
eldre). Dette er eldste kjente prospektet av Ålesund, og mange meiner at det er
riv, ruskande galt, at Luren-Dreier heller enn Dreier må ha vore på ferde. Og
rett nok dreidde og flytta han på hus og landskap for å få med "heile byen",
men lureri var det neppe tale om.
For den som ville skildre heile byen på eitt bilde då, måtte
gjøre som Dreier: komprimere og manipulere. Skulle byen ha vore skildra på vår
"sanne" måte, fotografisk, ville bildet ha vore nesten tomt. Men
Dreier tenkte meir som ein kartteiknar:
Han tok skisser fra ymse vinklar og samla dei i eitt bilde. Og
han teikna jamvel inn ei kirke midt i byen. Det var neppe Borgundkirka han
flytta inn i bildet, men ei kirke det kanskje blei talt om å bygge då han
besøkte byen...
Bildet viser heile Ålesund 1827 (eller 1825/-26). Men også noke
meir: Ålesund 70-80 år før, midt på 1700-tallet. Samtidig viser bildet noke
mindre, for husa kan ha vore fleire i 1750-åra enn i 1827... I alle fall ser vi
at det er tale om ein by.
Rammeartikkel 2:
ELDSTE SLEKTENE FRA ÅLESUND
Black, Børkop - og Molberg?
BLACK - TIL TONNING?
Borgaren Jens Black handla
på Hella i Ålesund 1614-17. Sidan budde han som kremmar på Togning i Stryn.
Kanskje var han far til Anne Jensdt, kona til lensmann Ramus Salomonsen på
Togning - stamforeldra til borgar- og embetsætta Tonning som gjorde seg sterkt
gjeldande i Bergen og på Vestlandet ellers på 1600-1800 tallet.
Fleire ålesundarar er av denne ætta, t.d Arve Tonning av "hareidsgreina" (og mange med han)
og av den kjente "ålesundsgreina", etterkommarar av familien Stub
(som Alm og Ingebrigtsen) og kanskje nokre andre.
BØRKOP FRA HELLA OG
JANGARDEN
Jørgen Pedersen Børkop fra
Kolding etterfølgte Jens Black som borgar på Hella til kring 1624, då han
flytta til Valderhaug.
Jørgen tok borgarskap i Bergen 1620. Som borgar på Valderhaug
heldt han ein kjøpsvein på Steinvågneset. Jørgen må ha budd på den staden på
Valderhaug som fikk namn etter sonen, Johan (Jan) Jørgensen (1660:40):
Jangarden.
Jørgen Børkop gjorde lukke som borgar; 1638 blei han stiftsskrivar
(forvaltar av kirkelig jordgods) på Sunnmøre. Sonen Johan handla både på
Jangarden og Steinvågneset. Dei kan også ha dreve trelasthandel fra Langskipsholmen.
Johan Jørgensen blei borgar av Bergen 1653. Han eigde mykje
jordegods og var ombudsmann for Stranda, Roald og Borgund kirker (kirkeverje).
Han hadde to søner: Jørgen Johansen Børkop (c1654-1723), kremmar på Taskeberget,
og Christopher Johansen (c1659-1738), kremmar på Jangarden.
Jørgen blei seinare sjøleigarbonde i Slotsvik, og har stor
etterslekt både i Ålesund og ellers i Borgund. Christopher på Jangarden kan
også ha etterslekt i dagens Ålesund.
HADERSLEV I STEINVÅGEN
Skipperen og trelasthandlaren
Hans Lauritzen i Steinvågen og på Langskipsholmen, var far til Anders Hanssen
(1666:50) i Steinvågen, som brukte garden Aspa og trulig også borgarsetet der.
Han hadde fire søner: Hans Anderssen (1666:12), Nils (1666:10), Jørgen
(1666:7) og Lars (1666:5).
Då Anders døde c1680 overtok borgaren Henrik Stadtzen Østerich
som brukar i Steinvågen. 1689 blei Henrik lensmann i Volda og svogeren Lars
Nilssen Ulfeldt, stamfar til Ulfeldtslekta i Ålesund, overtok i Steinvågen.
Konene til Østerich og Ulfeldt var døtre av presten Mads Povelsen
Alstrup i Norddal, som igjen var svigerson av presten Hans Claussen Gaas i
Borgund.
