DOKUMENTET:
Paa Præstegaarden Ørskoug forvares
endnu et gammelt Tings-vidne, skrevet paa Pergament, og dateret d. 20. Julii
1544, hvoraf sees, at Gulbrand Gulbrandsøn Viig har givet og skiænket
Præstebordet paa Ørskoug Ullaviig med Verpet, det er, et lidet Stykke Jord
kaldet Ullaviig, som ligger under Gaarden Oure tet ved Søkelvs=Kirke, tillige
med et dertil hørende Laxe=Verpe.
Hans Strøm: Beskrivelse over
Fogderiet Søndmør II, s 131 (nyutgava 2002).
______________________________________________________
Bjørn Jonson Dale:
GULBRAND I VIK OG ØLGILDET
PÅ AURE
Enno midt på
1700-talet levde segna om Gulbrand i Vik og dei to brørne hans som i den tids
"gamle dagar" - i mellomalderen, 200-300 år før - rådde over all
jorda på Sunnmøre. Desse tre mektige "Gulbrandssønene" var sjølvsagt
både sunnmøringar og bondegutar...
FRA ODELSBONDE TIL
LEIGLENDING
Sunnmørsbøndene for 250 år
sidan hadde god grunn til å halde ei slik segn ved lag; ho minte dei om ein
fridom som var tapt for lenge sidan: "odelen", eigedomen til den
jorda dei, nesten alle, då brukte som leiglendingar.
For 1700-talsbøndene sto nemleg det siste, eller
"endelege" odelstapet friskt i minnet. Det skjedde på 1600-talet, då
den siste resten av bondeodelen på Sunnmøre - kring femtedelen av jorda - gikk
ut av bondeeige. Dermed satt bare ein handfull bønder igjen som rette
odelsbønder (dei som brukte sjølveigde ættegardar) og ikkje mange fleire
handfullar eigde arvepartar i eigne eller andre gardar heller.
FRA HERSE TIL
ODELSBONDE?
Men mange av desse, meir
eller mindre nybakte leiglendingane var overtydde om at forfedrane deira av
"arilds tid", som det heitte, ikkje bare hadde vore rette
odelsbønder, men storfolk med. Og denne overtydinga var nok tufta på gamle
segner, som i mange ætter må ha gått ut på at dei var av ikkje bare odels-, men
av herse- og jamvel jarleætt.
Desse segnene ser i mange høve ut til å ha vore rette, i den
tydinga at bønder flest på 1700-talet ætta fra sunnmørskaksar i mellomalderen,
t.d fra "Gulbrandssønene"...
Men kunnskapen om eit slikt gildt ætteopphav kunne ikkje gi
sunnmørsbøndene på 1700-talet - omtrent alle leiglendingar - anna enn trøyst.
ÆTTEBAND...
Fattigmanns trøyst er
sjølvsagt bedre enn inga trøyst. Men no var det slik på Sunnmøre at ikkje bare
folk flest, men også den nye overklassen av jordeigarar i stor grad stamma fra
dei gamle storættene. Desse jordeigarane - lokale borgarar og embetsmenn - bar
kring 1700 erkesunnmørske namn som Brandal, Wig, Abelset, Honningdal, Langeloe,
Lievog, Eegsund, Rødset, Bondal, Hougsholm osv. Og opphavet deira var like
sunnmørsk som namna; og dette visste bøndene, som då rekna både fem- og
seksmenningar som skyldfolk; oftast var ættebanda mellom dei nye jordeigarane
og leiglendingane deira nærare enn som så...
