Bjørn Jonson Dale
GULLSMEDEN I GAMLE DAGAR
SUNNMØRSK VERK OG VIRKE
I LAUGSTIDA
1992
FØREORD
Dette skriftet er uferdig på fleire vis. Det som no skulle ha vore ei komplett bok med illustrasjonar og register, føreligg her bare som tekst. Og denne teksten er heller ikkje endelig, i og med at det store kapitlet om bruken av gullsmedvarer på Sunnmøre i laugstida - tenkt som ein hovedbolk i boka - ikkje er tatt med her.
Dette er synd, både fordi prosjektet Gullsmeden i gamle dagar er meir omfattande og metodisk originalt enn liknande granskingar, men særlig fordi dette prosjektet (gjennom nokre førebels rapportar) allereie har tilført norsk kulturhistorie ny kunnskap om gullsmeden sitt virke og verk i laugstida.
Det har stått på pengar - ikkje så mange og store pengar, men "dårlige" tider får skillingen til å sitte fastare enn før medan daleren (enno) flyg.
Fullføringa av prosjektet som fullstendig granskingsrapport i bokform ligg dermed eit stykke inn i framtida. Dette er synd, men ikkje bare synd: I løpet av dei siste 2-3 månadane er det nemlig dukka opp ei rekke nye kilder - både gjenstandar og dokument - som kanskje kan føre til ei radikal utdjuping av den sunnmørske gullsmedsoga i laugstida.
Fra granskarsynsstad er det for så vidt ikkje noken grunn til hastverk. Og kjenner eg han som ga meg idéen til, og sette meg i gang med denne granskinga, rett, vil han ha glede av å kunne vise fram eit mest mulig fullstendig arbeid. Som kjent: Hastverk er lastverk, i sogefaget som i gullsmedfaget.
Dessutan: Kven har større tolmod enn ein hundreåring? Som gullsmedføretaket Stamnæss faktisk er...
Takk for godt samarbeid og til lukke med dagen!
Villa Solstrand,
18. september 1992 Bjørn Jonson Dale
INNLEIING
Etter oppdrag fra gullsmedmeister Audun Stamnæss i Ålesund sette eg i 1980 i verk ei innleiande gransking av gullsmedhandverket si soge på Sunnmøre i "laugstida", grovt rekna tidbolken 1570-1870.
Siktemålet var i første rekke å spore opp dei gullsmedane som hadde virka på Sunnmøre og i Ålesund i denne tida, og eventuelle arbeid etter dei som framleis kunne finnast.
Seinare blei granskinga utvida til også å gjelde bruken av gullsmedvarer i det gamle sunnmørssamfunnet.
Granskinga har for det meste vore gjort på fritida. Utanom Stamnæss har Norsk Folkemuseum støtta prosjektet økonomisk, men stordelen av arbeidet har vore ulønna.
SUNNMØRSK GULLSMEDHISTORIE
Det finst ingen særskilte framstillingar av soga til det sunnmørske og/eller ålesundske gullsmedhandverket. I lokal, kulturhistorisk litteratur er emnet snautt nok omtalt.
Kanskje var det ikkje noke å skrive om? Kanskje hadde ikkje Sunnmøre eigne gullsmedar i laugstida?
Går vi til dei lokale musea ser spørsmålet ut til å å få eit stadfestande svar: Både Sunnmøre Museum og Aalesunds Museum sine samlingar av gamle gullsmedvarer er små og lite varierte, og vitnar ikkje om noka lokal gullsmedverksemd før byrjinga av 1800-tallet. Kanskje hadde ikkje folk råd til så mange gullsmedvarer før den tid, og det vesle dei åtte fikk dei vel laga i Bergen eller Trondheim?
Dessutan: Handverkslovgivinga i laugstida sette forbod mot at gullsmedar budde og virka på bygdene. Dermed kan det vere grunn til å tru at Sunnmøre var gullsmedlaust til Ålesund vaks fram som by i første halvdelen av 1800-tallet...
No veit vi fra andre kantar av landet at det slett ikkje var uvanlig at faglærte gullsmedar slo seg ned på bygdene i laugstida,[1] og at fleire landsdelar jamvel hadde eigne tradisjonar med såkalte bondegullsmedar, eller sølvsmedar.[2] Så korfor, kunne ein undre seg, var det ikkje slik på Sunnmøre med?
I utgangspunktet skulle jo dette futedømmet vere ein god marknad for gullsmedvarer, rikt som det var både på velståande borgarar og embetsmenn og ikkje så få bønder som sto seg godt, i alle fall like godt som elles i landet.
Så korfor ikkje gullsmedar på Sunnmøre?
SUNNMØRSKE GULLSMEDAR?
I lokal- og slektshistoriske arbeid er det til no nemnt tre faglærte gullsmedar og nokre få bondegullsmedar som budde og virka på Sunnmøre før ladestaden Ålesund fikk sine første gullsmedar i 1840-åra.
Ved systematisk gjennomgang av visse sentrale kilder har det lukkast meg å spore opp endå sju faglærte gullsmedar, slik at vi no kjenner namna på i alt ti - 10 - tradisjonelt utdanna gullsmedar som tvert imot lovar og laugsartiklar likevel hadde tilhald på sunnmørsbygdene i tida fra seinast 1617 og utetter til 1840-åra. Heilt gullsmedlaust var Sunnmøre dermed ikkje, og i enkelte periodar virka opptil fire faglærte gullsmedar i futedømmet samtidig!
Trulig har eg slett ikkje funne alle. Særlig på 1600-tallet og i tiåra kring 1800 er det rom for fleire "ekte" gullsmedar. Eg har også funne nokre få andre metallhandverkarar som i det minste kan mistenkast for å ha gått dei faglærte gullsmedane i næringa, om dei då ikkje sjølve var faglærte.
Eg har også komme over nokre "nye" bondegullsmedar.
Dei to første faglærte gullsmedane dukka opp i Borgund 1617, nemlig bergensmeistrane Jasper Jaspersen Peppelbom og Tønnes Henriksen. I 1659 var gullsmedsveinen Didrik Nilssen i verksemd, også i Borgund. Sist på 1600-tallet ser det også ut til det kan ha funnest sunnmørske gullsmedar, men dei er unamngitte. Første tredjedelen av 1700-tallet framstår enno som gullsmedlaus, om då ikkje messingstikkaren Hans Nilssen Glad i Herøy og nokre andre finsmedar eigentlig var gullsmedar.
Så dukkar gullsmedar opp slag i slag: Fra 1730-åra Hans Jørgen Reutz i Norddal (kjent fra før), fra 1740-åra Hans Pedersen Honningdal i Borgund, fra 1750-åra Jan Dischingtun Berle i Ulstein, fra kring 1760 Simon Henrik Svane i Borgund og fra 1770-åra Mons Nilssen Lund i Nordal.
Etter at Mons Lund døydde i 1793 har eg ikkje funne faglærte gullsmedar i verksemd før 1810, då sunnmøringen Henrik Holtermann Mechlenburg i Borgund (kjent fra før) kom til. Fra sist i 1820-åra var så bergensaren Jens Martinus Rye (også kjent fra før) i verksemd ei tid, seinast i Ørskog.
Ikkje seinare enn 1844 var dei første gullsmedane etablerte i Ålesund, og fra då ser det ut til at faglærte gullsmedar ikkje lenger budde og virka på sunnmørsbygdene. Med oppkomsten av bygdebyane kring 1900 kom faglærte gullsmedar atter i verksemd utanfor Ålesund, men soga deira høyrer ikkje laugstida til.
Bondegullsmedar på Sunnmøre kjenner vi ikkje til før 1700-tallet, mest fra slutten av hundreåret, og eit stykke inn på 1800-tallet. Mykje tyder på at denne gruppa kunne måle seg med dei "ekte" gullsmedane i omfang, men her må vi nøye oss med å omtale ho i eitt kapittel. Ein breiare omtale og ei meir omfattande vurdering av stillinga og arbeidet deira, vil kreve ei grundigare gransking av emnet enn eg har hatt høve til å utføre i denne sammenhengen.
GULLSMEDANE PÅ 1600-TALLET
TØNNES HENRIKSEN OG JASPER PEPPELBOM
Dei to første namngitte gullsmedane vi kjenner til som virka på Sunnmøre i laugstida, høyrer vi om i 1617, snautt 50 år etter at gullsmedlauget i Bergen blei skipa (1568) og snautt 30 år etter at tallet på næringsdrivande gullsmedar i byen blei sett til 10 (1588).[3]
Kring 1600 hadde dei fåtallige bergenske laugsmeistrane ikkje bare einerett til å utføre alt gullsmedarbeid i Norges største kjøpstad, men også i Bergen sitt særskilte handelsomland (Vestlandet mellom Ryfylke og Romsdal) samt i Nordlanda (Nord Norge utanom Finnmark), som Bergen rett nok måtte dele med Trondheim.
Etter dågjeldande næringslovgiving skulle alle som dreiv handel eller handverk vere borgar av ein kjøpstad og samtidig halde duk og disk - vere bufast - i byen, og, som hovedregel, drive all si verksemd i kjøpstaden.
I gjerda blei ikkje dette etterlevd. Allereie fra kring 1570 var såleis ein bygdebasert borgarstand under oppbygging på Sunnmøre, ein lokal kjøpmannstand som kring 1630 talte 50-60 bergensborgarar som hadde fast tilhald der ingen borgar etter retten kunne bygge og bu. Dette skjedde trass i kjøpstads- og statsstyresmaktene sine stadig innskjerpa forbod og trass i protestar fra sunnmørsbøndene og ei viss gruppe bykjøpmenn.
Lov og liv trong altså ikkje gå i eitt. Dette gjaldt trulig like mykje gullsmed- som kjøpmannsnæringa. At ti, og bare ti gullsmedmeistrar i Bergen aleine både skulle kunne klare å kontrollere og utføre alt gullsmedarbeidet som skulle til for å forsyne meir enn "halve Norge", er lite rimelig. Men dei bergenske meistrane ville så gjerne, og dei fikk jamvel kongelig stadfesting på kravet sitt, gjennom gullsmedordinansen av 1608, som sette forbod mot at gullsmedar virka på bygdene.[4]
Sjølve dette uttrykkelige forbodet viser at gullsmedlauga sitt monopol var truga eller i ferd med å slå sprekker. Og soga om dei to første, kjente "sunnmørsgullsmedane" i laugstida gir god opplysning om årsakene til dette.
GULLSMEDLAUGET SIN VERSJON
24. juli 1617 skreiv 11 gullsmedar i Bergen under på eit klagebrev til slottsherren Knud Urne (lensherren i Bergenhus) samt til borgarmeistrar og råd i byen.[5] Brevet underteikna dei på vegner av "samptlich Guldsmidderne som nu er vdi Bergen", som nok må tydast slik at kvar einaste laugsmeister sto som underskrivar.
Klaga gjaldt medborgarane deira Jasper Peppelbom og Tønnes Henriksen, "Guldsmider", som i lag med nokre "andre løsse cumpaner" for kring mellom bøndene "paa deris Bønhaserj"* og dreiv handverket sitt. Slik verksemd var forbode etter gullsmedane si laugsskrå. Dessutan var det uvisst om Jasper og Tønnes brukte "saa gott sølf och louligt ahrbede" som det elles var krav om.
Dette kunne føre gullsmedfaget i vanry, og bymeistrane ba derfor om at slottsherren sytte for å stoppe denne verksemda.
DEI FØRSTE SUNNMØRSGULLSMEDANE?
I klagebrevet heitte det at Jasper Jaspersen Peppelbom og Tønnes Henriksen for tida hadde tilhald hos "her Claus i Borgen paa Sundmøhr", dvs Claus Corneliussen, sokneprest i Borgund fra 1589.
Dette er første gangen gullsmedar er omtalte på Sunnmøre i kjente dokument. Av den eldste protokollen til gullsmedlauget i Bergen, som tar til 1568, går det fram at både Jasper og Tønnes hadde vore fastbuande i byen like fram til 1615-16. Begge var meistrar i faget. "Jesper Jespersen" tok borgarskap som gullsmed 1612** medan det er uvisst om Tønnes Henriksen hadde borgarbrev.
Blei dei verande på Sunnmøre? Vi kan ikkje seie noke visst førebels. Ein "Jesse" (Jesper) var busett på Herøyberget i Herøy seinare, og det kan vere eitt spor. Noken Tønnes på Sunnmøre har eg ikkje støytt på i andre kilder fra denne tida.
BAKGRUNNEN FOR BYFLUKTA
I eit brev til lensherren i Bergenhus dagsett Borgund 10. oktober 1617 forklarte Jasper og Tønnes seg om grunnen til at dei hadde fare fra byen. Tønnes Henriksen førte pennen, og han skreiv like tydelig som godt.
For det første hevda dei å ha rettsgrunnlag for å drive handverket sitt på bygdene, ettersom både laugsskråa og gullsmedordinansen var blitt oppheva av Christian IV under krigen og seinare ikkje sett i kraft igjen. (Dette hadde dei heilt rett i.) For det andre hevda dei å vere tvungne til å fare fra byen for å "fortienne voris fødde thill oss voris quinde och børnn". Gullsmednæringa i Bergen var nemlig dominert av nokre få, rike gullsmedar - som Herman Boris og Rørick Guldsmed - som hadde "pungenn fuld, der thill stor brug och hanndtering". Disse hindra dei fattige laugsfellane sine i å tene seg ein skilling. Stordelen av året laut dei arbeide som sveinar for rikingane "for kostenn og liden lønn". I beste sesongen, om sommaren og i stemnetidene, satt då dei rike gullsmedane med store lager av ferdige varer og kunne "giørre dieris profitt"* medan dei fattige hadde lite eller inkje å avhende. I denne stoda var det bare rett og rimelig at dei såg seg om etter bedre vilkår. Dette fann dei på bygdene, "hos gott folck som haffuer voris arbeidt behoff".
Til slutt lovte Tønnes og Jasper at dei ville svare skatt til kongen og byen, og elles yte uforfalska arbeid.
ARBEID ETTER JASPER OG TØNNES?
Det siste vi høyrer til Jasper Jaspersen og Tønnes Henriksen er at dei 3. desember 1617 blei stemnte av lensherren til å møte for bytinget ved fastelavn 1618. Dei var då framleis på Sunnmøre.
Vi kjenner ikkje til korleis saka endte. Men trulig har disse gullsmedane sett andre merke etter seg enn bare i dokumenta. I Borgund kirke finst nemlig nokre sølvsaker som kan vere fra deira hand.
Som nemnt var det hos sokneprest Claus Corneliussen dei heldt seg sommaren 1617. Namnet hans finn vi som innskrift på ein kalk i Borgund kirke: CLAS CORNILSEN 1622. Denne innskrifta kan, som andre slike innskrifter (t.d. på portrettmaleri), lesast på denne måten: CLAS CORNILSEN (som døydde) 1622 (ga denne kalken til Borgund kirke). Innskrifta viser ikkje, eller treng ikkje vise til donasjonsåret. Det er såleis ingen ting i vegen for at kalken, som tvillaust er kosta av herr Claus, er laga årevis før innskrifta blei rita inn i han - eit gravyrarbeid som ikkje treng vere utført av ein gullsmed. Årstallet "høver ikkje", men derimot ser stempelmerka på kalken ut til å vise til ein gullsmed med forbokstavane JP eller JB. Begge kan høve med forbokstavane til Jasper Peppelbom. (Sjå kapitlet om kirkesølvet.)
Det finst også ein disk i kirka fra denne tida, men denne ber korkje merke eller innskrifter.
DIDRIK NILSSEN
Vi har ikkje nemnande haldepunkt for å hevde at fastbuande gullsmedar verka på Sunnmøre i andre fjerdedelen av 1600-tallet. Rett nok åtte dei små kapella på Fjørtoft i Haram og på Døvingen i Norddal kvar sin kalk med årstallet 1638, men disse kalkane kan like gjerne ha vore laga i Bergen eller i utlandet som på Sunnmøre. Kalken i Stranda kirke ber årstallet 1651, men er ustempla og kan for så vidt vere laga av ein sunnmørsk gullsmed.[6] Men fraværet av stempelmerke er ikkje i seg sjøl noke prov på at eit gullsmedarbeid er laga utanfor byen. Likevel kan det vekke ein mistanke, men denne mistanken kan vere uråd å stadfeste i dette tilfellet.
DAVID GROT
Derimot veit vi at ein sunnmøring verka som gullsmed i Bergen på denne tida, nemlig David Didriksen Grot fra borgarsetet Dragesund i Herøy. Far hans, Didrik Anderssen Grot, var borgar av Bergen (trulig fra 1609), men budde og handla på Sunnmøre seinast fra 1612-13 og i det minste til 1635-36, kanskje endå nokre år.
David Grot gikk i lære hos gullsmedmeister Johan Slytter i Bergen 1626-32. 1641 oppviste han meisterstykket sitt og tok så borgarskap som gullsmed 19. april 1642. I borgarboka heiter det at han var fødd i Bergen, og det er ikkje noke i vegen for at dette kan ha vore tilfelle.
Det er trulig at sunnmøringar, i det minste folk fra Herøy og Ulstein, fann vegen til David Grot sin verkstad når dei var i Bergen og skulle tinge gull- og sølvsaker - som når nyutnemnte lagrettesmenn kom til byen for å sverje eiden sin for lagmannen. Disse trong signetringar - gjerne av sølv, men helst av gull - med seglmerka sine på (initialar, bumerke eller våpenmerke). David Grot kom nok også til Sunnmøre fra tid til anna, i det minste for å vitje slekta.* Men David Grot kom aldri til å flytte heim til Sunnmøre.
DEN FREKKE DIDRIK
Gullsmedlauget i Bergen klaga stundom over bønhasar og såkalte "lause gesellar" som for kring på bygdene og gikk laugsmeistrane i næringa. Det hendte i 1617 og 1625, som nemnt i førre kapittel, og atter i 1659.
Denne gangen gjaldt klaga "en guldsmed ved naffn Dirich" som heldt til på Sunnmøre og gikk ombodsmenn (i tydinga: embetsmenn), prestar og bønder til handes med gullsmedarbeid, men utan å gjøre rett for seg (utan å svare skattar og avgifter) korkje andsynes lauget eller byen.
Klagarane hevda, med rette, at verksemda hans var ulovlig. Ho var også til skade for gullsmedlauget fordi han tok kundar fra dei og, insinuerte meistrane, fordi Didrik kunne bruke "falsch sølff" til arbeidet sitt. Dette fikk kjøparane svi for - det var så si sak - men også gullsmedane i Bergen kunne bli skadelidande: dei kunne jo få skulda for å ha laga underlødige og ustempla produkt. Ja, sjøl kongen kunne bli snytt om slikt sølv blei brukt til skattebetaling i staden for sølvmynt.
Dette klagebrevet sendte bergensgullsmedane beinveges til sunnmørsfuten Nils Knag i Holen på Sula i Borgund. I overskrifta er Knag smigrande omtalt som gullsmedane sin "Gunstige, Fornehme och Goede Ven", og smigeren var kanskje ikkje bare eit uttrykk for tida sine talemåtar, som vi skal sjå.
Til slutt ba klagarane, "gandsche ydmygelig", om at futen ville halde oppsyn med "at saadanne løse geseller icke maatte thilstedis, at bruge deris embede (les: handverk) paa landtzbyen". Tidene var dårlige og mange av klagarane hadde ikkje så mykje arbeid "at de kand fortiene det tørre brød". Denne påstanden kan virke overdreven, men bare få gullsmedar, sjøl i Bergen, oppnådde noken gang å bli rettelig rike.
Dette brevet var dagsett 20. mai 1659 og var snautt framkomme til Sunnmøre då bergensmeistrane, ni i tallet, 8. juni atter greip til pennen i denne saka. Klagebrevet deira blei no retta til slottsherren Ove Bjelke på Bergenhus, og det er skreve i harmdirrande vendingar.
Kva hadde hendt?
Gullsmeden Didrik var, som dei skreiv, "selff personlig her till byen ankommen", men tydeligvis ikkje som noken angrande syndar, heller tvertimot.
Meistrane kan snautt ha trudd sine eigne øyre då dei høyrte at gullsmedsveinen "Didrik N: (som hand sig forvdgiffuer)" - dei insinuerte også at han nytta falsk namn - hadde vore frekk nok til å komme eins ærend til Bergen for å skaffe seg noke verkty han mangla til arbeidet sitt på Sunnmøre.
Denne mannen, skreiv dei til slottsherren, hadde halde seg "nogen thid lang" på bygdene i lenet og arbeidd for "gott folck", og - dei sparte ikkje på kruttet no - "med slig hanns fusckeri besynderlig paa Sunndmør...haffuer arbeydett". Dette var strengt forbode etter Christian IVs forordning av 1608.
Og ikkje nok med at han "dumdristigen" braut loven, men han hadde jamvel "ladet skicke bud her till byen, om reedschab til hanns arbeyd ... att erlange". Ingen meister hadde føygd han i dette. Og no, skreiv dei, var han altså kommen til Bergen i eigen person for å skaffe seg dei reiskapa han trong.
Det er tydelig at meistrane ville ha Didrik sett fast, men dei visste dessverre ikkje kor han budde medan han var i byen. Og Ove Bjelke ser ikkje ut til å ha hatt hastverk med å pågripe Didrik, for først 11. juli, over ein månad seinare, gjorde han påteikning om at Didrik skulle stemnast for borgarmeistrar og råd. Då kan vi rekne med at fuglen var flogen - tilbake til Sunnmøre, kanskje - med eller utan verktyet han var kommen for å få tak i.
