Bjørn Jonson Dale:
BORGARANE PÅ ØYDEGARD
Nøre Vartdal si stordomstid
Rikaste mannen på Vartdal noka tid - også målt mot vår tids kaksar – var den "velagte og velfornemme Mand" Colben Jonsen Ødegaard som levde for 300 år sidan. Kven var han, og korleis kunne han verte så rik?
Vartdalssoga gjev ikkje svar på desse
spørsmåla, og er elles mykje uklår i framstillinga av soga til borgarsetet
Øydegard på Nøre Vartdal. Dette er forståeleg, for opplysningane me har kan
verke forvirrande.
NOKRE GRUNNDATA
Colben Jonsen Ødegaard, som han skreiv seg,
var på Øydegard seinast 1674, og brukte då 1 våg fisk, heile garden, som Jon
Berkvik åtte.
Colben var bror til Rasmus Jonson som brukte Villikgarden på Nøre
Vartdal frå kring 1680 til han døydde 1700. Av skiftet 1697 etter Colben sin
stykson, Jon Jonson på Sørheim, går det fram at førstekona til Colben heitte
Anne Olsdotter, og at Anne før hadde vore gift med ein Jon. I manntalet 1701
er Colben sin alder sett til 55 år, og han døydde truleg 1725, då skiftet vart
halde 9. september det året. Han etterlet seg enka, "dydrige og
gudelskende matrone" Ingeborg Hansdt Brandal, og døtrene Anne, Birgitte
og Anne.
OPPHAV
Om Colben og Rasmus heiter det i
Vartdalssoga: "Det er ymse ting som tyder på at dei var av Fløætta, som
var ei grein av den mektige Synnesætta på Vigra. Kan hende var mor deira ei
dotter av Kolbein Flø."
Synnesætta var verkeleg nok (men budde i svært liten mon på Vigra), og
hadde ei grein på Flø, men å kalle ætta "mektig" er å overdrive
(Synnesætta hadde derimot mektige greiner, særleg Brandalætta); namnet
"Fløætta" må vere eit påfunn. Men "ymse ting" fortener
tvillaust ei gransking.
I
alle fall: Det Vartdalssoga ikkje visste, men som me no veit, er heile namnet
på faren til brørne Colben og Rasmus:
JON OLSON
I odelsskattemanntalet for 1721 heiter det
at Colben Ødegaard skulle skatte av 1 våg fisk som faren hans, Jon Olson, vart
tildømd 1669.
Denne
Jon Olson hadde odel både i Nøre Vartdal og Øydegard, og er tvillaust lik den
"Joen Bircheuig" som 1661 åtte halve Øydegard (Ottar Olson på garden
åtte resten), og 1674 heile garden (4 mællag).
Vartdalssoga såg at eit samband mellom Øydegard og Berkvik, og trudde
det skreiv seg frå den brukaren som soga kallar "Jon Sjurson
Berkvik". Dette er urett, og det er likeeins tvilsamt om Jon Sjurson på
Øydegard var bror til rovdelensmannen Simon Sjurson på Leikong; at dei også
"var av Grotadelen" er reint tøv, mest truleg avskrift av Martinus
Rogne: "Sunnmørsfylket i framfarne tider", eit ættehistorisk
fantasifoster.
I
staden for å argumentere vidare mot ei bok som trass i alt kom ut for ein god
mannsalder sidan, set eg her opp det som no må reknast som den rette ætte- og
brukarrekka på Øydegard, men først noke meir om
JON I BERKVIK
1636-37 bøtte "Jonn Ødegaard" 7
daler for ulovleg kjøpmannskap og forsømt føringskap. Dette galdt svært truleg
den Jon Olson Øydegard som 1643-44 bøtte det same for å ha handla ulovleg (dvs
utan borgarskap i Bergen).
Seinast 1645 må Jon ha budd i Berkvik, der han skatta for seg sjølv,
kona og ei jente. (I Berkvik budde også ein Jon Rasmusson då; Voldasoga har
slege i hop desse to brukarane, og i same slengen avskaffa 1-2 av dei 4-5
gamle bruka på garden!)
1652 tok Jon Olson frå Sunnmøre borgarskap i Bergen, og det kan tenkast
å vere same mannen; Jon Olson på Øydegard hadde tvillaust vore ein aktiv
handelsmann.