OG ÆTTEKJENSLE
Dette kan ha vore viktig
både for bøndene si sjølvkjensle og for jordeigarane sitt omdømme mellom
leiglendingane. Rett nok var bøndene no leiglendingar, men dei var
leiglendingar hos "frendar", og sjølv når slektskapet utetter
1700-talet blei utvatna og jordeigarane stadig frekkare, må kunnskapen om dei
gamle ættebanda ha stått ved lag:
Jordeigarane utvikla seg til drittsekkar, men dei var "våre
drittsekkar", tenkte kanskje bøndene. I alle fall blei jordeigarane med
sunnmørsopphav oftast sparte for opprør og protest, ulikt ein del fremmede
jordeigarar, som godseigaren Christen Nilssen Sæd på Molvær, futen Ole Alsing i
Galtevågen (Bjørkavågen) og borgaren Sivert Olsen på Herøyberget.
GULBRAND I VIK
Gulbrand i Vik er både ein
segnfigur og ein historisk person. Segna skreiv Hans Strøm ned: Gulbrand i Vik,
i Sykkylven, og dei to brørne hans, den eine i Eiksund, den andre på Ringstad
på Stranda, levde i katolske tider og var svært "formuende"; om Gulbrand
heitte det at han hadde vore "Foged over Gidske-Gods". Slik står det
i Søndmørs Beskrivelse, men i notatboka si skriv Strøm meir: Dei tre brørne
skal have haft
det meeste Gods paa Syndmør enten i Eye eller, som troeligst er, til
Bestyrelse, som fogder, nogle sige over
Gidsche gods. En Steen som endnu viise udenfor Flaaskær Værpet sadte
Grændser imellem Guldbrands og hans Broders Portion, paa hin Siide var Grændse
Skiællet ved Skottet.
I eit dokument fra 1544 som
Strøm fann i Ørskog prestegard, såg han namnet "Guldbrand Guldbrandsøn
Viig", og rekna med at dette var same mannen som i segna.
ULLAVIKA OG ØLGILDET
Dokumentet fra 1544 var eit
tingsvitne som den tids prest i Ørskog må ha tatt opp for å halde ved lag
eigedomsretten til 6 mællag i Aure - Ullavika - og lakseverpet som låg der.
Denne eigedommen, stadfesta vitna på tinget, hadde Ørskog
prestebord fått i gave av Gulbrand Gulbrandson i Vik. Så mykje gjengir Strøm av
dokumentet. Men dei eldste sykkylvsbøndene la til at gava var gitt med det
vilkåret
at Giverens
... Navn skulde efter hans Død aarlig erindres ved et Drikke-Gilde, som maatte
holdes paa Oure-Kirkebakke ... De vide og at fortælle, at der paa Sognepræstens
Bekostning virkelig skal være kiøbt en Tønde Øll hvert Aar, som ... af Sognefolket
blev udtømmet til den førnævnte Mands Erindring.1)
I notatboka skreiv Strøm
ellers at gava kom i stand ein gang Gulbrand hadde besøk av ørskogpresten og
serverte han laks, som presten likte svært godt. Strøm noterte at presten sitt
namn var Ebbe.
GULBRANDSÆTTA
Gulbrand Gulbrandson i Vik
levde i "Pavedømmets Tid", men også nokså lenge før reformasjonen
1537, for slike milde gaver som segna nemner blei uvanlege i ættledda før
reformasjonen.
Derimot innebar reformasjonen eit godt høve for givaren sine
ætlingar til å få tilbake gava (som regel jordegods), fordi gavevilkåra
(ølgilde, sjelemesser) ikkje lenger blei oppfylte. Vi kjenner fleire døme på at
folk vann fram med slike krav, dvs at jordegods som var gitt til kyrkjelege
institusjonar på 1300- og 1400-talet blei vunne tilbake av givarætlingane så
seint som sist på 1500-talet.
Når ørskogpresten 1544 fikk tingsvitne på eigedomsretten til
Ullavika, kan bakgrunnen ha vore eit slikt krav fra ætta til Gulbrand.
Dokumentet nemner, som Strøm merka seg, ikkje noke om vilkåret for gava.