FUTEN KNAG OG DIDRIK N:
I 1659 var Nils Jacobsen Knag fut over Sunnmøre len, som han hadde vore sidan 1636. I lag med presteskapet utgjorde futen og sorenskrivaren, ein tollvisitør, ein offiser eller to heile embetsstanden på Sunnmøre den tida. Det var såleis bare 4-5 personar gullsmedmeistrane sikta til når dei skreiv at Didrik tok på seg arbeid for "ombudtzmend", ei nemning som i trulig også omfatta forvaltaren av Giskegodset, Henning Hanssen Smit, som store delar av året må ha budd på Hankeneset i Borgund.
At gullsmedlauget vendte seg til sunnmørsfuten i denne saka var bare rett og riktig, fordi futen var påtalemakta i lenet. Men samtidig, når dei uttrykkelig hevda at Didrik arbeidde for sunnmørske "ombodsmenn", gjorde dei dermed sjølvaste futen til ein mulig medskuldig.
Den smigrande overskrifta i klagebrevet kan tyde på at dei var merksame på dette. Eller - og verre - gullsmedmeistrane kan ha visst at futen hadde gitt Didrik arbeid, men at dei likevel har villa at Knag skulle ta opp saka (han var den næraste til å gjøre det). Det kan også tenkast at dei rett og slett prøvde å blamere Nils Knag, som elles var ille nok omtykt mellom folk flest på Sunnmøre.
No var Knag ikkje bare fut, men også kirkeverje i Borgund sokn: tilsynsmann og rekneskapsførar for den store, fagre steinkirka på den vesle halvøya midt i Borgundfjorden.
For treårsbolken 1659-61 er rekneskapa for alle dei 22 kirkene på Sunnmøre bevarte; dette er dei eldste såkalte kirkestolane vi kjenner fra prostedømmet. Knag døydde 1661 og Borgund kirkestol er derfor underteikna av "salig Niels Knags effterleffuerske", dvs enka Maren Jørgensdatter.
Av alle kirkestolane for 1659-61 fører bare éin opp utgifter til gullsmedarbeid - kirkestolen for Borgund. Der heiter det, ordrett gjengitt:
Ladet forferdige Kalcken som var brøstfeldig och var i sønder
giffuit............1 ½ Rdr
Ladet den igien forgylde, hvortil kom en halff Rosennobel
for................2 Rdr
Med andre ord: Kirka sin nattverdskalk av sølv, som hadde vore skadd, var blitt sett i stand og samtidig forgylt med gullet av ein halv rosenobel (ein gullmynt).
Det skal liten fantasi til å tenke seg at dette arbeidet er blitt utført av gullsmedsveinen Didrik N: på oppdrag av kirkeverja Nils Knag i året 1659. Samtidig må historikaren alltid ha "større" fantasi nettopp i slike tilfelle der alt synest å høve som hand i hanske. Like gjerne som i 1659 kan vølinga av kalken ha vore utført året etter eller jamvel året etter det igjen. Og ingen stad står det at gullsmeden heitte Didrik; gullsmednamn er aldri oppgitte i kirkestolane.
Derimot er det svært sannsynlig at Didrik N: hadde oppdrag for Knag, og sikkert også andre av embetsstanden og den langt meir tallrike borgarstanden på Sunnmøre. Særlig det at han så frimodig for til Bergen og trassa det vaktsame gullsmedlauget, tyder på at han hadde mektige herrar i ryggen. Og med unntak av giskeherren Henning Hanssen Smit var ingen mann på Sunnmøre mektigare enn futen Niels Knag.
KVEN VAR DIDRIK N:?
Forkortinga "N:" etter eit fornamn på denne tida skal til vanlig lesast som ei forkorting av eit patronymikon (farsnamn): N...sen. Og fordi det nesten einerådande mannsnamnet med forbokstaven N den gangen var Nils, kan vi med stor tiltru lese Didrik N: som Didrik Nilssen.
Gullsmedlauget i Bergen ymta om at det kunne dreie seg om eit falsk namn. Det er uråd å vite om dette var tilfelle. Men i alle fall tyder mistanken på at bymeistrane ikkje visste kven Didrik var. Dette kan med somme atterhald reknast som prov på at han ikkje hadde gått i lære der i byen.
Derimot kan det tenkast at han hadde utstått læretida si anten i Trondheim eller Christiania. Trass i at kommunikasjonane den gangen var dårlige - men langt fra så dårlige som ein tenker seg i dag - virkar det likevel urimelig at dei privilegkjære bergensmeistrane ikkje skal ha visst det dersom Didrik Nilssen var utlært i Norge.
Visst kan det dreie seg om spillfekteri - at Didrik i røynda kan ha vore ein av deira eigne som dei aktivt gikk inn for å fornekte, men eg heller mest til tanken om at han var utlending, helst ein danske om ein skal dømme etter namnet.
Kor han blei av etter 1659 er eit ope spørsmål. At han gjorde sunnmøring av seg er ikkje utenkelig, men eg har ikkje funne han nemnt, vere seg i jordebøker eller manntall, og i kirkestolane er ingen gullsmedarbeid innførte før treårsbolken 1678-80. Dette hindrar likevel ikkje at han kan ha budd og verka på Sunnmøre. Ein god del menn, for ikkje å snakke om nesten alle kvinner, er og forblir unemnte i kildetilfanget fra 1600-tallet.
EIN ANNAN GROT?
På grunn av namnelikskap med dei førnemnte Grot-folka på Sunnmøre, som gjennom David Didriksen Grot var knytta til gullsmedyrket, ligg det nær å tenke at Didrik Nilssen var av denne ætta.
Likevel er nok dette eit blindspor. Didrik blir for det første aldri kalt Grot, for det andre kjenner vi ikkje noken "Nils Grot" som kunne ha vore far hans. Dessutan tyder ingen ting på at bergensmeistrane i 1659 hadde noke kjennskap til han.
Meisteren David Grot, som var deira samtidige (om enn daud før 1659), ville nok ha fortalt det dersom han hadde t.d eit søskenbarn eller ein brorson som etla seg til å bli gullsmed.
Slutninga blir dermed at vi ikkje veit meir om opphavet til gullsmedsveinen Didrik Nilssen enn det gullsmedlauget i Bergen ga til kjennes i 1659.
ARBEID ETTER DIDRIK?
Kanskje var det Didrik Nilssen som sette i stand sølvkalken i Borgund kirke ein gang i åra 1659-61. Denne kalken, som blei laga for presten Claus Corneliussen si rekning (helst i 1617), var sannsynligvis gjort av gullsmedmeister Jasper Jaspersen Peppelbom (sjå førre kapittel), og det er lite trulig at ein gullsmed som bare vølte kalken ein god mannsalder seinare skal ha stempla han som sin eigen. Dessutan, om vi skal tru klagarane, brukte ikkje bønhasar som Didrik å stemple arbeida sine, fordi slike folk ikkje kunne stå inne for gehalten i dei, bokstavlig talt.
Det ville såleis vere ein liten sensasjon om det på ein bevart sølvgjenstand fra andre halvdelen av 1600-tallet skulle finnast eit stempelmerke med t.d. initialane DN eller DNS.
DEI UKJENTE GULLSMEDANE 1660-1730
Også i tida 1660-1730 var gullsmedar verksame på Sunnmøre, men vi kjenner ikkje namnet på noken av dei - ikkje med visse - og vi veit heller ikkje om noken av dei budde i futedømmet. Dette treng ikkje tyde at Sunnmøre mangla eigne gullsmedar i denne tidbolken. Arkivtilfanget fra denne tida, særlig før 1700, er både for lite, einsidig og vilkårlig bevart til at vi kan sjå vekk fra at dette kan ha vore tilfelle. Dessutan var gullsmedar som budde og virka på bygdene framleis under forfølging av gullsmedlauga i byane, og dei måtte derfor ha interesse av å halde seg i bakgrunnen - helst skjulte, om det let seg gjøre.
Sjøl fra den følgande, meir arkivrike tidbolken finn vi døme på at fullt faglærte gullsmedar budde på Sunnmøre gjennom eit langt liv utan at handverkaridentiteten deira noken gang kom til synes i kjente, samtidige dokument (døme: Hans Honningdal og Jan Dischingtun Berle).
Dersom ein hadde ei anna næring utanom gullsmedyrket - som proprietær, kremmar eller bonde, for den saks skuld - kunne ein lett nok bli registrert med slik status i skattemanntalla, og dersom denne var høgare enn den ein hadde i kraft av å vere gullsmed, ville ein utan vidare bli tillagt denne i t.d både kirke- og tingbøker.
Trass i dette har eg likevel ei kjensle av at Sunnmøre kan ha vore nokså fritt for gullsmedar i denne tidbolken, særlig på 1600-tallet. Ikkje bare fraværet av namngitte gullsmedar gir opphav til denne kjensla, men vissa om at tidene - i høve til første halvdelen av 1600-tallet - var dårlige. Ikkje bare tok sagdrifta og trelasthandelen slutt, men fisket, som nesten var blitt ei allemannsnæring, gikk også mykje tilbake. Samtidig stanga folketallet så å seie i det samfunnsøkonomiske taket.
At den sunnmørske bondeodelen, som ikkje hadde vore av dei større før heller, gikk nesten fullstendig tapt fram mot år 1700, kan vi ta som eitt teikn på krisa i sunnmørshushaldet i andre halvdelen av 1600-tallet. Sjøl ikkje embetsstanden og den tallrike borgarstanden, som for det meste overtok bondeodelen, gikk fri. Dermed veikna, eller forsvann livsgrunnlaget for luksusprega handverk som, og særlig gullsmedfaget.
Men soga har alltid overraskingar å by på, så kven veit kva som kan dukke opp...
GULLSMEDANE PÅ 1700-TALLET
HANS NILSSEN GLAD
Messingstikkaren i Stokksund
I Rasmus Jacobsen Wasbotn sitt Tids-Register heiter det om året 1741 at sunnmørsprosten Otte Pedersen Finde døydde i ein alder av 83 år etter 50 års presteteneste i Volda. Wasbotn gjør så greie for ekteskapa og etterslekta til Finde, og om gjesteboda bøndene laut stelle i stand når Finde kravde inn tiende og andre presterettar, ein skikk Wasbotn meinte "var mangen fattig Mand til udsuelse og forarmelse". Til slutt heiter det:
Hr. Otte lod opbygge Sacristien med grav Huus under hvori hand blev nedsat og begraven. Hands liig Kiste sees der endnu med en grav skrift paa laaget paa en Mæsingplade udstukken af Hans Stochsund.
Ved å bygge sakristi til kirka skaffa altså Finde seg privat gravkammer, i kjellaren, der så denne jubellæraren (prest med eit halvt hundreårs teneste) sjøl blei nedsett. Kista sto enno samme stad då Wasbotn (1749-1821) skreiv dette, trulig 1778 eller noke seinare.
Herr Otte er vel ei soge verd, og store delar av ho var nok å finne i gravskrifta over han, "udstukken" i ei messingplate på kistelokket. Men her dreier det seg ikkje om ølglade, ovrike prelatar med også andre enn himmelske mål for ettermælet sitt. Det handlar om gullsmedar og, dermed om dei som laga og "stakk" messingplater til å sette på kistelokk - ikkje vanlige folk sine kistlokka, men kistelokka til dei som ikkje blei gravlagte under sju fot jord, men i særskilte gravkammer, vere seg gravkapell (ofte som tilbygg på utsida av kirkene), eigne gravkjellarar eller under sjølve kirkegolvet. Slik var nemlig gravskikken for overklassen på 1600- og 1700-tallet - dvs alle stender fra "velagte" borgarar, "velfornemme" sivile embetsmenn samt "veledle og mandhaftige" offiserar til "vellærde og velærverdige" prelatar, for ikkje å tale om dei både "høy og velbårne" adelige.
Ingen slike "fornemme folk" ønska å bli jorda i bokstavlig tyding, og i den grad dei hadde midlar nok, sytte dei for å bli gravlagte i ulike slags gravkammer, gjerne i tunge edeltreskister, i det minste eikekister, og ofte i standsmessig drakt (stundom jamvel balsamerte). Kistene blei utstyrte med glitrande metallbeslag og flotte plater med minneskrift på, helst forma som våpenskjold.
På 1600-tallet fikk gullsmedane i gjerda ein slags einerett til å lage kistepryd av metall, trulig fordi vyrket til slikt utstyr opphavlig - då bare dei rikaste blei gravlagte på dette viset - var sølv (i kongelige tilfelle kanskje jamvel gull). Etterkvart som denne gravskikken breidde seg fra adelen ned- og utetter til alle stender utanom bønder og husmenn, handverkarar og arbeidsfolk, kom billigare metall, messing og blikk, inn som vyrke for kistebeslag og -plater. Trass i at gullsmedane ikkje hadde formelt privilegium på arbeid med disse metalla, kom dei likevel til å hevde det for så vidt arbeidet gjaldt likkistepryd.
Og no er vi tilbake i året 1741, då sunnmørsprosten Otte Finde blei lagt til kvile i eit sjølbygd gravkammer, i ei kiste som var pryda med ei messingplate med innskrift - laga og gravert av "Hans Stochsund".
Stokksund ligg i Herøy på Sunnmøre, snautt ei dagsferd med færing nord for Volda. Etter namnet og sammenhengen han er nemnt i, ligg det nært å mistenke Hans Stokksund for å vere ein sunnmørsk gullsmed.
No er det ikkje vanskelig å identifisere denne mannen: Etter Herøyboka brukte "Hans Nilsson Glad" (1690-1759), fødd på Øy i Ørsta, den vesle garden Stokksund (eller Bonde-Stokksund, til skilnad fra Stokksund, som prestegarden Raftenes på Gurskøya gjerne blei kalt) 1724-59. Det står ikkje noke i bygdeboka om at Hans var gull- og/eller messingsmed, men bare denne eine Hans budde i og brukte Stokksund på det aktuelle tidspunktet, så det er rimelig å gå ut fra at det er tale om den samme.
Men denne identifiseringa skaper mindre orden enn forvirring. For, etter Wasbotn, var førstekona til den ovannemnte Otte Finde, Ingeborg, ei datter av "Hr. Hans i Volden". Det fulle namnet til denne voldapresten var Hans Madssen Glad (d 1689), altså i gjerda ein samnemning av "gullsmeden" Hans Stokksund, som kronologisk tilhøyrer barnebarnsættleddet etter herr Hans Glad. Ved første blikk kan det altså virke som om Hans Nilssen Glad i Stokksund var nevø av kona til Otte Finde.
Slik var det kanskje, men: kanskje ikkje. Hans Nilssen Glad i Stokksund var, etter Ørstaboka, "bare" bondeson fra Øy. Faren hans heitte Nils Eriksen, mora Birgitte Nilsdatter, men korkje Nils eller Birgitte kan, etter farsnamna å dømme, ha hatt opphav i presteslekta Glad i nabosoknet Volda.
Men: Dette var velstandsfolk med sosial status godt over andre bønder. På skiftet etter Nils Eriksen på Øy 1724 er han kalt "velagt og forstandige dannemand", ein tittel som viser at han blei rekna nesten på linje med borgarane utan sjøl å høyre til standen.
Denne særnemninga av Nils Eriksen blir kanskje forståelig når vi veit at kona hans var datter av den mektigste mannen i Ørsta sokn og skipreide fram til kring 1680, nemlig odelsbonden, lensmannen, kirkeverja og jekteeigaren Nils Iversen "Wig" i Ørstavik, og at ho dermed var søster (eller halvsøster) av ikkje bare Ørsta, men helst heile Søre Sunnmøre sin mektigste mann i det følgande ættleddet, nemlig Knud Nilssen Wig, borgar av Bergen 1678, kremmar i Ørstavik, lensmann, kirkeverje og proprietær samt kredittkilde for hundrevis av bønder i Hjørundfjord, Ørsta og Volda - og endå vidare.
Ekteparet Nils Eriksen og Birgitte Nilsdatter hadde fire barn som levde opp, tre søner og ei datter. To av sønene blei bønder i Ørsta, Nils på Øy og Peder på Sørheim, medan datra Margrete blei gift med Lars Hanssen, bonde på Haddal i Ulstein. Nils satt som odelsmann på Øy og Peder likeeins på Sørheim. Peder åtte også noke jordegods elles (i Fyldal og Steinnes) og døydde 1736 som grunnrik mann for bonde å vere (aktiva: 850 rd, passiva: 150 rd). I skiftet blir han kalt "velagtbahre", noke som tyder at han hadde høgare status enn rikdommen i seg sjøl skulle tilseie, og dette blir understreka ved at enka si lagverje var Ole Olsen Hougsholm, storborgaren i Ørstavik (gift med eit søskenbarn av Peder), og ved at formyndarane for dei fire eldste barna var kapellan Iver Munthe i Volda (verson av Otte Finde), fenrik Sjur Høistøl og unge Ole klokkar (for to barn). Næraste slekta, broren Nils Nilssen Øy og verbroren Lars Hanssen Haddal, slapp ikkje til som formyndarar før for dei to yngste barna til Peder. Og yngstebroren, Hans Nilssen Glad i Stokksund, blei ikkje formyndar for noken av brorbarna.
Denne formyndarrekka er påfallande, men ikkje fordi Hans Glad er utelatt. Dette kan skuldast at han ikkje hadde økonomisk evne til å forvalte såpass store arvemidlar som det var tale om. Det er heller den sosiale rangeringa av formyndarane som er verd å merke seg, i lag med formodinga om at dei som formyndarar, var i slekt med myndlingane. Det er særlig det eventuelle slektskapet med presten Iver Munthe som er interessant. Før vi går nærare inn på dette må vi ta for oss lagnaden til Hans Nilssen i Stokksund.
I manntallet fra 1701 er han nemnt med alderen 7 år, altså fødd 1693/-94. Ofte gjør dette manntallet søner yngre og fedrar eldre enn dei var; manntallet tok nemlig sikte på å registrere mulige soldatemne. Så når Herøyboka, som nok bygg på kirkebøkene sine opplysningar om dødsalder, fortel at Hans Nilssen Glad var fødd 1690, er det liten grunn til å tru at dette ikkje er nærare sanninga enn manntallet. Men det kan hende at han allereie var fødd 1689 - dersom han i kirkeboka i dødsåret 1759 er oppført med alderen 69 år.
Er dette fødselsåret så viktig? Kanskje, kanskje ikkje. Svaret er avhengig av kva for vekt ein vil legge på at ein bondeson fra Ørsta med eitt (seinast 1724) opptrer med nesten samme namn som ein for lengst avliden sokneprest i hovedsoknet Volda.
Førebels let vi spørsmålet ligge og går nokre steg vidare i soga om Hans Nilssen Glad, som på skiftet etter faren 1724 er kalt "Hans Nielssen Stoksund" og som etter Herøyboka bygsla Bonde Stokksund dette året, kring 34 år gammal. I konsumsjonsmanntallet fra 1724 heiter det elles at "Hans Glad" dreiv "øltapperie" i Kjeldsund, ei opplysning som trulig gjeld året 1723. Det gamle, store kremmarsetet Kjeldsund låg på sett og vis øyde på denne tida, i og med at borgaren der fra andre halvdelen av 1670-åra, Jens Rasmussen Lund, var daud (1720) og enka Maren Olsdtr Hougsholm var gjengift og busett ein annan stad. Kanskje var Hans Glad kjøpsvein i Kjeldsund for Jens Lund sitt bu samtidig som han dreiv ølkro for eiga rekning.
Går vi ut fra Herøyboka hadde Hans Glad vore gift kring fire år på denne tida, nemlig sidan 1719/20, ettersom eldstedatra, Anne, skal ha vore fødd 1720. Kona hans var Dorte Jensdatter, som døydde 1765, og etter Herøyboka var fødd 1679, noke som tilseier at ho fødde Anne då ho gikk i sitt einogførtiande år. Dette virkar usannsynlig, og når skiftet 1759 opplyser at yngstedatra Ragnilde var 29 år gammal, og dermed fødd seinast 1729 - i mora sitt femtiande år - kan vi gå ut fra at Dorte Jensdatter må ha vore fødd minst fem år seinare enn 1679.
HANS JØRGEN REUTZ
Potetdyrkaren på Rellingen
Minst tre stadnamn på Sunnmøre har "Gullsmed-" som førsteledd. Gullsmedgarden i Norddal er enno godt kjent, medan Gullsmedholmen i Ulstein nesten er gløymt og Gullsmedskaret i Borgund bare finst som ein parentes i bygdesoga.
I staden for å ta disse og ei rekke tilsvarande namn så å seie på ordet har namnegranskarane vist innbitt vilje til å "tolke" dei, oftast som avleiingar av overførte tydingar av yrkes- eller statusnemningane i førsteledda. Såleis blir "gullsmed"-stadnamna i mange høve forklarte som avleiingar av insektnemninga "gullsmed" (marihøne). At t.d ein holme ute i havgapet skal minne om ei marihøne (eller ha vore tilhaldsstad for ein marihønekoloni!) heller enn å ha vore bustad for ein gullsmed treng ein stadnamngranskarfantasi for å kunne førestille seg.
Gullsmedgarden i Dalsbygda, Norddal, har likevel unngått denne fantastiske fortolkinga. Dette skuldast eine og aleine at det så tydelig har vore opplest og vedtatt at Norddal hadde sin eigen gullsmed på 1700-tallet, den fargerike gullsmed Hans Jørgen Reutz, som er utførlig omtalt allereie i Hans Strøm sin Søndmørs Beskrivelse fra 1760-åra, og som dessutan har levd i beste folkeminnevelgåande til vår tid.