1666 var Jon i Berkvik 70 år gamal (truleg mykje yngre) og hadde sønene
Rasmus Jonson (1666:15) og Peder Jonson (1666:9) heime. Rasmus Jonson kom
seinare til å bruke odelen sin i Nøre Vartdal, til liks med den eldre broren
Kolbein, alias Colben Jonsen Ødegaard (1701:55).
Når Jon Olson budde i Berkvik og ikkje på Nøre Vartdal, var nok grunnen
ikkje berre den at ein etter måten ung stykfar, Jon Sjurson, rådde på
farsgarden, men like mykje at Jon hadde vorte gift inn i Lid- eller Berkvikgodset,
som var i eiga til ei grein av Synnesætta.
Truleg var kona til Jon Olson etterkomar av lagrettes-mannen Kolbein
Knutson i Berkvik (son av Knut Bårdson, soneson av Jon Bårdson, Synnesætta
sin stamfar) som levde i andre halvdelen av 1500-talet og var bror til mellom
mange andre herr Lauritz Knudsen, sokneprest i Ørskog, som sette opp
Synnestavla 1586.
OLA PÅ ØYDEGARD
Etter Vartdalssoga var Ola Pederson brukar
på Øydegard 1606-07 og 1612, og han skal ha vorte avløyst av Ola Ottarson, som
må ha vore daud seinast 1626, då Jon Sjurson var einebrukar. Eg har ikkje funne
farsnamnet til noken av Olakarane i kjeldene, men det er ikkje urimeleg at Jon
Sjurson sin føremann faktisk heitte Ola Ottarson.
Ola og/eller kona hans må ha hatt odel i den søre halv-delen av Nøre
Vartdal, Sørebruket (som femnde om Øydegard). Paret hadde minst to born: Ottar
Olson (sjå nedafor) og Jon Olson i Berkvik.
Då
Ola på Øydegard døydde (sist nemnd i leidangsmanntalet 1626) kom
JON SJURSON
inn som brukar på garden (først nemnd i
jordeboka 1626). Det vissaste me veit om Jon, er at han må ha ekta Ola si
enke. Vartdalssoga meiner at ho var dotter av den rike Peder Jonson på Nøre
Vartdal; dette kan vere rett, men samanhengen er helst ein annan (sjå
rammestykket Storætta på Nøre Vartdal).
Jon Sjurson var sidan, seinast 1652, gift med ei dotter av Ola Olson på
Indre Steinnes, lensmann i Ørsta skipreide.
Me
veit ikkje om Jon Sjurson og kona/konene hans fekk born, men 1641 laut Jon bøte
for at han som gift mann hadde fått eit barn med Karen Ivarsdotter. Bota var på
30 daler - ei formue då - men dette var "hor", ikkje vanleg
"leiermål".
Jon Sjurson var einebrukar på Øydegard enno 1651, men 1657 brukte han
garden i lag med styksonen Ottar Olson. 1664 tok Jon Sjurson frå "Vartdal"
- som neppe kan ha vore noken annan enn Jon på Øydegard - borgarskap i Bergen.
Han hadde nok drive handel heile livet, men no var det nok om å gjere å få
"orden i papira", som han fekk, og så døydde, seinast 1666.
OTTAR OLSON
og Jon Sjurson hadde 1657 1 hest, 1 okse, 18
kyr, 20 geiter og 16 sauar på garden - største einskildbuskapen på lange leier.
1666 var Ottar brukar åleine og er oppført med alderen 52 år og ein
"knekt" på garden, truleg sonen, Ola Ottarson på 24 år.
1661 åtte Ottar Øydegard 5 mællag 1 fjerdingslag i Nøre Vartdal (med
bygsel til halve garden, 12 av i alt 24 mællag), 1.5 mællag i Øydegard (Jon
Berkvik like mykje) og 2 fjerdingslag i Grøvika.
Namnet på kona til Ottar er ikkje kjent, ikkje lagnaden til den mulege
sonen Ola Ottarson heller. Ingen ting tyder på at Ottar har etterslekt.
