Bjørn Jonson Dale:

 

 

BORGAR- OG EMBETSSETET SLINNINGEN

OG SLEKTA SVERTZ

 

 

Av dei mange borgar- og embetsseta i Borgund utanom Ålesund låg ingen nærare "byen" enn Slinningen. Og soga om Slinning­en var fra første stund nærare knytta til Ålesund enn noken andre stormannssete i Borgund.

 

 

Dessutan: Gjennom snart 400 år har synet av handelsbygningane på Slinningsneset vore det første som festa seg på netthinnene til ålesundarane når dei vakna om morgning­en. Enno kviler den monumentale, kvite Slinningsbua trygt i åle­sunds­augene, og før var nok synet ikkje mindre særmer­ka.

  Slik, bokstavlig talt sett: Slinningsbua er ein like viktig del av det åle­sundske kulturlandskapet som husa i byen sjøl. Nåde den som riv Slinningsbua!

 

OLUF KNUDSEN SLENDING

Første kjente borgaren på Slinningen var Oluf Knud­sen. 1606-07 bøtte han og 27 andre bergensborgarar for ulovlig utliggar­handel på Sunnmø­re. Oluf hadde trulig borgar­skap i Bergen fra 1601. Han kan ha vore sunnmøring, trulig fra Dale skipreide.

  Dette året bøtte Oluf også for å ha gitt grannen sin dreng eit neveslag, og for å ha sett opp nokre hus utan løyve; han dreiv vel og etablerte seg då - på "Sleningnes", som han ga grunnleige til krona av. Oluf bøtte atter 1616-17, då han og to drengar hadde tatt ei "sengedyne" utan lov og dom fra ei fattig enke. På denne tida sto ei tingstove på Slinningen, og Oluf kan ha hatt ei attåtinntekt som tinghaldar.

 

FIN FRUE FRA FYRDE

Oluf var først gift med ei ukjent kvinne, og dei hadde sonen Christen. Sidan ekta han Maren Jørg­ensdt, enka etter kjøpmann­en Carsten Jonsen Randal "til Fyrde" i Auste­fjord­en. Foreldra til Maren var Jørgen Pedersen, lagmann i Trondheim, og Gudrun Jons­dt Teiste av norsk adel. Oluf døydde seinast 1638.

  1648 hevda Christen at faren med dette ekteskap­et "forbandt sig i stor vid­løftig skyld og gjeld". Kanskje stilte adelsfru Maren alt for store krav til borgar­maken sin?

  Men kva då med datra hennar, som må ha vore gift med mannen som klaga over stemora?

 

CHRISTEN OLSEN SLENDING

Christen var fødd seinast 1598, i det han blei borgar av Berg­en 1623. Til midt i 1630-åra handla han på Hella i Åle­sund, men flytta så til Slinningen og overtok handelen der. Seinast Kring 1642 budde han i "Østensvig" i Åle­sund, ved Hella, der borgaren Øystein Eriksen hadde handla i 1620-åra. Christen døydde kring 1651.

  Christen si førstekone var datter av den førnemnte Carsten Jonsen Randal. Dei hadde fleire barn, men bare Carsten og Marit er nemnt. Carsten tok over i Øysteinsvik etter faren, men flytta snart til Molde, der han var kjøp­mann.

  Andrekona til Christen, Marit Larsdt, levde 1652. Ein son av dette ekteskapet (eller like gjerne det første) var nok Isak Christen­sen, som tok borgar­skap i Bergen 1672. Det heitte då at han var roms­daling; han hadde vel budd på Molde i lag med broren Carsten.

 

ÆTTA MIDDELTHUN - FRA ØYSTEINSVIKA

Seinast 1674 var Isak Christensen (c1641-1718) borgar i Åle­sund, trulig i Øysteinsvika, der han handla til ut i 1680‑åra. 1688 budde han enno i Åles­und, som svært fattig, men flytta like etter til Fylling­en, der han døydde. Kona hans var Marte Davids­dt Middel­thun; vår tids Middel­thun-ætt i Norge stammar fra disse gjennom sonen, kjøpmann David Middel­thun (-1719) i Bergen. Då Isak flytta til Fyllingen overtok ein velstå­ande los, Jørgen Davidsen, plass­en i Øysteinsvika.

