Bjørn Jonson Dale:
RØNNEBERG, Carl Esaias, 1779-1858, kjøpmann.
Fødd 10/8 1779 i Herøy på Sunnmøre. Foreldre: Christopher Tjærandsen Rønneberg
(1737-1824), borgar (handelsmann) og jordeigar på Kriksholmen, og Margrete
Rasmusdatter Frøysa (1736-88). Gift i Borgund 20/9 1811 med Elisabet Maria
Mechlenburg (1781-1853), datter av Hans Jacob Mechlenburg (1749-1800), borgar
og jordeigar i Vegsund, og Anna Bagge Høgh (1750-1839). Død 29/1 1858 i
Ålesund.
Rønneberg hadde neppe formell utdanning, men
gikk vel i ei god lære hos faren, som var ein drivande føretakar på mange felt,
og svært rik. 1801 var Rønneberg i Stavanger hos søstra Karen og svogeren,
prokurator Friderich Hanssen. Same året døydde mannen til Christiane - den
andre søstra hans - Ulrich Wedig Wasmuth, proprietær på Karnes og gjestgivar i
Skibotn i Lyngen. Enka trong då ein til å forvalte jordegods og handel, og
denne fann ho mest truleg i broren Carl Esaias.
1804
fekk Rønneberg barn med ei fiskarenke på Karnes; han tok til seg jenta
(Caroline, fra 1837 kjøpmannsmadam Bøe i Ålesund), som voks opp i familien han
stifta seinare. I Lyngen var han nok til 1806, då søstra gifta seg igjen, men
kanskje lenger, for då han inngikk ekteskap 1811, la han fram "Attest fra
Lyngens Sognepræst".
Budde
fra 1812 på borgarsetet Korsen i Ålesund, der han heldt eit stadig større hus;
han hadde 10 born i ekteskapet, mange teneste- og kontorfolk samt ei rekke
arbeidspliktige husmenn på plassane Neset (Bakken), Noteneset og Korsen midt i
Ålesund. Han hadde også ein god del leiglendingar kring om på Sunnmøre.
Ulikt
fleire andre sunnmørsborgarar på hans tid, var ikkje Rønneberg haugianar, men
han var ein aktiv kristen både som husbonde og velgjerar på fleire plan. Han
fekk då også æra av å legge ned grunnsteinen til Ålesund kirke 1854. Det
dårlege ryktet som han hadde dei første tiåra i Ålesund, truleg på grunn av den
"uekte" datra han hadde med seg nordafra, var då for lengst fordufta.
Sist
på 1800-talet blei det vanleg å sjå Rønneberg som éin av skiparane av byen
Ålesund. Ein rekna ikkje då med at soga om byen tok til på 1500-talet, heller
ikkje at Ålesund kring 1800 hadde 15 borgarsete (mange kvilande) og eit
folketal på 300 (nær 400 kring 1750). Derimot visste ein at folketalet bare var
på kring 150 då han kjøpte husa på to av borgarseta i byen 1812, Korsen og
Noteneset (grunnen kjøpte han 1819), og at handelshuset Rønneberg i andre
halvdelen av 1800-talet blei det dominerande føretaket i den snøggveksande byen
(fra 1.157 innbyggarar 1845 via 3.658 1865 til 12.568 1900). Med visse briller
på, kunne det sjå ut til at Ålesund var Rønneberg sitt produkt, slik t.d.
Magdalena Thoresen framstilte saka.
Rønneberg
opplevde at Ålesund blei ladestad 1824 (avgrensa ladestadrettar 1793) og
kjøpstad 1848, men han spelte ikkje noka særrolle i opptaket til desse
hendingane. Derimot var han éin av byens sine fremste kjøpmenn fra 1817, då han
tok til å yte handelsskatt, og fram til 1845, då føretaket blei omskipa og fekk
namnet Carl E. Rønneberg & Sønner. Det var fra denne tida handelshuset
Rønneberg tok steget fra primus inter pares til matador i
Ålesund, på mykje av Sunnmøre og vidare med. Samtidig oppsto truleg omgrepet
"'an Røneberg" om dette handelshuset, som i seiandsegna "Ditte
føde'kje 'nå Røneberg", som sunnmøringane enno kan seie når kvilda blir
for lang.
Heller
enn å sjå Rønneberg som nyskapar og byskipar, er det nok rettare å sjå han som
éin av dei siste representantane for den gamle borgarskipnaden: kremmar og
jekteeigar, fiskedrivar og kredittytar samt væreigar og, ikkje minst jordeigar.
Far hans gikk inn i borgarrolla med ein uvanleg bakgrunn (bondeson fra Jæren),
men med stor suksess, og to av sønene hans, Carl E. Rønneberg jr. (1815-80) og
Rasmus G. Rønneberg (1822-84), braut med borgarrolla då dei
"deføydaliserte" borgarskipnaden ved å avskaffe jordegods og
leiglendingar som grunnlag for kjøpmannskapet, og dermed opna for kapitalistisk
drift på alle nivå.
Carl
E Rønneberg & Sønner finst den dag i dag, no i eiga til Handelshuset
Rønneberg AS, og må vel vere eitt av dei eldste føretaka i Norge, anten vi
reknar skipingsåret som 1812, 1817 eller 1845. Rønneberg si etterslekt har
derimot ikkje lenger eigarinteresser i føretaket.