COLBEN JONSEN ØDEGAARD
Etter manntalet 1701 var Colben Ødegaard 55
år gamal, dvs fødd 1647, etter den tids reknemåte, noke som kan vere heilt
rett, i dette tilfellet. I så fall var han 26-27 år gamal då han tok over
Øydegard, som brukar og sidan som eigar.
Colben var først gift enka Anne Olsdotter, som hadde sonen Jon Jonson,
sidan bonde på Sørheim (han døydde seinast 1697). Vartdalssoga opplyser greitt
at Colben si førstekone heitte "Anne Olsd Steinnes" og at ho var
enke etter Jon Sjurson. Og korfor ikkje?
Rett nok var Anne Olsdotter enke etter ein Jon med ukjent farsnamn og
bustad, men det ligg jo snublande nær å tru at det var ein Jon som hadde budd
på Øydegard. Ja, alt ligg i grunnen til rettes for at Colben Jonsen kom i ekteskap
med enka etter farmora hans (enka etter Ola på Øydegard) sin andre ektemann,
Jon Sjurson!
Det kan verke pussig, men slike ekteskap var korkje uvanlege eller
ulovlege då. Då Colben ekta Anne først i 1670-åra treng ho ikkje å ha vore meir
enn 40-50 år gamal, men truleg mykje nærare 50 (fødd kring 1620) enn 40, for
det blei ikkje barn av hopehavet deira.
Colben si førstekone Anne må ha døydd kring 1700, for ikkje seinare enn
1702 ekta Colben Ingeborg Brandal, som var dotter av prestesonen og kremmaren
Hans Rasmussen Brandal på Ytre Brandal og kona Anne, dotter av lensmannen Nils
Ivarson Wig i Ørsta. Vartdalssoga seier at Ingeborg var dotter av borgaren
Hans Jenssen (Glad) på Indre Brandal, men dette er urett. Desse to Hans'ane,
verbrør og kremmarar på kvar sin halvdel av Brandal, har elles ofte vore
forveksla.
BORGARSETET ØYDEGARD
På 1600-talet dreiv ein ikkje kjøpmannskap
ustraffa utan å ha løyst borgarskap i Bergen. Jon Olson laut bøte for dette ved
minst to høve, og 1652 beit han i det sure eplet og betalte for borgarbrevet
sitt.
Det er rimeleg at Jon Sjurson dreiv borgarsetet Øydegard i styksonen Jon
Olson sitt namn. I 1660-åra tok styresmaktene til å leite etter kremmarar utan
borgarbrev, og Jon Sjurson må ha vore føre var då han tok borgarskap i Bergen
1664.
Colben tok aldri borgarskap i Bergen sjølv. Grunnen kan ha vore at han
var gift med ei borgarenke, som på sett og vis ervde mannen sine borgarrettar;
dessutan ga styresmaktene no etterkvart opp å krevje borgarskap av kremmarane
så lenge dei betalte dei støtt meir tyngande skattane av borgarnæringa si.
Colben Ødegaard var ikkje åleine borgar på Sunnmøre utan borgarskap i
Bergen; t.d vart verfaren hans på Brandal, Hans Rasmussen Brandal, kalla
"Borger" endå han heller aldri hadde tatt borgarskap i Bergen.
Colben si enke, Ingeborg, kom i ekteskap med bergensaren og
kjøpmannssonen Abraham Jansen Møller, som døydde 1738, på ei bergensferd.
Ingeborg heldt fram med handelen, men 1749 heitte det om Øydegard, "hvor
nu en enke boer", at staden var
vel
forsaavidt et nødvendig giæstgiverstæd, men da det er
af
ingen importence, men meere møye for de rejsendes befordring, kand det ei efter
billighed for noget ansættes.
Ingeborg hadde ikkje betalt handelsskatt
dei føregåande åra, og kom heller ikkje til å gjere det.
Dottera (Anne den eldre, gift med storbonden og kremmaren Peder
Guttormson i Søvik i Borgund, av Langloætta) sin verson, Jørgen Mathias
Fürstenberg, ein gullsmedson frå Litje Fosen (Christianssund frå 1742), tok til
å svare
handelsskatt av Øydegard 1755, noke han
gjorde han ut 1764. Han budde her enno kring 10 år før han flytte. Dermed var
Øydegard si soge som borgarsete ute, etter nær 150 års drift i same ætta.
