RAGNHILD KARLSDOTTER OG "VIK":
Ei myndig odelskvinne av ørstaætt

Av Bjørn Jonson Dale

 

 

Ragnhild Karlsdotter var fødd for kring 500 år sidan og levde enno 1569, då ho var hos kongen i Danmark. Ho var sunnmøring og strevde for sitt, ei jord som heitte "Vik", og ho ga seg ikkje før ho hadde fått det som ho ville...

 

 

Ragnhild er nemnd i berre eitt dokument, men dette dokumentet vitnar om handlekrafta hennar gjennom ein mannsalder, eller rettare: kvinnealder, frå i vissa 1539 til 1569.

  Dokumentet er eit brev som Fredrik II utferda til "denne Brevviserske Ragnilda Karlsdatter" på Fredriksborg 18. juli 1569, og kanskje var ho til stades då kongen strødde sand på underskrifta si. Brevet er trykt på sidene 629-630 i Norske Rigs-Registranter, Første Bind (1523-1574), Christiania 1861.

 

RAGNHILD SOM "ROMANFIGUR"

Ragnhild Karlsdotter er ikkje ukjend for dei mest sogekjære sunnmøringane. Ho er omtalt med forfedrar, make og born i fleire skrifter, og særleg i Ola Kvalsund (1885-1975) sin serie "Opphavet til Sævikætta i Herøy" i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag i årgangane 1963-64, 1965-66 og 1967-68 framstår ho mest som "romanfigur". Artig å lese, men snautt nok sant eller rett.

 

RAGNHILD OG "VIK"

Kongebrevet frå 1569 fortel følgande:

  1) Nokre år før 1539 selde Ragnhild ei "Odelsjord", "Vik", til ein ikkje namngitt "Mand" for 8 kyrlag på vilkår av at ho skulle få løyse inn jorda for same prisen.

  2) Kjøparen ga så "samme Jord Vik til St. Peder Kirke udi Bergen"; på dette punktet er alle samde i at denne kyrkja låg i "Borgen", Borgund, og ikkje i Bergen. For hovudkyrkja i Borgund heitte Sankt Peders Kyrkje; Bergen hadde inga kyrkje av dette namnet.

  3) Ragnhild prøvde sidan å løyse inn "Vik", men utan at den nye eigaren, kyrkja ved "Kirkeombudsmændene" (kyrkjeverjene), ville gå med på dette.

  4) Året 1539 vart det halde herredag i Bergen. Ragnhild for då dit for å legge fram saka si for denne samlinga av "herrar" (adelsmenn) og lagmenn - ein domstol som til dels også hadde lovgivande mynde (ved å utferde rettarbøter).

  5) Ragnhild fekk herredagen på si side, og "hellig Kors Aften om Høsten", 13. september, 1541 vart det stadfest at ho hadde stetta vilkåra for å løyse inn "Vik": at ho hadde betalt kyrkjeverjene 12 lodd sølv som svara til dei 8 kyrlaga jorda i si tid var seld for.

  6) Etter dette skulle alt vere greitt. Ragnhild hadde fått sin rett og hadde greidd ut det som trongst for å løyse inn "Vik". Noke gikk gale likevel, sidan ho laut fare til Danmark 28 år etter for å få kongeleg stadfesting på retten sin.

 

"NØRRE WARTOFFUEL"

Sunnmøre har flust med "Vik", alle store gardar, og det er ikkje rart at Kvalsund ville ha det til at Ragnhild si jord "Vik" låg i Borgund (på Ellingsøya) sidan "Vik" vart gitt til hovudkyrkja i Borgund. Men kyrkjene åtte ofte jordegods utafor soknet, og dermed treng ikkje Ragnhild si jord "Vik" ha lege i Borgund; like gjerne kan det ha dreidd seg om Vik i Sykkylven, Vik i Gursken, Vik i Syvde, Vik i Vanylven, Vik i Ulstein eller Vik i Ørsta.