Éi bygd, éin gullsmed, éin Gullsmedgard. For ein gangs skuld måtte "marihøna" vike som forklaringsprinsipp. Slutning: Gullsmedgarden må ha fått namnet sitt etter gullsmed Reutz!
Men, så ber det visst galt av stad likevel, utan at marihøna får noken plass i forløpet. Det er andre faktorar som veltar den "innlysande" forklaringa. Rett nok budde Reutz i Norddal og rett nok ligg Gullsmedgarden i samme bygda (Dalsbygda), men - og dette er fallgruva - ingen stad heiter det at ikkje andre gullsmedar enn Reutz budde i bygda. At dei mest tilgjengelige kjeldene, som Søndmørs Beskrivelse, ikkje nemner andre gullsmedar enn Reutz, tyder ikkje anna enn at det minst var éin gullsmed i Norddal på hans tid.
Eg gikk sjøl i denne fella og rekna med at gullsmed Reutz var eponymet til Gullsmedgarden, men eg kom etterkvart på andre tankar - ikkje, må eg legge til, av logiske grunnar (som eg burde), men av empiriske. For Reutz var i si tid både eigar og delvis brukar av garden Rellingen, medan Gullsmedgarden låg og ligg under Dale, ein gard som Reutz korkje åtte eller brukte.
Etter å ha slått fast dette, blei problemet å forklare korfor Reutz likevel kunne ha vore namneopphav til denne plassen på andre sida av storelva i Dalsbygda. Som stadnamngranskarane sette eg fantasien i sving og gjetta på at Reutz kanskje hadde verkstad eller, i det minste ein salsstad i Dale, i Gullsmedgarden like ved kirka, der folk fra norddalsbygdene var samla nesten kvar heilagdag og ofte elles med, og som såleis kan ha utgjort ein liten marknad for ein framtøk gullsmed...
Den logiske feilen gikk ikkje opp for meg før eg med eitt satt med dokumentarisk prov på at ein heilt annan, yngre gullsmed enn Reutz faktisk hadde budd på den staden som seinare blei heitande Gullsmedgarden, Mons Nilssen Lund. Denne opplysninga kan eg takke lektor Terje Linge, Valldal, for.
Etterpå virkar alt sjølsagt, men samtidig viser denne vesle soga om Gullsmedgarden at "marihønene" kan synkverve fleire enn stadnamngranskarane.
Med dette går eg ut fra at sambandet mellom den velkjente norddalsgullsmeden Hans Jørgen Reutz og Gullsmedgarden skal sjåast på som oppheva.
Dermed kan soga om Hans Jørgen Reutz ta til.
29. august 1719 blei det halde arveskifte etter presten Magnus Stevelinsen Reutz i Norddal.[7] Skiftesamlinga blei halde på Rellingen i Dalsbygda, ein gard som Magnus Reutz åtte og dels brukte sjøl. Han etterlet seg enka Margrete Pedersdatter Brandal, og fire barn: sønene Peder (15 år), Stevelin (13), Hans Jørgen (9 ½) og datra Else Canuta (uoppgitt alder).
Magnus Reutz, som trulig døydde allereie 1716 (sjå kapitlet om kirkesølvet, Norddal), var ein etter måten rik prest ettersom midlane i buet gikk opp i vel 2084 rd og skulda ikkje var større enn snautt 367 rd. Etter gjeldande skiftereglar hadde enka krav på halvdelen av eiga (859 rd) og barna resten, søner dobbelt i høve til døtre - i dette tilfellet slik at kvar son fikk snautt 123 rd og datra vel 61 rd. Med såpass store arvemidlar i ryggen, og gode formyndarar til å styre dei, skulle denne tidlig farlause barneflokken kunne sjå fram til ei trygg framtid.*
Dette slo til. Då mora døydde i 1730-åra (visstnok 1737), ser alle ut til å vere velberga.[8] Begge dei eldste sønene er då titulerte "Hr", som viser at dei var presteutdanna, medan yngstemann Hans Jørgen blir omtalt som "Ædle Sr" (seigneur), ein tittel han hadde krav på som presteson, samme om han hadde eller ikkje hadde ei stilling som gjorde han til medlem av den "fornemme" standen.** I slike høve fortel tittelen lite om kva personen dreiv med - han kunne like gjerne vere husmann som kjøpmann eller, som her, rett og slett ein gullsmed.
GULLSMEDEN
Hans Jørgen Reutz var altså fødd 1710, og 1724 blei han innskreven som læredreng hos bergensgullsmeden Christopher Hartvichsen.
Seinast 1737 var Reutz kommen tilbake til Sunnmøre, kanskje etter nokre vandreår. Han kjøpte då slektseigedommen Rellingen med landskyld 4 våger fisk med påståande hus. Der kom han til å bu i godt og vel 30 år, til han døydde 1769. Ætta hans satt på garden til eit stykke ut på 1800-tallet (dattersonen Hans Jørgen Reutz, kaptein, gjestgivar, vegmeister).
Reutz er den einaste av dei gamle gullsmedane på Sunnmøre som enno lever på folkemunne, ikkje først og fremst fordi han var gullsmed, men fordi han var ein original figur i det heile tatt: kjemikar, gullvaskar, potetdyrkar og diktar. Og kanskje ikkje minst fordi han blei omtalt av Hans Strøm i Søndmørs Beskrivelse.
Gullsmeden Reutz har levd i folkeminnet fordi han skal ha laga ei brudekrone som han lånte ut til bøndene. I dag kjenner vi nokre få arbeid fra hans hand, med oblateska i Sykkylven kirke som det fremste. Han brukte stemplet HIR i eit hjerte.
GULLFINNAREN REUTZ
Det går segner om at Reutz sjøl fann det gullet og sølvet han brukte i arbeidet sitt, m.a. skal han ha vaska gull i Gullåna på Linge.
Slike segner er vanlige i samband med bygdegullsmedar som, fordi dei sto utanfor lauga, laut få tak i råvarer på meir eller mindre lovlig vis, anten ved å smelte om gamle sølvsaker - stundom kanskje tjuvegods - eller sølvpengar. Dei kunne også kjøpe stole råsølv fra gruvene på Kongsberg.
For å skjule dei eigentlige råvarekildene kunne då bygdegullsmeden, i samarbeid med folkefantasien, spinne mytar om hemmelige gullårer eller sølvberg. Eller gullsmeden kunne innbille folk at han var alkymist og gjorde gull av gråstein (som det er mest av på Sunnmøre) eller kva det måtte vere. Vi kan likevel ikkje sjå vekk fra at Reutz virkelig hadde komme over eitkvart.
POTETDYRKAREN OG DIKTAREN
Ikkje utrulig var Hans Jørgen Reutz den første potetdyrkaren i Norge, i alle fall den første som lukkast i å få bøndene til å ta etter føredømet sitt. Dette opplyser Hans Strøm allereie kring 1760, på eit tidspunkt då den noverande "rekordhaldaren", presten Atche i Kinsarvik, snautt hadde sett si første potete. Reutz kan såleis fortene ein plass i rikssoga.
Reutz dyrka også andre kunstar, og virka etter alt å dømme som huspoet for den tallrike overklassen på denne tida. Han var i slekt med ein stor del av den "fornemme" standen på Sunnmøre og blei vel sjøl også rekna med til denne.
Det einaste diktarstykket vi kjenner fra Reutz si hand er eit sørgedikt fra 1764 over borgaren, proprietæren og kirkeeigaren Christopher Abelset på Apalset i Ørskog. Stort dikt var det, i det minste i omfang - heile 15 lange strofer. Enka etter Abelset fikk diktet prenta i Bergen.
HANS HONNINGDAL
"en fattig karl som intet ejer"
7. juli 1733 let gullsmedmeister Magnus Bessel i Bergen (borgarskap 1721) skrive kontrakta for den nye drengen sin, Hans Pedersen Honningdal, inn i gullsmedlauget sin protokoll over inngåtte lærekontrakter.[9] Etter ordlyden i avtalen med guten sin far, Peder Jetmundsen Honningdal, skulle læretida løpe i fem og eit halvt år fra 2. januar 1732, og Honningdal skulle betale Bessel 30 rd, kanskje for kost og losji til sonen i læretida.
Heilt i samsvar med kontrakta skreiv så Magnus Bessel ut drengen Hans Pedersen Honningdal 21. juni 1737, etter fem og eit halvt års læretid. Hans Honningdal var då gullsmedsvein, kring 18 år gammal.
Kva gjorde han så? Kanskje la han ut på vandring etter å ha gjort sveinestykket sitt, kanskje for han like heim til Sunnmøre, eller kanskje arbeidde han som svein i Bergen nokre år. Dette veit vi ikkje noke om. Det som er visst er at han ikkje utførte noke meisterstykke, i alle fall ikkje i Bergen, og at han seinast 1742 var heimkommen til Honningdal på Sunnmøre, der han forsøkte å drive handelen vidare.
Både på farsgarden og i farsslekta var det smått stell på denne tida. I 1738 blei farfaren, borgaren Jetmund Eriksen på Stordalsholmen, slått konkurs av bergenskjøpmannen Werner Hosewinckel, som få år seinare også sette faren hans, Peder Honningdal, før ein av dei største sunnmørsborgarane, i økonomisk klemme.[10] 1743 blei Peder Jetmundsen Honningdal kalt "fattig og gieldbunden", og 1744 heitte det om sonen Hans Honningdal at han bare dreiv "en ringe og liden handel, dog med andres credit, udi 2de aar, saasom hand selv er en fattig karl som intet ejer".[11]
Det ser ut til at Peder Jetmundsen ga opp kjøpmannskapet i 1742 (utan å seie fra seg lensmannsombodet i Valle skipreide) og let sønene Hans og Jetmund overta. 1743 heitte det om begge at dei var ugifte og hadde "nylig skaffet sig en liden credit fra Bergen, og dermed begyndt en fælles ringe bonde-handel; de ere ganske uden formue og holder ingen tienistefolk".[12]
Dette handelsfellesskapet opphøyrte trulig 1744, då Jetmund tok til for seg sjøl som kremmar på Steinvågneset i Borgund (med "øl og brændeviins udsælgning") medan Hans heldt fram i Honningdal, der han svarte handelsskatt til og med 1747.
Det er verdt å merke seg at Hans Honningdal, som ofte er nemnt i 1740-åra, aldri er kalt "gullsmed". Heller ikkje seinare nemnest noke om at han var utdanna i faget eller at han, i det minste, arbeidde som gullsmed. Dette kan ikkje i seg sjøl takast som prov på at han ga opp gullsmedhandverket då han flytta heim fra Bergen, for det var som kremmar han markerte seg då, og i denne eigenskapen, som medlem av borgarstanden, hadde han høgare status enn som gullsmed. Teoretisk sett er det ingen ting i vegen for at han faktisk ga opp det faget han var utdanna i, dersom han klarte å livberge seg som kremmar. Men det klarte han ikkje, som vi skal sjå, og dette gir grunn til å tru at han kan ha grepe til handverksferdighetene sine. Denne mistanken blir styrka ved at vi kjenner til eitt (bare eitt) gullsmedarbeid som sannsynligvis kan vere Hans Honningdal sitt verk (sjå nedafor).
At Hans Honningdal blei sett i gullsmedlære kan elles ha vore meir enn eit reint praktisk tiltak. Mykje tyder nemlig på at han kan ha hatt anlegg for slikt arbeid. Det rann i alle fall kunstnarblod i årene hans: morbroren Nils Hanssen Stochberg, kremmar på Vågnesholmen (Fransholmen, Nilsholmen) i Borgund blei allereie 1704, 21 år gammal, omtalt som "Billedhugger",[13] og at Stochberg dugde i faget ser vi av portalen (no i Historisk Museum, Bergen) som han skar til det stochbergske gravmælet i Borgund kirke.* Denne Nils Hanssen Stochberg var også elles ein merkelig mann, som allereie i 1721 let barnet Francke Christine bere til dåps; jenta var utan tvil oppkalt etter den tyske teologen August Hermann Francke (1663-1727) som i lag med Philip Jacob Spener var den førande ideologen i den pietistiske rørsla.
Det merkeligste ved Stochberg kom likevel til synes ei stund etter at han døydde i 1733, 50 år gammal. I 1738 braut nemlig enka, Dorte Larsdatter Stud, opp fra gard og grunn og for av garde med fire barn til dei "Mæriske brødre" i Herrnhut**
At Hans Honningdal kan ha hatt noke å gjøre med søskenbarna si religiøst betinga utvandring, er lite trulig. Både i Bergen og, eventuelt, i løpet av eit vandreår i utlandet kan han godt ha støytt på dei mest "ekstreme" utslaga av pietismen (herrnhutarane, grev Zinzendorf sine tilhengarar med hang til brudemystikk og blodsteologi), gjerne også blitt påvirka, men utan at dette kan tenkast å ha fått følger for dei velståande slektningane sine handlingar. Likevel fortell denne hendinga både litt om Honningdal og samfunnet han levde i: han tilhøyrte ein overklasse med like så vidt som "radikalt" utsyn, i ei tid som hadde mange fleire og djupare internasjonale røynsler enn vi bruker å tenke oss (mange sunnmørske sjøfolk opplevde t.d. å vere gissel hos marokkanske sjørøvarar, og synet av både russiske, engelske og spanske skip i hamnene på Sunnmøre var kvardagskost for folk flest på denne tida).
Fram til 1747 hadde altså Hans Honningdal tilhald i Honningdal, men flytta så til Steinvågneset i Borgund, som han fikk skøyte på av amtmann Hagerup samme året. For å komme i gang med handelen der tok Hans opp eit lån på 793 rd av storkjøpmannen Berent Freuchen i Bergen. Ein del av dette må ha gått med til å dekke kjøpsesummen for borgarsetet (160 rd), resten nok til innkjøp av varer.
Men Honningdal satt ikkje med hell i handel. Det var elles stort sett svært trange tider for sunnmørsborgarane, og i 1754 kom Steinvågneset på auksjon. Kjøparen var Abraham Holtermann, som grunnla eit stort handelshus der.
Honningdal flytta så til Valderhaug, der svigermora, kremmarska Gurina Wiborg, enke etter tollaren Thor Tynder, heldt hus. Honningdal var blitt gift med Elisabet Tynder i 1748.
Då Gurina Wiborg døydde 1756 må Honningdal ha komme til midlar att, men det ser ikkje ut til at han tok opp handelen etter Gurina Wiborg for eiga rekning. Det ser ut til at denne blei overtatt av broren Ole Pedersen Honningdal.
Det ligg nær å tru at Hans Honningdal tok opp handverket sitt på denne tida, for han var korkje husmann eller bonde, tollmann eller borgar.
Han blei gravlagt 2. januar 1772 i "Gidschøe Kirke...Hans Pedersøn Honningdal af Walderhaug, gl: 54 aar", dvs fødd 1717.
Det finst eitt arbeid (merka HPH) som kanskje kan vere fra hans hand.
Vedlegg: Honningdal-ætta
Jetmund Eriksen (c1665-1751), var i 1690-åra kjøpsvein på Stordalsholmen for bergenskjøpmannen Peder Pedersen Bæverlou, seinare sjølstendig kremmar på staden, borgar av Bergen 1702.
I ekteskapet med Dorte Arnesdtr hadde han minst 5 barn (uviss rekkefølge):
1 Erik Jetmundsen, kremmar på Stordalsholmen kring 1730.
2 Margrete Jetmundsdtr (levde 1756), gift med Nils Jacobsen Lievog (c1689-1756), kremmar i Liavågen.
3 Peder Jetmundsen Honningdal (sjå nedafor).
4 Dorte Jetmundsdtr (c1700-89), gift med Didrik Madssen
(-1742), lensmann i Eid og kremmar på Skipenes ved Nord- fjordeid.
5 Annemor Jetmundsdtr (1700-65), gift med Peder Larssen Widdal (1706-63), kremmar på Stordalsholmen.
Peder Jetmundsen Honningdal (-1766), lensmann i Valle skipreide og kremmar i Honningdal. Gift 1715 med Emte Hansdtr Stochberg (c1685-1776), enke etter kremmaren Lars Olsen Abelset i Honningdal, datter av Hans Frantzen Stochberg, borgar av Bergen og kremmar på Vågnesholmen, og Anne Nilsdtr (Svertz). Minst 8 barn:
1 Lars Abelset (1716-81), kremmar på Sløgstad, gift med Magdalena Olsdtr Helt (c1693-1763).
2 Hans Honningdal (sjå nedafor).
3 Nils Hagerup (c1719-89), kremmar på Giskegard, oppkalt etter mora sin halvbror, sorenskrivar Nils Hagerup (Stochberg) på Moss. Gift med Charlotte Amalie Møller Abelset (1727-1804).
4 Dorte Honningdal (c1720-64), gift med Reinholdt Christensen Wibdorph (-1762), klokkar i Gloppen og kremmar på Eide.
5 Maren Honningdal (1722-), ukjent lagnad.
6 Jetmund Honningdal (1723-<1766), kremmar i Honningdal, seinare på Steinvågneset ei kort tid i 1740-åra.
7 Ole Honningdal (1725-86), kremmar på Skipenes i Nordfjord, seinare i Honningdal, dreiv også handel på Stordalsholmen, Brandholmen, Skutvika, Valderhaug og Ullahammar. Gift med Mette Christine Rue (1729-1812).
8 Emte Honningdal (c1731-62), gift med Didrik Didriksen Mads- sen (levde 1767), kremmar på Skipenes.
Hans Honningdal (c1718-72), gullsmed og kremmar i Honningdal, seinare på Steinvågneset, fra c1754 busett på Valderhaug. Gift med Elisabet Tynder (c1722-82), datter av Thor Anderssen Tynder, kremmar og tollbetjent på Valderhaug, og Gurina Wiborg. Minst 6 barn:
1 Emte Gurine Honningdal (1748-<1753).
2 Marie Wiborg Honningdal (sjå nedafor).
3 Gurine Tynder Honningdal (1751-1815), ugift, tente hos farbroren Nils Hagerup på Giskegard, der ho døydde.
4 Emte Petrikke Honningdal (1753-<1768).
5 Andreas Tynder Honningdal (1756-<1768).
6 (dødfødd datter 1759)
Marie Wiborg Honningdal (1750-1826), gift på Giske 3. juni 1776 med enkemannen Peder Smidt, "forrige underofficier, nu boende i Jørgenfiorden", skomakar og gjestgivar på Sæbøneset i Hjørundfjord, son av Jens Pedersen Smidt, sersjant i Etne, og Anne Svendsdatter. Minst 7 barn:
1 Johannes Pedersen Smidt (c1778-, levde 1801), trulig lik Johan Pedersen Smidt fra Sunnmøre som 1807 tok borgarskap som høker i Bergen 1807. Etter Borgundboka busette ein "Johannes Schmit" (c1780-1826) seg 1813 på Humlekavlen som husmann utan jord. Kona hans heitte Anne Bergitte Lindgaard (c1780-), og dei hadde ei datter i lag. Han fikk barn med tenestetausa og mishandla kona og datra. Ekteskapet blei oppløyst 1821. Denne mannen dreiv fiske i stor stil, men døydde fallitt.
2 Peder Hagerup Smidt (1780-1851), skreddar og handelsborgar i Ålesund, borgarskap 1842, men verksam i byen seinast fra c1830.
3 Charlotte Amalie Smidt (c1782-1839), var 1801 fosterdatter hos Christopher Abelset Hagerup på Giskegard, mora sitt søskenbarn. Gift c1809 med Johan Christopher Danholm (c1772- 1844), kremmar i Drynesund; han gift I med Else Bolette Cold.
4 Anne Elisabet Tynder Smit (c1784-, levde 1801), ukjent lagnad.
5 Nils Hagerup Smidt (c1787-1863), skreddar og handelsborgar i Ålesund, borgarskap 1842, men verksam fra c1830; det ser ut til at han og broren Peder dreiv verkstad i lag på Grimmer gård (Smidtneset). Gift 1853 med
6 Jens Pedersen Smidt (c1789-1829), skipper i Ålesund, budde i Steinvågen. Gift 1824 på Molde med Sofie Møinichen Høier (c1799-, levde 1873)
7 Anne Engelhardt Smidt (c1795-, levde 1801), ukjent lagnad.
JAN DISCHINGTUN BERLE
På Sunnmøre i 1760-åra levde i vissa fire personar som var utdanna som gullsmedar. To av dei har vi møtt, Hans Jørgen Reutz og Hans Honningdal. Dei to hine var Simon Henrik Svane på Molvær, som neste stykke skal handle om, og bergensaren Jan Dischingtun Berle, som fra midten av 1750-åra budde på og dreiv borgarsetet Håkeshamn (Håkonsholmen) i Ulstein.
GULLSMEDHOLMEN
Håkeshamn er blitt kalt både Gullsmedholmen og Skrivarholmen på folkemunne. Det sistnemnte namnet har holmen etter sorenskrivar Staboe, som budde der 1809-37. Namnet Gullsmedholmen, som no er i ferd med å gå i gløymeboka, har ein ikkje visst opphavet til.
Då eg først tok til å grunne over dette, låg det nær å tenke på ein sammenheng mellom borgaren Claus Jacobsen Reimers, som dreiv handelen i Håkeshamn kring 1700, og den kjente gullsmedætta Reimers i Bergen. Kunne det vere slik at Claus Jacobsen hadde gått i lære hos dei eventuelle slektningane sine i Bergen før han tok til som kremmar (omtrent som den yngre Hans Honningdal)?