RIKDOMEN PÅ ØYDEGARD
1725 vart det halde skifte etter 3
sunnmørsborgarar, først (22. januar) etter den "velagtbare og velfornemme
Borger og Handelsmand" Nils Pedersen Langeloe på Sløgstad på Stranda
(søskenbarn til Peder Guttormson i Søvik), som etterlet seg aktiva på vel 4012
daler og passiva på vel 350 daler (netto: 3662 daler). Denne mannen hadde borgarskap
i Bergen (1702). Nils var elles oppkalla etter morfaren Nils Wig i Ørsta, som
også var Ingeborg på Øydegard sin morfar.
Så
(9. september) vart skiftet etter "velagte og fornemme Mand" Colben
Ødegaard halde. Aktiva var på vel 2048 daler og passiva på vel 119 (netto: 1967
daler). Endeleg (25. oktober) vart det halde skifte etter "S:r"
("Seigneur") Jacob Jacobsen Thode, "Kiøbmand og Handelsmand udi
Aalsund og Borgens Sogn, boende paa Sundmøer". Aktiva i buet var på vel
1031 daler, passiva på vel 471 (netto: 560 daler).
Nils Langeloe var nok mellom dei mest velståande borgarane på Sunnmøre
på denne tida og Jacob Thode var ikkje mellom dei fattigaste. Colben Ødegaard
hevda seg altså godt i dette laget av nær 40 sunnmørsborgarar (trass i at
Øydegard ikkje vart rekna med mellom kremmarseta 1724).
Både Nils Langeloe og Colben Ødegaard var også "bønder" med
store buskapar, og dei var store jordeigarar, "proprietærar". Men der
både Nils Langeloe og Jacob Thode hadde jekt(er), var Colben sitt einaste
fraktfarty ein tendring. Elles hadde alle tre verdfulle lager av
kjøpmannsvarer, Colben Ødegaard og Nils Langeloe også store likvidar i form av
sølv og pengar.
Jordegodset til Colben var på nær 40 våger fisk, dvs ikkje langt unna
160 mællag (truleg 154 mællag, Øydegard medrekna), noke som tilseier at han kan
ha hatt nær 40 leiglendingar! Og Nils Langeloe hadde endå fleire.
Ein mann med same jordeiga i mellomalderen ville utan tvil ha vore rekna
til adelen då.
ØYDEGARDSGODSET
Det vil føre for vidt å rekne opp heile
Colben Ødegaard sitt jordegods, men på Vartdalsstranda åtte han dette (oppgjeve
i merker fisk): 146.5 mk i Nøre Vartdal (med bygsel til halve garden), 72 mk i
Øydegard (heile garden), 58 mk i Årset, 90 mk i Kvien (heile garden), 144 mk i
Buset (heile garden), i alt vel 28 mællag (1 mællag = 18 merker fisk) eller vel
7 våger fisk (1 våg = 4 mællag).
Dette "vartdalsgodset" hans utgjorde berre snautt 1/5 av all
jordeiga hans, men 1/4 av all jorda på Vartdalsstranda. Elles åtte han m.a
heile Berknes i Volda, 12 mællag, men ikkje noke i Berkvik, der han mest truleg
voks opp.
For den som har lyst og stunder, må det vere ei spennande oppgåve å
kartlegge heile Colben Ødegaard si jordeige med tanke på å finne ut kva for
delar av dette godset han kan ha fått hand om i kraft av eigen odelsrett.
STORÆTTA PÅ NØRE VARTDAL
Til skilnad frå
fleire av gardane på Søre Vartdal, var gardane på Nøre Vartdal mest reint
bondegods først på 1600-talet, både Årskog på 12 mællag, Nøre Vartdal på 24
mællag og Øydegard på 2 mællag.
Desse tre gardane skreiv seg tvillaust frå
éin opphavs-gard, Nøre Vartdal, som 1626 hadde ei landskyld på 40 mællag, eller
10 våger fisk - ein storgard etter sunnmørs-mål. Enno på denne tida åtte folk
av same ætta stordelen av dette jordegodset.
INGEBRIGT PÅ
VARTDAL
I katolske
tider ga ein Ingebrigt på Vartdal Sunndalen i Volda (truleg dei fleste gardane
i dalføret) til volds-presten for å få sakramentet. Sist på 1500-talet gjekk ein
av etterkomarane hans, Steffen Knutson på "Hofdesetter",
til sak for å
vinne att dette godset, og han greidde det!
