STUDENTEN, TAUSA OG GULLUNGEN
| ||
TORNEROSEBYEN ÅLESUNDMidt på 1700-tallet var Ålesund eit blømande bysamfunn på linje med kjøpstadane Molde og Christianssund (i alle fall ikkje mindre enn Molde!), men kring 1800 var denne byspiren bare ein skygge av seg sjøl: 10-12 fullt utbygde borgarsete eller kjøpmannshus sto enno, men for det meste tomme. Fra 1807 og utetter kom nokre av disse borgarseta atter i bruk (Brunholmen, Lorkeneset, Steinvågneset, Korsen, Hella), men mange sto enno lenge tomme. I 1820-åra blei det så drift igjen på alle dei gamle borgarseta (som Skutvika, Buholmsundet, Steinvågen og Grimmergård), slik at Ålesund atter sto fram i glansen fra 1750-åra. Fra denne tida skjedde så noke merkverdig: Ei lang rekke av det vi kan kalle borgar-, jordeigar- og jamvel embetsmannssete blei flytta, reint fysisk, til Ålesund. Dette gjaldt t.d "herregarden" i Søvika (til Kirkegata), Borgargarden på Gamlem (til Buholmsundet), borgarseta på t.d Kriksholmen i Herøy (til Einarvika), Tyskholmen (til Stødeneset), Hareidstrand (til Skutvika), Brandal (til Kirkegata) - ja, lista blir lang om ein skal rekne opp alle disse store "anlegga" som fysisk blei flytta til Ålesund 1820-60. Det mest iaugefallande var kanskje flyttinga av herregardshusa på Giske (til Brunholmen) i 1830-åra; mindre påakta, men viktig nok, var vel "ålmugen" si tilsvarande husflytting til Ålesund på denne tida... |
Ålesundaren, skipskapteinsonen og holbergeksperten, adjunkt Viljam Olsvig (fødd 100 meter lenger oppe i Kirkegata) skreiv i 1930-åra om "Mikkelborggården" kring 1865:
"Huset var nu overtatt av en svigersønn, Sivertsen, som i kjellerbutikken fortsatte forretningen med vin og spirituosa. I tredje etasje var byens handelsforening eller klubben. I en bakbygning på gårdsplassen var et biljardrum og byens keglebane, bak denne en have med lysthus (et sådant må forutsettes på alle litt større havestykker).
Sivertsen hadde vært borgerkaptein i Bergens borgerbevebning og endel år drevet handel på Faleide <i Nordfjord>."
"Mikkelborggården" låg på nordsida av Kirkegata, mellom Sannegården i aust og handelsborgar Knut Hessen sitt hus i vest, som var hjørnehus mot Prestegata.
"Mikkelborggården" sin gjenbu i sør var husnummer 256, "Madame Mechlenburgs Vaanehuus". Denne madammen fikk 1854 løyve til å bygge på tomta nord for sorenskrivar Holmboe si tomt, dvs tomta ovafor sørvesthjørnet mellom Langeberggata og Kirkegata. Huset skulle ligge 20 alen fra "Mikkelborggården" på nordsida av gata.
Denne madam Mechlenburg var lik Sebastiane Caroline Heide (1810-) fra Vågneset, enke etter Hans Jacob Hiort Mechlenburg (1811-49), proprietær i Honningdal. Denne unge daude proprietæren var både samnemning og jamaldring med søskenbarnet på nordsida av Kirkegata, i nummer 257, så det er lov å bli forvirra.
1865 budde handelsborgarane og svograne Tønnes Tønnessen (gift med Anne Margrete Mechlenburg) og Nicolai Margretus Mechlenburg (gift med Elisabet Fristad) i dette huset, likeeins skipsbyggmester Carl Joachim Haasted med familie.
Huset neda-/austafor 1858: "Sorenskriver Holmboes Vaanehuus", nr 254, var 1865 i eiga til handelsborgar Jens Anton Landmark med kona Maren Martine Friis (1832-96) - Anna Laurentze sitt yngste barn - med 4 døtre og 3 tenestefolk, og leigebuaren, handelsborgar Ole Edvard Devold med kona Joachime fødd Holmboe.
Holmboe/Landmarkhuset (254) låg vegg i vegg med Mechlenburghuset (256) - "Mikkelborggården" sin gjenbu - og vegg i vegg med dette huset låg både 1858 og 1865 "Snedker Fjeldes Vaanehuus" og ovafor dette låg likeeins 1858 og 1865 "Murmester Hansens Vaanehuus" som hjørnehus mot Prestegata, dvs dagens "Håndverkern".
Dette murmester Hansen sitt hus må ha vore oppført 1856-57, og blei straks kjent som "Murgården"; det var vel tale om Ålesund sitt einaste skikkelige murhus utanom tollbua. Murmesteren sjøl, Johan Fredrik Hansen (1822-), fødd i Asker, ekta i Bergen 1850 Hanna Henriette Wingaard Friis (1823-), Anna Laurentze Abelset sitt nesteldste barn i andre ekteskapet. Hansen og Hanna fikk minst 3 barn, men 1865 levde bare 2 av dei: Adolf Laurentius og Hans Wingaard Friis Hansen (seinare kutta Hans ut Hansen).
