| ØYSTEINSVIKA
Også kalt Vika, Ribervika,
Skitdungen og Skomakarplassen.
Dette borgarsetet ser ut til å ha
omfatta dei yngre, fra 1724, matrikkelplassane Bakken (som plassen aldri blei
kalt, derimot Kråa eller Brunholmskråa) og Olsplass (oftast kalt Bakken!). Dei
første borgarane budde i den lune vika som i dag er kjent som Naftadjupet i
Ålesund. På samme staden finn vi i dag dei flotte bygningane i jugendstil som
handelshuset P D Stafseth førte opp etter ålesundsbrannen 1904.
Den første borgaren vi kjenner til her er
ØYSTEIN ERIKSEN, som er nemnt allereie 1607 mellom dei 28
bergensborgaren som blei bøtlagte for å bu på Sunnmøre heile året. 1615‑16
bygsla Øystein ein del av garden Aspa, og er då kalt "Jøstin Eriksen Aalsund".
Vi kan ikkje vere heilt sikre på at han budde i Ålesund sidan, for han kan ha
flytta til Steinvågen, der hovedbruket på Aspa låg. Men Steinvågen hadde
allereie to borgarsete, og i Ålesund finn vi seinare staden
"Østensvig", som ikkje godt kan ha vore anna enn den vika Øystein
budde i. Øystein Eriksen, som eg ikkje har funne borgarskapsår for, levde enno
1628-29, men seinare høyrer vi ikkje om han. Den neste kremmaren her kan ha
vore borgaren
PEDER VINCENTSEN, som er nemnt i "Wiegen" 1629. Peder
var fra Turø i Danmark og tok borgarskap i Bergen 1629. Han er omtalt også
1633, men utan bustad. Ein kan ikkje sjå vekk fra at Vika for Peder Vincentsen
sin del kan ha vore i eller ved Nørvasundet.
CHRISTEN OLSEN SLENDING, tidligare kremmar på Hella (sjå der) og
Slinningen, handla i "Østensvig" seinast fra 1642 og døydde 1650/51.
Sonen
CARSTEN CHRISTENSEN tok så etter alt å dømme over handelen etter
faren. Han kan ikkje ha vore her lenge. Flytta seinare til Molde, ser det ut
til, der han var kjøpmann.
JACOB JENSSEN RIBER kom til staden først i 1650-åra, kanskje ved
å ekte enka etter Christen Olsen, Marit Larsdatter. I 1640-åra var Jacob Riber
kjøpsvein på Hankeneset for borgarmeister Rasmus Lauritzen Stud i Bergen.
Han var mest trulig lik den Jacob Jenssen fra Tønder i Ribe amt som tok
borgarskap i Bergen 1655. Ein "Jacob Ribber" er ellers 1629 nemnt
mellom drengane til borgaren Jens Jull i Tranvågen, Borgund, og det kan godt
ha vore samme mann. Jacob Jenssen Riber budde her enno 1679, men seinare hører
vi ikkje om han.
ISAK CHRISTENSEN, ein yngre bror eller halvbror av Carsten
Christensen, tok borgarskap i Bergen 1672. Det er då oppgitt at han var romsdaling;
kanskje hadde han budd på Molde i lag med broren. Seinast 1674 budde Isak i Ålesund,
mest trulig i Vika. Han heldt handelen gåande til ut i 1680‑åra.
1688 budde ein svært fattig Isak Christensen enno i Ålesund; like
etter var han kommen til Fyllingen på Sula, der han døde 1718, 77 år gammal.
Kona heitte Marte Davidsdatter Middelthun; den noverande ætta Middelton i
Norge stammar frå dette paret. Etter at Isak Christensen flytta til Fyllingen
overtok ein velståande los, Jørgen Davidsen, plassen. Korkje han eller
ettermennene hans dreiv handel.
0101
ØYSTEIN ERIKSEN, borgar av
Bergen, nemnt 1607-29.
I saka mot futen Lauritz
Christensen let borgarane ta opp ei lang rekke tingsvitne om futen sin
"handel saavel med inden- og udenriges skippere som med almuen i
landet". 1619 vedgikk "Justen Aspen", alias Øystein (også Østen og
Jøstin) Eriksen, at han hadde selt 10 pund (60 kg) smør for futen. I bytte for
smøret hadde han fått 45 våger (810 kg) råfisk (underforstått: torsk) og litt
sei. At futen handla til seg råfisk i slike
mengder, betyr at han hadde folk som kunne prekevere fisken, enten til
tørrfisk eller til saltfisk. Ole Knutsen på Hessa vitna ellers at futen hadde
kjøpt råfisk for pengar av nokre fjordmenn under vårfisket. Dette er første
gangen vi hører at ein kjøpmann på Sunnmøre dreiv råfiskoppkjøp; dette blei
ikkje vanlig før i andre halvdelen av 1700-tallet, då overgangen til
klippfiskproduksjon tvang sunnmørskremmarane inn i rolla som råfiskoppkjøparar.