Derimot har sykkylvingane vore klare på dette punktet, kanskje fordi minnet om
det årlege ølgildet på kyrkjebakken på Aure hadde levd i over 200 år etter
reformasjonen.
I alle fall: Tingsvitnet fra 1544 tyder på at Gulbrand i Vik si
slekt enno var "i live" då. Og vi har fleire haldepunkt for å hevde
at denne Gulbrandsætta ikkje bare overlevde Manndauden og reformasjonen, men
jamvel fikk ein ny "gullalder" på 1600-talet.
ROVE PÅ RINGSTAD
På Stranda levde ei segn om rikingen
"Rove på Ringstad", som Jørgen Gjerding skreiv slik om: "Han var
bror til Gudbrand i Vik i Sykkylven, og desse levde over Svartedauden. Dei tok
seg herrelaust gods med dei vilde og var styrteleg rike."
Eg mistenker Gjerding i å ha "forlest" seg på Strøm,
som rett nok skreiv at brørne var rike og rådde over mykje gods, men ikkje at
dei overlevde Manndauden og ikkje at dei tok "herrelaust" gods. At
Gjerding likevel langt på veg har rett, er ei anna sak.
Det pussige er nemleg at vi har eit konkret og dokumentert
eigedomssamband mellom Ringstad og Vik:
SJØLVMORDET I FANASKOGEN
Aslak Bolt var erkebisp i
Norge 1428-50, og kring 1430 let han skrive eit register over alt jordegodset
erkestolen eigde. Og storgarden Vik i Sykkylven hadde erkestolen heileige til.
Det skjedde slik:
Ivar Steinarson eigde halve Vik, bror hans resten. Broren tok seg
sjølv av dage i Fanaskogen (Osmarka) og erkestolen tok då halve Vik i bot.
Sjølvmordaren hadde før testamentert heile garden Ringstad på Stranda til
erkestolen. Etter sjølvmordet eigde altså erkestolen halve Vik og heile
Ringstad. Då fikk Ivar Steinarson i stand ein avtale med erkebispen som gikk ut
på at han avsto sin halvdel i Vik mot heile Ringstad i bytte.
Makeskiftet blei gjennomført, og fra kring 1435 satt Ivar
Steinarson som eigar av heile Ringstad. Går vi snautt 200 år fram i tid, var
3/4 av Ringstad i bondeeige, og dei som då var odelsmenn på garden, må ha vore
av Ivar Steinarson si ætt.
EXIT VIK
Etter kring 1435 eigde ikkje
Gulbrandsætta Vik lenger, men kan likevel ha budd der. Strøm sin legendariske
"Gulbrand i Vik" var nok ein storbonde og sjølveigar på garden, men
etterslekta hans kan ha vore erkestolen sine leiglendingar i Vik utan at dei
derfor sank i stand. Mange jordeigarar kunne bu på gardar dei ikkje eigde
sjølve. Og i Vik var det flott å bu:
Strøm skreiv at husa som Gulbrand bygde i Vik var mektige, digre
og særmerkte, og at staden der hovedbygninga i si tid sto enno midt på
1700-talet blei kalt "Laan", og vidare: "En Steenlagt Vey sees og
<går) endnu fra samme Gaard til Kircken over Myren."
Eit anna minne om Gulbrand (eller Gulbrand'ane) i Vik er namnet
Gulbrandsvik, som vi finn i manntalet 1520.
Ivar Steinarson, som avhenda halve Vik til erkestolen, var av
Gulbrand si ætt, truleg ein etterkommar. Han treng korkje å ha budd i Vik eller
på Ringstad, sjølv om det er fristande å gjette på at han budde på Ringstad,
som heller ikkje var noken smågard. Men Ivar kan godt ha eigd både større og
bedre gardar enn Ringstad.
FRA GULBRAND TIL STEINAR
I eit dokument
fra 1344 opptrer "Gulbrand Berdorson i Vik" som lagrettesmann.