  Det siste, Vik i Ørsta, er meir sannsynleg enn det første, Vik i Borgund. For då Ragnhild fekk stadfest at vilkåra for innløysing i samsvar med domen 1539 var stetta, skjedde dette på eit ting på Nøre Vartdal - "Nørre Wartoffuel", som det heiter i kongebrevet.

  Etter dette er det klårt at "heimetinget" til Ragnhild sin eigedom må ha vore den tids Ørsta skipreide: Ørsta sokn og Vartdalsstranda av Hareid sokn. Nøre Vartdal var ein av dei sjølvskrivne tingstadane i Ørsta skipreide til liks med Vik og Steinnes.

  Slutninga er då: Sidan Ragnhild fekk stadfesting frå eit ting i Ørsta må i vissa "Vik" ha lege i dette skipreidet; Ragnhild sjølv kan godt ha budd ein annan stad. Og i Ørsta var berre ein gard Vik.

 

EIN FLIK AV "VIK"

Den jorda som Ragnhild strevde for, var ikkje stor, kring 4 mællag eller noke mindre - dvs som eit sunnmørsk "normalbruk" kring 1600. (Ragnhild betalte 12 lodd sølv for jorda, og etter samtidige oppgåver over jordprisar tilseier dette at ho løyste inn nær 4 mællag utan bygselrett.) Likevel gikk ho på med krum hals, for ho såg vel, som alle jordeigarar då, at folketalet var sterkt stigande, og at ein jordeigar kunne nyte godt av dei auka jordleigene dette førte med seg. Dessutan ga ein ikkje slepp på odelsjord utan vidare - og her gjorde meir enn reint økonomisk tankar seg gjeldande: ættarære og vyrnad for arv og tradisjon.

  Kor stor del av "Vik" åtte Ragnhild? Vi kjenner ikkje skylda av Vik før 1626, då ho var 7 våger fisk, eller 28 mællag. Men "Vik" på Ragnhild si tid femnde om meir enn Vik 1626, nemleg Vinjevoll med, som ikkje vart skild ut frå "Vik" før kring 1600. Skylda av Vinjevoll 1626 var snautt 3 våger fisk = 11 mællag. Heile "Vik", 1500-tals garden, hadde såleis ei samla skyld 1626 på 39 mællag (1 mællag mindre enn 10 våger fisk). Ragnhild kan ha ått ein ideell 1/10 av denne skylda.  

 

KVEN VAR RAGNHILD?

Då Ragnhild først steig inn på den offentlege arenaen 1539, på herredagen i Bergen, var ho enke; i motsett fall ville mannen ha opptrådd på hennar vegner, og var ho ugift ville ein annan mann - bror, far, verbror - ha møtt. Men Ragnhild møtte sjølv, slik mange enker gjorde då - formelt umyndige, men myndige nok i gjerda.

  Ragnhild var strids- og reisefør enno 1569. Ho treng ikkje ha vore ein dag under 70, men kan ha vore noke yngre. Ho kan ha vorte enke på ny i mellomtida, eller like gjerne berre ha levd utan å gifte seg igjen. 1569 møtte heller ingen mann for henne (sjølv om ho truleg hadde myndige søner på denne tida).

 

KVEN VAR KARL?

Ragnhild Karlsdotter sin stand ga seg av standen ho var fødd inn i: foreldra sin stand. Mannen til Ragnhild må ha vore av same standen. Vore Ragnhild fødd noke seinare på 1500-talet, kunne ho vel ha gifta seg både under og over sin stand, for då var "tidene" slett ikkje seg sjølve lenger. Men då Ragnhild kom i ekteskap sto alt ved det gamle.

  Ragnhild hadde fått ei "lita" odelsjord i arv; ho kan godt ha hatt ått meir jord, men dette eine veit me, og i seg sjølv gjer ikkje dette henne særmerkt då, for mange sunnmøringar åtte odelsgods først på 1500-talet. Men jorda til Ragnhild låg i ein særmerkt gard, stor- og midtgarden i Ørsta: Vik.

