Bjørn Jonson Dale:
ÆTTA BANTZBIL - DEN ELDRE OG DEN YNGRE
Fra Bandsbøl i Ribe til Sæbø i Bondalen
Presten Jacob Bantzbil i Hjørundfjord har stor etterslekt på Sunnmøre, og mange har vel lurt på kor han hadde dette "utanlandske" ættnamnet frå, når han var innfødd hjørundfjording, og jamvel av ei ætt som kalla seg Bondal...
Jacob Jenssen Bantzbil (1671-1732) var son av hjørundfjordpresten Jens Pedersen Aalborg, som 1652 vart student under patriotnamnet "Janus Petri Jørenfjordensis"!
Men korfor kalla denne mannen seg Bantzbil, og ikkje Aalborg eller Bondal som slekta elles kalla seg?
Svaret ligg ikkje oppe i dagen, men det har ikkje nett vore gøymt heller (sjå litteraturlista), så ein kan undre seg over om hjørundfjordingane ikkje har villa vedkjenne seg denne særmerkte prestemannen som stamfar.
PRESTEFRU ANNE JACOBSDOTTER
Jens Pedersen Aalborg var først gift med Alhed Glad, dotter av Mads Skaanning, sokneprest i Volda, og kona Ingeborg Hansdt Glad. Dei hadde sønene Mads Jenssen Bondal, student og seinare kremmar i Tusvika, og Peder Jenssen Bondal, kremmar på Sæbø.
Då Alhed døydde ekta herr Jens stedottera til ørskogpresten Christen Jenssen Hegelund, Anne Jacobsdotter. Einaste barnet dei fekk var sonen Jens Jacobsen Bantzbil.
Hjørundfjordboka gir ingen opplysningar om denne andrekona til herr Jens (og få om førstekona), og det er derfor ikkje rart at Bantzbil-namnet står heilt uforklåra der.
PRESTEFRU ELISABET JACOBSDOTTER
Anne Jacobsdotter var dotter av ein som heitte Jacob og Elisabet Jacobsdotter (-1688/89). Som enke ekta Elisabet den barnlause enkemannen Christen Hegelund (1604-76), sokneprest i Ørskog.
Med førstemannen Jacob hadde Elisabet to døtre utanom Anne - Maren og Elisabet. Maren var gift med Søren Barchmann i Vestfold og Elisabet med kapellanen Jens P Alstrup i Ørskog, sidan med Troels C Krog (-1706), sokneprest i Ørskog etter Hegelund (sjå meir nedafor om desse Jacobsdøtrene).
ELISABETMANNEN JACOB
Denne mannen er berre kjent omveges, gjennom døtrene sine farsnamn, men det er tvillaust denne Jacob dottersonen på Sæbø er kalla opp etter, ikkje berre med førenamnet men jamvel med ættnamnet - Bantzbil - og, som me skal sjå, trulig med same farsnamnet med: Jacob Jenssen Bantzbil.
Jacobsdøtrene var truleg fødde kring 1640 (+/- 5 år), og då er det truleg at far deira levde og verka ein stad ikkje langt frå Ørskog og i ein stand ikkje så fjern frå stefaren deira, herr Christen, sin stand.
Og på storgarden Vestnes i Romsdal finn me i 1650-åra ein Bantzbil, men ikkje Jacob, derimot Iver Jenssen Bandsbil (også Bantzbil). Derimot finn me ikkje noken Jacob der, men "tampen brenn", og den som vil vere med får henge på...
IVER JENSSEN "BONDESPILLER"
Iver Jenssen Bandsbil var fut i Romsdal 1654-59, og han var vel kjend som ein bondetynar i og med at folk gjorde om namnet hans til "Bondespiller" (uttrykket stundom feilaktig nytta om stesonen hans, Iver Anderssen på Gjermundnes, fut i Romsdal 1659-83, som bar utnamnet "Sølvfuten"). Skal me tale om noke danskevelde på Sunnmøre og i Romsdal, må det vere i 1650-åra, og det er slett ikkje rart at den siste store bondeoppstanden fann stad nett då, med den namnkunnige bondearistokraten Store-Rasmus som leiar.
Iver Jenssen gjekk ut som student frå Ribe skule 1621, og lagnaden hans er ukjend til han 1649 søkte om å verte tingskrivar i seksmannssaker i Bergen, til fånyttes. Men same året fekk han halve kyrkjetienda av Romsdal i forpakting, og hadde nok allereie då sikra seg eit gjevare "ombod", nemleg rikaste enka i Romsdal, Inger Jacobsdotter på Vestnes. 1658 fekk Iver lovnad på embetet som lagmann i Trondheim, men fekk det ikkje.
Inger var dotter av trondheimslagmannen Jacob Pedersen (1536-1633) og Margrete Petersdt (Falkener), og enke etter den grunnrike romsdalsfuten Anders Iversen.