0102
PEDER VINCENSEN, Turø,
Danmark, borgar av Bergen 1629, nemnt i Vika 1629 og på Sunnmøre 1633.
0103
CHRISTEN OLSEN SLENDING
(-1651c), son av borgaren Oluf Knudsen på Slinningen i Borgund.
Gm unm Carstensdt Randall,
datter av Carsten Jonsen Randall, kjøpmann på Fyrde i Volda, og Maren
Jørgensdt.
Gm Marit Larsdt (*1652).
Fleire barn med 1k, men bare 3 (a-c) kjente:
a Carsten Christensen, nn
b Marit Christensdt, ukjent lagnad.
c Isak Christensen 1640-1718, 0106
Om slekta til Christen Olsen og førstekona:
Første kjente borgaren på
Slinningen var Oluf Knudsen, nemnt 1606-07. Oluf tok trulig borgarskap i
Bergen 1601. Han kan ha vore sunnmøring, helst fra Dale skipreide.
Dette året bøtte Oluf for å ha sett opp nokre hus utan løyve på
"Sleningnes", som han ga grunnleige til krona av. Fra 1628 brukte han
også garden Slinningen.
Oluf var først gift med ei ukjent kvinne, og dei hadde sonen
Christen. Sidan ekta han Maren Jørgensdt, enka etter kjøpmannen Carsten
Jonsen Randall "til Fyrde" i Austefjorden. Foreldra hennar var Jørgen
Pedersen, lagmann i Trondheim, og Gudrun Jonsdt Teiste av norsk adel. Oluf
døydde seinast 1638; Maren levde enno 1641.
1648 hevda Christen at faren med dette ekteskapet "forbandt
sig i stor vidløftig skyld og gjeld". Kanskje stilte adelsfru Maren alt
for store krav til borgarmaken sin?
Christen blei borgar av Bergen 1623. Til 1635 handla han på
Hella i Ålesund, så på Slinningen og, seinast fra 1642 i "Østensvig"
i Ålesund. Christen døydde seinast 1651.
Førstekona hans var datter av den førnemnte Carsten Randall. Av
fleire barn er bare Carsten og Marit nemnt. Carsten overtok i Øysteinsvik etter
faren, men flytta snart til Molde, der han var kjøpmann. Andrekona til
Christen var Marit Larsdt (*1652).
Det pussige er at Christen
Olsen Slending kom i ekteskap med ei datter av "stemora" Maren
Jørgensdt.
Dette går fram av ei rettssak i Indre Sogn 1650 (Tingbok for
Indre Sogn 1648-52, fol 77A ff), der "erlig och mandhafftig mand",
kaptein Johan Grand gjorde krav på noke jordegods som den avlidne kona hans, ei
datter av Carsten Jonsen Randall til Fyrde, hadde retten til.
I retten blei framlagt ei fullmakt fra "Christen Olluffsen
Slining" på eigne og barna sine vegner, likeeins fullmakter fra den
avlidne Jon Carstensen "han børns veigne och vdj fuldmacht aff deris
slegt, med videre" som Johan Grand hadde fått i høve saka. Fullmaktene var
dagsette Bergen 23. april 1646 og underteikna av "Christen Olsen",
"Christen Christensen" og "Niels Sandersen". Christen
Christensen (menn med dette namnet tok borgarskap 1601, 1617, 1618 og 1640) og
Nils Sandersen (borgarskap 1632) kan ha vore Jon Carstensen sine svigersøner.
Borgaren Jørgen Pedersen
(Børkop) på Laberget kravde 1650 "Christen Olufsen Aalsund" for 1.5
tønne malt (verdt 3 rd 18 sk) som han hadde vore skuldig sidan 1647. Christen
svarte at han hadde ei motrekning, for Jørgen hadde leigd jekta hans "i
Skogen" (trulig meint Skogn), og at han allereie hadde betalt 1.5 rd av
gjelda til Johan von der Felle i Bergen. Jørgen sin son, Johan Jørgensen (som
Jangarden på Valderhaug har namnet etter), sa til dette at Christen for med
løgn, at han måtte betale og dessutan prove at Jørgen var skuldig han noke.