  Det mest særmerkte med Ragnhild, utanom stridsviljen hennar, er farsnamnet Karl. Namnet var eineståande på Sunnmøre. 1520 heitte ingen skattytar Karl, og berre éin skattytar hadde Karl som farsnamn, nemleg den velståande Erik Karlson på Hauge i "Neresund" (Nærøy, Herøy) skipreide, dvs i Haugsbygda.

  Før 1520 har me ingen dokument med tilsvarande opplysningar om "alle" sunnmøringar (1520: namna på skattytarane, gardane dei budde på og det dei la i skatt), og berre få dokument med opplysningar om einskildmenneske. Kjelder yngre enn 1520 tyder på at Karl var minimalt nytta som oppkallingsnamn på Sunnmøre. Dette tyder sterkt på at Karl var eit "ættnamn", dvs at ingen som ikkje stamma frå ein Karl nytta dette namnet. (Slike "ættnamn" finn me ein del av elles, t.d Sæbjørn, Gudbrand, Finnvid, Solve, Sakse, Bodvar, Harald, Klemet, Ingvald, Kort, Martin/Morten, Vigleik).

 

KARL ANDERSSON 1496

Den første og einaste sunnmørske Karl som er nemnd i samtidige kjelder, er Karl Andersson som 1496, i lag med Ivar Andersson (truleg broren), selde 3 månadsmatbol i Framgarden på Mo til brørne Arne og Olaf Sigurdsøner; same år og dag selde (brørne) Erik Bottolfson og Ivar Bottolfson, og ein Torstein Sigurdson, 1 månadsmatbol i same garden til Arne og Olaf (Ivar Myklebust: Ørsta, Kjeldeskrifter, dok 3).

  Somme har meint at seljarane i denne gardhandelen var av den ætta som åtte "Vik", men dette er ikkje visst. Likevel er det påfallande at einaste Karl på Sunnmøre me finn nemnd på denne tida hadde så nære samband med Ørsta. Og Karl Andersson høver godt, kronologisk, som far til Ragnhild. Han kan ha vore fødd kring 1470 (eller før), og dermed ha vore far til eit barn fødd kring 1500.

 

ENDÅ EIN KARL PÅ SUNNMØRE

"Karll paa Skeede", Karl på Skeide i Ulstein, er nemnd i ein ættlegg oppsett 1587 (Soga um Sande og Rovde, 1935, s 102) som frilleson av jordeigaren Martin Rafn i Ulstein (fødd seinast kring 1400). Karl var vidare far til "Siurd paa Skeede", Sjur Karlson, og denne "Syffuardt Karlssøn" var lagrettesmann i Ulstein 1507 (Diplomatarium Norvegicum XX 699). Sjur hadde dottera Berit, som var gift i Finnmark, men døydde barnlaus i Romsdal. Sidan halv-tremenningen hennar, Sæmund Sjurson - eller "Rike-Sæmund" - på Myklebust i Borgund, fekk ta arven etter Berit, er det ikkje likt til at Karl på Skeide hadde andre born enn sonen Sjur.

  Av dette kan me slutte: Ragnhild var ikkje dottera til Karl Martinson på Skeide. Dermed er jordseljaren Karl Andersson frå 1496 si stilling si som muleg far til Ragnhild styrkt. Men Sunnmøre kan ha hatt andre Karl'ar samtidig, eller Karl kan ha budd ein annan stad. Me kan ikkje sjå vekk frå dette, sjølv kor freistande det måtte vere å peike ut Karl Andersson som far til Ragnhild Karlsdotter.

 

NÅR NOKE SKURRAR...

Lenge har eg grubla på denne Ragnhild Karlsdotter, for det var mykje med dei eldre framstillingane som skurra, særleg dette at "Vik" skulle vere Vik på Ellingsøya. Kvalsund bygde ei heil ættesoge på ei mistyding: Han trudde at det Ragnhild betalte for å løyse inn "Vik", 8 kyrlag, var skylda av garden. Men prisen på ein gard med ei skyld på 8 kyrlag (ei årsleige på 8 kuverd) den tida ville ha vore nær 30 gongar så mykje, kring 240 kyrlag, og vere ein veldig gard, 8 gangar større enn Vik i Borgund (skylda av Vik var 3 våger fisk = 1 kyrlag).

