Bjørn Jonson Dale:
Grimmergård - eit namn med historisk sus, og med ein
fornem, nesten adelig klang. Ein dansk herregard kunne godt ha heitt noke
slikt. I staden er det tale om nokre nakne strender og gråberg ved Norskehavet,
men like fullt: eit herresete...
Og eit gods av samme namnet! Dette godset
oppsto for 313 år sidan (2005), då all grunnen i Ålesund Innomsundet (fra og
med Skansen til og med Ysteneset) kom i eiga til ein "borgarlig"
(uadelig) person for første gang - og for første gang til ein person som budde
i Ålesund.
FØRSTE HERREN TIL GRIMMERGÅRD
Nils Pedersen Assens (1652-1718) var
fødd i Århus på Jylland og blei borgar av Bergen 1683. I Ålesund budde han
seinast 1682, trulig då på det borgarsetet som først 1701 er funne nemnt som
"Grimmergård".
Assens var kjøpmann i Ålesund, men handla også på Taskeberget og
Hareidstrand, 1703-08 jamvel på Molde. Og han var jordegodseigar - på det
meste hadde jordeiga hans ei skyld på 34 våger fisk (40-50 leiglendingar).
Største kuppet gjorde han 8. mars 1692, då adelsfrua Sidsel Kaas på Molvær
selte han sine "grunde og grundeleier i Aalsund paa den indre og nordre
Side" samt "Brunholms grund, som før har fulgt Aspelandet".
Dermed blei Assens eigar av heile Ålesund Innomsundet - og
Grimmergårdsgodset var etablert. Ein bit av det består faktisk den dag i dag
(sjå avsnittet Siste rest av godset?)!
"INDHYLLET I DUNKELHED"
Kjøpmann Joakim Anderssen (1829-1909),
ein av dei siste herrane til Grimmergård, skreiv 1904 boka "Aalesund og
Omegns Historie", som åpnar slik:
"Aalesunds fjerneste Fortid er indhyllet i Dunkelhed. Oprindelig
har visselig Stedets Territorium, i alt Fald paa Nørvøens Grund, været benyttet
som Havnegang eller Sæterstøl for længer inde beliggende Gaardes kreature;
thi langt nede i Tiden... har den Del af Grimmergaard, som ligger søndenfor
Axlen og strækker sig til den gamle Konge- eller Postvei, som nu bærer Navn af
Kipperviggaden, været kaldt Aspesæteren, rimeligvis af en større Ansamling af
Aspetrær, som stod der, hvor nu den nye Nørvøens Folkeskole ligger."
NØRVESETER
Då Anderssen la fram hypotesen om at
"Grimmergård" først var seter for gardane lenger inne
(Nørvøygardane), visste han ikkje kor nær han kom det vi no må rekne som den
mest sannsynlige sammenhengen.
Eit dokument fra 1571, ukjent for Anderssen, viser at garden Nørveseter
hadde lege øyde, men no atter var tatt i bruk. Ein 24-mannsdòm slo fast at
garden var og alltid hadde vore i eiga til Volda prestebord.
"Nørveseter 1571", som eg kaller eigedommen her, er nesten
utan tvil lik grunn- og grasleiga "Aallesund" som er innført i Volda
prestebord si jordebok 1624, og som 1649 blei lagt under Giskegodset. 1651 var
Hans Grimmersen (også bare Grimmer) leigar av eigedommen. Denne mannen, Grimmergård
sitt eponym (namneopphav), kom til gards 1648 (budde før i Steinvågen).
Altså: "Nørveseter 1571" er det samme som
"Grimmergårdsgodset" - den samla eigedommen som Assens kjøpte 1692.
Eit lite ekstrapoeng i jubileumsåret: Namnet "Grimmergård" må kunne
seiast å vere 350 år i år (heile tida også som namn på eit handelssted, no:
kjøpesenter) sidan Hans Grimmer kom til gards 1648.