Dette viste seg ikkje å vere tilfelle. Det som derimot kom fram var at den seinare så kjente trondheimsgullsmeden Jens Jacob Reimers skulle vere son av kremmaren Claus Jacobsen i Håkeshamn. Hadde kanskje Jens også budd der ei tid? Svaret var negativt og - dessutan - kom det fram at Jens Jacob Reimers nok var son av ein Claus Reimers, men ikkje av Claus Jacobsen Reimers i Håkeshamn, som både var ugift og barnlaus.
Eg var nær ved å gi opp forsøket på å finne ei forklaring på opphavet til namnet Gullsmedholmen då eg kom over følgande innførsel i gullsmedlauget sin protokoll over inngåtte lærekontrakter: 8. mai 1736 sette Jens Paulsen Berle sonen "Jan Desingthun Jensøn Berle" i lære hos gullsmedmeister Jørgen Wiers i 6 år fra 8. mai 1736.
Dette var løysinga, for kremmaren i Håkeshamn like fra midten av 1750-åra til 1785 heitte Jan Dischingtun Berle, visste eg.
Han var son av nordfjordingen Jens Berle som var kjøpmann i Bergen (borgarskap 1702), og Regine Henriksdtr Holck.
VERKSEMD
26. januar 1742 blei "Jan Dessingtun Jensen Berle" utskreven som svein - ikkje av Jørgen Wiers, men av gullsmedmeister Jens Kahrs (borgarskap 1738). Wiers levde elles enno 1753. Læretida hadde altså vart vel 3 månadar mindre enn 6 år. Dette var 13 år før Berle dukka opp på Sunnmøre, og om livet hans i mellomtida veit vi inkje.
Av protokollane til gullsmedlauget i Bergen finn ein ikkje noke om at Berle gjorde meisterstykket, og ein kan vel gå ut fra at han ikkje blei meister.
At Berle for fra byen let seg kanskje forklare ved dei dårlige tidene ålment, og særlig for gullsmedane, som det var blitt alt for mange av midt på 1700-tallet.
At han for til Sunnmøre hadde kanskje samband med slektstilhøva. Far hans var nordfjording, det er så, men morsslekta hadde vore representert på Sunnmøre like fra andre halvdelen av 1600-tallet og utetter. Av frendar i futedømmet i 1750-åra hadde Jan Berle ei rekke tremenningar - t.d. borgarane Job Thode, Hans Thode, Stephen Jacob Thode, Jacob Lorch, Nicolai Martin Busch og Nicolai Ottesen Wingaard. Dei utgjorde ikkje det rikaste laget av sunnmørsborgarskapet, men var trass i alt borgarar.
I alle fall finn vi Jan Berle på Sunnmøre i 1755, då han fikk skøyte på kremmarsetet Håkeshamn av den førre borgaren på staden, Nils Jacobsen, som hadde handla der i 10 år. Vi kjenner ikkje kjøpesummen, men vi veit at Berle samme året lånte 500 rd av ulsteinpresten Cappelen. Trulig har dette gått med til å finansiere kjøpet. 1762 tok Berle opp eit nytt lån på 500 rd, då av kjøpmann og konsul Henrik Jansen Fasmer i Bergen, trulig for å betale tilbake lånet hos Cappelen.
Til trygd for Fasmer pantsette Berle grunn og hus i Håkeshamn (sjå nedafor).
Samme året får vi elles greie på kven som budde på kremmarsetet - dei som var over 12 år gamle. Det var Jan Berle og kona Mægtele, 2 drengar og 2 tauser. Etter 1760 skal elles ein ørsting, Peder Knudsen Melle (seinare Nossen), ha vore huslærar for kremmaren på Gullsmedholmen.
Om verksemda hans i Håkeshamn veit vi ikkje stort meir enn at han dreiv kjøpmannskap, heile 30 år i strekk, like til han døydde i 1785. I 1783 heldt han ein åttring på vårtorskefiske. Så å seie alle borgarar dreiv storfiske på denne tida - somme heldt ute heile flotar - i tillegg til at dei, gjennom kreditt til bøndene, finansierte stordelen av fiskedrifta i futedømmet. Fisken, som i stadig aukande mon blei virka til klippfisk, frakta borgarane med jekter til Bergen, noke også til Molde og Kristiansund. Heim fra byane hadde dei med seg
tobakk og piper, brød, brennevin, salt, hamp, tauverk, snøre, angler, streng, hekter og knapper, grovt lerret og klede, sirup, lin, strie, lær, jern, malt, rug, havre, bygg og mel, vadmel, luer og tørklær og innenlandske stoffer, tønner og fustasjer med videre grove varer og bondekram
som det heiter i ei opprekning fra 1778. Dette selde dei så ut - mot fiskevarer eller, meir vanlig, på borg mot lovnad om fiskeleveransar når tida var inne.
At Berle virka som gullsmed medan han budde i Håkeshamn har eg førebels ikkje funne noke om. Men at holmen på denne tida gikk over til å bli kalt Gullsmedholmen kan tyde på at staden var sete for ein utøvande gullsmed.
Som for Reutz og Honningdal manglar vi skifte etter Berle. Det er derfor vanskelig å seie noke visst om korleis han eventuelt dreiv handverket. Eg har heller ikkje komme over gjenstandar som kan vere fra Berle si hand.
På dei gamle borgarseta i Ulstein skipreide var det stort sett lita drift i Berle si tid. Somme stadar låg heilt nede (Liavågen), andre blei bare drevne avbrotsvist (Borgarøya, Brandal) medan resten (Vattøya, Hareid) tidvis var i hendene på framande kjøpmenn. Jan Berle var den einaste som hadde sammenheng i handelen sin, og han må derfor ha gjort det etter måten godt, noke som i denne krisetida for den sunnmørske borgarstanden ikkje treng å tyde anna enn at han klarte å halde kreditorane fra livet.
Som nemnt i kapitlet om Honningdal var det tevlinga utanfra som for ein stor del var årsak til krisa. Ingen stadar utanom Borgund gjorde denne tevlinga seg sterkare gjeldande enn i Ulstein. Såleis handla den mektige kristiansundskjøpmannen William Gordon i årevis på Vattøya, eit av dei borgarseta som låg nærast Håkeshamn. Gordon heldt kjøpsveinar på Vattøya.
Ein annan kjøpmann i Kristiansund, Hans Ulrik Morsing, dreiv også ei tid handel i skipreidet, nemlig på Hareid. Morsing var elles ikkje bare ein fagfelle av Jan Berle som kjøpmann, men også som gullsmed. Morsing blei faktisk innskreven som læredreng i Bergen så å seie samtidig med Berle, fra nyttårsdag 1736 hos gullsmedmeister Jørgen Grip. Det er trulig at disse gullsmedutdanna kjøpmennene kjente kvarandre fra bergenstida.
Jan Berle døydde etter alt å dømme i 1785, det siste året han svarte handelsskatt, og det er ikkje opplyst noke om at han var flytta. Året etter blei Håkeshamn selt på auksjon til borgarsonen Claus Frantzen Rødset fra Borgarøya for 760 rd.
EIT GULLSMEDSETE
Vi veit at Hans Jørgen Reutz på Rellingen må ha budd som den mest fornemme borgar eller embetsmann. Det går fram av takstsummen på husa, men sjølve husa kjenner vi ikkje. Berle sine hus på Gullsmedholmen har vi derimot opplysningar om.
1762 pantsette Berle Håkeshamn med hus til bergenskjøpmannen Fasmer, og husa blei då opprekna: Ei dagligstove med kjøkken, ei stor sjøbu, eit nytt stabbur, ein sjå, ei anna stove kalt Mørkestuen med kammers, kakkelomn og loft, og dessutan ei smie og eit stort båtnaust. Det var på lag slik alle borgarar budde på denne tida, og inkje tyder på at denne borgaren var gullsmed, sjøl ikkje smia.
SIMON HENRIK SVANE
I verket Trondhjems Guldsmeder skriv Joh. E. Brodahl om gullsmedmeister Simon Henrik Svane i Trondheim, at fra året 1757 "forsvinder han ogsaa definitivt helt fra vor synskreds".[14] Og vidare:
Ikke findes han i skattemandtal fra 1750-aarene og utover, ikke er han fundet gift og med bolig her i byen, heller ikke staar han indført i kirkebøker som avgaat ved døden. Der staar da bare igjen to muligheter: enten har han trods sit mesterskab gaat omkring som svend hos byens forskjellige andre mestre, eller han har flyttet væk for godt - det sidste tror jeg helst.
Og dette siste trudde Brodahl rett i, viser det seg, for ikkje seinare enn fra 1762 og til døyand dag i 1783 var gullsmedmeister Simon Henrik Svane busett på Sunnmøre, på herregarden Molvær i Borgund.
Om livet hans i Trondheim skriv Brodahl at Svane første gang opptrer 18. mars 1742, då han blei "indskrevet som svend paa lauget" av læremeisteren Nicolai Horstman (borgarskap 1727). Svane hadde då utstått seks års læretid, fra 27. juni 1735 til samme dag 1741. I protokollen blei innført:
...passerer Simen Henrich Svane for Svend her iblandt os, saa og hvor han i fremmede Steder agter at reise, eftersom han i vores Amtsbog er ind- og udskrevet efter vores Artiklers Indhold. Og naar han forlanger sit Lærebrev med Amtets Seigel paa, skal det han ikke veigres, dog paa hans egen Bekostning.
Først 10 år seinare er han nemnt på ny. Då, 29. februar 1752, møtte han for lauget og kravde å få sitte meisteråret. Med samtykke av rådmann Graae blei dette innvilga, og Svane blei innskreven som meistersvein hos Nicolai Horstman, den førre læremeisteren sin.
29. august 1753 hadde han tent ferdig meistersveinåret, og i lag med meisteren ba han lauget om å få gjøre meisterstykket. Ingen av meistrane motsette seg dette, heller ikkje bisittaren fra magistraten, rådmann Graae. Stykket skulle gjørast i verkstaden til Johan Peter Rust, nyutnemnt oldermann i lauget.
15. oktober året etter viste han så meisterstykket fram på rådhuset då han tok borgarskap. For lauget blei det framlagt 4. februar 1755, ettersom det ikkje hadde vore noka laugssamling i mellomtida. Han blei så innført som meister i lauget og betalte inngangsavgifta på 4 rd. Etter dette var han vekke fra "byens protokoller og dokumenter" eit par år, skriv Brodahl, "til vi ved ekstraskatten 1757 igjen finder ham som svend hos Nicolai Horstman, hvor han sammen med ham betaler et skattebeløp paa halvanden riksdaler". Etter dette forsvann altså Svane fra Trondheim, og Brodahl skriv: "Dette er altsaa alt hvad jeg foreløbig vet om guldsmed Simen Henrichsen Svane."
"Hans forældre, slegt og herkomst har jeg ikke fundet noget om," skriv Brodahl, "saa kanske var han ikke trønder."
La oss sjå om det er råd å få greie på noke meir om dette.
Brodahl nemner sjøl to andre gullsmedar i Trondheim med namnet Svane, gullsmedsveinen Nils Svane som er nemnt 1715 som vitne i ei slagsmålsak mellom to borgarar. Ettersom dette er einaste gangen han opptrer i kildene, reknar Brodahl med at han var ein "farende svend som har passeret byen, og under det er kommet tilfældig op i denne batalje".
Den andre heitte Jacob Henriksen Svane, ein gullsmedmeister i byen i 1730-åra som var fødd i Finnmark - trulig kring 1710, ettersom han blei utskreven som svein i Bergen 1729. Brodahl trur Jacob Henriksen Svane kan ha vore ein eldre bror av Simon Henrik, fordi han meiner at Simon hadde farsnamnet Henriksen. I så fall må han ha brukt dette i tillegg til mellomnamnet Henrik, for det er bare slik - som Simon Henrik Svane - han er nemnt i kildene fra Sunnmøre (og jamvel då han blei innskreven som svein i Trondheim). Så vidt eg har sett er det altså ingen ting i vegen for at Simon Henrik Svane hadde eit anna farsnamn enn Henriksen. (Vi kan elles ikkje sjå vekk fra at Henrik kan vere ei forkorting av det mulige farsnamnet Henriksen.)
Vi finn også ein fjerde Svane på denne tida som hadde gullsmedutdanning. 3. januar 1736 let gullsmedmeister Abraham Messing i Bergen innføre i protokollen over lærekontrakter at han fra 28. november 1735 hadde tatt Hans Morten Svane i lære for 7 år.[15] Denne læresveinen var son av Morten Svane "paa Meldals Kobberverk i Trundhiem" (dvs Trondheim amt). Det kan ha vore meir enn eit tilfelle at Jacob Henriksen Svane også var utskreven som som svein av den samme bergensgullsmeden, Abraham Messing.*
Så til Sunnmøre: Første Svane vi finn der var "demoiselle" Anna Svane, som 1742 (etter kongeløyve av 19. mars), blei vigd til Severin (Nilssen) Løeg, fullmektig hos futen i Gudbrandsdalen, i huset til "salig Tynners enke" på Valderhaug (ein strandstad i Borgund), dvs hos Gurina Wiborg, som var enke etter tollmannen Thor Tynder (seinare vermor til gullsmeden og kremmaren Hans Honningdal).
Slike heimevigslar - private ekteskapsseremoniar - var bokstavlig talt høg mote på denne tida: det kravdest kongeløyve, og bare dei fornemme eller mest snobbete av dei fornemme, fann det umaken verdt, og fikk løyve til å gifte seg på dette viset - utan kirkemugen sitt nærvære.
Slik - med brusande fjør - landa den første Svane på Sunnmøre, og denne vigselen slår på sett og vis an tonen for det som skulle følge.
Anna Svane var søster av gullsmedmeister Simon Henrik Svane. Ei anna søster var Elen Cathrine Svane som 1745 blei vigd til Jens Lindorph, forvaltaren av Giskegodset - tradisjonen tru: i huset på herregarden Molvær i Borgund.*
Det var altså denne familien gullsmedmeister Simon Henrik Svane tok inn hos då han for fra Trondheim. Utanom ekteparet Lindorph og verbroren Svane talte huslyden på Molvær 1762 også fostersonen Martinus Hørloch (fra Giskegard) og madam Lindorph si søsterdatter, Birgitte Sofie Løeg** samt 7 tenestefolk.[16]
Også i eit såkalt sjeleregister for Borgund fra 1768/69 er "Mons:r" Simon Henrik Svane medrekna til huslyden på Molvær, i lag med Anne Birgitte Svane (31 år gammal), ei brordatter av husfrua.[17] 24. februar 1770 blei den uektefødde datra hennar, Marie Margrete, døypt i Borgund. Barnefaren var huslæraren hos sorenskrivar Falch i Djuvik, student Johan Henrik Wolff fra Bergen.*** Vi kjenner ikkje lagnaden til barnet. (Ei Sofie Caroline Svane, fødd kring 1754, er elles nemnt i folketellinga 1801 som gift (andre ekteskap) med distrikskirurg Friedrich Hoppe på Store Nørve, barnlaus.)
Opphavet til denne søskenflokken Svane - som i det minste omfatta Anna, Elen Cathrine, Simon Henrik og ein ukjent bror (far til Anne Birgitte) - og sambandet hans med dei ovannemnte gullsmedane av samme namn er framleis uklart. Men det ser ut til at Finnmark kan vere førstestad å leite. Der må ein Henrik Svane ha budd kring 1700, far til trondheimsgullsmeden Jacob Svane og trulig også til den Paul Svane, fødd i Finnmark, som 1744 tok borgarskap som kopparslagar i Bergen. Om Simon Henrik Svane faktisk hadde farsnamnet Henriksen, som Brodahl hevdar, skulle mykje av floken vere løyst.
To omstende synest likevel heilt klare: Simon Henrik Svane hadde røtter i ei slekt som var knytta til gullsmedhandverket og nærskyldte handverk. For det andre må han ha vore av etter måten høg stand; dette viser seg i dei ekteskapssambanda som søstrene hans knytta på Sunnmøre. Såleis kan vi rekne med at far hans må ha vore anten kjøpmann eller embetsmann.
Om virket til Simon Henrik Svane som gullsmed på Sunnmøre veit vi enno lite. Det einaste arbeidet fra hans hand som eg har registrert er oblateska i Borgund kirke fra 1769, som blei gitt til kirka av dei dåverande kirkeeigarane (jfr kapitlet om kirkesølvet).
Ettersom vi kjenner stemplet hans vil det ikkje by på større vanskar å identifisere eventuelle andre gjenstandar fra hans hand - dersom dei framleis skulle finnast.
I kirkeboka for Borgund heiter det: "den 28 Mars 1783 begravd Mons:r Simen Henrich Svane, gl: 65 år", dvs fødd 1717/-18. Etter sjeleregistret 1768-69 var han 41 år, altså fødd 1718.
MONS NILSSEN LUND
12. juni 1779 blei ungkar Mons Nilssen Lund trulova med Marte Ellingsdtr Humlung, og 22. juni s.å. blei paret vigd i Dale kirke i Norddal.
26. februar 1793 blei "Guldsmed Mons Nielsen Lund", 48 år gammal, gravlagt ved Dale kirke. Enka Marte blei året etter, kring 64 år gammal, gift på ny med Karl Knudsen Linge.
Vi kjenner ikkje til kor Mons Nilssen var fra, og heller ikkje kor han eventuelt hadde gått i lære. Det som er visst er at han i det minste 13-14 år budde i Dale, i den seinare Gullsmedgarden, som den gangen blei kalt Lund eller Lunden, og som Mons Nilssen kan ha tatt namn etter. For det vi veit kan Lund ha budd der endå lenger, og virka han som gullsmed kan det godt hende at garden (eigentlig ein plass) fikk namn etter verksemda i denne perioden. Vi treng ikkje føresette at gullsmedverksemda blei dreve på staden etter Lund si tid.*
Kronologisk er det greitt at Mons Nilssen kan ha gått i lære hos Hans Jørgen Reutz på Rellingen, nabogarden til Dale. Lund var 24-25 år gammal då Reutz døydde. Det ligg elles nær å tenke seg at han overtok verksemda til Reutz, men vi veit det ikkje.
Eg har ikkje funne skifte etter Mons Nilssen Lund. Etter alt å dømme var han barnlaus, i alle fall i ekteskapet med den kring 20 år eldre Marte Ellingsdtr (som levde til ho blei 89 år i 1815).
Lund skal elles ved eit høve vere nemnt som eigar (trulig deleigar) i garden Oterskinn, no: Ospahjellen, i Dale skipreide. Under ingen omstende dreidde dette seg om noka formue, og det er liten grunn til å tenke på Lund som ein kakse; han var vel helst ein fattig mann all sin dag.
GULLSMEDANE PÅ 1800-TALLET
HENRIK HOLTERMANN MECHLENBURG
16. desember 1706 tok Henrik Holtermann borgarskap som kjøpmann i fødebyen Bergen. To år seinare, 1708, sto denne Henrik Henriksen Holtermann brudgom i Borgund kirke på Sunnmøre. Bruda heitte Mein Hansdatter Stochberg og var både på fars- og, særlig morssida av framståande sunnmørske borgarætter.
Resten av livet, kring 20 år, dreiv så Henrik Holtermann kjøpmannskap i Borgund - på borgarsetet Brunholmen i strandstaden Ålesund. Han døydde 1728 og etterlet seg to barn, nemlig Hans Henriksen Holtermann (1709-81), seinare herre til Austråt, og Anna Bagge Holtermann (1719-91), som 1745 blei gift med Iver Jørgensen Høgh (1720-69), stor jordeigar og kremmar i Vegsund i Borgund.
Gjennom mora var Anna Bagge Holtermann søsterdatter av bildehoggaren (og kremmaren) Nils Stochberg og søskenbarn av gullsmeden Hans Honningdal. I ekteskapet med Iver Høgh fikk ho minst 12 barn, m.a. sonen Henrik Holtermann Høgh (1753-84), som døydde ugift og barnlaus i utlandet, og datra Anna Bagge Høgh (1750-1839) - eitt av dei få barna hennar som hadde etterslekt på Sunnmøre. Anna Bagge Høgh fikk til gjengjeld ei både mektig og stor etterslekt - ei ætt som kom til å dominere Sunnmøre gjennom dei to-tre følgande ættledda.
12. november 1772 blei jomfru Anna Bagge Høgh vigd - heime i Vegsund - til monsieur Hans Jacob Mechlenburg, ein offiserson fra Klokkehaug i Sykkylven.* Mechlenburg overtok borgarsetet i Vegsund, og ekteparet fikk mange barn, m.a. Nils, proprietær og borgar på Apalset, Anna Bagge, gift med borgaren Arent Heide på Vågneset, Elisabet (Skjønn Lisbet), gift med kjøpmann Carl Esaias Rønneberg i Korsen og Christine, gift med kjøpmann Wasmuth i Einarvika.
HERREN TIL SØVIK
26 år gammal, i 1810, blei "juvelér" Henrik Holtermann Mechlenburg gift med arvingen til storgarden Søvik i Borgund, Anna Lorentze Abelset, som var frilledatra til proprietæren Hans Thiis Nagel Abelset i Søvik. Abelset var ikkje gift og hadde heller ikkje andre barn, og han let Anna Lorentze bli einearvingen sin - eit sjeldent tilfelle for si tid.
Allereie 1816 døydde Mechlenburg - han drukna under sildefiske på Søvika - og etter søknad fikk enka sitte i uskifta bu. Men då ho nokre år seinare kom i nytt ekteskap, med Hans Wingaard Friis, blei det halde skifte, 1819. Aktiva gikk då opp i heile 6825 rd medan passiva utgjorde bare vel 760 rd. Stordelen av midlane besto i jordegods: hovedgarden Søvik, Buholmen, Stette, Store Årset, Måseidvåg, Årvik, Fannelaupen, Fjørtoft, Hellevik, Helle, Opsal.