 

SORENSKRIVAR MICHEL PEDERSEN

1642 budde Michel Pedersen på Slinni­ngsnes­et. Trulig fra dette året var han sorenskrivar på Sunnmøre, eit embete han hadde til 1649‑50. 1645 svarte han koppskatt for seg sjøl, kona, "en liden skrivedreng", seks "bønder­drenge", to "bønderpiger" og "en kiperdreng".

  Michel handla nok på Slinningsneset etter at han gikk av som skrivar, nemnt 1651. Enno 1657 var borgar­setet i bruk, men det  er ukjent kven som brukte det då. Michel var ikkje lik bor­garen Michel Pedersen Trane (borgar­skap 1636) som seinast 1661 budde i Ålesund

 

SORENSKRIVAR NILS JENSSEN

Garden Slinn­ingen blei fram til 1656 brukt av ­skrivaren etter Michel, Nils Jenssen fra Tørsing på Jylland, bror til borgar­meister Ove Jenssen (1601-75) i Bergen. Nils er feilaktig blitt kalt Knag, og ofte forveksla med borgaren Nils Jenssen på Vågnesholmen, far til Claus Nilssen (sjå neda­for).

  Tyge Nilssen (stamfar til ættene Castberg og Knagenhjelm) blei 1656 sorenskrivar etter Nils, men han budde på Vågneset. Tyge var gift med Maren, datter av futen Nils Jacob­sen Knag, og bror hennar overtok Slinningen.

 

KAPTEIN JØRGEN KNAG - OG SKANSEN I ÅLESUND

Seinast 1657 brukte løyt­nant Jørgen Knag garden Slinningen, og hadde då 1 hest, 2 oksar, 8 kyr og 4 smale. Borgarsetet ser ikkje ut til å ha vore i bruk då.

  Skansen på Stødeneset i Ålesund, seinare Skanseneset, blei oppført "af en Capitain, navnlig Jørgen Knag", etter Hans Strøm, som også ga Knag æra for å ha dyrka opp Slinningen. Men garden var vel­dyrka før Knag overtok. 1673 selte kaptein Knag, då ved Nordfjordske kompa­ni, Slinn­ingen til prosten Hiermand.

 

ARVESKRIVAR JENS ANDERSSEN FLEMING

1667 budde Jens Anders­sen (1666:34) på Slinningen, kanskje som kremmar. Han var elles fullmektig for store jordeiga­rar som Margrete Stud på Hanke­ne­set ("Marg­rete i Hanken") og prosten Christoph­er Hiermand.

  1666 budde Jens på Langskipsøya som "arveskriver", dvs skiftefor­valtar. Denne oppgåva låg elles til sorenskriva­ren, men kunne også utøvast av ein eigen instans. Jens førte altså dei "arvebøkene" vi veit fanst på Sunnmøre på denne tida, men som no er forsvunne.

  Stundom er Jens kalt Fleming, og han var nok lik den Jens Anderssen "Flemmer" som skal ha vore gift med Birgitte Hansdt Sternberg, ei halv­søsterdatter til den rike ørskog­prelat­en Christen Jenssen Hegelund.

  Jens var nok elles far til den skriveføre jomfrua "Dorte Jensdt Hegelund" som 1692 fikk barn med preste­sonen og teo­logistud­enten Mads Jenssen (Aalborg, skreiv seg Bondal) fra Hjørund­fjord. Ungen døydde, men det blei sak om farskapet og Mads fikk ikkje kappe og krage, men derimot kremmarsetet Tusvika. Datra Bir­te Bondal (1720-) blei gift med Nicolai Ottesen Wingaard (1729-86) på Grimmer­gård.

  Jens Anderssen Fleming er ikkje nemnt etter 1668.