I 1660-åra flytte paret til Hedrum i Vestfold, der dei åtte og brukte garden Nordby. 1674 flytte dei til storbyen Amsterdam, og der enda dagane deira nokre år etter. Dei var rike, men hadde ikkje barn i lag. Arven etter dei må delvis ha gått til dei tre Jacobsdøtrene og barna deira.
THOMAS JENSSEN BANDSBIL
Iver Bandsbil hadde broren Thomas Jenssen Bandsbil som var fut i Brunla len 1655-61. Thomas åtte fleire gardar i Hedrum og budde sjølv på Gulleråa, ein gard han fekk av kona, som var enke etter ein Hans Boesen.
1672 vart Thomas Bandsbil utnemnt til kongeleg kommisarius, eit svært høgtståande embete. Både Iver og Thomas Bandsbil var daude før 1682, begge barnlause.
DET BANDSBILSKE GÅVEBREVET
1674 skipa Iver Jenssen Bandsbil og Inger Jacobsdotter eit legat til fordel for fattige i Hedrum på 200 daler. (Resten av formua, 800 daler, tok dei med seg til Holland). 1676 ga Bandsbil sin søsterson, ein Jens Gregersen (med eit uleseleg mellomnam), løyve til at legatmidlane kunne nyttast til kyrkjebygging i Larvik. Sidan vart legatet gløymt og pengane ikkje til å finne att.
DEN UKJENDE JENSDOTTERA
Iver og Thomas Jenssøner Bandsbil hadde i vissa ei søster som var gift med ein Greger (eller Gregers) og mor til Jens, nemnd 1676. Me veit korkje kor mora eller sonen budde, men rimelegvis var det i Vestfold ein stad.
Ein kan elles merke seg at Jensdottera sin son heitte nettopp Jens - sjølvsagt etter far hennar:
"GAMLE JENS BANDSBIL"
Denne mannen, som ég gir namnet "Gamle Jens Bandsbil", er stamfaren til det eg kallar Den eldre Bantzbilætta. Ættnamnet, som Jens ikkje treng ha nytta, kan skrive seg frå den store garden Bandsbøl i Hemmet sokn og Ribe amt. Sidan sonen Iver gjekk på katedralskulen i Ribe, er dette ein rimeleg hypotese.
Vidare er det sannsynleg at "Gamle Jens Bandsbil" 1) var av etter måten høg stand, og b) kom til Norge i dei første tiåra av 1600-talet. Det ligg freistande nær å tru at han var knytt til Vestfold; samstundes ligg Vestlandet på sett og vis like nært som muleg bustad for denne mannen.
På denne tida hadde elles ætta Lem dette doble sambandet med Vestfold og Vestlandet. Eg vil ikke spekulere meir om dette, men heller slå fast at "Gamle Jens Bandsbil" må ha hatt minst fire born (rekkefylgja uviss): a) Iver Jenssen Bandsbil, b) Thomas Jenssen Bandsbil, c) unemnd Jensdt Bandsbil og d) "Jacob Jenssen Bantzbil".
"JACOB JENSSEN BANTZBIL"
Søskenskapet mellom a-c ovafor er klårlagt her, men det er like klårt at desse tre søskena også hadde ein bror Jacob som var far til Jacobsdøtrene Maren, Anne og Elisabet, og denne broren kan ikkje ha heitt noke anna enn Jacob Jenssen - med eller utan ættnamn - og at han må ha budd i Norge, helst på Sunnmøre eller i Romsdal, og ha hatt ei etter måten høg stilling (som fut, prest, kjøpmann).
Eg har leita høgt og lågt etter ein mann av dette namnet og i denne standen, men til fånyttes. Ein Jacob Jenssen var rett nok 1610 fut i Romsdal, men "vår" Jacob var snautt fødd då. Så har me Jacob Jenssen Riber (frå Ribe!) som 1655 tok borgarskap i Bergen (etter å ha vore på Sunnmøre i minst 25 år), men som budde i Vika i Ålesund - ein opplagt kandidat, om det ikkje hadde vore for at han levde enno 1679.
Likevel: Jacob Jenssen (Bantzbil) har funnest, og eg er viss på at han let seg finne att i kjeldene, om ein leitar lenge nok.
KVEN VAR ELISABET JACOBSDOTTER?
Elisabet Jacobsdotter var fødd kring 1610, og faren Jacob kan ha vore fødd 1570-80, mora (Maren, Anne, Elisabet?) i tiåret etter. Så lite veit me i utgangspunktet.
Eg har prøvd å granske jordeiga til herr Christen i Ørskog for å sjå om noke av det store jordegodset hans kan ha kome frå Elisabet, men utan hell. Og så lenge ein ikkje veit kva førstemannen hennar gjorde og kor dei budde då han levde, står ein i grunnen heilt fast.