Om gullsmed- og juvelérverksemda fortell skiftet ikkje noke.
ARBEID ETTER MECHLENBURG?
Som kjent var det vanskelige tider, på så mange vis, dei få åra Henrik Holtermann Mechlenburg levde og virka på Sunnmøre. Kanskje var det ikkje så stor marknad for dei arbeida han kunne utføre. Dette kan vere grunnen til at vi enno ikkje har funne ting han har laga. Likevel er det merkelig om det ikkje ein eller annan stad, og særlig i etterslekta hans, skal vere tatt vare på arbeid etter Mechlenburg.
JENS MARTINUS RYE
Den siste, kjente faglærte gullsmeden som virka på Sunnmøre før Ålesund fikk sine første gullsmedar i 1840-åra, var bergensaren Jens Martinus Rye, som kom til futedømmet 1827. Som fagfellane sine først på 1600-tallet, Jesper Peppelbom og Tønnes Henriksen, søkte han ut av Bergen for å arbeide for "godtfolk på bygdene", i håp om å tene meir på dette enn ved å træle for ein meister i byen. Som dei fikk han også merke at meistermakta kunne strekke seg like til Sunnmøre.
Rye var fødd i Bergen 1800. Faren var krovert, men blei tidlig sinnsjuk og hamna i Dårekisten, den tids oppbevaringsstad for dei "galne", ei avdeling i byfengslet (i rådhuskjellaren). I 13-14 års alderen blei Jens Rye sett i lære hos gullsmedmeister Jens Greve, og fikk 27. april 1820, kring 20 år gammal, sveinebrevet sitt. Så arbeidde han sju år som svein for gullsmedmeister Hagelien før han i året 1827 strauk fra byen, via Nordfjord til Sunnmøre.
Etter eit lite opphald i Gloppen for han nord til Volda, der han slo seg ned hos Anders Rasmusson i Vassbotn, den mest kjente av dei sunnmørske bondegullsmedane på 1800-tallet (sjå neste kapittel). I Volda fikk Rye mykje å gjøre, men då marknaden tok til å mettast, budde han seg på ferd att. Han fikk reisepass av lensmannen - til Trondheim - men kom i første omgang ikkje lenger enn til Sykkylven. Der budde og arbeidde han eit halvt års tid på det gamle borgarsetet Tusvik, hos kremmaren Lars Thommesen. Dette var i 1828. Då det ikkje var meir å gjøre i Sykkylven for Rye lenger inn i fjordane, til Stranda og Norddal. Men der var det lite arbeid å få for ein gullsmed, og han søkte snart ut- og nordetter Storfjorden - til Ørskog.
Dit kom han trulig i 1829. Han hadde tilhald både i Vaksvik og på Haukåsen, og det ser ut til at han hadde komme til ein god marknad. I dei følgande par åra hadde han oppdrag for minst 15 ørskogbygdarar, som alle seinare sa seg godt nøgde med arbeidet hans. På Haukåsen blei han elles råka av elskhugen, til Annike, datra av husmannen Nils Knutson som var husverten hans. Dette hopehavet fikk snart følger.
DOM OG STRAFF
I dei fire første åra Rye virka på Sunnmøre var han ein tredobbel lovbrytar: Han virka som gullsmed utanfor byen, han var "lausgjengar" (utan fast teneste) og endelig var han å rekne som omstreifar (utan fast bustad). Trass i dette blei han ikkje utsett for rettsforfølging. Denne kom først i gang då han gikk lokalsamfunnet for nært inn på livet.
Det skjedde i 1831, då husmannsdatra på Haukåsen blei med barn. Då dette spurdest troppa stotarkongen Sjur Sjøholtstrand opp for å ta seg av framandkaren. Stotarkongen si oppgåve var å halde bygdene reine for omstreifarar og lausgjengarar. Saka mot Rye kom opp 24. august 1831. Eit tjugetalls vitne møtte, og dei som hadde brukt han som gullsmed uttalte seg om han i rosande ordelag. Han skulle vere særlig flink til å lage tomlingar.
Men gullsmeddugleiken hans vedkom ikkje saka. Han blei dømt til tukthus i 2 1/2 år, å svare for sakskostnadane, å få reiskapa sine inndregne samt å bøte 3 spd og 24 skilling for å ha gått Bergens gullsmedlaug i næringa.
Rye blei så sendt til Tukthuset i Bergen, der han må ha vore i snautt to år.
SKOMAKAR OG STOTARKONGE
Fra Tukthuset vendte Rye tilbake til Ørskog og gifta seg med Annike fra Haukåsen 14. juni 1833. Han skulle då livnære seg som skomakar, men det skulle ikkje undre meg om han også heldt fram med gullsmedhandverket.
Etter ei tid fikk Rye elles eit nytt yrke. Då stotarkongen, "bygdevekteren", Sjur Sjøholtstrand slutta i stillinga fikk Jens Rye overta etter han. Kanskje var ikkje dette å rekne som ei særlig stor ære - bygdevektarane var oftast fattigfolk - men for ein tidligare tukthusfange må det ha betydd ei sosial godkjenning å få gå inn i dette ombodet.
BONDEGULLSMEDANE
Med pietismen i andre femtedelen av 1700-tallet og, nokre tiår seinare rasjonalismen - opplysningstida - fikk folk flest, dvs bondestanden, tilgjenge til kunnskapar og innsikter som til då hadde vore borgarstanden og, mest embetsstanden sine einemerke.
Pietismen kravde eit personlig gudsforhold. For å oppnå dette måtte enkeltmennesket kunne fordjupe seg i dei heilage skriftene på eiga hand: folk måtte lære å lese, alle, utan omsyn til kjønn eller stand. Innføringa av konfirmasjonen 1737 tok sikte på å gi folket i vidaste tyding slike evner - og lukkast ikkje så verst. I alle fall breidde lesekunsten seg ut over landet, ein kunst som ikkje bare kunne nyttast til religionsfremmande lesing...
Rasjonalismen kravde ei røynslegrunna og gjennomtenkt, så å seie vitskaplig holdning til tilværet - eit kritisk blikk for gamle sanningar og eit ope auge for nye. Filosofiske, historiske, geografiske, politiske, økonomiske og tekniske skrifter - bøker, tidsskrift, flygeblad og jamvel aviser - fann etterkvart vegen til alle landsdelar og stender. Folk flest fikk meir å lese i enn Gerner (huspostillen), Kingo (salmeboka) eller Bibelen.
Med utbreiinga av lesekunsten og verdslige skrifter i løpet av 1700-tallet, særlig siste tredjedelen av hundreåret, blei grunnen lagt for ei frigjøring av skapande krefter i folket - krefter som før nesten bare hadde fått utfalde seg i dei "fornemme" stendene. Dessutan: Med skriftene følgte verdslige bilde - alt fra kart til karikaturar, fra kongeportrett til kontruksjonsteikningar - bilde som samtidig også blei tilgjengelige for den store ålmugen. Både folkekunst og -teknologi tok form etter disse bilda.
FRIGJORTE KREFTER
Takk vere presten og vitskapsmannen Hans Strøm kom opplysningstida tidligare og sterkare til Sunnmøre enn elles i landet. Både gjennom storverket Søndmørs Beskrivelse (Sorø 1762 og 1766), som skapte mønster for ei lang rekke slike "historisk-topografiske" skildringar (dei fleste for det meste både lettare og grunnare enn førebildet), og ikkje minst gjennom virket som kapellan i Borgund (1750-63) og sokneprest i Volda (1764-78), gjorde han rom for eit lys som framleis viser att på Sunnmøre. Alt i levetida si fikk Strøm sjå at frøa han sådde bar frukter. Her rekk det å nemne verket til voldingen Rasmus Jacobsen Wasbotn (1749-1821), polyhistor, krønikeskrivar og lokalpolitikar lenge før si tid, og ørstingen Sivert Aarflot, universalgeniet som skipa det første prenteverket på bygdene i Norge. (Og i tradisjonen etter disse t.d. språkgranskaren, språkskaparen og skalden Ivar Aasen på riksplanet, og på lokalplanet historikaren Peder Fylling.)
Vegen fra teori til praksis var ikkje lang. Det aarflotske prenteverket på Ekset er eitt døme, dei mange - og ofte svært vellukka - forsøka på "rasjonelt" land- og sjøbruk eitt anna. Og nettopp sist på 1700-tallet, då opplysningstida sto i blom på Sunnmøre, finn vi dei første utslaga av ei særmerka interesse for finmekanikk og finhandverk mellom sunnmørsbøndene. Det er snautt bare tale om eit tilfeldig sammenfall i tid.
FØREFAR
Dei første eigentlige bondegullsmedane vi kjenner til på Sunnmøre - folk som både var fødde og heldt fram som gardbrukarar samtidig som dei dreiv gullsmedhandverket - var snautt nok verksame før midt på 1700-tallet. Med unntak av Hans Nilssen Glad (c1690-1759) i Stokksund kjenner vi ingen bondefødde gullsmedar/sølvsmedar/finsmedar før den tid. Trass i sin bondestand var Hans Glad samtidig "noke meir" enn ein bonde, både gjennom namn, frendskap og mågskap, kanskje jamvel i kraft av ei bybasert fagutdanning (som gullsmed eller, helst messingsmed).
Både sosio- og kronologisk kan Hans Glad utgjøre eit slags vendepunkt i den sunnmørske gullsmedsoga, ein overgangsfigur mellom bylærte gullsmedar av borgar- og embetsstand (Honningdal, Reutz) og dei ufaglærte bondegullsmedane som kom til å drive handverket dei følgande ættledda - dvs mannsaldrane kring 1800.
SUNNYLVSSMEDANE
Etter det vi veit til no ser Sunnylven og nabobygdene i vest og aust ut til å ha vore tyngdepunktet for finmekaniske og finhandverksmessige aktivitetar på Sunnmøre fra andre halvdelen av 1700-tallet og utetter. Her finn vi såleis ei rekke børse- og klokkemakarar, instrumentmakarar og sølvsmedar.
Den første sølvsmeden vi kjenner til er ARNE OLSEN FIVELSTAD (c1730-1819), som laga tomlingar, halsknappar, ringar og staup - etter måten enkle produkt og typiske for bondegullsmedane.
Det ser ut til at Arne Fivelstad var morfar til ARNE LARSSON KORSBREKKE (1797-1860) i Sunnylven, som skal ha arbeidd både i tre, jern og sølv. Det er rimelig å tenke seg at Arne Larsson fikk opplæring av bestefaren, som levde heilt til Arne var 22 år gammal. Kring denne Arne-aksen av sølvsmedar i Sunnylven kjenner vi til to andre sølvsmedar i samme området, nemlig ein på Flydal i Geiranger og ein på Skylstad i Hjørundfjord.
Den førstnemnte, som vi ikkje kjenner namnet på, var bror til Arne Larsson og var trulig fødd kring 1800. Om denne namnlause bondegullsmeden heiter det at han laga ringar, knappar og søljer av sølv. Han arbeidde også hornskeier.
I Jogarden på Skylstad virka OLE OLSON SKYLSTAD (c1790-, levde 1865), som også gikk under namnet Massing Ola. Ved sida av messingarbeidet dreiv han også med gullsmedarbeid. Elles veit vi førebels ikkje meir om han.
ANDRE BONDEGULLSMEDAR
I folketellinga for Sunnmøre fra 1801 finn vi under Øvre Søvik i Ørskog prestegjeld innført "Sølvsmed" KNUD IVERSEN som leigebuar ("logerende") hos gardbrukaren Peder Jensson. Alderen til Knud er oppgitt til 31 år, dvs fødd kring 1770. Han var gift med ei Marte Pedersdatter, 27 år, begge i første ekteskap.
Dette er alt vi til no veit om sølvsmeden Knud Iversen. Namnet tyder på at han var av bondestand, kona sitt namn på at ho kanskje var datter på garden. Om Knud Iversen er elles dette å seie: Han er heilt aleine om å bli registrert som sølvsmed, for ikkje å seie gullsmed, i folketellinga 1801. Dette treng ikkje tyde at han var den einaste med dette yrket i futedømmet, men kanskje at han var den einaste som hadde det som hovednæring.
Også i Stordalen virka ein bondegullsmed, nemlig HANS ØVREBUST, trulig lik Hans Petter Andersson Øvrebust (c1790-, levde 1865). Vi kjenner ikkje noke til produksjonen hans. Han skal opphavlig ha vore smed, men tok etterkvart til som metallstøypar og klokkemakar - og sølvsmed.
ANDERS RASMUSSON VASSBOTN
Anders Rasmusson Vassbotn (1796-1883) er den einaste rettelig kjente av dei sunnmørske bondegullsmedane på denne tida. Han budde i Torbjørngarden, Vassbotn i Volda, og var naboson til den før omtalte Rasmus Jacobsen Wasbotn og svigerson til Sivert Aarflot på Ekset. Såleis gikk han nesten i eitt med den sunnmørske opplysningstradisjonen.
Vi veit ikkje kva tid Anders Rasmusson tok til som gullsmed, men det er ikkje utenkelig at det kan ha vore då han hyste den faglærte gullsmeden Jens Martinus Rye i 1820-åra.
Mange av arbeida etter Anders Rasmusson er bevarte. Det samme gjeld verktyet han brukte, no er utstilt på Sunnmøre Museum i lag med nokre døme på det han var meister for. Arbeida held høg kvalitet. Eit prov på den faglige standarden hans finn vi i det at han også fikk oppdrag for embetsfolk.
Anders Rasmusson hadde elles mange andre interesser i teknisk lei, m.a. skal han ha bygd eit svært komplisert ur. Etter seiande skal broren ha lært børsemakarfaget på Kjellstad i Sunnylven. Om dette var tilfelle er det ikkje utenkelig at Anders kan ha vitja sølvsmedane i samme bygda for å "gå i lære".
GULLSMEDANE I ÅLESUND
INNLEIING
Seinast fra kring 1570 tok ein strandstad til å vekse fram langs det lune sundet mellom Nørvøya i aust og Aspøya i vest - ein liten, bylik busetnad av fiskarar og losar, arbeidsfolk, handverkarar og handelsmenn. Fra første stund var dei sistnemnte - kremmarane eller borgarane - det rådande sosiale og økonomiske laget i strandstaden, og resten av folket der sto jamnt i deira teneste på eitt eller anna, og ofte fleire vis. Dette gjaldt også handverkarane.
Disse borgarane dreiv stor næring. Dei åtte jekter som for med fiskevarer til Bergen, og somme hadde også større farty som til dels for på Danmark og kanskje endå vidare. Borgarane deltok også i fiskedrifta, særlig omveges, som utreiarar for fiskarbøndene,* men også beinveges, med eigne mannskap på eigne storbåtar (seksringar og fjøringfar) som dei rusta ut. Og i trelasthandelen spelte mange av dei ei innbringande rolle i varebyttet mellom dei sunnmørske skog- og sageigarbøndene på den eine sida og dei utanlandske oppkjøparane på hi. Borgarane i Ålesund var mellom dei største trelasthandlarane i lenet så lenge det varte.
Slik borgarlig stordrift føresette visse infrastrukturar - t.d. ein lokal handverkarstand, som kunne dekke borgarnæringa og borgarstanden sine kortsiktige behov. På næringssida gjaldt dette kipperar (bøkkerar, tønnemakarar), tømmermenn og smedar, og på hushaldssida skreddarar, skomakarar og skinnarar (garvarar), kanskje også snekkarar og vevarar. Meir langsiktige og/eller luksusprega handverksbehov kunne borgarane få dekte i Bergen, som dei vitja eit par-tre gangar om året med fiskejektene sine.
Det er lite trulig at vesle Ålesund på 1600-tallet kan ha utgjort ein sjølstendig marknad for handverkarar som gullsmedar eller stolmakarar, for ikkje å tale om sverdsmedar, perlestikkarar eller hattemakarar, men det budde ein borgar som var utdanna glassmeister i strandstaden (Hans Jenssen Frørup på Brunholmen sist på 1600-tallet)). Derimot kan den samla sunnmørsborgarstanden, ikkje minst i lag med den lokale embetsstanden (alt i alt nær 70 huslydar), godt ha gitt næring til ein del lokale utøvarar av nokre slike etter måten eksklusive handverk på 1600-tallet: eit par gullsmedar, ein stolmakar og kanskje jamvel ein hattemakar. For det vi veit kan lenet i røynda også ha brødfødd somme slike handverkarar, men dei budde ikkje i Ålesund, så vidt vi kjenner til no.
På 1700-tallet opptrer både parykkmakarar og bokbindarar i Ålesund, og ein stolmakar, men ingen gullsmedar.
I 1825, då Ålesund så smått hadde tatt til å likne på ein rettelig by, var det 13 handverkarar i ladestaden, dei fleste i tradisjonelle fag: kipper (1), skreddar (2), skomakar (3), snekkar (1), glassmeister (1), bakar (1), murmeister (1), blikkslagar (1), malar (1) og fargar (1). Men det gikk enno innpå tjue år før dei første gullsmedane dukka opp.
FØRSTE GULLSMED I ÅLESUND?
Kven var den første gullsmeden i Ålesund?
Vi veit ikkje. Både 1600- og 1700-tallet kan enno ha overraskingar å by på, og det vil vere galt å sjå vekk fra dette.
Spør vi så om kven som var den første kjente gullsmeden i Ålesund - i det heile, eller særskilt etter at strandstaden fikk bystatus (ladestadrettar 1793 og 1824) og meir uttrykkelig bykarakter (fra kring 1830) - blir svaret det samme.
Spør vi derimot om kven dei to første gullsmedane i Ålesund var etter at strand- og ladestaden sto fram som by, er svaret greitt: Johan Herman Rønneberg og Hans Henrik Hagen.
Dei dukka opp så å seie samtidig, og om det i røynda er råd å finne ut kven av dei som "kom først", vil utfallet av ei slik gransking ikkje ha anna enn nevrotisk interesse.
Det vi kan slå fast er følgande: Med sju dagars mellomrom seinhaustes 1845 blei to unge gullsmedar med vidt ulik sosial bakgrunn vigde i Borgund kirke til kvar si unge brud av, å sjå til, tilsvarande ulik bakgrunn - to unge gullsmedar som begge virka, eller kom til å virke i Ålesund, den eine kanskje bare i fem år, den andre minst i femti.
Først ute på kirkegolvet var Rønneberg, 26. oktober, og åtte dagar seinare, 3. november, sto Hagen brudgom. Her kjem den siste først, også fordi han virka så kort tid i byen.
HANS HENRIK HAGEN
Etter Joh. H. Brodahl sitt stykke Guldsmeder paa Molde gjengir vi denne omtalen av Hagen:
Hans Henrik Hagen er født i Trondhjem 13. oktober 1820. Faren var tjenestekar Haagen Andersen og moren Marith Hansdatter. Han gik ind som Trondhjemsguldsmeden Elias Christian Thyholdts første lærling, antat paa verkstedet 8. mars 1835 for læretiden fem aar til samme dato 1840; kontrakten blev forresten først opsat 12. februar 1839. 12. mars 1840 møtte han for lauget med sit forferdigede mesterstykke, som den første i Trondhjems guldsmedlaug der avla svendeprøven efter den nye haandverkslov av 14. juli 1839. Mestrene Gottlieb Middelthon og Cornelius Larsen sat som skjønskomite og skulde bedømme saavel hans duelighet i haandverket som hans færdighet i skrivning og regning. Efter prøven dekretertes der, at han var at anse moden for guldsmedproduktionen. I begyndelsen av 1840-aarene er han dradd av by og dukker op igjen i Aalesund, antagelig arbeidet han her som svend hos den derværende guldsmed Rønneberg. Jeg har ikke fundet og tror heller ikke at han har tatt noget borgerskab og oprettet egen forretning. Han giftet sig i denne by den 3. november 1845, 24 aar gammel med den nittenaarige pike Hanna Caroline Slinding, fra Borgund prestegjeld, forloveren for ham Haagen Andersen, Trondhjem er sandsynligvis hans far, og for piken traadte tydeligvis ogsaa ind hendes far Samuel Pedersen Slinding. Aaret efter kom deres første barn Herman Andreas, født 5. april og døpt den 21. i samme maaned. Som foreldre opgis guldsmed Hans Henrik Hagen og Anna Pauline, altsaa er hun indført under et helt galt navn. Guttens faddere var: Johan Nordal Lange, Nicolai Lange, Poul Lykke, Anne Rask Lange, Marie Lange og jomfru Lid. Denne gutten døde imidlertid efter overflytningen til Molde 5. september 1853, 7 ¼ aar gammel og blev begravet den 11. i samme maaned. Deres næste barn var datteren Marie Olivia, født 2. februar 1848 og døpt den 12. juni næstefter; i indførselen har moren faat sit rigtige navn Hanna Samuelsdatter, og ektefolkenes opholdssted angis at være Kippervig. Hendes faddere var: Bastian Fauske, Kristian Kaspersen, Axel Wingaard, Hanna Fauske, Gurina Kaspersen, alle fra Aalesund.
Dengang Christopher Sandberg 1849 forlot Molde rykket Hans Henrik Hagen ind paa hans plads som Moldes eneste guldsmed. Senest maa han være arriveret dit i 1850, for 5. juli det aar avla han, 29 ½ aar gammel, ed til Norges konstitution. Og i december samme aar blev han opnævnt til at sitte lagrette for det følgende aar. Han er altsaa dengang blit betragtet og behandlet som en byens borger, men noget borgerskap kjender jeg ikke til at han har tatt, sandsynligvis paa grund av sviktende protokolgrundlag. Hans næste barn blev ogsaa født i denne by: Samuel Anthon Hagen blev født paa Molde 26. januar, døpt 21. mai 1850. Denne søn betegnes senere som guldsmedsvend. Han hadde naturligvis gaat i lære hos faren og blev vel den som efter ham førte videre det guldsmeddynasti han oprettet der ute i Molde og som saavidt jeg vet - lever og trives i bedste velgaaende den dag idag. Av Hagens arbeider kan nevnes kalken i Sylte kirke som har følgende inskripsjon: "Forandret 1862 H." 1 Brudekrone tilhørende Romsdalsmuseet.