1651 selde Marit Larsdt, enka etter Christen Olsen, 2.5 pund
smørleige i Stavdal, Stordalen i Dale skipreide, til presten Christoffer
Hiermand i Borgund for 50 rd. Året etter blei det strid om denne jorda, for
Lauritz Abelset, lensmannen i Valle skipreide, prova at Christen Olsen tre år
før hadde pantsett Stavdal til han for ei gjeld på 26 rd.
I skøytet fra Marit Larsdt til Hiermand heiter det at ho hadde
fullmakt fra stebarna sine, Carsten Christensen og Marit Christensdt, "paa
deris egne och alle deris sødskinds vegne". Utsagnet tyder på at
barneflokken kan ha vore stor. Skøytet er ellers dagsett 20. oktober 1651 - i
"Østensvig".
0104
CARSTEN CHRISTENSEN, fn, sidan kjøpmann på Molde
0105
JACOB JENSSEN RIBER, Tønder
i Ribe amt, borgar av Bergen 1655, kanskje gift med enka Marit Larsdt. Ikkje
kjent etterslekt.
0105A
POVEL KLEIS fra Lübeck tok
borgarskap i Bergen 1679, der han budde som kjøpmann til han døde 1696. I
Ålesund heldt han ein kjøpsvein i åra 1687‑89, i det minste. Vi veit
ikkje kor borgarsetet hans låg, men rimeligvis var det her.
0106
ISAK CHRISTENSEN
(1640-1718) 0103, borgar av Bergen 1672, 1690 til Fyllingen, Borgund.
Gm Marte Davidsdt
Middelthun (-1732 d Bergen) kanskje datter av David Middelthun i Bergen, men
kanskje like gjerne datter av værmannen David på Håholmen, Kornstad på
Nordmøre.
Minst 3 barn:
a David Isaksen Middelthun
-1720, kjøpmann i Bergen, gm Boel Jansdt Meyer
b Berte Margrete Isaksdt
c1683-1753, 1715 gm Knut Arneson, Fyllingen
c Siri Isaksdt c1684-1758,
1712 gm Anders Håvardsen, Urvika, seinare Fyllingen
Etter Stein N Wisted kan
også Dorte Isaksdatter og Wilmikke Isaksdatter, begge i Bergen, ha vore døtre
av Isak og Marte.
1679 stemnte Marte
Davidsdatter naboen, Ole Olsen Skomaker, for å ha skjelt han ut i godt folks
påhør. Han hadde kalt ho "Fruen paa SchitDungen"! Ålesunds første
"fine" dame fikk passet sitt påskreve av byen sin første ironikar. Å
bli kalt "frue" var nemlig ikkje fornærmelig - dette var ein adelstittel
den gangen; "på Skitdungen" var verre. Men Ole Olsen møtte på tinget
og forklarte - sikkert både edru, fin i målet og velkledd - at den plassen
(innflyttaren) Marte budde på alltid hadde vore kalt Skitdungen. Så då så! Han
slapp å bøte.
Marte Davidsdt (Middelthun)
og Ole Skomaker var ofte i tottane på kvarandre, og var svært nære naboar. Ole
budde på sjølve Hella, Marte i Øysteinsvika på det seinare Olsplass, nemlig der
Stafsethkomplekset ligg i dag. Mannen til Marte, Isak, hadde (kanskje) ei
adelsfødd bestemor.
0107
JØRGEN DAVIDSEN (1666:8
1701:54 1704:57 -1706:67 sk1707) son av David, værmann på Håholmen (ved
Smørholmen) i Kornstad på Nordmøre.
Gm Kirsten Hansdt
(c1652-1731) trulig datter av Hans Jenssen Glad, borgar i Drevika, sidan i
Håkeshamn og på Indre Brandal, og ukjent kvinne, til nn
Minst 6 barn (a-f):
a David Jørgensen 1701:20
-<1707, 1701 reservemarin
b Karen Jørgensdt Gaas c1689-1755, gm
c Ellen Jørgensdt c1690-1772, Olsplass
d Mette Jørgensdt 1707:11 *1717, ukjent lagnad
e Hans
Jørgensen 1701:7 sk1722, los, Olsplass
f Peder Jørgensen 1701:4 *1707, ukjent lagnad
Namnet David var svært
sjeldent på Sunnmøre på 1600-tallet, og namnet Jørgen var heller ikkje særlig
vanlig då. Kombinasjonen av disse namna - som for- og farsnamn (David Jørgensen
eller Jørgen Davidsen) - blir heilt eineståande. Når vi så veit at Jørgen
Davidsen hadde ein bror Walter, eit namn som i det heile ikkje var i bruk på
Sunnmøre, ligg det nær å tru at Jørgen slett ikkje var sunnmøring, ja, kanskje ikkje
nordmann eingang. Walter og David var omtrent særskotske namn i Norge på den
tida Jørgen Davidsen var fødd, i 1640-åra. Og ein Jørgen, bror til ein Walter
og son av ein David, kva kunne han i grunnen, opphavlig, ha heitt anna enn
George?