 

CLAUS NILSSEN - IKKJE SVERTZ

Kring 1670 var borgarsonen Claus Nilssen fra Vågnesholmen  etablert på Slinningen. Han er kalt borgar 1675, men var neppe borgar av Bergen. Borgundboka gir Claus etternamnet "Suertz", men dette namnet brukte han aldri.

  Claus Nilssen var gift med Else Madsdt Alstrup (c1654-1713), prestedatter fra Norddal, og søster til tre mektige madammer på Sunnmøre - Birgitte (gift Ulfeldt) i Steinvågen, Karen (gift Østerich) på Ekset og Maren (gift Abelset) på Apalset; mor hennar var datter av presten Hans Claussen Gaas i Borgund, og prosten Hiermand si stedatter.

  Claus og Else utgjorde midtpunktet i eit mektig nettverk av borgarslekter med halvt fremmed opphav på Sunnmøre i dei siste tiåra av 1600-tallet. Paret hadde minst 9 barn, og fleire av dei har etterslekt på Sunnmøre den dag i dag - ætlingar som i stor grad ikkje kjenner dette opphavet sitt.

  Barna deira var:

 

1) Povel Claussen (1701:28, *1727), kremmar, sidan kjøpsvein på Flåvær, Herøy, 1700 gift med Dorte, datter av Hans Eriksen Wingaard, borgar på Laberget, Valderhaug, og Ingeborg Aagesdt fra Molde. Povel og Dorte ser ut til å ha hatt 4 barn, nemlig:

  a) Claus Povelsen (c1700-79) i Vikane, Herøy (stor etter­slekt), b) Jørgen Povelsen (-1735), også i Vikane, og trulig jamvel c) Nils Povelsen, som fra 1727 var kremmar på Brunhol­men i Ålesund, og fra 1732 sorenskrivar i Jæren og Dalane. Nils hadde søstra d) Anne Katrine Povelsdt (c1701-31) som døydde i Ålesund.

 

2) Mads Claussen (c1674-1705), borgar av Bergen 1702, kremmar i Håkonshamn i Ulstein, sidan på Øyra i Volda; gift med Gjertrud Hansdt Brandal. Inga etterslekt.

 

3) Nils Claussen Svertz (c1675-1727), den første som kalte seg "Suerdtz", kremmar på Laberget, gift med enka Susanne Jensdt Kielderup (Schielderup) (c1658-1728). Inga etterslekt.

 

4) Claus Claussen (1704:26, -1736), sjå nedafor.

 

5) Margrete Clausdt (-1746), 1708 gift med Nils Hanssen fra Myklebust i Ørsta, ingen barn, sidan gift med Ole Olsen (1687-1749), bonde på Indre Leine i Herøy. Stor etterslekt.

 

6) Mein Clausdt (*1727), gift med Knut Madssen, tømmermeister i Bergen.

 

7) Birgitte Clausdt (c1684-1779), gift med Peder Pedersen Langeloe (c1677-1729), lensmann i Dale og kremmar på Langlo.

Etterslekt.

 

8) Anne Clausdt (*1714), ugift 1714, ukjent lagnad.

 

9) Jens Claussen (c1686-1753), 1704 kjøpsvein i Håkonshamn, sidan bonde i Vikane, Herøy, og på Giskeøydegard i Borgund, endelig busett i Ura, Ålesund. Gift med Ingeborg Larsdt Lund fra Petterholmen i Herøy. Minst 4 barn:

  a) Mads (-1779) døydde i Igesund, Herøy, b) Lars Jenssen (*1762) først på Vattøya i Ulstein, sidan i Kippervika, Ålesund; han var gift med Alet Olsdt Nibe og hadde minst 3 barn, 2 budde på Runde, c) Jens Jenssen (1727-63) som budde i Skaret, Ålesund, 1749 gift med Brite (1719-63), datter av Peder Einarsen i Skaret; 1795 var  den myndige sonen deira, Peder Jenssen, dreng på Flem. Ukjent om Peder har etterslekt. d) Else Jensdt, gift med Cornelius Bøe i Romsdal, ingen barn som levde 1795.