Etter dette er det ingen ting i vegen for at Hagen kom til Ålesund så tidlig som 1840-41, og i alle fall må vi rekne med at han hadde innfunne seg 1844, då han må ha blitt kjent med si tilkommande Hanna Caroline.
At Hans Henrik Hagen skal ha arbeidd som svein for gullsmed Rønneberg er ein spekulasjon fra Brodahl si side. Var dette tilfelle skulle vi vente å finne "meisteren" mellom fadrane til barna hans, men korkje Rønneberg eller kona opptrer i ein slik sammenheng.
JOHAN HERMAN RØNNEBERG (1818-95)
Johan Herman Krohn Rønneberg blei fødd 6. juli 1818 på det eldgamle herresetet Giskegard (då borgarsete) i Borgund. Foreldra var Peder Elias Rønneberg, kremmar på Giskegard, og Ulrikke Antoinette Jalles.
Han blei gift i Borgund 26. oktober 1845 med Anna Cathrine Schjølberg (1822-97), datter av Hans Lund Schjølberg, kaptein, og Cornelia Sofie Brunfelt.
Etter datra, Antoinette Ulrikke Rønneberg (gift Berg), gjengir vi denne livssoga til gullsmed Rønneberg:
Min Far, Johan Hermann Krohn Rønneberg (var) født paa Giske, hvor han vokset op til sit 12. Aar. Da Faren døde, var Boet Fallit (1830) af forskjellige uheldige Omstændigheder. Farmor maatte skille sig med alt. Ved Auktion kjøbte senere Kjøbmand Ole Strøm det hele, og da Farmor nogen Aar senere kom til ham, som Husbestyrerinde og senere blev gift med ham, kom hun saaledes atter til Rigdom og Eie, alt sit Forrige for sin Levetid. Husene blev flyttet til Brunholmen, men ved Rønnebergs Død (et Ulykkestilfælde ved Drukning)* gjennemgik stakkars Farmor en Trængselstid. Min Far kom til hendes Slægtninge, Familien Krohn i Bergen, 14 Aar gammel i Guldsmedlære.
Senere fik han sin Uddannelse i Faget i Hamburg og var anseet som en usædvanlig fin, dygtig Gravør og Cicelør. Over hele Søndmør var han ialfald berømt og søgt af Alle som hadde raad til Guld og Sølvarbeider. Hans store Sølvkrus, Alterkander, Brudekroner var noget enestaaende i sin Slags, nu spredt for alle Vinde. Hans bedste Arbeider gik med i Aalesundsbranden Fredag Nat 22. januar 1904. Far døde 26/4 1895. Min Far var en vakker Mand, overmaade snild, med et uopslitelig godt Humør, meget musikalsk. Han spilte godt Violin uden Noder. Fiolinen hang sjelden en hel Dag paa Væggen i min Barndom, og vi hadde ingen større Fornøielse end naar han spilte alle sine gamle Slaatter for os, ogsaa nyere Ting, han hørte paa Konserter en sjælden Gang.
Rønneberg gikk i lære hos Monclair i Bergen. Han tok først borgarskap i Ålesund 1847, og dreiv det etter måten stort ei tid, men 1875 er han kalt bare "guldsmedarbeider".
Vi kjenner mange av arbeida hans, som ber stempelmerket IR for det meste.
LARS MARTIN SALVESEN
19. oktober 1848 blei "Guldsmed" Lars Martinus Salvesen, 26 ½ år gammal, vigd i Borgund kirke (då framleis og like til 1854 soknekirke for Ålesund by) til Ellertine Maria Eriksen, 21 år gammal. Begge var fødde i Bergen - brudgommen sin far heitte Salve Muri, bruda sin far Ole Eriksen.
Etter folketellinga for Ålesund 1865 var gullsmedmeister Lars Martin Salvesen 44 år gammal og kona "Elertine Marie" 37 år gammal; trulig var han fødd 1822, ho 1829, ettersom folketellinga ser ut til å gi opp året ein "gikk i", ikkje det ein hadde fylt. Etter folketellinga hadde paret bare eitt barn, datra Olufine Bendikte Salvesen, 17 år gammal, dvs fødd 1849. Denne jenta var 1862 elev ved Borgerskolen i Ålesund, i lag med døtrene av byens absolutte "fiff".[18]
Vi veit ikkje kor og kven Salvesen gikk i lære hos, men ein kan lure på om det kanskje var hos samnemningen hans, bergensmeisteren Salve Salvesen.* Eg har elles mistanke om at denne gullsmeden kan ha vore samme mann som den "Salve Muri" som er oppgitt (helst etter dåpsattesten fra kring 1822) som Salvesen sin far ved giftarmålet 1848. At ein gullsmedsvein Salve Muri anno 1822 kan ha blitt til gullsmedmeister Salve Salvesen anno 1827 er ikkje utenkelig (føresett at farsnamnet til Salve Muri var Salvesen). Den gangen, som gjennom heile hundreåret, tok bygdefødde byfolk som regel farsnamna sine (patronymika eller såkalte "-sen-namn") heller enn gardsnamna som etternamn. Ein alterkalk i Sunnylven fra 1859 er elles stempla med gullsmedmerket S.M.SALVESEN, som ikkje er kjent andre stadar. Det ligg nær å tru at denne gullsmeden hadde slektssamband med den samtidige ålesundsgullsmeden Salvesen, som oftast stempla arbeida sine med merket L.M.SALVESEN. Først tenkte eg at kalkmakaren kunne vere ein bror av Salvesen i Ålesund, men no - etter å ha fått kjennskap til gullsmed Salvesen i Bergen - trur eg heller at initialane i sunnylvskalken kan stå for S(alve) M(uri). Det vil seie: På sine gamle dagar kan Salve Salvesen fra Bergen ha komme til Ålesund og ha arbeidd i lag med sonen der.** Dersom dette er rett, vil det nok kunne stadfestast i kirkebøkene for Borgund eller Ålesund.
Til Ålesund var Lars Martin Salvesen kommen seinast 1847, då han tok handverksborgarskap i ladestaden som året etter fikk kjøpstadstatus.
I 1865 var Salvesen huseigar (husnr 60) under Grimmergård (matr.nr 129), og huset hans låg i Kippervika, i eller ved krysset Storgata-Kippervikgata. Mellom naboane hans var kjøpmann Anton Magnussen (med leigebuarane adjunkt Schultz og sakførar Holmboe), skomakar Peder Schjelderup (leigebuarar: bokbindar Schjølberg og søstra, handelsborgarske Sommerfeldt) og handelsborgaren Hans Knudsen Rogne, som var husvert for, mellom mange andre, gullsmedmeister Berentsen (sjå nedafor).
Salvesen budde såleis i eit solid småborgarlig strøk utan innslag av korkje byens handelsmatadorar eller arbeidsfolk.
Som huseigar var Salvesen vert for to huslydar, kontorist Peter Houge med datter og hushalderske, og motehandlerske Henriette Zæther med syjomfru, butikkjomfru og tenestetaus.
Salvesen sin eigen huslyd besto av husfar, kone, datter og tenestetaus samt ein 17 år gammal "Guldsmeddreng", ålesundaren Carl Martin Haagensen.* Gullsmedhuslyden Salvesen omfatta også ein "Logerende Uhrmagermester", Olaus Marthinus Jensen, 28 år gammal, på dette tidspunktet. Denne sogningen/fjordingen (fødd i Nordre Bergenhus amt) er ikkje oppført som sjølstendig næringsdrivande i Ålesund 1865, så det kan godt hende at han sto i eit slags arbeidstilhøve til Salvesen.
Salvesen må ha vore ein ambisiøs handverkar, for til Den almindelige Industriudstilling i Stockholm 1866 sendte han inn "Forskjellige Prydelser hørende till søndmørske Bønderdragter. Alt i Sølv."[19] (Vi kan gjette på at det i alle fall dreidde seg om angstei og sunnmørsknappar, kanskje også belte, søljer og skjorteknappar, men snautt nok brudekrone, som helst ville ha vore nemnt særskilt.) Der stilte Salvesen, som ein av nokre få norske gullsmedar, ut varene sine i lag med dei store, kjente gullsmedføretaka M Thune og I Tostrup i Christiania. I samme gruppa (Arbeide af ædle Metaller) opptrer pussig nok også ein annan ålesundar som utstillar, mindre for å fremme det faglige ryet sitt - han var ikkje gullsmed, men jurist og pengemann - enn for å vise svensken og verda elles noke både godt norsk og særskilt norsk. Prokurator Sanne**[20] stilte nemlig ut følgande: "Brudekrone af Sølv med Tilbehør. Sølvkande med Inskription og Aarstal 1718. Brudedragt med Udstyr."
Både Salvesen og Sanne sine utstillingsgjenstandar vitnar om eit sterkt etno-kulturelt medvet av "nasjonalromantisk" slag, Salvesen som (byrg) produsent av sølvpryd for bønder - Norge si eliteutnemnte ryggrad - og elitemedlemmet Sanne som samlar av nettopp slike kultursæreigne gjenstandar til bruk for den norske bondestanden (sølvbrudekrone og sølvpryda brudebunad). At Sanne også stilte ut ei då nær 140 år gammal drikkekanne av sølv i, må vi tru, norsk barokkstil og trulig av stor vekt, kan tydast som eit forsøk på å vise djupna i den særeigne, norske tradisjonen på dette feltet.
I 1875 var Salvesen og huslyden forsvunnen fra Ålesund.
GERHARD WIDSTEEN
Gerhard Widsteen tok borgarskap i Ålesund 1849, men må ha døydd eller fare fra byen innan 1860, ettersom han ikkje er medrekna mellom ålesundsgullsmedane dette året.
Vi kjenner bare eit par arbeid fra hans hand, men det er til gjengjeld tale om solid og særprega handverk, m.a. eit prektig angstei (privateige) som ber årsstemplet 50 (= 1850).
Ætta hans har namn etter garden Kvitestein i Hardanger, der Ole Olsen Widsteen (c1720-65), kremmar på Stårheimsvik i Nordfjord, var fødd.[21] Eldstesonen Ole Andreas Widsteen tok over kremmarsetet i Stårheimsvik 1782, men det gikk etterkvart ut med han. I første ekteskapet, med skrivardatra Johanne Stub, hadde han to søner, Johan Daniel Widsteen, gullsmedmeister i Bergen (borgarskap 1812),* og Ole Widsteen, fut i Hardanger og Sunnhordland. Som enkemann kom han (etter 1787) i ekteskap med Maren Seehus Rødset (1754-1825), av den samme gamle, sunnmørske borgarætta som gullsmedmeister Christian Fredrik Rødseth i Ålesund (sjå nedafor).
Både på fars- og morssida hadde gullsmed Widsteen i Bergen stor, og god, slekt på Sunnmøre - slekter som enno gjorde seg gjeldande i Ålesund i 1840-åra, særlig Tonning.
At ein son av denne bergensgullsmeden søkte seg nord til Ålesund, "Yngste Skud paa Norges Byers Stamme", på denne tida virkar rimelig; byen var i stor vokster og full av meir eller mindre mektige frendar. Også kronologisk kan den "kortliva" ålesundsgullsmeden Gerhard Widsteen godt vere son av bergensmeisteren, men vi veit enno ikkje om han var det.
Etter ein passjournal for Ålesund fikk "Gerhard Olai Widsteen, 35 Aar, Guldsmed" 15. april 1853 utferda pass til Nord Amerika for seg sjøl, kona Sophie Amalie Johanne, 26 år, og datra Maringa Josephie Elisa, 1 ¼ år.[22]
INGEBRIGT BERENTSEN (1833-)
Ingebrigt Carolus Britanus Berentsen blei fødd 2. juni 1833 på garden Emlem i Borgund. Foreldra var Bernt Andreas Iversen, bonde i Ebbegarden, og Ivrine Pedersdatter fra Toregarden på Lille Nørve. Døypt 23. juni s.å. i Borgund kirke med fadrane Knud Olsen Emblem (styrtrik nabobonde), Peder Knudsen Nørve (bonde, morfar), Ingebrigt Hanssen Nedregotten (plassemann, kanskje frende), Severina Pedersdatter Nørve (moster) og Karen Knudsdatter Emmelemsvaag (bondekone, gift med ein farbror).
Vi veit ikkje kva tid Berentsen tok borgarskap i Ålesund, men rimeligvis var han etablert med eigen verkstad før 1859, i og med at han 20. januar d.å. er titulert "Guldsmed". Etter alt å dømme gikk han i lære i Ålesund, helst hos Salvesen, som opptrer som gudfar for det førstefødde barnet hans.
I 1865 heldt Salvesen både dreng og svein,* men 1875 finn vi han ikkje lenger i Ålesund. Han merka arbeida sine med stempla BERENTSEN eller ICB.
CHRISTIAN FREDRIK RØDSETH (1840-1932)
Christian Fredrik Rødseth var fødd 1840 på det gamle borgarsetet Rotset i Volda, som ætta hans hadde namn etter. Foreldra var fanejunker Jørgen Peter Meldal Rødset og Anna Henrikke Schielderup.
På farssida var han av borgarætta Rødset, som hadde ått og handla på storgarden og borgarsetet Rotset sidan først på 1600-tallet. På morssida var han av ei yngre, men meir vidgreint sunnmørsk borgarætt.
Trass i at Christian Fredrik Rødseth var fødd i etter måten små kår hadde han nære ættesamband med nesten alt som kunne krype og gå av sunnmørsk overklasse midt på 1800-tallet, vere seg embets- eller kjøpmannstand, vere seg den gamle, synkande borgarstanden eller den nye handelsstanden av haugianske oppkomlingar fra folkedjupet, vere seg i byen eller på bygdene.
Utgangspunktet hans som gullsmed minner såleis mykje om det Henrik Holtermann Mechlenburg, juveléren i Søvika, hadde eit halvt hundreår tidligare. Men der Mechlenburg fikk uår og dyrtid då han etablerte seg, gikk Rødseth inn i økonomiske eventyrtider då han tok borgarskap som gullsmed i Ålesund 1866.
Mechlenburg døydde - ung - før utidene var over, og han fikk dermed ikkje høve til å aktivisere det mektige og rike slektsnettverket sitt som avtakarar av det han kunne produsere. Men Rødseth fikk tid - god tid, bokstavlig talt - til å oppleve innhaustinga av arbeidsfruktene sine. Han "hadde gjort det bra" som gullsmed i Ålesund, heitte det då han var daud, nær 92 år gammal - femti år etter at han forlet den byen som altså gjorde han til velstandsmann, i det minste.
For Christian Fredrik Rødseth blei bare ti år eldre i landet enn forgjengaren Mechlenburg, som døydde kring 32 år gammal. I 1882 gikk nemlig den då kring 42 år gamle gullsmed Rødseth med i eit storstilt utvandrings- og koloniseringstiltak - i Natal i det noverande Sør Afrika.[23]
Vi kjenner mange av Rødseth sine arbeid, som ber stempelmerka CFR eller C.Rødseth.
Ørstingen Andreas Aarflot, som nådde stort ry som gullsmedkunsthandverkar i Stockholm, gikk i lære hos Rødseth.
SEINARE GULLSMEDAR
Samme året som Rødseth tok borgarskap i Ålesund, 1866, blei gullsmednæringa så godt som frigitt i Norge. I lag med teknologiske og merkantile nyvinningar i næringa som kom på lag samtidig - fabrikkframstilling av gullsmedvarer og oppdelinga av framstillings- og salsledd - markerer dette inngangen til utgangen for laugstida.
Dei følgande vel 30 åra utgjorde overgangen til ein ny tidbolk. Dei gullsmedane som etablerte seg i Ålesund etter Rødseth og fram mot hundreårsskiftet skal bare nemnast kort.
Fra 1870-åra kjenner vi P J KNUDSEN, som merka varene sine med stemplet PJK. I 1882 overtok EDVARD ANDERSSEN verksemda til Rødseth. Anderssen utvandra seinare til Amerika. KRISTIAN HAGEN (1862-1951), ein son av moldegullsmeden Hans Henrik Hagen, etablerte seg så i Ålesund 1889. Dette føretaket er framleis i drift.
Det samme gjeld gullsmedføretaket som blei etablert i 1892 av ålesundaren JOHN STAMNÆSS (1868-1944). Stamnæss gikk i lære hos Edvard Anderssen i lag med broren Otto Meyer Stamnæss.
I 1893 tok J ANGELL-JACOBSEN borgarskap som gullsmed i Ålesund, men flytta nokre år seinare til Florø. Av andre gullsmedar som virka i byen kring hundreårsskiftet kjenner vi JULIUS PETTERSEN, INGVALD PAULSEN og BERNHARD TRANDAL.
Ein Ole Ellingsen Gjøsund (1817-94) budde i Ålesund i andre halvdelen av 1800-tallet og er kalt gullsmed ved somme høve, men han dreiv lite trulig sjølstendig næring. (Gjøsund ætta visstnok fra Gullsmedgarden i Dale.)
Etter 1900 kom gullsmedføretaka J S Refsnæs (1904) og J C Thoresen (1914) i gang.
-------------------
I ein lun heim på ei flat øy ytst ute mot havet på Sunnmøre finst ei kring fire hundre år gammal sølvskei som til no har gått i arv i samme ætta gjennom tolv ledd.
Trass i den ærverdige alderen ser denne kort- og rundskafta skeia nesten ny ut. På oppsida av det store, mjukt dropeforma bladet omgir innskrifta PAWEL TORBIN ei fin siselering: eit hjerte under to korslagte piler. Under skaftfestet på baksida av bladet er eit bumerke rita inn, tydelig, eit merke som utan tvil tilhøyrte sageigaren og odelsbonden Povel Torbjørnson - dvs innskrifta sin "Pawel Torbin" - på Søre Bjørkedal i Volda, ættfar til både Moritzætta fra Bjørkedalen og den mektige borgarætta Rødset, ei av dei mest langliva på Sunnmøre i og med at ho heilt bokstavlig heldt stand i meir enn 200 år.
Skeia fra Torbjørngarden på Søre Bjørkedal er eitt av dei eldste gullsmedarbeida fra laugstida som er registrert på Sunnmøre, kanskje laga allereie kring 1580 (då Povel Torbjørnson må ha komme i ekteskap med klokkarenka Ragnilde i Volda). At første eigaren av denne fagre skeia var stamfar i såkalt "rett mannslinje" til den aller siste gullsmeden som etablerte seg på Sunnmøre i laugstida (ein storprodusent av sølvskeier), er ei kjensgjerning - artig nok, men utan nemneverdig historisk vekt. Derimot gir dette tilfellet, som altså ikkje liknar ein tanke, meg påskot til å runde av denne gullsmedsoga med nokre tankar om sammenhengar og om brot.
GULLSMEDEN I GAMLE DAGAR
UTLEIING
Enno i året 1960 satt skomakaren bokstavlig talt ved sin lest i Ålesund by. Som tiåring såg eg han, med eigne auge sitte på ein blanksliten, trebeina krakk med digert, svartbrunt lærforkle om seg bøygd over arbeidet sitt, med hammar i hand og saum i munnen, og ei lita symaskin ved sida av, alltid i eit alt for mørkt rom med hundrevis av skopar hengande og slengande omkring seg. Og lukta huskar eg, den kvasse blandinga av bek og lær og slipestøv. Røyk fra ei sur pipe eller ein utbrent sneip i munnviken.
Smeden sto enno ved ambolten i Ålesund den gangen, hammarslag og gneistrar kom fykande gjennom vide døropningar og ut på tørre, steingrå fortau - opningar til høge rom fylte av svidd luft. Kvitgloande jernstykke svevde i faste tangtak mellom esse og ambolt og herdebad.
Bakaren knadde og kasta og skar. Nakne muskelarmar dansa ut fra nystrokne lerretskvitskjorter i mjølkav og omnsvarme. Bollar og langebrød, skipskjeks og skillingskaker, blei til i dette tørre, travle og litt iltre bakerihalvlyset.
Halve oksar, flådde, og heile grisar, bustelause, hang daude og bleikhuda litt ut fra den kvitflisa bakveggen hos slaktaren, i s-forma stålkrokar, og over disken hang ryper og harar til mørning. Over tjukke marmorplater, alltid nyskurte, blinka det i blodige eggar, kvasslipte slaktarøkser og knivar. Pølser, gråkvite og raudbrune, kokte og røykte, små og store, bukta seg smårynka og girlanderpent over alt.
Barberen kunne enno barbere. I huset ved sida av slaktaren skar lauvtynne, lærslipte knivar skjegget av kvitsåpa mannefjes.
Og i huset ved sida av dette sto konditoren i skaparkraftig konsentrasjon over endå eit meisterverk: ei sjuhøgda kransekake med sjøllaga, sukkerskulpturert brudepar aller øvst - handmalt fra topp til tå.
Dreiebenken summa hos snekkaren så flisa fauk, blysatsen skar seg hos boktrykkaren i bakgården og fire skreddarsveinar fikk tresmak i baken der dei satt korsføtte og krumrygga på det dansesalstore skreddarbordet og sydde kjoledress til ein fåfengt visekonsul for eit utland som ingen byens borgar kunne uttale namnet på utan etter ein pjolter eller to på Klubben om kvelden, litt lenger opp i gata.