1865 hadde såleis gamle enkemadam Friis, Anna Laurentze Abelset ("gullungen"), mange barnebarn i ein 40-50 meters radius fra der ho budde: 8 i "Mikkelborggården", 4 i Landmarkhuset og 2 i Murgården; ute i Steinvågveien, på den seinare "Mikkelen" (og no "Eik"), budde samtidig 3 barnebarn. I alt er det tale om 17 barnebarn i næraste nabolaget henner.
Her kan eg nemne at enno 1858 budde endå 5 av Anna Laurentze sine barnebarn i strøket, nemleg barna til handelsborgar, seinare fyrforvaltar på Runde, Andreas Løeg (1804-82) og kona Anna Bagge Mechlenburg (1813-90). Denne familien bygde 1856 det huset som seinare blei Prestegården i Ålesund, dvs nordvesthjørnet av den tids Strandgata og Prestegata (med Prestebrygga framfor).
1865 budde skomakarmester Henrik Holtermann Mechlenburg (1819-) med kona Julie Jensine Berthelsen (1818-) fra Kristiansund og barnet, skomakarsvein Hans Anton Mechlenburg (1865:19) i "Bager Strøms Gaard"; dette huset var bygd av Mons Vegsund 1855 og låg på nordsida av den tids Strandgata (no Nedre Strandgate) mellom Prestegata og Langeberggata.
Denne familien - minus sonen - var 1875 leigebuarar i Lauritz Devold sitt leigehus i den tids "Knudsenbakken", som må vere lik dagens Bakkegata (eventuelt bakken fra Brunholmen og oppetter dagens Øwregata). Skomakarmadam Mechlenburg ser ellers ut til å ha vore søster av Margrete Elisabet Berthelsen (1818-) som var gift med skipsførar, seinare hamnefut i Ålesund Johan Andreas Kraasbye.
Hans Wingaard Friis (1827-92) var kjøpmann og budde i Skansen, gift med tollkasserardøtrene Bull, først Ovidia Palline, sidan Anna Gudmanda (1842-89). Med andrekona fikk han 11 barn, m.a Palline Sofie, gift med fabrikkeigar Ole Hagbart Jacobsen, og Gudmanda, gift med kontorsjef Hilmar Steffensen. Sonen Hans Wingaard Friis (III) var fødd 1870 og kjøpmann i Ålesund. Han var ugift og barnlaus, så vidt eg veit.
Maren Martine Friis (1832-96) var yngste barnet til Anna Laurentze Abelset. Ho ekta Jens Anton Landmark (1828-1905) fra Brandal, som var handelsborgar i Ålesund og seinare lensmann i Aure på Nordmøre.
Denne huslyden budde 1858 i huset på sørvesthjørnet av Kirkegata og Langeberggata, men flytta seinare til Aure. Eldstedatra deira, Anna Katinka Marie Landmark (1860-), ekta 1886 Cornelius Marius Helgesen (1852-), blikkenslagarmester og son av hermetikkpioneren Herman Alrik Helgesen i Kippervika, stamfar til blikkenslagardynastiet Helgesen i Ålesund.
Cornelius og Anna hadde 7 barn 1900, og disse har diger etterslekt i Ålesund.
Kartet bygg på opplysningane i hus- og tomteregistret for Ålesund 1858. Kartet er stilisert, og gjengir ikkje anna enn gatebreidda rett (denne var 20 alen, dvs 12.5 meter). Ingen hus på Langeberget er innteikna på kartet.

252: M Halvorsens Vaanehuus
253: Sagfører Barstads Vaanehuus
254: Sorenskriver Holmboes Vaanehuus
255: Procurator Sannes Vaanehuus
256: Madame Mechlenburgs Vaanehuus
257: Hans Mechlenburgs Vaanehuus
258: Snedker Fjeldes Vaanehuus
259: Knud Hessens Vaanehuus
260: Murmester Hansens Vaanehuus
261: M B Rønnebergs Leiegaard
262: Jomfru Rosenqvists Leiegaard med tilliggende Tomt
263: Tomt
264: Ingebrigt Hansen Knotens Vaanehuus (under Bygning)
265: Madame Møllers Vaanehuus
266: Erik Ravaldsens Vaanehuus (under Bygning)
377: Bager H Bøes Pakhuus
378: Havnefoged Kraasbyes Vaanehuus
379: Tomt
380: Tomt
381: A Løegs Pakhuus
382: A Løegs Vaanehuus
383: Tomt
384: H J Mechlenburgs Pakhuus
385: C Ugelvigs Vaanehuus
386: Tomt
387: C Ugelvigs Pakhuus
388: Bager Strøms Vaanehuus (forhen Mons Vegsund)
389: Bager Strøms Pakhuus
390: Tomt
391: Tomt tilhørende Madame Mechlenburg
392: Tomt tilhørende Ananias Olsen
393: Ananias Olsens Pakhuus