 

Midt på 1700-tallet peikte Hans Strøm ut Claus som oppfin­nar av torske­garnet i Norge. Om vi tyder dette slik at han var den første som brukte torskegarn i større stil, kan vi kanskje ta Strøm på ordet. Det var ikkje gått lenger tid då Strøm hevda dette, enn at mange enno levde som kunne kontroll­ere opplys­ninga.

  Claus Nilssen døydde kring 1694, etter måten velstå­ande.

 

CLAUS CLAUSSEN "SLINDINGEN"

Etter Claus Nilssen si tid låg handel­en på Slinningen nede til kring 1705, då sonen Claus Claussen (1704:26, -1736) tok opp tråden. Den "velagtbare og velfornemme borger" Claus Claussen "Slindingen" døydde 1736 som ein nesten fallitt mann. Han var gift med ei snekkardatter fra Bergen, Adelus Jensdt Lystrup (c1685-1763), og fikk 7 barn, men bare 4 overlevde faren:

  a) Marie Clausdt (1710-), 1735 gift med Rasmus Ellingsen (c1700-69) fra Bjørlykke, strandsittar i Ålesund, sidan på Brandholmen (Flatholmen) i Borgund. Dei hadde 5 barn som levde 1770. Etterslekta ikkje granska. b) Else Clausdt (1712-80), gift med Jacob Povelsen Leganger (1711-84), lensmann i Rovde og bonde på Leikong, sidan med Hans Mogensen Leganger (1738-1805), bonde på Leikong, sidan kremmar på Larsnes. Stor etterslekt. c) Claus Claussen jr (1717-59), sjå nedafor. d) Margrete Clausdt (1723-72), 1751 gift med tremenningen Peder Eriksen Ulfeldt fra Steinvågen, sjå nedafor, og 1766 gift med Thomas Hanssen (c1732-72) fra Molde.  

 

CLAUS CLAUSSEN SVERTZ JR

Claus Claus­sen Svertz jr (1717-59) var 19 år gammal då faren døydde og han tok nok over handelen med det samme. Fra 1744 handla han også på Tyskho­lm­en, som han overtok etter kona sin mostermann, Albert Berentsen Ulrichs.

  1744 blei Claus gift med Karen (1721-58), datter av Mads Bager, borgar og skipper i Bergen, og Anne Margrete Larsdt Smith, borgardatter fra Larsgarden i Borgund. Claus og Karen fikk 10 barn, og 8 overlevde faren; av disse kan vi nemne

  a) Albert Ulrich Svertz (1749-92) som var handverkar og budde på Hundsvær; gift med Elisabet Jensdt Brun (-1792) som han fikk minst 5 barn med, m.a Claus Schwartz, bøkkermeister i Bergen. b) Anne Margrete Ulricha Svertz (1750-1825), c1783 gift med Johan Henrik Wolff (1747-1839), sokneprest i Manger. Etterslekt. c) Claus Claussen Svertz (1755-), 1784 borgarskap som skipper i Bergen. d) Anne Karen Svertz (1758-), 1779 gift med Ingebrigt Ingebrigtsen, bonde og kanskje også gjestgi­var i Tusvika. Etterslekt i Sykkylven.

  Før 1749 må handelen på Slinningen ha vore slutt, for då heitte det at staden "har været og kand endnu passere for et lidet kræmmer­sæde, men da det for inde­værende tid er uden brug, kand det følgelig ej for noget ansettes." 

 

PEDER ERIKSEN ULFELDT

Fra 1751 handla svogeren og tremenningen til Claus Claussen Svertz jr, Peder Eriksen Ulfel­dt (1717-64) fra Steinvågen, på Slinningen. Han svarte handelsskatt bare 1752, men det ser ut til at han heldt handelen gåande nokre år til.

  Peder Eriksen blei 1751 gift med Margrete Clausdt Svertz (1723-72) og dei fikk 3 barn; bare 2 levde opp: Nils Pedersen (1772:16), seinare trulig bonde på Måløy i Rovde, og Else Margrete Pedersdt (1764:6), som må ha blitt gift med fastera Else Clausdt sin enkemann, Hans Mogensen Leganger på Larsnes.