  Eg granska dei andre Vik-gardane på Sunnmøre, men fann inga "opning" for at Ragnhild kunne ha ått noke i desse. Men, og kanskje sjølvsagt, gløymde eg "mitt" Vik, Ørstavik. Først då eg i september skulle finne noke "nytt gamalt" å skrive om Ørsta kom eg på at Ragnhild si odelsjord "Vik" kunne vere Vik i Ørsta. Og det var, såg eg, slett ikkje umuleg at dette var tilfelle. Men kunne eg prove det?

 

KAN LUKKA VERE BETRE ENN VETET...

Eg tok for meg dokumentet på ny. Eg las med kritisk blikk og nye brille. Ingen stad sto det kor Ragnhild budde, ingen stad kor "Vik" hennar låg. Derimot sto det at ho fekk stadfest innløysinga av "Vik" på Nøre Vartdal.

  Skulle ei kvinne som åtte jord i Borgund måtte fare sør til Vartdal for å få tinget til å stadfeste noke slikt? Kanskje, dersom det var eit ting for heile Sunnmøre. Men slike ting, heilfylkesting, er ikkje kjende frå 1500-talet. Seinare vart "fylkesting" haldne på Sunnmøre, men desse tinga - i gjerda halvfylkesting - galdt anten berre Nordluten av Sunnmøre (Borgund og Ørskog prestegjeld) eller Sørluten (Volda og Herøy prestegjeld). Og eit "fylkesting" på Nøre Vartdal ville berre ha vore for Sørluten, og dermed ikkje ha tatt opp saker som galdt Nordluten.

  Vel og bra. Men var det råd å finne andre måtar å prove at Ragnhild si eige i "Vik" låg i Ørsta? I så fall måtte ein finne far etter lagnaden til denne jorda hennar, men ville det ikkje vere som å leite etter nåla i høystålet? Utan større von om å lukkast byrja eg i dei gamle dokumenta, og med eitt laut eg stogge:

 

KYRKJEGARDEN I ØRSTA 1587

17. september 1587 var 6 lagrettesmenn i Sørluten av Sunnmøre samla på kyrkjegarden i Ørsta og vitna at Pål Torsteinson på "Hoffde" (Hovled, Hareid) kjøpte noke jord i Vik og Vinjevoll av éin bror, sønene av to andre brør og to søstre, i alt 4 seljargrupper. Av kvar gruppe kjøpte han 3 fjerdingslag (3/4 mællag) for 4 gamle daler, i alt 3 mællag. Me ser av dette at ein søskenflokk på seks, fire brør og to søstre, hadde delt ein arv på i alt 3 mællag og 3 fjerdingslag i Vik og Vinjevoll (Pål må ha arva like mykje jord som kvar av brørne sine). Dei fire brørne hadde fått 3 fjerdingslag kvar, dei to søstrene like mykje i lag (1 brorlut = 2 søsterlutar).

  Dermed var Pål Torsteinson eigar av snautt 4 mællag av "Vik" (Vik og Vinjevoll), noke under 1/10 (9.6%) av Vik og Vinjevoll si samla skyld 1626 (3.75 av 39 mællag) eller godt og vel 1/10 av odelsgodset i desse gardane (39 mællag minus 2 mællag i Vik og 2 mællag i Vinjevoll i kyrkjeeige).

  Denne eigarluten i "Vik" liknar - til forveksling - mykje på den eiga Ragnhild Karlsdotter stridde for i sitt "Vik", ja, så mykje at det godt kan vere tale om den same. Men visse kan me aldri vere...

 

BONDEADELEN FRÅ SYNNES

Pål Torsteinson og søskena var av ei ætt som enno ut på 1500-talet hadde adelege greiner: Synnesætta. Ættfaren heitte Jon Bårdson, som berre er kjend gjennom to dokument, skøytet på Nedregarden Synnes på Vigra 1429 og den såkalla Synnestavla frå 1586 (sjå "Ørstingar I" om Synnesætta på Vatne).