Spørsmålet fører til eit svar: Ein skotte David slo seg ned i
Norge midt på 1600-tallet. Eg gjettar på at han var skipper eller styrmann i
trelastfarten, og ettersom trelasthandelen på Sunnmøre nesten var slutt på
denne tida, men enno i oppsving i Romsdal og på Nordmøre, gjettar eg vidare på
at han sette bu i eitt av disse lena.
Eit tilfelle, som meir liknar ein tanke, er det også at kona i
den huslyden som kring 1690 flytta fra Ålesund til Fyllingen på Sula (og som
dermed kan ha gitt rom til Jørgen Davidsen sin huslyd i Ålesund) heitte Marte
til fornamn, Davidsdatter til farsnamn samt Middelthun til etternamn, dvs Marte
Davidsdatter Middelthun. Namnet lyder så skotsk som omtrent mulig.
Og så finn eg dette:
"Smørholmens
huusmend", Manntall for Kornstad sokn 1666 (Manntall 1663-66 Nordmøre
prosti)
DAVID (1666:60), værmann på
Håholmen, Kornstad på Nordmøre.
Gm unm.
Minst 4 barn:
a Peder Davidsen 1666:11
b Jørgen Davidsen 1666:8
1701:54, til Ålesund
c Bernt Davidsen 1666:6
d Walter Davidsen 1666:2
1701:40, Sandøya på Nordmøre, 1707 var han formyndar for brorsonen Peder
Jørgensen i Ålesund.
Eg vil slett ikkje sjå vekk
fra at Marte Davidsdt Middelthun var del av denne søskenflokken.
Husa i buet til Jørgen
Davidsen var: ei stove med kammers, seng, bord og benkar (9 rd), ei lita,
forfalt stove (2.5 rd) og eit stavnaust (3 rd). Vidare hadde buet
"kveg", nemlig 3 kyr og 1 sau. Av sjøreiskap er nemnt ein gammal
sambøring (3 rd).
Karen Jørgensdatter Gaas:
Karen Jørgensdatter, trulig
lik jenta av samme namn som 1709 fikk barnet Anne Margrete utanom ekteskap med
husbonden sin, tollbetjenten Thor Anderssen Tynder på Valderhaug. Tynder var
fødd kring 1678 og blei 1701 gift med den meir enn 40 år eldre Ingeborg
Aagesdt, enke etter borgaren Hans Eriksen Wingaard på Valderhaug; Ingeborg
dødde 1706, 71 år gammal.)
Karen blei seinare gift med Peder Ottesen Skomakar (1690-1732),
Davidsplassen på Fiskarstrand, son av skomakaren Otte Davidsen. Peder var ein
yngre bror av Jens Ottesen Skomakar i Ålesund, andremannen til vermora Kirsten
Hansdatter.
Karen Jørgensdt døde 1755, 66 år gammal, og er då kalt Gaas til
etternamn. Dette namnet kan ho ha hatt etter faren eller mora si ætt, men det
er vanskelig å seie korleis dette heng i hop.
Kirsten Hansdt, kona til
Jørgen Davidsen, må ha vore datter av borgaren Hans Jenssen (Glad) i Håkeshamn
(og sist på Indre Brandal), gm prestedatra Anne Rasmusdt Brandal. Hans Jenssen
må vere lik den geskjeftige kremmaren Hans Jenssen i Drevika, som i 1650-åra
var gift med Kirsten, enka etter borgaren Erik Størkersen i Drevika.
Som enke etter Hans Jenssen blei Anne Rasmusdt Brandal gm Lars
Ellingsen fra Årskog på Vartdal, kremmar på Indre Brandal, som 1707 blei
formyndar for eit av Jørgen og Kirsten sine barn, Mette.
Anne Rasmusdt, som kan ha vore mor til Kirsten Hansdt (som i så
fall var oppkalt etter faren si førstekone Kirsten), hadde søstera Lisbet
Rasmusdt, gm Claus Hanssen Gaas, prest i Hareid og Ulstein.
Dette kan vere ei forklaring på kor Karen fikk Gaas-namnet fra.
Ei minst like rimelig forklaring er at Kirsten i Drevika var datter av
borgundpresten Hans Claussen Gaas og (hustru) Karen Eriksdatter, og at Kirsten
Hansdatter blei oppkalt etter ho.