FOLK OG GRUNN I ÅLESUND 1540-1840

eller

ELDSTE ÅLESUND

Ja, dette kunne vere namnet på den boka eg "granska fram" under ein permisjonsperiode hausten 1997 - eller "granska ferdig", for:

Gjennom mange år hadde eg sporadisk samla inn stoff om "strandstedet" Ålsund (ja, slik blei namnet skreve på 1600- og 1700-tallet: Aallsundt, Aalsund osv), som første gangen er uttrykkelig nemnt i året 1603, men som må ha vore folkesett i alle fall fra 1550-åra, og kanskje handelsstad fra 1540-åra. Den  første borgaren vi kjenner namnet på i "byen" heitte NILS CHRISTENSEN DANSKE, som kan ha budd og handla der allereie fra kring 1590, trulig på det seinare Grimmergård.

Nils Christensen Danske hadde borgarskap i Bergen, men budde og virka i Ålesund, i lag med vel 30 andre slike bergenske "utliggarar" på Sunnmøre kring 1600.  Ein liten mannsalder seinare - i andre halvdelen av 1620-åra - hadde heile Sunnmøre 50-60 slike fastbuande bergensborgarar. Alle borgarane dreiv handel med fiskevarer på Bergen, men ein god del var også trelasthandlarar. Både på Valderhaug, i Nørvasundet, Langevågen og Ålesund var det denne tida tilløp til bydanning: mange kjøpmenn (borgarar) var samla på samme staden, og ei rekke handverkarar og arbeidsfolk rundt dei; Nørvasundet var då det største av disse "strandsteda", men Ålesund hadde flest borgarar (færre handverkarar) - og, det mest forunderlige av alt: Av dei nær 10 ålesundsborgarane då, var dei fleste også trelasthandlarar (med utskipingsbase på Langskipsholmen), og éin av disse, sønderjyden Hans Lauritzen (Haderslev) i Steinvågen, var jamvel største trelasthandlaren på heile Sunnmøre!

Den gyldne trelasttida - "hollendartida" - på Sunnmøre tok slutt i 1640-åra, og Ålesund blei liggande i ei slags merkantil bakevje 3-4 tiår; borgarseta Steinvågen, Hella, Brunholmen og Grimmergård var nok så vidt i drift fram til kring 1680, men det var stort sett alt. Men fra 1680-åra ser det ut til at fisket tok seg opp, og på denne tida finn vi eit merkbart oppsving i Ålesund: Borgarsetet "Bigumsneset" (seinare Todeplassen og Lorkeneset) får nytt liv, og likeeins det gamle borgarsetet "Østensvig" (også kalt ”Skitdungen”) og borgarsetet på det seinare "Olsplass".  Samtidig tar to svært så driftige borgarar sin plass i byen, dansken Nils Pedersen Assens på Grimmergård, og på den tids Bigumsneset: bergensaren Jacob Jacobsen Thode, søsterson av kona til Assens på Grimmergård. Ute i Steinvågen etablerer amtmannsfullmektigen (og dansken) Lars Nilssen Ulfeldt seg som "bonde" og, trulig, kjøpmann med, og på Hella og Olsplass tar velståande losar til med småhandel; på Brunholmen finn vi nokre år seinare bergensaren Henrik Henriksen Holtermann som borgar.

Det laga seg både dynasti og store slekter etter disse folka - linjer som vi på mange vis kan følge like fram til dagens Ålesund. Ellers: På Nordigård, Neset og i Korsen budde på denne tida folk - fiskarar, losar, plassemenn: kort sagt strandsittarar - som kom til å få ei tallrik etterslekt i Ålesund.

Siktemålet med boka "ELDSTE ÅLESUND" er å påvise og påpeike disse svært så lange og seige sammenhengane i ein by som ikkje reknar seg sjøl som meir enn 150 år gammal. Det vil seie: gjennom nitidig dokumentasjon vil eg vise at Ålesund som de facto bysamfunn har ei nær 450 år gammal soge. Trass i både økologiske, demografiske og økonomiske kriser har bysamfunnet Ålesund bestått sidan dei første "utliggarane" sette bu - tok vintersete - på strendene langs Ålsundet i 1560-åra. Svært mange av dagens hus i Ålesund står faktisk på meir enn 400 år gamle tufter, mange gater ligg enno der stiane gikk den gangen, og samme blodet som då renn i årene til mange ålesundarar enno. Men ikkje minst: Den særskilte klangen i den ålesundske "tonen" - kall det gjerne ålesundskulturen - blei bestemt av denne svært djuptgripande soga...

Ei meir utfyllande framstilling: 1540-1840: DÅ ÅLESUND BLEI BYGD - Ei langvarig soge om ein by i emning.

 Tilbake til Dalesida