  Jon Bårdson åtte mykje jord utanom Nedregarden Synnes, m.a i Borgund og Volda, men det er eiga hans i Synnes som peiker han ut som høgætta, for resten av Synnes var giskegods, og ein kan rekne med at Jon var av ei sidegrein av den eldgamle Giskeætta (truleg via lendmannsætta på Blindheim). Jon Bårdson var ikkje fødd seinare enn 1409 sidan han var myndig 1429. Eldstesonen hans, Bård Jonson på Synnes, levde enno 1516, og var då ein av fleire "gamble mænd" som møtte på tinget.

 

NILS TORSTEINSON-GREINA

Éin av dei fem sønene til Jon Bårdson var Torstein på Synnes, som hadde to unamngivne døtre og sønene Olaf på Synnes og Nils Torsteinson, som me ikkje kjenner bustaden til, men det var nok i Ulstein skipreide, for dei to kjende sønene til Nils budde begge der: Torstein Nilsson på Flø i Ulstein og Klemet Nilsson på Hovled i Hareid.

  Torstein Nilsson på Flø var far til søskenflokken som fekk kring 1/10 av Vik og Vinjevoll som arv noke før 1587: Pål Torsteinson på Hovled, Klemet Torsteinson på Flø, dei avlidne brørne Olaf Torsteinson og Bendik Torsteinson (bustadane deira er ikkje kjende) og søstrene Ingeborg Torsteinsdotter og Berit Torsteinsdotter (begge i live 1587).

  Korfor åtte desse synnesætlingane jord i Ørsta - i "Vik"?

 

KRONOLOGI OG GENERASJONSREKNING

Etter Synnestavla kan Torstein Jonson ha vore yngste sonen til Jon Bårdson, men han treng ikkje vere fødd mykje seinare enn 1440. Ser me så på skøytet 1587, finn me seks av sonen Nils Torsteinson sine sonesønesøner, og ingen av desse var fødde seinare enn 1567 (lagalderen var 20 år då). Dette vil seie at farfarsfaren deira, Nils Torsteinson, snautt kan ha vore fødd mykje etter 1470; fedrane deira Olaf, far til fire, og Bendik, far til to, kan ha vore fødde kring 1530, og farfaren Torstein Nilsson kring 1500.

  Dermed er følgande greitt: Dersom Ragnhild Karlsdotter var gift inn i denne ætta, måtte det vere med Torstein Nilsson, og berre han. Nils Torsteinson er berre ført med sønene Torstein på Flø og Klemet på Hovled, men der Torstein hadde mange born, hadde Klemet ingen (og derfor tok vel brorsonen Pål over etter han som brukar på Hovled).

  Vidare: Dersom Ragnhild var gift med Torstein Nilsson måtte han vere daud før 1539, og ingen av borna deira vere fødde seinare enn 1540.

  Torstein-borna kan ha fått eiga si i Vik og Vinjevoll på ei rekke vis, men neppe frå ættfaren Jon Bårdson. Det enklaste er at dei fekk denne eiga i arv fra mora. Dette kan godt ha vore Ragnhild Karlsdotter, men provet vantar. 

 

ERIKSÆTTA OG VIK

Rikaste mannen i Ørsta sokn 1520 var "Lauriss j Vigh" som la 6 lodd sølv og 5 mark i pengar i tiandpengeskatt av lausøyre, dvs at han var god for (minst) 110 lodd sølv (1 mark pengar rekna som 1 lodd sølv); i jordegods kunne dette svare til 30-40 mællag. Lars i Vik skatta derimot ikkje av jordegods. Dette treng ikkje tyde anna enn at han ikkje åtte jord utanom garden han brukte sjølv. Alt elles tyder på at han åtte nær heile den tids Vik.