SETER, GARD
Nørveseter var nok den udelte
storgarden Nørve si seter, som så, helst i høgmellomalderen, blei tatt i bruk
som gard. Då Nørve blei delt i Store og Lille, kom Nørveseter under Lille
Nørve, som nesten fullt ut var i eiga til Volda prestebord.
Nørveseter må ha lege øyde fra etter Manndauden kring 1350 ein gang og
fram til kring 1550. Kanskje utgjorde den seinare garden Voldsdal også
opphavlig ein del av Nørveseter. (Voldsdal inneheld eigeforma av Volda:
"Volds".)
ØYDEGARD, BORGARSETE
Voldsdal blei gjenrydda av bønder etter
1520, men "Nørveseter 1571" helst av andre folk: Dei første
innbyggarane i Ålesund var kjøpmenn med borgarskap i Bergen, og slike
"borgarar" var fastbuande på Sunnmøre fra 1570, og dei (på
1600-tallet) beste borgarseta (som Grimmergård) kan godt ha vore i drift sidan
kring 1550.
Første borgaren vi kjenner på det seinare Grimmergård var Nils
Christensen Danske (nemnt 1606-17), borgar av Bergen 1588, som kan ha budd i
Ålesund fra den tid.
Først på 1600-tallet kan det ha vore endå eit borgarsete på Grimmergård
(kanskje på det seinare Lorkeneset), og nokre tiår seinare også eitt på Nordigård.
GARDAR, PLASSAR, GRUNNAR
"Aallesund 1624" omfatta nok
dei to seinare "gardane" Innomsundet i Ålesund: Nordigård i nord og
Grimmergård i sør.
Fra disse "gardane" blei det etterkvart skilt ut mindre
plassar - Stødeneset, Skaret og Einarvika fra Nordigård, og Ysteneset, Korsen,
Todeplassen og Neset fra Grimmergård. På og mellom disse plassane finn vi sidan
ei rekke "grunnar" - alt fra rydningsplassar (som Røysa og
Ålesundsgjerdet) til reine tomteområde (som Kippervika og begge Urene ved
Grimmergård).
Dessutan kom nye borgarsete opp: På 1700-tallet både ved Buholmsundet,
i Korsen og på Noteneset.
NORDIGÅRD
Då Assens 1694 tinglyste skøytet sitt
fra 1692, hevda borgundpresten, herr Knut Mann, at Nordigård låg under
prestebordet i Borgund (dvs Store Nørve). Men retten fann ikkje noken heimel
til eigedommen i prestebordet si jordebok.
Fra 1694 var i alle fall "Nørveseter 1571" samla, men då på
ein slik måte at Nordigårdsplassane blei kalt "under" Grimmergård,
mens plassane sør for Nordigård blei omtalte som "paa" Grimmergård.
GODSET ANNO 1723
På heimveg fra
Bergen 1718 gikk Nils Pedersen Assens og jekta hans med mann og mus ned på
Stadhavet. Sjøl for ein velståande borgar kunne tapet av ei jekt med last
medføre konkurs. Men buet til Assens berga seg.
Då enka, Marte Jacobsdt Dischingtun (c1646-1723) døde 5 år seinare var
aktiva i buet 301 rd, passiva 180. Skiftet etter denne "dydige og
gudelskende Matrone" blei halde 12. desember 1723, og skiftet reknar opp
Grimmergårdsgodset og husmennene der (sjå eiga ramme nedafor).
INNTEKTENE 1723
Denne oversikta nemner alle huslydane
Innomsundet i Ålesund 1723 - i alt 18, medrekna godseigaren - og omfattar alt
fra hustomter til etter måten store plassar.
Dei faste årsinntektene av godset var nær 7 daler. I tillegg kom
variable inntekter, nemlig "bygsel", ei avgift som blei betalt ved
innleige på ein grunn/plass, og kanskje også ved periodiske "gjenbygslingar".
I åra 1720-22 hadde buet fått 14 daler i "bygsel". I alt kan dei
samla årsinntektene av godset ha vore snautt 12 daler.
Dette var langt fra noka formue, men like fullt svært gode inntekter den
gangen.