Blikkslagaren sto i sin kjellar og skar det kalde, tynne, isgrå metallet med firemeterlange sakser - benda og brakk det, og laga såleis takrenner og takrenner i lange baner. I sjøbukjellarane lagga kipperane tønner og stampar, stav for stav, med tusen års visse om at silda kjem og går, går og kjem, men at tønnemakaren - kipper, bøkker, kva namn han har - alltid vil måtte vere der.
Alltid?
No er dei alle vekke. Tretti år er gått og tusenårige tradisjonar er brotne - hundre ættledds kunnskap og tame forsvunnen.
Skreddar og skomakar, snekkar og smed, jamvel bakar og barber har sagt takk for seg, og i den store stilla etter dette takket høyrest ingen gjenlyd.
Og kva med gullsmeden, den mest myteomspunne handverkaren av dei alle? Kva med mannen som hadde ære av og fridom til å arbeide med alle tiders edlaste vyrke - det soltunge gullet, det måneblanke sølvet?
Også han er vekke - bare namnet, og snautt nok dét står att av meisteren over alle meistrar, denne handverkets adelsmann.
Gullsmed, gullsmed. Kva ligg ikkje i eit namn?
Før eg kjente gjerninga, visste eg namnet. Eg var ein liten gut, eg vitja ho Dalebesta i Nordalen, i Dalsbygda.
Der låg ein liten gard på ei lysegrønn, famnesmal strandstripe under det svarte, styggbratte Kirkefjellet. Ein gammal gard, med mørkeblåfjorden duvande utafor, gneistrande sølvblid mot fjøresteinane. I den lune støa låg mor mi og solte seg, ho og mange andre nesten avkledde bydamer med ein naken ungeskokk mellom sine solsveitte seg og det halvsalte vatnet, mellom raudlakka tåneglar og dansande, dvask blæretang. Ungar i latter og skrik, i læring og leik for å kunne meistre marbakken, flyte, svømme, kvitte seg med urredsla for å drukne.
Samtidig gikk eg oppe på den tørre vegen bak nausta, i lag med ho Dalebesta, svartskauta og langsam, men med verdas allermjukaste hender.
"Her er Gullsmedgarden," sa ho, og eg visste det var byrjinga på eit eventyr. "Her budde ein gang ein gullsmed..."
Kanskje sa ho ikkje meir. I alle fall var det sagte nok. Ho trong ikkje seie meir. Eg visste godt kva ein gullsmed var for kar. Eg hadde stått med nasen over rekkverket og kika inn gjennom dei breie bogevindauga til ein gullsmedverkstad i Ålesund by, hadde jamvel vore inne i verkstaden og sett dei edlaste metall bli forma av varsame hender på menn i kvite frakkar under mykje lys i varm stille - ein verkstad så ulik alle andre verkstadar eg hadde sett.
Avstanden mellom Gullsmedgarden og gullsmed Stamnæss var ikkje stor då, eg merka han nesten ikkje.
DET GAMLE KIRKESØLVET
INNLEIING
På grunnlag av 1) eigne registreringar av sunnmørsk kirkeinventar utførte i åra 1980, -86 og -92, 2) opplysningar fra Riksantikvaren sitt arkiv, og 3) ein gjennomgang av kirkerekneskapa for tidbolken 1659-1722, skal eg legge fram eit oversyn - dessverre enno ikkje heilt utfyllande - over kirkesølv på Sunnmøre i laugstida, både det som ein gang fanst av slikt og det som framleis er til.
Oversynet vil ha eigenverdi som kulturhistorisk dokumentasjon samtidig som det vil kunne gi eit inntrykk av kor vidt lokale gullsmedar hadde hand i framstilling og stell av det sunnmørske kirkesølvet.
Oversynet er oppsett soknevis. Det er dei gamle kirkesokna, som stort sett sto ved lag til langt ut på 1800-tallet og som var dei samme gjennom heile laugstida, vi held oss til her.
KILDENE
KIRKENE
Av dei 22 "gamle" soknekirkene på Sunnmøre - kirker som anten var i bruk i laugstida eller som er komne i staden for slike, for det meste bokstavlig talt* - har eg vitja 16. Dei 6 kirkene som står att er Vanylven, Syvde, Rovde og Sande kirker på ytre Søre Sunnmøre samt kirkene i Geiranger og Stordal på indre Nøre Sunnmøre. Opplysningar om kirkesølvet i disse sokna er henta fra kirkestolane (sjå nedanfor), Riksantikvaren sitt arkiv og lokalhistoriske skrifter. Opplysningane er, som det vil gå fram, til dels ganske vage. T.d. er det uråd å avgjøre i kva mon disse kirkene enno har kirkesølv fra laugstida.
For det kirkesølvet fra laugstida som i dag finst i dei seksten andre kirkene er opplysningane samla inn på første hand, gjennom registrering på staden etter gjengs antikvarisk standard for oppmåling, skissering, detaljteikning og fotografering av slike gjenstandar. Dette handverket er det vanskelig å bli meister i, og sjøl om eg har prøvd å vere så nøyaktig som råd, vil nok somme småting - kanskje viktige likevel - ha gått meg hus forbi. Det som heilt visst er ein mangel ved registreringane, som eg gjerne skulle ha kunna rette på no, er at gjenstandane ikkje er undersøkte m.o.t. vekt. Ettersom vekta var eit av dei viktigste identitetsmerka for kirkesølvet i dei gamle kirkerekneskapa (kirkestolane), burde gjenstandane også ha vore vegne. Men slikt blir ein først klar over når ein blar opp i kirkestolane etter endt registrering i kirkene.
Men - sjøl om registreringa av enkeltgjenstandane skulle vere utført med meisterskap - står likevel dette spørsmålet att: Har registratoren fått med seg alle gjenstandane? Det er nemlig ikkje slik at alt gammalt sølv i ei kirke er lagra, meir eller mindre pietetsfullt (for ikkje å seie trygt), på éin og samme stad. Ofte finn ein kalk og disk i lag, stundom ikkje, og oblatesker - dersom slike finst - ein annan stad, dvs om ein i gledesrusen over å ha funne ein eldgammal kalk har åndsnærvære nok til å spørre om kor oblateska er... I så fall er det slett ikkje visst at den som har gitt deg tilgjenge til kirka, kjenner svaret. For det gamle kirkesølvet er oftast også gammalt i den tydinga at det er gått ut av bruk, og derfor "ikkje så mykje å bry seg med". Dermed kan ein god registrator ikkje bare nøye seg med å gjøre godt arbeid i høve til kvar enkeltgjenstand han kjem over, men også fare åt som ein slag detektiv andsynes mulig "manglande" gjenstandar - for å oppnå fullstende i registreringa.
Dette er ikkje lett, for spørsmåla som må stillast kan ofte oppfattast som mistenkeliggjørande. Eg er ikkje viss på om eg har vore "frekk" nok slik sett, men når eg ser tilbake på registreringane mine, står dette klart for meg som ein mangel: at eg ikkje har vore meir ihuga når det gjaldt å finne fram til gamle soknebodsett. Slike sett - kalk og disk i miniatyr - finst det trulig nokre fleire av enn dei eg har registrert. At ein lett kan komme til å oversjå denne delen av kirkesølvet, skuldast rett og slett at det oftast er lagra i prestegarden, ikkje i kirka.
KIRKESTOLANE
Riksarkivet har eitt sett kirkestolar for Sunnmøre 1659-1722 med lakune 1665-70 (Rentekammeret, Kirkerekneskap). Statsarkivet i Trondheim har også eit sett kirkestolar for Sunnmøre. Disse tar delvis til 1665 (7 stykke ), 1668 (10), 1672 (4) og 1673 (1). For det som gjeld kirkesølvet bygg eg her på kirkestolane i RA.
Kirkestolane gir oss oppgåver over kirkene sine inntekter og utgifter i, stort sett, treårsbolkar. Inntektene skreiv seg mest fra utleige av jordegods og husdyr (kyr og geiter), kirketiende og andre avgifter samt, men sjeldnare milde gåver. Utgiftene gikk dels til ymse lønningar og hjelpetiltak (som bygging av nye kirker og gjenoppbygging av nedbrente), men mest til vedlikehald av soknekirka, både sjølve bygninga og inventaret. Sunnmøre hadde både stein-, stav- og tømmerkirker på denne tida, og disse trong tilførsler av t.d. kalk, pannesteinar, stavar, stokkar, sperrer og bord. Stundom tok stormen kirketårna, som då måtte byggast opp att, og sprukne eller knuste kirkeklokker måtte spjelkast eller støypast om.
Mykje av dette arbeidet var såpass regelmessig og omfattande at det kunne gi levebrød til visse handverkarslag: først og fremst tømmermenn og snekkarar, men også ein og annan mur- og glassmeister.
Kirkeinventaret - alt fra lysekruner til altertavler, fra messeserk til vindusglass, fra døypefont til kalk og disk - måtte også vølast eller fornyast med jamne mellomrom. Til slikt arbeid trongst messingstøypar, bildehoggar (treskjerar), skildrar (malar), skreddar, glassmeister - og gullsmed.
Sams for dei fleste av inventararbeida var at dei måtte gjørast praktisk talt på staden - i eller ved kirka, der og då - anten fordi gjenstandane var for store eller skjøre til å kunne flyttast, eller fordi dei ikkje kunne vere vekke fra kirka i lengre tid. Dette siste gjaldt særlig dei gjenstandane gullsmeden hadde med å gjøre. Korkje kalk eller disk kunne legge ut på ei kanskje to-tre månadars ferd til Bergen eller Trondheim; slike "heilage kar" måtte alltid vere i kirka, i og med at dei var i bruk nesten kvar einaste heilagdag. Gullsmeden måtte derfor arbeide på staden. (Ingen sunnmørskirker hadde elles, utanom Borgund, dobbelt sett av kalk og disk.)*
I heile tidbolken 1659-1722 (unntatt 6 år) blei det bare utført 13 gullsmedoppdrag for dei 22 kirkesokna i prostiet (23 kirkebygg i alt, av disse 2 kapell, i Geiranger og på Døvingen). Bare 3 av disse oppdraga blei utførte i tidbolken 1659-89 medan heile 8 oppdrag blei utførte 1690-98 og 2 seinare. Bare i 1690-åra kan oppdraga for kirkene ha utgjort noke som likna del av eit levebrød for ein sunnmørsk gullsmed.
Ikkje i noke tilfelle gjaldt oppdraga å lage kirkesølv fra grunnen av. Det var bare tale om ymse vølings- og vedlikehaldsoppdrag, som kravde mindre tid og arbeid, og kasta mindre av seg enn originalarbeid.
Etter kirkestolane 1659-1722 dukka det bare opp to, kanskje tre sett nylaga kirkesølv i denne tidbolken, men slike arbeid kan like gjerne ha vore utførte i Bergen som på Sunnmøre.
Vedlagt kirkestolane for 1687-89 er eit "inventarium" for dei enkelte kirkene som ser ut til å vere sett opp i 1690. Dette er den eldste bevarte, fullstendige kirkeinventarlista for Sunnmøre.
Midt i 1720-åra blei alle kirkene med jordegods utlagt til sal, og på Sunnmøre blei stordelen av dei kjøpte av enkeltpersonar, stort sett embetsmenn, borgarar og proprietærar.
Dei færraste kirkene blei kjøpte av ålmugen i sokna.
I begge tilfelle innebar dette likevel at opplysningane om kirkeinventaret blei mykje ringare enn før. Bare unntaksvis er det bevart kirkestolar fra det følgande hundreåret.
KVA VAR KIRKESØLVET?
Dei såkalte "heilage kar" som fanst i kirkene, var fra først av bare kalk (felleskalk) og disk (også kalt "paten"). Både kalk og disk var utan unntak av sølv i den tida vi har opplysningar fra.
Tidligst kring 1700 fikk somme kirker også oblateske, som først på 1800-tallet ser ut til å vere blitt standardutstyr.
Såkalte soknebodssett (kalk og disk i miniatyr) kan ha vore i bruk fra 1600-tallet. Disse trong ikkje alltid vere gjort av sølv.
Somme kirker eig også sølvskeier, ingen eldre enn fra 1800-tallet. Skeiene kan ha vore brukte til å forsyne altargjengarane med vin fra felleskalken, kanskje for å unngå smittefare. Overgangen fra felleskalk til særkalkar ser stort sett ut til å falle sammen med tæringa si stortid i første tredjedelen av hundreåret vårt.
DEI ENKELTE KIRKENE
VANYLVEN
Etter eit såkalt inventarium (oversyn over lausøyre) fra 1690 for alle kirkene på Sunnmøre, som er vedlagt kirkestolane for åra 1687-89, åtte Vanylven kirke då "1 Forgylt Sølf Kalch och disch paa = 32 ¼ Lod". Etter eit liknande inventarium i kirkestolen 1720-22 åtte kirka samme kirkesølvet. Det er uvisst om dette gamle kirkesølvet enno finst. Etter opplysningar i Riksantikvariatet skal Vanylven kirke ha fått ein ny kalk i 1862.
SYVDE
Etter det samme inventariet for 1690 åtte Syvde kirke "1 Sølf Kalch och Disch paa = 20 Lod". Inventariet for 1720-22 opplyser at kirka åtte kalk og disk av sølv, utan å oppgi vekt. Men i kirkestolen for 1696-98 heiter det: "For en ny Sølf Disch, oc Kalchen at omgiøre, betalt efter Guldsmedens Bevis for Sølf oc Arbeidsløn - 3 Rd 2 Mk."
Dette kan forståast slik at den gamle disken var omstøypt og eventuelt utvida, og at kalken var blitt noke utvida. At ein betalte for sølv (ikkje mykje) i tillegg til arbeidet tyder på at vekta av kirkesølvet må vere auka ein grann.
I samme treårsbolken, 1696-98, hadde elles tre andre sunnmørskirker vitjing av minst éin gullsmed, men helst to. I Ørsta og Hjørundfjord virka ein bergensmeister i 1697, og på Stranda ein anonym gullsmed året før. Om ein av disse eller kanskje jamvel ein tredje gullsmed gjorde arbeidet i Syvde er enno ukjent.
ROVDE
Inventariet 1690 opplyser at Rovde kirke då åtte "1 Sølf forgylt Kalch och disch = 18 Lod". Inventariet fra 1720-22 nemner også forgylt kalk og disk, men utan å oppgi vekta. Kirkestolen har elles ingen opplysningar om vølings- eller fornyingsarbeid på kirkesølvet.
No skal det gamle kirkesølvet vere vekke, og erstatta av eit nytt sett.
SANDE
I 1690 åtte Sande kirke "1 Kalch och disch af sølf = 30 Lod". For 1720-22 oppgir inventariet det samme kirkesølvet.
Etter kirkestolen 1682 blei både kalk og disk omgjorte dette året og tillagte 5 lodd 1½ kvintin sølv. For sølv, forgylling og arbeid fikk den unamngitte gullsmeden utbetalt 4 rd av kirkeverja Mads Frantzen (Kiølholdt) i Sandshamn, borgar av Bergen og rik kremmar, som er foreviga på eit familieportrett som enno heng i Sande kirke.*
Dersom vekta av kirkesølvet 1690 er rett ført må vekta av det eldre kirkesølvet (fram til 1682) ha vore på snautt 25 lodd.
Enno finst ein enkelt utforma alterkalk i Sande kirke (etter foto i Riksantikvariatet), kanskje eit 1600-talls arbeid, og sannsynligvis dreier det seg om den samme som er nemnt ovafor.
HERØY
Inventariet 1690 viser at Herøy kirke åtte "1 forgyldt Sølf Kalch och disch = 30 Lod", og nett det samme er oppgitt i inventariet 1720-22.
Som i mange andre tilfelle treng vi ikkje, som vi skal sjå, ta opplysningane fra 1720-22 heilt bokstavlig, og for Herøy sin del har vi særskilt grunn til å tvile på at tilstanden ikkje endra seg i mannsalderen etter 1690. For i eit minnevers fra 1703 til portrettet av den unge, avlidne borgaren Claus Jacobsen Reimers (1672-1702/3), kremmar i Håkeshamn i Ulstein,[24] heiter det
Huad hand til Herøe=Kirche har leved og ud=gived,
Det nu fuldkommen er, og udi gierning Blived,
Vor Kirchis Sølf og Guld, Stafering og av malning,
viser os alle det, gir derpaa god forklaring.
Med andre ord: Claus Reimers skal ha kosta både nytt kirkesølv og malerisk utsmykking i Herøy kirke, anten medan han levde eller, like gjerne, slik at arvemidlane etter han blei brukte til dette formålet.** Men disse gåvene finn vi ikkje far etter i kirkestolen for Herøy; dette er logisk nok, sidan utgiftene ikkje vedkom kirka sine rekneskap. At heller ikkje dei seinare inventaria avspeglar denne rikdomsauken virkar rart, men det ser ut til å ha vore vanlig praksis bare å kopiere dei eldre inventaria utan omsyn til faktiske kvalitative eller kvantitative endringar i kirka sitt lausøyre. Slike endringar hadde ingen rekneskapsmessige følger for kirka.*
Lagnaden til dette gamle kirkesølvet i Herøy er ukjent.
I dag finn vi også kalk og disk fra laugstida i Herøy kirke. Kanskje blei det gamle kirkesølvet brukt som vyrke då bergensmeisteren Christian Gottlieb Barthold Halvorsen med borgarskap fra 1830 (stempel: CGH) laga det nye settet i året 1847?
ULSTEIN
Sjølve praktstykka mellom sunnmørsk kirkesølv, ein nær 500 år gammal kalk og disk, er enno til i Ulstein kirke, men dette kirkesølvet stammar fra seinmellomalderen og ikkje fra laugstida.
Bare den høge vekta skil det fra andre kirkesølv i inventariet for 1690: "1 forgylt Sølf Kalch och disch = 40 Lod". Det vel 30 år yngre inventariet 1720-22 gir samme opplysning.
Denne kalken og disken var ei gåve til Ulstein kirke fra Inger Erlendsdatter av Losnaætta som var gift med riksråden Arald Kane, som sunnmøringane drap i 1490-åra.
HAREID
Hareid kirke åtte 1690 "1 Sølf Forgylt Kalch och disk" av uoppgitt vekt. Samme opplysning har inventariet fra 1720-22.
Kirkestolen 1690-92 opplyser derimot følgande: "Ladet forferdige Kalchen og ombgiøre dischen sampt den at forgylde, tillagt ½ Quintin Sølf, kostet tillsammen = 1 Rd 5 Mk."
Gullsmeden som utførte dette vesle arbeidet - trulig ei mindre vøling av kalken samt utviding og forgylling av disken - er ikkje namngitt. I samme treårsbolken hadde også tre andre kirker på Sunnmøre utgifter til gullsmedarbeid. Om det var fleire enn éin gullsmed på ferde i dette rennet er ukjent. Gullsmeden som vitja Sunnylven var der i året 1692, og han som virka i Vatne hadde trulig initialane IM (sjå Vatne).
Den gamle kalken til Hareid kirke skal enno finnast, ikkje i kirka, men visstnok på kvileheimen. Eg fann ikkje ut meir enn dette, og veit derfor ikkje om kalken har stempelmerke og/eller innskrifter som kan gi vidare opplysningar. Fotografi av kalken er gjengitt i bygdesoga for Hareid og Ulstein.[25] I eit stykke om Hareid Kyrkje fra 1927-28 skriv elles J Haddal: "Kalk og disk er av sylv, men hev ikkje noko merkje eller årstal, so ein veit ikkje kor gamle dei er. Ved visitats 1832 vart upplyst at kalken hev vorte utvida."[26]
BORGUND
Etter inventariet 1690 åtte Borgund kirke - då den største og flottaste kirka på Sunnmøre - bare "1 Kalch och disk af Sølf forgylt paa ungefehr = 26 Lod". I og med at Borgund hovedsokn var mellom dei mest folkerike i prostiet, og dessutan hadde størst gjennomfart av sjøreisande, virkar det påfallande at kirka ikkje var bedre utstyrt enn som så med kirkesølv. Men held vi oss til inventariet for 1720-22 åtte ikkje Borgund kirke stort meir kirkesølv då enn i 1690, nemlig kalk og disk, innvendig forgylt, på 29 lodd samt eit soknebodsett - kalk og disk av sølv - med uoppgitt vekt.
Ein nærare gjennomgang av kirkestolen viser likevel noke anna. Inventariet 1690-92 opplyser at Borgund då, som einaste kirke på Sunnmøre, åtte 2 sett kirkesølv, nemlig det som er nemnt 1720-22, men også "1 Sølf Kalch og disch, nyelig ombgiort" av uoppgitt vekt samt "1 Liden Sognebuds Kalch af Sølf" ditto.
At inventariet 1720-22 er urett ført går elles fram av ein merknad i inventariet for rekneskapsbolken 1717-19, som lyder: "1 liden Sognebuds Kalch og Disk, er af een ulyckelig hendelse udfaldet af Baaden i Søen."
Soknepresten (Knud Mann eller ettermannen Christian Ruberg) eller ein av kapellanane hadde altså vore så uheldig å miste soknebodsettet på sjøen under båtskyss. Etter kirkestolen fikk ikkje kirka nytt soknebodsett i den følgande rekneskapsbolken. Likevel er det altså rekna med i inventariet.