Ein har til no gått ut fra at "Vik" viste til Vik i Sykkylven (sjølv
om det etter samanhengen like gjerne kunne vise til Vik i Borgund).
Lokalhistorikarane har så tenkt at denne mannen kunne høve som far til den rike
og gavmilde "Gulbrand Gulbrandson i Vik".
Om vi no går ut fra at dette er rett, kan vi då seie noke om
overgangen fra "Gulbrand" til "Steinar" (Ivar Steinarson
sin far)? Ja, for Gulbrand Berdorson må vere fødd mellom 1290 og 1320 og
Steinar ikkje seinare enn kring 1370, heller noke før.
Slutninga blir då at Gulbrand Berdorson må ha vore bestefar til
Steinar, far til Ivar Steinarson, og den mest banale (men ikkje opplagte)
samanhengen er denne: Gulbrand Berdorson, far til Gulbrand Gulbrandson, far til
Steinar Gulbrandson, far til Ivar Steinarson.
Ja, om historia kunne vere så liketil som dette...
SEGNA PÅ ALVOR
Dersom vi går ut fra at
segna sin "Gulbrand i Vik" var lik Hans Strøm sin Gulbrand
Gulbrandson, må "Rove på Ringstad" ha vore ein son av Gulbrand
Berdorson i Vik, og denne "Rove" kan like så gjerne som Gulbrand
Gulbrandson ha vore far til vår Steinar - eller svigerfar.
Strandaboka fører opp ætta på Ringstad så greitt, men grepe heilt
ut av lause lufta, slik mange av desse eldre bygdebøkene hadde ein stygg
tendens til å gjøre.
KVA MED AURE?
Ullavika med lakseverpet var
ein del av storgarden Aure, som på 1500-talet var i eiga til adelsætta
Rosenkrantz - utanom det som Ørskog prestebord eigde i garden (Ullavika, 6
mællag, med lakseverpet).
Skal vi følge same tankegangen som for Ringstad, må vi føre opp
Gulbrand i Vik også som stamfar til Rosenkrantzætta, eller som ein med same
ætteopphavet som denne. Her held det å minne om at Aure opphavleg nok var
Giskegods, og det er slett ikkje utenkeleg at Gulbrand Berdorson, eller kona,
var av Giskeætta. Etter Sunnmørsættleggen budde giskehovdingen Pål Skofteson på
Aure og han hadde minst to døtre som ekta menn av sunnmørsk haulde- eller
hersestand...
_______________________________________________________
1)EI TØNNE ØL -
KOR MANGE FULLE?
Ei øltønne var på 120
potter (dvs kring 116 liter) eller, meir i tråd med dagens terminologi, 232
halvliterar. Men den tids gildeøl var meir enn 3 gangar sterkare enn dagens
pils, dvs med ein alkoholprosent på 15-16. Ei tønne gildeøl (som svarer til det
seinare juleølet, som enno blir brygga i somme bygder) sto derfor for det same
som kring 800 av våre halvliterar.
Dei fleste som har vore ute ein helgakveld
forstår snart at såpass mykje alkohol vil kunne "fylle", for ikkje å
seie "skitfylle", minst 100 mann.
Ei skatteliste fra 1520 viser at Sykkylven
då hadde snautt 27 skattytarar - "bønder", som vi ville ha sagt.
Reknar vi med at desse sto for eit folketal på kring 200, ville mindre enn
halvdelen av folket vere av hannkjønn, og bare 2/3 av desse ville vere "ølføre"
- altså 60 mann. Då ville det bli vel 13 halvliterar på kvar: eit gilde med
slikt alkoholkonsum kunne ta heile dagen...
Når vi veit at kvar ølfør mann drakk kring 4
halvliterar med kvardagsøl (omtrent som pils) i døgnet på denne tida, forstår
vi også at ei tredobling av denne kvardagskvoten måtte til for at det skulle
bli gilde av det.