Men eigarane hadde ikkje bare pengeinntekter av godset sitt. Plasse- og
husmennene deira måtte også vere med på notlaget i Ålesund (nothenget sto
sjølsagt på Noteneset), under onnene på hovedgarden og som mannskap og håsetar
på eigarane sine fiskebåtar og jekter.
GRIMMERGÅRDSGODSET 1762
Brunholmen blei 1709 selt til borgaren
der, Henrik Henriksen Holtermann. Pussig nok blei dette borgarsetet på Aspa i
matrikkelsammenheng rekna under Einarvika på Nørvøya i alle fall til 1865.
1724 fikk Jacob Thode skøyte på grunnen til borgarsetet Todeplassen (6
mark fisk) for 24 rd (4 rd/mark). Ein god gard (1 våg fisk = 72 mark) gikk på
denne tida for 36 rd (0.5 rd/mark). Verdien av grunneigedom i Ålesund då var
altså 8 gangar høgare enn på landet!
Skulle vi rekne ut verdien av Grimmergårdsgodset etter prisen for
Todeplassen 1724, ville han vere 420 rd, som tilsvarte verdien av 12 våger
fiskeskyld på bygdene, eller 15-20 leiglendingsbruk; kvar husmann i Ålesund
var altså like mykje verdt som ein bonde på landet, for godseigaren.
Etter 1724 blei ikkje noke av godset selt (til folk utanom ætta) før
1819, med eitt unntak: 1738 fikk Job Jacobsen Thode fra Lorkeneset kjøpe
borgarsetet Grimmergård med hus og grunn.
Ysteneset sin plass i Grimmergårdsgodset midt på 1700-tallet er enno
uklar. Men det som skjedde fra 1723 og utetter, var at tallet på plassar og
grunnar på godset auka med nær 100 %.
1762 budde 37 huslydar Innomsundet (150-160 menneske), og utanom 2-3
huslydar på Lorkeneset og Grimmergård, var alle "tilhørende" herren
på Grimmergård, Nicolai Ottesen Wingaard (1728-86). Leigeinntektene må minst
ha dobla seg i høve til 1723.
1762 var det faktisk råd for den som eigde Grimmergårdsgodset, å leve
som bare dét, godseigar, som Wingaard gjorde då: godt - og fornemt i tillegg.
GODSET MINKAR
Enno 1818 besto Grimmergårdsgodset
omtrent som 1762. Assens sine ætlingar på Grimmergård eigde enno nesten heile
Innomsundet, og i mellomtida var dei blitt endå mektigare grunnherrar i
Ålesund, i og med at Nicolai Ulrich Wingaard (1753-1813) gjennom ekteskap var
blitt eigar av både Vika og Hella på Aspa.
Men tidene var elendige for godseigarar. Krigen 1807-14 og, ikkje minst
uår på land og sjø, tvang dei til å selge -
til nokså dårlige prisar.
Fra 1819, etter snart 130 år i samme slekta si eige, blir
Grimmergårdsgodset avhenda - først svært raskt: plassane Neset og Korsen
(Korsen også borgarsete), samt borgarsetet Noteneset blir då selte til Carl E
Rønneberg. Så held avhendinga fram -saktare, men likevel einsretta. 1858 sitt
Assensætta igjen med kanskje bare sjølve plassen Grimmergård samt nokre
grunnar og tomter i Ysteneset, på Buholmen og i Einarvika.
BYEN VEKS
Trass i minkande omfang, minka resten
av godset neppe mykje i verdi på denne tida, for Ålesund hadde ein heilt eineståande
vekst i 1860-80 åra: Grimmergårdsgodset blir støtt meir verdifullt. Familiane
Anderssen og Erichsen - Assens- og Wingaardslekta sine arvtakarar - hadde
like til 1910-20 grunnleige- og salgsinntekter av godset. kanskje levde dei
ikkje like godt og fornemt som forgjengarane, men dei gjorde det slett ikkje
verst.
Men så var det slutt?
SISTE REST AV GODSET?
Gjennom nesten eit kvart tusenår satt
samme slekta som dominerande grunnherrar i Ålesund Innomsundet.
