Bjørn Jonson Dale:

Knud Brecke på Brunholmen

Bonde, borgar og soldat

Kring 1800 tok sunnmørske bondesøner til å trenge inn i den før så stengde, til då sjølvrekrutterande borgarstanden. Nokre av dei makta steget, mange mislukkast. Ørstingen Knud Knudsen Brecke døydde før borgarlagnaden hans var avgjort.

Etter nær 200 års velmakt opplevde borgarstanden på Sunnmøre - dei 40-50 kremmarane i futedømet - ei krise i siste tredjedelen av 1700-talet. Framande kjøpmenn byrja tevle om sunnmøsfisken kring 1760 og tok mykje av handelen frå kremmarane; når så torskefisket svikta mot slutten av hundreåret vart borgarstanden sitt næringsgrunnlag mest vekke. Fallittane sto i kø.

Bondevelstand

Denne borgarlege krisetida hadde motstykket sitt i ein velstandsauke mellom bøndene, mest på Nordøyane, der somme bønder (særleg dei som åtte åttringar) kunne verte like rike som både borgarar og embetsmenn. Veldige pengemidlar fanst mellom bøndene, men det var tale om reine pengar: på kistebotnen.

Kapitalnaud

Samstundes leid borgarstanden av ein mest "hjarteskjerande" kapitalnaud. Ikkje uventa kasta mang ein borgar augene på den rike bonden sin pengedunge, og mang ein bondeson fekk tankar om å ta borgaren sin stad, og stand. Somme bønder let seg "lure" og lånte pengar til borgarar på fallittens rand. Somme bondesøner gjekk rett på sak og kjøpte seg eit borgarsete på auksjon. Men stundom møttest borgar og bonde på halvvegen: Den fattige men fornemme borgardottera vart gift med ein "rå" men rik bondeson.(1)

Jordaguten frå Brekke

Knut Knutson (1781-1808) var eldsteson på vår tids Danielgarden på Brekke, foreldre: Knut Eliasson (1750- 1833) frå Velle og Marte Knutsdotter (1750-1832) av den gamle ætta på garden. Både etter alder og namn kunne denne Knut Knutson svare til den Knud Knudsen Brecke som 1807 kjøpte borgarsetet Brunholmen i Ålesund. Men under arbeidet med ØRSTINGAR I (1995) kunne eg ikkje rekne dette som ei kjensgjerning. Eg vanta prov, og etter det eg elles visste såg han ut til å ha vore brukar på farsgarden nokre år etter 1802 og til 1808.

Til Borgund

Ved eit tilfelle fann eg prov på at det måtte vere same mannen, nemleg i skiftet etter "Knud Knudsen Brecke" på Brunholmen i Ålesund 24. oktober 1808, der både faren Knut og broren Elias er nemnde.(2) På mikrofilm er skiftet mest uleseleg, men dette er visst: det galdt eit arveskifte, ikkje eit konkursskifte. Første forliksprotokollen for Borgund skipreide (1797- 1817) (3) syner at "Knud Brecke" seinast 1807 var titulert som "Gesellen på Tyskholmen", dvs at han var handelsbetjent eller -fullmektig for borgaren der då, Hans Andreas Widerøe. Widerøe var søsterson til den mektige borgar- og offisersenka Andrea Schielderup (fødd Lindberg) på Rotset i Volda. Kanskje møtte Knut Brekke og Widerø kvarandre der? Året 1807 let nemleg Widerøe bygge ein galeas på Rotset.(4)

Til Ålesund

Same året, 1807, fekk Knud Brecke skøyte på handelsstaden Brunholmen med grunn og hus for 500 daler. Seinare på året fekk han taksert eigedomen til heile 1170 daler. (Dette fortel meir om dalerkursen enn om Knut sine evner som eigedomsspekulant). 8. april 1808 fekk så "Knud Breche" kongeløyve til å drive eit "Kræmmerleye paa Brunholmen (i Aalesund)".(5) Knut fekk såleis eit privilegium for livet som til vanleg ville ha gjort han både rik og fornem. Men tidene var ikkje vanlege.

I krigen

Folketeljinga 1801 for Ørsta fører Knut Knutson på Brekke opp som 19 år gamal og "national reserve": vernepliktig soldat. Han tenkte vel ikkje mykje på krig då. Men 1807 var krigen ei kjensgjerning, og året etter må Knut ha vorten innkalla til teneste for å forsvare Danmark- Norge mot Sverike. Trass i sin nyvunne borgarstand laut Knut fare ut og krige, og han døydde som soldat 1808, 26-27 år gamal. Han var, heiter det i skiftet, "ved døden...afgangen 12. september paa Kongsvinger".

Oppbod

Skiftet etter Knut er vanskeleg å lese, men han var fallitt, i vissa så vidt. Eiga hans var sett til snautt 750 daler (hus og grunn: 600 daler); samstundes hadde han kjøpt varer av kjøpmann Nils van der Huude i Bergen for 750 daler. Desse varene hadde han snautt nok fått byrja omsetje før han for i krigen. Fallitten vart meld 1809, og 1810 vart kremmarløhyvet hans kassert. 1812 tok bondesonen Gunder Jetmundsen Weibust over borgarsetet Brunholmen. Heller ikkje Gunder fann lukka der (like lite som ørstingen Knut eller føremannen hans, vartdalingen Peder Jonsen Øie). Men neste bondeguten i borgarrekka på Brunholmen, sykkylvingen Ole Jacobsen Strøm (1785-1851), vart ein av Ålesund sine rikaste kjøpmenn.

Slutning

Tilfellet "Knud Brecke" er, så vidt eg veit, heilt eineståande i Ørsta. Samstundes som bonden og hallingen Webjørn Svendsen tok over det gamle, men då langt frå gode borgarsetet Ørstavik, gjorde jordaguten frå Brekke det same med borgarsetet Brunholmen i ladestaden Ålesund.
Men der Webjørn gjorde lukke og sette varige far etter seg, gjorde lagnaden kort prosess med Knud Knudsen Brecke - og til ein fotnote i historia. Men også fotnotefolka spela ei rolle i soga. I teorien er det inkje i vegen for at me i dag kunne ha ei "Knud Breckes gate" i Ørsta, ei vidgreint "Brecke-slekt" og ein forfallen "Breckegarden" midt i Ørstavik.

 __________________________________________________________________________
 

Notar og tilvisingar

1. Døme frå Ørsta skipreide: Peder Jonson frå Øye på Vartdal som under namnet "Peder Johnsen Øye" 1800 ekta jomfru Margrete Dornich, brordotter til borgarenka Susanne Catrine Dornich på Brunholmen i Ålesund. Sjå elles om denne problematikken i Peter Brest sin roman Napoleons Nattspegel (Det Norske Samlaget 1989), der lagnaden til bondesonen Ole Jacobsen Strøm frå Sykkylven vert framstilt.
2. SAT, Skiftebok 2 for Nøre Sunnm&øre, folio 231a.
3. Borgund prestearkiv, no i Sunnmøre Museum sitt arkiv.
4. Rasmus Jacobsen Wasbotn, Tids-Register.
5 DRA, Registrant over Danske Kancellis 3. Departements kongelige Ekspeditioner.

Tilbake til Dalesida