  Lars i Vik 1520 ser ut til å vere lik lagrettesmannen Lars Erikson i Vik som er nemnd 1555, som kan ha vore far til dei to yngre lagrettesmennene Ola Larsson og Jon Larsson i Vik. På grunnlag av Lars i Vik sitt etter måten særmerkte farsnamn kan me kalle denne ætta Eriksætta. Ættfaren Erik treng ikkje å ha budd i Vik (og treng heller ikkje vere lik Erik Bottolfson som 1496 var ein av seljarane av ei lita bot i Mo).

  Lars Erikson, eller kona, kan i det meste ha ått 35 mællag i "Vik" - etter 1600-tals mål - for 1624 åtte Herøy kyrkje 2 mællag i Vinjevoll og Ørsta kyrkje 2 mællag i Vik. Frå desse 35 mællaga må me mest truleg trekke frå dei nær 4 mællaga som synnesætlingane enno åtte 1587. Dermed står Lars Erikson att med kring 31 mællag.

  Svært mykje tyder på at Lars Erikson si eige i "Vik" vart delt likt mellom sønene Ola Larsson og Jon Larsson. Men der Jon-greina selde odelsgodset sitt etter 1626, vart Ola-greina sitjande med det meste av sitt gods. Enno 1661 åtte dei som ætta frå Ola Larsson i Vik nær 13 mællag i Vik og Vinjevoll. Denne jordeiga utgjorde ein del av grunnlaget for det rike og mektige "handelshuset" i Vik, som blømde frå slutten av 1600-talet og i mange ættledd utetter.

 

FRÅ X TIL RAGNHILD

Svært mykje tyder på at "Vik" kring 1520 mest var ein rein ættareigedom. Midt på 1400-talet må ein eller annan åleine ha ått det som 1626 var 35 mællag. Me kan kalle vedkomande X. X må ha vore bestefar/-mor til dei som 1496 selde ein del av Mo, og X må ha ått mykje meir jordegods enn som så, for elles ville Ragnhild sin arv i "Vik" ha vore større. Det er svært freistande å kalle X Erik og tenke seg at han var fødd kring 1410. Noken slik person kjenner me ikkje til. Men han eller ho må ha funnest. Trass i stor jordeige treng ikkje dette ha vore noken kakse, for på 1400-talet låg stordelen av Sunnmøre under fefot. Jordeigarane fekk små inntekter av jordegodset, men dei kunne til gjengjeld ete meir kjøt og smør enn noken sunnmøring før dei.

 

HO KAVA - OG VANN?

Ragnhild Karlsdotter var fødd på ei tid då folketalet på Sunnmøre låg på eit historisk minstemål. 1520 hadde heile lenet berre 598 skattytarar (og Ørsta berre 30), noke som til vanleg vert omrekna til kring 3000 menneske. Eg trur nok at folketalet var ein god del høgare, kanskje kring 5000, men i vissa dreidde det seg om eit svært lite samfunn. Allereie i 1530-åra kan folketalet ha byrja vekse monaleg, men på langt nær så sterkt som i dei følgande tiåra. 1603 kan folketalet på Sunmøre ha vore kring 15.000. På denne tida kunne jordeigarane få leigeinntekter av kvart mællag dei åtte.

  Då Ragnhild Karlsdotter for til herredagen i Bergen 1539 kan ho ha vore føre var, men i vissa reint rettssøkande. Ho fekk sin rett, og etterkomarane hennar ser ut til å ha nytt godt av dette. Då ho laut fare til kongen 1569, var det nok fordi dei byrge hovudeigarane i "Vik" hadde prøvd å bygsle vekk jorda hennar på eiga hand.

  Snautt 100 år seinare åtte ikkje Ragnhild si etterslekt noke korkje i Vik eller Vinjevoll. 1661 ser jorda ho stridde for ut til å vere dei vel 5 mællaga i Vinjevoll som storborgaren Jens Gundersen i Kjeldsund (av gamal sunnmørsætt, og ikkje utruleg ein av Ragnhild sine frendar) åtte i garden. Nokre år seinare var denne jorda i eiga til den danskfødde voldspresten Mads Claussen Skaaning. Resten av "odelsgodset" i Vinjevoll var enno i eiga til dei "opphavlege" eigarane, etterkomarane av Ola Larsson i Vik.