  1759 bygsla Peder Eriksen grunn til hus, naust, stabbur, fehus og sjøhus samt eit stykke slettemark i Steinvågen av broren Lars Eriksen (Ulfeldt). Der budde han så i kring 5 år.

 

ESKILD JØRGENSEN ABEL

På auksjonen etter Claus Claussen Svertz jr 1759 fikk Eskild Jørgensen Abel (c1723-1804) tilslaget på borgarsetet Slinningen. Abel var kjøpmanns­son fra Bergen og søsterson til kremmara­ne Nicolai Ulrichs i Fyll­ingen og Albert Ulrichs på Tyskhol­men, dessutan var han gift med søsterdatra til konene deira, nemlig prestedatra Berte Marie Gregersdt Meiltz. Eskild Abel svarte hand­els­skatt 1759‑64. Han flytta så til Fylling­en, der han tok over hande­len etter morbroren Nicolai Ulrichs.

 

MADS POVELSEN ABELSET

1764 kjøpte Mads Povelsen Abelset (1731-90), kremmarson fra Solnør, Slinningen av Abel. Mads Abelset betalte handelsskatt 1766‑71, men handla trulig endå ei stund. Abelset var gift med Gjertrud Margrete Reutz (c1737-1804), datter av kapellan Peder Magnussen Reutz i Ørskog. Ingen barn.

  Ekteparet flytta 1782 til Langlo på Stranda og dei selte då borgars­etet på Slinningen til

 

"SEIGNEUR" OLE LARSSEN

tidleg­are kjøpsvein på Grimmergård for William Leslie. Ole Larssen (c1739-89) var helst bare stråmann på Slinningen for Nils Jacobsen Wind på Taskeberget. Ole Larssen svarte ikkje handelsskatt. 1785 heitte det om Slinnin­gen:

 

Er et gammelt hand­els­stæd, ejeren har for et aar siden kiøbt stædet, fører mig bekient ingen handel, men stædet er baade beqvemt og fornøden dertil nu og fremdeles; Naar fisk­eriet tilgaaer i Borgenfiord, huser dette stæd en hoben almue formedelst stædets gode belej­lighed for de fiskende...

 

HANS BRODERSEN RØRING

1789 selde Ole Larssen borgar­s­etet til Hans Brodersen Røring (1748-1830), presteson fra Veøy og tidlegare kremmar på Stor­dalsholmen, som heller ikkje svarte handel­sskatt, men som nok dreiv borgarnæring like­vel, kanskje berre gjestgive­ri; dess­utan verka han som sakførar.

 

PEDER AAGESEN

1803 selde Røring til Peder Aagesen, kjøpmannsson fra Molde, som dreiv som gjestgivar her. Gjestgi­varskatt 1805‑12, enka 1813‑14.

 

OLE JACOBSEN STRØM

Ho blei gift på ny med Ole Jacobsen Strøm, bondeson fra Straumegjerde i Sykkylven, som svarte handelsskatt 1815-­48, men som allereie fra 1825 budde på Brunholmen i Ålesu­nd. Kven som styrte handelen for Strøm etter den tid, er uvisst, men fra første halvdelen av 1840‑åra var det nevøen og adop­tiv­sonen

 

JACOB CAROLUS STRØM

også bondeson fra Sykkylven, som dreiv handelen. Han var gift med Marie Anderssen fra Grimmer­gård. Dette var eit tra­gisk ekteskap: "Fru Strøm var sindssvag og Manden en Dranker. Hjemmet blev opløst." Sist i 1840-åra for Strøm til Amerika og heldt seg der til midten av 1860‑åra. Han kom då tilbake til Ålesund og såg ut som "en ægte Røver­høvding og var tilmed blit temme­lig raa". Det var lite att av den velut­danna og vidfarne, elegante og belevne forretnings­mannen vi høyrer om i 1840‑å­ra. Ein av sønene hans, Jørgen Anderssen Strøm, budde på Slinning­en nokre år kring 1870, men visstnok utan å drive handel. Han flytta seinare til Oslo. Slik endte soga om eit av dei eldste borga­rseta på Sunnmøre.