Nedafor legg eg fram meir utfyllande opplysningar om dei tre Jacobsdøtrene Bantzbil:
MAREN JACOBSDT BANTZBIL
Døydde 1670 i Larvik. Ho var gift med Søren Herculessen Barchmann (-1686), som først var byfut i Larvik, sidan rådmann i Tønsberg og til slutt amtsforvaltar over grevskapet Tønsberg, vart gift på ny med Anne Dortea Huus. Med Maren hadde han tre søner: 1) Jacob Sørensen Barchmann, skipsreiar og trelasthandlar i Arendal, 2) Christen Sørensen Barchmann, frå 1697 rådmann i Tønsberg, og 3) Hercules Sørensen Barchmann, kjøpmann i Larvik.
ELISABET JACOBSDT BANTZBIL
Var først gift med Jens Povelsen Alstrup, presteson frå Nordal, som 1667 døydde som kapellan i Ørskog. Elisabet og Jens hadde ikkje born. 1671 ekta ho så Jens sin ettermann som kapellan, bergensaren Troels Christensen Krog, som frå 1676 var sokneprest i Ørskog. Elisabet døydde 1676 eller 1677.
Elisabet og Troels hadde minst 2 born: Maren Krog (fødd kring 1673, daud før 1702) og Edel Krog (1682:7), som vart gift med Jørgen Pedersen Brandal, kapellan i Ørskog.
ANNE JACOBSDT BANTZBIL
Gift med Jens Pedersen Aalborg (Bondal), prest i Hjørundfjord. Han var først gift med Alhed Madsdt Glad, og hadde med henne sønene Peder Jenssen Bondal og Mads Jenssen Bondal.
Med Anne Jacobsdotter hadde herr Jens berre sonen
JACOB JENSSEN BANTZBIL
Fødd 1671, daud 1732. Vart 1702 gift med Elisabet Krog (1681-1749), som heitte etter faren si førstekone, Elisabet Jacobsdt Bantzbil, som var Jens si moster!
Elisabet Krog var altså dotter av sokneprest i Ørskog, magister (frå 1692) Troels Christensen Krog, i andre ekteskapet, med Maren Tøgersdt Hoffmann. Både Troels og Maren var av rike og mektige bergensslekter.
Jacob Bantzbil si etterslekt er utførleg framstilt i Hjørundfjordboka.
DEN LURE ARVEONKELEN OG FATTIGE BIRGITTE
Og penneføre Dorte som på sett og vis fekk hemn...
Christen Jenssen Hegelund var av dansk ætt, men fødd i Trondheim 1604. Han vart student 1620, 16 år gamal, og las nok til prest i København ei tid før han 1626 tok til å studere medisin i Leyden. 1629 vart han sokneprest i Ørskog, der han døydde 1673.
Herr Christen var først gift med Margrete Povelsdatter, som døydde barnlaus, truleg midt i 1650-åra. Etter gjensidig testament tok enkemannen heile arven etter henne - noke heilt uvanleg på denne tida (og frekt, må Margrete sine ervingar etter lova ha tenkt).
Herr Christen ekta så enka Elisabet Jacobsdotter, og etter testament av 1670 gjorde han stedøtrene sine, Maren, Anne og Elisabet, til eineervingar.
Dét var vel gildt gjort av ein gamal, barnlaus riking? Den som kunne ha spurt Birgitte Hansdotter Sternberg om dette!
For Birgitte var dotter av herr Christen si halvsøster, men trass i slektskapet fekk ho ingen arv etter morbroren, som hadde skrive at det ikkje skulle takast ringaste omsyn til Birgitte ved arveoppgjeret - ho som levde i ekteskap med "en Jens Anderssen Flemmer".
Jens Anderssen Fleming var 1666 arveskifteskrivar på Sunnmøre og budde på Langskipøya, flytte seinare til Slinningen. Birgitte og Jens må ha vore foreldre til Dorte Jensdotter Hegelund - dei hadde nok ikkje gjeve ho namn utan ein arvetanke bak - som 1692 fekk barn med studenten Mads Jenssen Bondal. Den penneføre Dorte hevda at Mads hadde lova henne ekteskap; Mads nekta, men vart dømd - både til ei diger bot på 12 daler, og tap av retten til å bere kappe og krage. I staden for rik prest, vart han ein fattig kremmar i Tusvika - og ikkje hadde han fått del i arven etter herr Christen Hegelund heller, for den gjekk til halvbroren Jacob Jensson Bantzbil...
Ungen døydde sped, og Dorte Hegelund høyrer me ikkje meir om.
Litteraturliste:
Dahl, Svein Tore: Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1536-1660, Trondheim 1999
Dale, Bjørn Jonson: Frå Rotset til Aalborg, Bondal og Bantzbil - om ei gamal preste- og borgarætt, Møre-Nytt våren 1993.
Engelstad, Sigurd: Magister Troels Christensen Krog, sogneprest til Ørskog, NST (Norsk Slektshistorisk Tidsskrift) XX, s 275ff.
Finne-Grønn, S H: Litt om prestekapet på Søndmøre på 1600-tallet. Hr. Christen Jensen Hegelund i Ørskog, NST XIII, s 12ff.
Irgens, Aage: Det Bandbilske gavebrev av 1674 til Hedrum hovedsogns fattige, NST III, s 245f.