FRA HADERSLEV TIL MOLBERG?
Hans Anderssen Molberg
(c1643-1707) var kremmar på Taskeberget i Nørvasundet seinast 1693. 1693 er
Lars Ulfeldt kalt Molberg sin "svoger", og svogerskapet kan neppe
ha gått gjennom anna enn Gaas-slekta.
Førstekona til Molberg må ha heitt Inger Sofie/Sofie og ha vore
datter av ein Hans. Ho var seinast 1672 gift med Molberg, for dette året blei
datra Elisabet fødd.
Eg trur at Molberg a) var son av Anders Hanssen i Steinvågen (=
Hans 1666:12 - 10 år for ung i høve til Molberg, men slike feiloppgåver var
vanlige), og at han b) var gift med ei datter av borgundpresten Hans Claussen
Gaas (1599-1644).
Er dette rett, forklarer det fullgodt det som hendte kring 1680,
då Henrik Stadzten overtok i Steinvågen etter Anders Hanssen:
Då hadde nemlig Anders sin son, Hans (Molberg), vore gift i 7-8
år med ei datter av Hans Gaas, og like lenge vore svoger med norddalspresten
Mads Alstrup, gift med ei eldre datter av Hans Gaas (Margrete). Dermed blei
Hans Anderssen Molberg etter den tids skikk rekna som "svoger" til
Alstrup sine versøner, ikkje bare Henrik Stadtzen Østerich (gm Karen Madsdt) og
Lars Nilssen Ulfeldt (gm Birgitte Madsdt), men også borgarane Ole Larssen Abelset
på Apalset (gm Maren Madsdt) og Claus Nilssen på Slinningen (gm Else Madsdt).
PRESTEADELEN I BORGUND
Presten Claus Corneliussen
i Borgund døde 1625, og blei samme året avbilda på ei minnetavle (epitafium)
med 2 koner (ei levande, ei daud), 14 levande og 2 daude barn. Konene hans var
søstrene a) Maren og b) Karen (*1655), Maren trulig fødd kring 1565, Karen
helst seinare, og far deira var nok presten Erik Knutsen i Herøy. Karen hadde
tittelen "hustru", dvs at ho blei rekna som lågadelig.
Herr Claus sine 14 levande barn 1625 var då fra 40-års og ned til
småbarnsalderen. Tavla gikk tapt i kirkebrannen 1904, og derfor har vi ikkje
anna å halde oss til enn skriftlige skildringar av tavla.
Men eitt er visst: Dei 14 barna til mektigste mannen i Borgund
1589-1625, og kanskje på Sunnmøre (han var prost med), må ha gjort seg sterkt
gjeldande i samfunnet. Éin av sønene hans, Jens Claussen Parelius (1585-1667),
blei sokneprest i Stjørdal, ein annan son, Hans Claussen Gaas (1599-1644),
sokneprest i Borgund og prost over Sunnmøre; ”etternamnet” hadde han nok etter
både faren og farfaren sin prinsipal, trondheimsbispen Hans Gaas, ein dansk
adelsmann.
Kva med dei andre 12 barna som levde opp? Vi veit lite om dei,
men mykje tyder på at dei sessa seg på øvste hylla i sunnmørssamfunnet då - i
borgar- og embetsstanden.
ENNO UNDER GAASVELDET?
Det er kanskje meir enn
pussig at presten og prosten Hans Gaas si ætt enno står sterkt på Sunnmøre og i
Ålesund. Tore Anda i Sparebanken Møre, som har dokumentert Gaas-opphavet sitt
fullgodt, er bare éin av mange mektige notidsfolk som ættar fra kirkebyggaren
Gaas i Borgund. Restane av Rønnebergdynastiet i Ålesund har samme stamfaren,
tilliks med t.d Bjarne Haagensen, Nils Liaaen, Lauritz Devold, Nils Høegh-Krohn
og konene til Johan Weiberg Gulliksen og Idar Ulstein, og sjølsagt ei rekke
langt mindre betydelige folk. Men likevel...
Det ser ut til å vere noke her. Gudane må vite kva det er, men den
frekke har lov til å lure og den einfaldige lov til å spørre...