Morfar min kjøpte hustomt på Grimmerhaugen kring 1912, og han sa at
selgaren var "av familien Wingaard"; dette gjaldt nok frøken Elise
Storm Erichsen, byggherren til det prektigste privathuset Innomsundet etter
brannen, med unntak av villaen på Rønneberghaugen. Dette huset står på Sankten
den dag i dag ("Sparebanken"). Slik budde og bygde altså siste
godseigaren i Ålesund, på samme flekken som slekta hadde budd sidan 1680.
I dag er slekta utdødd i Ålesund, men enno skal ein bit av Grimmergårdsgodset
eksistere, nemlig ein umatrikulert grunn inne i tomta til det kjøpesenteret
som heiter "Grimmergaarden"!
Eigarane av grunnen skal vere "Erichsens arvinger". Altså:
306 år etter at Nils Pedersen Assens kjøpte Ålesund Innomsundet, er enno nokre
hundre kvadratmeter av denne grunnen i eiga til ætta hans. Ingen veit om
"Erichsens arvinger" er i stand til å gjøre eigedomskrav gjeldande.
Men har noken brydd seg med å finne det ut?
DET NYE GRIMMERGÅRD
Fra 1819 til 1919, og kanskje seinare
med, blei godset oppdelt og selt i større, men oftast mindre porsjonar, slik
at grunnen i Ålesund Innomsundet, med unntak av "Rønnebergneset" (Korsen,
Noteneset og Neset), fra 1920 var nokså "demokratisk" fordelt.
Fra 1970-åra ser vi ein motsett tendens: noke som liknar eit forsøk på å
"samle" gamle Grimmergård igjen. Ja, Grimmergårdsgodset er langt på
veg i ferd med å bli reetablert!
For historikaren er slike observasjonar svært interessante. Kva er det
som driv notidsmenneske til forsøk på å gjenopprette eldgamle, jamvel for
lengst avvikla eigedomsstrukturar?
Spørsmålet er så pirrande at ein stakkars granskar får lyst til å skrive
romanar i staden for tørre avhandlingar...
___________________
HUS- OG PLASSEFOLK UNDER GRIMMERGÅRD
1723
Stadnamn, leigarnamn og årsleige.
Opplysningar i klammer og merknadar er ved Bjørn Jonson Dale.
Ysteneset:
Peder (Larssen)
Jetmund (Torsteinsen)
Nils (Pedersen)
6 mark (1 rd) i alt
Kippervika (mest trulig):
Else (Paulsdt) Kipper, 1 mark
Korsen:
Lisbet (Sjursdt), 0.5 mark (8 sk)
Ole (Larssen), 6
mark
Bigumsneset:
"Seigneur"
Jacob Thode (borgar), 3.5 mark
Mellom Bigumsneset og Neset:
"Seigneur" Henrik Holtermann
(Brunholmen), 1.5 mark
Leiga gjaldt ei jektestø som brunholmsborgarane
hadde på nørvøysida av sundet.
Neset (mellom Lorkeneset og Noteneset):
Rasmus (Olsen), 3
mark
Ura
(Grimmerbakken/-haugen):
enka Gulov (Olsdt), 3 mark
(Grimmergård:
Anne Lucia Assens, godseigaren)
Bakken:
(enka) Kirsten (Jørgensdt), 2 mark
Plassen seinare ofte kalt Ura; mest
trulig dreier det seg om området mellom plassen Einarvika og plassen Grimmergård.
Einarvika:
Samuel (Hanssen), 3.5 mark
Mellom Einarvika og Nordigård:
Prest Iver (Larssen)
(enka) Agnete (Andersdt)
kanskje 1 mark i alt
Iver og Agnete budde nok på Stødeneset
(Prest Iver var gift med ei prestedatter, og var far til Prest Ole på
Stødeneset)
Nordigård:
Einar (Pedersen)
Peder (Einarsen)
Jacob (Pedersen)
6.5 mark i alt
Neset (Stødeneset):
Prest Ole (Iversen), (trulig) 4 mark
____________________________