Mellom dei som fekk jordeige i Sunndalen
etter denne
saka var
Halstein Ingebrigtson på Ramstad og Peder Jonson
på Nøre
Vartdal.
Det ser ut til at me må attende til midten
av 1400-talet for å finne den sams ættfaren Ingebrigt.
FOLLESTADÆTT
Ingeborg,
dotter av rikingen Amund på Follestad, var gift med ein mann som aldri er nemnd
i kjeldene, med mindre han skulle vere lik Ingebrigt på Vartdal.
Etter Follestadættleggen hadde Ingeborg
Amundsdotter, fødd kring 1400, sønene Halstein og Amund, og Amund hadde sonen
Ingebrigt, som også hadde ein son Ingebrigt.
Amund hadde også sonen Tore, far til
Ingebrigt Toreson, som var morfar til odelsmannen Ola Ivarson på Follestad
(fødd kring 1545).
Namnet Ingebrigt peikar truleg attende til
Ingeborg sin mann, rimelegvis Ingebrigt på Vartdal.
Mange har lurt på om ikkje Tore Amundson kan
vere lik den Tore på Vartdal som er nemnd 1520, og dette trur eg er rett. Ein
Ingebrigt Toreson er elles nemnd som lagrettesmann 1553 i eit skifte om
Digernesgodset.
MANGE GREINER
Med alle mulege
atterhald legg eg her fram ein rekonstruk-sjon av eigedomstilhøva på Nøre
Vartdal på 1500-talet:
Ein Ottar kan ha ått nær halve av Nøre
Vartdal og mest heile Årskog. Ottar, ein muleg son av Ingebrigt Toreson, må ha
vore fødd kring 1540 og ha hatt sønene Erik Ottarson på Årskog, Ola Ottarson på
Øydegard og Nils Ottarson Dalen i Rovde; Nils i Dalen åtte seinare stordelen av
ætta sitt gods i Sunndalen.
Etterslekta til Peder Jonson Nøre Vartdal,
fødd kring 1560, rådde bygselen til halve garden Nøre Vartdal enno i andre
halvdelen av 1600-talet (Steinar Ivarson). I høve til Ottar-greina rådde Peder
for ein søsterlut i godset. Kanskje var mor hans ei søster av Ottar, eller
kanskje kona hans. Seglmerket hans tyder på at Peder Jonson sjølv var av denne
odelsætta.
KVEN VAR
ÆTTFAREN INGEBRIGT?
Storkarsdottera
Ingeborg frå Follestad kunne ikkje gifte
seg med kven
som helst, så Ingebrigt på Vartdal må ha vore av like god stand som henne.
Ingebrigt åtte truleg nær heile Nøre Vartdal
og minst like mykje i Sunndalen, slik at han var god for minst 80 mællag etter
1600-tals mål (då dette svara til vel 20 gardsbruk). På Ingebrigt si tid låg
likevel det meste av jorda hans øyde, og han treng ikkje å ha vore anna enn ein
etter måten velståande einebrukar av heile Nøre Vartdal. I seg sjølv var ikkje
dette så verst: han trong ikkje ete mykje graut og flatbrød, men di meir sul og
kjøt, og kornet gjekk vel mest til brygging; laks var elles kvardagsmat på Nøre
Vartdal.
Ingebrigt kan ha ått meir enn dette, men hadde neppe større
inntekter av den grunn. Då tidene tok til å lysne ut på 1500-talet fekk
etterkomarane hans derimot stor nytte av jordeiga til ættfaren, og ættmora. Dei
var ikkje berre odelsbønder, men vart jamvel jordeigarar med. Og den eld-gamle
velstanden heldt seg både godt og lenge i ætta.
Ingebrigt på Vartdal kan elles ha vore éin
av dei første på Sunnmøre med dette namnet, kanskje jamvel i heile landet, og
ein kan ikkje sjå vekk frå at svært mange av Ingebrigt'ane på Sunnmøre på
1500-talet ætta frå Ingebrigt på (Nøre) Vartdal.
(Først publisert i Møre-Nytt, jula 2002.)