Av dei to store kirkesølvsetta som var i Borgund kirke både 1690 og 1720-22 finst eitt enno den dag i dag, nemlig det som soknepresten Claus Corneliussen fikk laga, seinast 1622 (jfr kapitlet om gullsmedane Jasper Peppelbom og Tønnes Henriksen). Det andre settet, som kanskje kom til ein gang i tida 1659-89, ser ut til å vere tapt. Borgund kirke brann 13. april 1904, og det einaste av lausøyret som skal ha vore funne igjen etter brannen var to alterlysestakar samt kalk og disk, som det heiter i ein trykksak om Borgund kirke.[27]
Men dette er ikkje rett, i og med at også oblateska fra 1769 overlevde brannen samt ei sølvskei fra 1849 (sjå nedafor). Kor vidt Borgund enno eig soknebodsett fra laugstida har det ikkje lukkast meg å finne ut.
Det eksisterande settet med kirkesølv fra 1600-tallet består av ein innvendig forgylt kalk med fleire stempel og innskrifter og ein ustempla disk utan opphavsmerke. På ytterranda under foten ber kalken innskrifta CLAS CORNILSEN 1622 samt nokre merkelige teikn. Namnet viser tvillaust til givaren, årstallet trulig til givaråret eller, som eg trur, givaren sitt dødsår. På ytterranda på oppsida av foten finst to utydelige stempelmerke som begge viser ein B-liknande figur, utan å vere identiske. Denne synlige plasseringa kan tyde på at vi har å gjøre med stemplet/stempla til kalken sin opphavlige meister. Ettersom herr Claus Corneliussen nok var den som hyste bergensgullsmedane Jasper Peppelbom og Tønnes Henriksen i 1617, er det sannsynlig at ein av dei kan ha vore meister for dette kirkesølvet, i det minste kalken. I alle fall kan det eine stemplet lesast som ei sammendraging av initialane til Jasper Jaspersen Peppelbom, nemlig i utgangsforma JPB (Jasper PeppelBom), der kvar bokstav har sams stamme og bulen i P fell ihop med øvste bulen i B, slik at vi får ein B med J-forma stamme, slik det kan tydast.
Det andre stemplet kan kanskje like gjerne som ein utflytande B tydast som ein ditto D, og vil i så fall kunne vise til ein annan gullsmed. Som kjent virka gullsmeden Didrik Nilssen på Sunnmøre i året 1659, ikkje utrulig på oppdrag av futen Nils Jacobsen Knag som då var kirkeverje i Borgund. I den eldste bevarte kirkestolen, fra 1659-61, finn vi elles prov for at ein gullsmed hadde arbeid i Borgund i denne treårsbolken: "Ladet forferdige Kalcken som var brøstfeldig och var i sønder giffuit = 1 ½ Rdr." Kalken var altså blitt vølt. Dessutan: "Ladet dend igien forgylde, hvortil kom en halff Rosennobel for = 2 Rdr." Ein halv rosenobel (ein gullmynt) var altså gått med til å forgylle kalken på ny.
Gullsmeden er ikkje namngitt, som i kirkestolane seinare, men det er freistande å tenke seg at det var Didrik Nilssen som utførte dette oppdraget, men visse kan vi ikkje vere.
Denne kalken er også vølt minst to gangar seinare etter innskrifter og stempelmerke å dømme. Indre ytterrand på foten er stempla med årstallet 1846, bokstavane IR og ein A i hexagon med seks halvrundingar omkring (Ålesund sitt bystempel på den tida). På randa under foten står innskrifta ISTANDSAT AF IHR og på cupa "Tilhører Borgunds Kirke Anno 1846". Både stemplet IR og initialane IHR viser til gullsmed Johan Herman Krohn Rønneberg som virka i Ålesund seinast fra 1844.
Elles finst innskrifta ISTANDSAT AF J. STAMNÆS 1904 under foten. Dette viser nok til vøling av kalken etter kirkebrannen 1904, utført av gullsmedmeister John Stamnæss i Ålesund.*
Utanom denne gamle kalken og ein like alderdommelig disk, er både ei skei og ei oblateske bevart av det gamle kirkesølvet i Borgund. Skeia er merka med gullsmedstemplet IR (Rønneberg), årsstemplet 49 (1849), lødighetsstemplet 13½ og ein variant av Ålesund sitt bystempel.
Oblateska fra 1769 er ulike meir interessant fordi ho, til no, er det einaste kjente arbeidet etter den opphavlig trondheimske gullsmedmeisteren Simon Henrik Svane som budde på herregarden Molvær i Borgund meir enn tjuge år før han døydde 1783. Stemplet han brukte er ei treblada rose med bokstavane S, H, og S i kvart blad. Eit rundt felt midt på lokket av oblateska ber denne innskrifta: "foræret/ af Borgens/ Kierche Eiere/ 1769"; feltet er omgitt av ein fint siselert akantusbord.
Eigarane av Borgund kirke 1769 var, for den eine halvdelen, madam Charlotte Amalie Møller, enke etter Christopher Olsen Abelset, den styrtrike borgaren og godseigaren på Apalset i Ørskog, som døydde 1764 og då blei rekna som rikaste mann på Sunnmøre.* Dei som åtte andre halvdelen av kirka var ervingane etter ekteparet Birgitte Møller (ei søster av Charlotte Amalie) og Henning Tygesen Castberg, sorenskrivar på Sunnmøre, nemlig Maren Castberg Nærem, prestefrue i Hjørundfjord og Anne Castberg Heide, borgarmadam på Vågneset i Borgund.** Dette var også velstandsfolk.
VIGRA
Roald kirke på Vigra - fra 1800-tallet: Vigra kirke - åtte etter inventariet 1690 "1 Ny Kalch och disch af Sølf paa = 20 Lod, af Claus Nielsen foræret". Inventariet 1720-22 gir samme opplysning.
Dette er eitt av nokre få døme på at sunnmørskirkene enno i andre halvdelen av 1600-tallet fikk "milde gåver" fra privatfolk, vere seg i form av pengerenter, jordegods, kirkefe (kyr/geiter), kirkesølv eller anna inventar. Vi veit ikkje om Roald kirke før denne tid mangla kalk og disk av sølv eller om kirkesølvet var blitt stole eller øydelagt, men identiteten til givaren ser ut til å vere klar: "Claus Nielsen" var det bare éin av på Sunnmøre på denne tida av høvelig stand, nemlig borgaren Claus Nilssen på Slinningen i Borgund, som var stamfar til den vidgreinte borgarætta Svertz (Suerdz, Schwartz etc) på Sunnmøre og, etter Hans Strøm,[28] oppfinnaren av torskegarnet i Norge. Det er denne Claus Nilssen den no nesten forsvunne Klaus Nilssens gate i Ålesund er oppkalt etter, og det var denne mannen borgarane i den snarvaksne ladestaden Ålesund reiste ei minnestøtte over på det eldgamle borgarsetet Slinningen i året 1844, trulig i høve 150-årsminnet for Claus Nilssen sitt dødsår.*
Claus Nilssen var nok mellom dei mest velståande borgarane i Borgund i 1680-åra, men 1690-åra var, for han som så mange andre borgarar, ei dårlig tid. At han kan ha hatt råd til å koste kalk og disk i sølv til Roald kirke ein gang i tidbolken 1687-89 (som uttrykket "ny" må sikte til) er heva over tvil. 20 lodd sølv til ein verdi av 10 rd og arbeidslønn til ein gullsmed for å lage kalk og disk av sølvet, kring 5 rd, var ikkje store utlegget for ein mann som, sjøl som "fattig", var god for ei eige på vel 500 rd.
Siktemålet hans med å forære kirkesølv til Roald kirke ligg likevel i mørke. Dette er den største gåva til ei kirke eg har komme over i tidbolken 1659-1722, og i den grad slike gåver er nemnte i kirkestolane stamma dei som regel anten fra prest eller kirkeverje i mottakarsoknet.** Men Claus Nilssen var ikkje prest og heller ikkje, ulikt mange andre samtidige sunnmørsborgarar, kirkeverje, korkje i Roald eller andre sokn.
Kanskje var det tale om ei gammaldags, "mellomaldersk" votivgåve - ei gåve som tok sikte på, ved Guds mellomkomst, å lege den sjukdommen som Claus Nilssen etter seiande leid av dei siste åra han levde?
Både kalk og disk finst enno i vår tids kirke på Vigra. Begge ber innskrifta "C N S E M D 1688" - kalken på oppsida av foten, disken på undersida av randa. Initialane viser utan tvil til borgarekteparet på Slinningen: Claus Nils Sen og Else Mads Datter.
Kalken manglar stempelmerke, men for éin gangs skuld er disken stempla - med det uvanlig store merket til gullsmedmeister Michel Olsen i Bergen. Etter dette kan begge dei heilage kara vere laga i Bergen.
Vigra kirke eig også ei oblateske i sølv fra 1836, som er ei litt mindre utgåve av den samtidige, men likedanna oblateska i Haram kirke (sjå nedafor). Meisteren for begge eskene er samme mann: Christian Børs i Bergen. Utanom merket CB har oblateska på Vigra denne innskrifta: "Foræret til Roalds Annex af dens forhenværende Sognepræst P W Nicoll 1836".
HARAM (med Fjørtoft kapell)
Etter inventariet 1690 åtte Haram kirke "1 Sølf Kalch og disch = 22 ½ Lod" (1690-92: "24 ½ Lod"). Inventariet for 1720-22 gir omtrent samme opplysning, at kirka åtte kalk og disk av sølv på i alt 24 ½ lodd.
Men noke hadde hendt i mellomtida, i tidbolken 1705-07, då kirkestolen opplyser følgande: "Ladet omgiøre Kalch och disch, som var forliden, dem forbedrit med = 7 Lod Sølf och forgylding, Koster med Arbeidsløn tilsammen efter Guldsmedens Regning - 7 Rd 2 Mk 10 Sk."
Etter dette, nokså store gullsmedarbeidet vog kirkesølvet i Haram sokn vel 31 lodd, men denne vektauken kom ikkje til uttrykk i dei seinare inventaria, like lite som at kirkesølvet var blitt forgylt.
Den vidare lagnaden til dette kirkesølvet er ukjent.
I dag eig Haram kirke eit kirkesølvsett som består av kalk, disk og oblateske - med tredelt opphav.
Kalken ber merket CB og er eit bergensarbeid fra året 1826. Stemplet blei brukt av gullsmedmeister Christian Børs, som tok borgarskap 1814. Disken manglar både stempel og innskrifter utanom det vanlige hjulkorset på kanten. Det ligg nær å tenke seg at dette er den gamle disken (diskane var praktisk talt alltid ustempla) og at kalken fra 1826 er laga av sølvet i den gamle kalken.
Oblateska står for seg sjøl. Etter innskrifta på lokket er ho "Foræret/ til/ Harams Kirke/ af/ dens forhenværende/ Sognepræst/ P W Nicoll/ 1836". Meistermerket er det samme som på kalken, CB, men årsmerket er ti år yngre, 36 (= 1836). Altså dreier det seg også eit arbeid av Christian Børs (som også stempla med merka Børs og CBørs).
Givaren, Philip Wilhelm Nicoll (1774-1838) var son av sokneprest Theodorus Bernhardus Nicoll i Haram, og sjøl sokneprest i Haram etter faren 1813-35.
Utanom soknekirka på Austnes på Haramsøya, hadde Haram også eit kapell, på garden Fjørtoft på øya Fjørtofta lenger nord - ei lita tømmerbygning som bøndene heldt ved like sjølve,[29] og inventaret i dette kapellet er aldri nemnt i kirkestolen for Haram. Etter opplysningar til Riksantikvaren fra Gregor Barman (fødd 1867), son av soknepresten i Haram 1867-89, Ole Barman, åtte Fjørtoft kapell i andre halvdelen av 1800-tallet "1 sølvkalk foræret 1660 av en forlist skipper og en styrmand fra Marstrand". Etter andre opplysningar i Riksantikvariatet skal kalken vere laga 1638, og blitt utvida 1853 utan at forma blei endra. Kanskje finst kalken enno i dagens Fjørtoft kirke.
VATNE
Vatne kirke åtte etter inventariet 1690 "1 Sølf Kalch och disch paa = 19 Lod". Inventariet i kirkestolen 1720-22 nemner også kalk og disk, men utan vekt.
Kirkestolen 1690-92 opplyser følgande: "Ladet ombgiøre den gamle Kalch og disch, huortill er tillagt = 5 Lod ½ Quintin Sølf, har kostet med Arbeidsløn, och Kalch og disch indentill at forgylde = 6 Rd 4 Mk 2 Sk." Etter denne utvidinga skulle kirkesølvet altså vege vel 24 lodd.
Dette må ha vore eit nokså stort arbeid, kanskje stort nok til at gullsmeden - unamngitt som i alle andre kirkestolar - kan ha meint å ha rett til å merke kalken med stemplet sitt. Denne kalken er trulig den samme som enno finst i Vatne kirke. Den tilhøyrande disken manglar, og kirka har heller ikkje noka oblateske, og kalken - eit ganske enkelt arbeid - står aleine igjen med eitt einaste merke etter den mulige opphavsmannen sin, nemlig eit bumerkeaktig stempel: ein I på skrå fra venstre ned til høgre som skjer venstrestammen i ein M. Dette er eit stempelmerke som etter 1600- og 1700-talls skikk viser til ein mann med initialane I og M (til dømes: fornamna Jon, Iver, Jens, Johan, Johannes, Jacob i kombinasjon med farsnamn som Michel, Martinus, Mons eller Magnus).
Merket viser helst til kalken sin opphavsmann eller kanskje til den som ein gang i treårsbolken 1690-92 gjorde om kalken slik at han nesten framsto som ny.
Brukaren av dette stemplet er enno ikkje identifisert.
SKODJE
"Paa den tid," skriv Peder Fylling," da Skotter og Hollændere besøgte Søndmøre, havde de sædvanligst Tilhold ved Langskibsøen. Herfra tog engang en hollandsk Kaptein en tur til Skøyebugten for at røve og plyndre. Han brød ind i Kirken, hvor han bemægtigede sig Alterklæder, Kalk og Disk (Pattel*) m.m."[30]
Denne segna skriv seg fra den hektiske trelasttida på Sunnmøre i mannsaldern kring 1600. Det er rett nok at Langskipsøya (då Langskipsholmen) var største utskipingshamna i lenet. Dersom segna har ei sann kjerne fann dette kirkeranet helst stad før dei eldste sakefallsrekneskapa for Sunnmøre tar til i 1606-07. Disse listene over innkravde bøter opplyser nemlig ikkje noke om eit slikt brotsverk (eller om den følgande sjøltekta).
Fylling skriv vidare: "Men førend hand kunde komme afsted med Kosterne, blev han opdaget af Mændene paa Gaarden og eftersat. De indhentede ham paa Ageren nedenfor Kirken, hvor de uden videre Omstændigheder sloge ham ihjel."
Slik berga skodjekarane kirkesølvet sitt, og åkeren der dei slo hollendaren i hel blei seinare heitande "Skibmanden".
Etter Peder Fylling blei så "Levningerne af en Mandsperson, som havde været begraven uden Kiste" funne under grunnarbeida til nykirka i 1660. Liket hadde "Gangklæder og Sko paa. Det kunde endnu sees, at Manden havde været iført en brun Kappe." Fylling meinte det kunne dreie seg om kirkeranaren.*
I alle fall åtte Skodje kirke etter inventariet 1690 "1 Sølf Kalch och disch paa = 19 Lod". Samme opplysning gir inventariet 1720-22, og i dei mellomliggande kirkerekneskapa finn vi heller ikkje innført noke om vøling eller utviding av kirkesølvet i soknet.
Framleis finst eit gammalt kirkesølv i Skodje - ein kalk med tilhøyrande disk, begge utan innskrifter eller stempelmerke. Dette er trulig det samme som er nemnt kring 1700. Dessutan eig kirka eit nyare kirkesølvsett: kalk, disk og oblateske i einskaplig utforming, laga av éin meister i samme år: TOSTRUP 1860 (Christiania), som stempel og innskrifter viser.
Innskrifta langs foten av kalken fortel korleis kirka blei eigar av dette settet: "Til Skøie Kirke fra Capitain, Ridder Ludvig Daae og Hustru Henrikke Daae." Givarane var Ludvig Daae (1792-1879), kaptein (og fra 1859 riddar av St Olavs orden) og eigar av storgarden Solnør i Skodje, og kona Barbara Henrikke Wind (1800-60).
Elles eig Skodje kirke eit soknebodsett i sølv - kalk og disk - utan stempel eller innskrifter.
ØRSKOG
"1 Sølf Kalch og disch = 31 ½ Lod" var kirkesølvet i Ørskog kirke etter inventariet 1690. Inventariet i kirkestolen 1720-22 viser at kirkesølvet då besto av ein forgylt kalk og disk på i alt 31 lodd.
Framleis ber kalken i Ørskog kirke vektmerket "31 ½", og dette viser at det dreier seg om den samme som er nemnt 1720-22. Trulig er den gamle disken som enno finst også den samme som kirkestolen reknar med kring 1700. Korkje kalk eller disk er stempla, og har heller ingen innskrifter som kan seie noke om kva tid dei blei laga eller kven som ga dei til kirka.
STORDAL
Stordal kirke åtte etter inventariet 1690 "1 Sølf Kalch och Disch = 23 ½ Lod", og det samme kirkesølvet etter inventariet 1720-22. Kirkestolen opplyser elles inkje om vølings- eller utvidingsarbeid i tidbolken 1659-1722.
Det er enno ukjent kva for lagnad dette kirkesølvet fikk.
NORDDAL (med Døvingen kapell)
Inventariet 1690 oppgir kirkesølvet i Dale (Norddal) kirke til "1 forgylt Sølf Kalch och disch" utan å nemne noka vekt. Det vesle kapellet på Døvingen i Valldal åtte samtidig "1 liden Sølf Kalch paa = 13 Lod". Dei samme opplysningane gir inventariet i kirkestolen 1720-22.
Kalken fra Døvingen kapell er trulig den samme som bispen Neumann såg i kapellet på Sylte i 1837, som bar ei innskrift med årstallet 1638 og namnet "H Hans Gaas".[31] Innskrifta viser utan tvil til Herr Hans Claussen Gaas (1599-1644), sokneprest i Borgund 1625-44 og prost over Sunnmøre. Kalken må ha vore ei gåve fra denne geistlige stormannen til det fattige kapellet på Døvingen. Då Sylte kirke i 1863 blei bygd i staden for det kring 60 år gamle kapellet samme stad, kjøpte ein inn "ein ny nattverdskalk for 28 dalar".[32] Kanskje gikk den gamle kalken inn som vyrke for denne nye. Elles finst eit soknebodsett - kalk og disk fra 1700-tallet - men i tinn, visstnok ei gåve fra presten Hvidt kring 1840.
Norddal kirke har framleis det gamle kirkesølvet sitt samt ei oblateske fra 1716, som ikkje er nemnt i inventariet 1720-22.
Kalken har to identiske stempelmerke under kanten på utsida av cupa. Stemplet innheld initialane RK eller RR. Enno er ikkje eigaren av dette stemplet identifisert. Elles er kalken korkje stempla eller utstyrt med innskrifter som kan røpe noke om alder og opphav. Disken er, som skikken for det meste var, ikkje stempla. Ei rektangulær vinflaske av tinn med skrukork finst også i kirka.
Oblateska, som trulig er den eldste bevarte på Sunnmøre, har denne innskrifta på lokket: "Til Guds Ære og Nordals Kirke Altare til Zirat M P=d D = Brandall 1716".* På undersida av botnen er det to identiske stempelmerke som inneheld initialane HIS, men elles ingen andre merke eller innskrifter. Dette stemplet blei brukt av gullsmeden Hans Jørgensen i Bergen; han blei meister 1694 og tok borgarskap 1701.
Identifiseringa av givaren er grei: Margrete Pedersdatter Brandal, datter av herr Peder Rasmussen Brandal, prest i Norddal fra seinast 1666 og i alle fall til 1704, og Magdalena Jørgensdatter (Beyer). Margrete var først gift med faren sin kapellan, Knud Pedersen Harboe, som omkom første pinsedag (15. mai) 1701 på ei sjøreise til Sunnylven for å halde gudsteneste der. I dette ekteskapet hadde Margrete datra Magdalena Harboe som blei gift med presten Stevelin Hanssen Urdahl i Trondheim.
Som enke blei Margrete Brandal så gift, seinast 1703, med den nye kapellanen i Norddal, Magnus Stevelinsen Reutz, presteson fra Luster i Sogn, som 19. oktober 1706 overtok stillinga som residerande kapellan i Norddal (i gjerda sokneprest). I dette ekteskapet hadde ho fire barn som levde opp, og mellom disse var den seinare gullsmeden på Rellingen, Hans Jørgen Reutz.
Skiftet etter Magnus Reutz er dagsett 29. august 1717, men etter innskrifta på oblateska å dømme døydde han trulig året før (geistlige skifte blei ofte haldne årevis etter dødsfallet), i og med at Margrete står aleine som givar.
At oblateska var ei minnegåve, virkar rimelig, og ettersom Margrete Brandal levde enno i mange år, kan oblateska vere gitt til minne om den avlidne ektemannen Magnus Reutz.
Årstallet 1716 i innskrifta er elles ikkje til hinder for at oblateska kan vere laga seinare. Dette tilhøvet føder ein spennande tanke: Kva om den kommande gullsmeden, vesle Hans Jørgen Reutz, fødd 1710, var til stades og såg på at ein fullbefaren gullsmed trylla fram den nydelige oblateska som mora hadde tinga som gåve til kirka i heimbygda?
Av kirkestolen for Sykkylven 1717-19 ser vi at ein gullsmed virka på Sunnmøre i denne treårsbolken, utan tvil Johannes Johannessen Reimers den yngre. Men denne gullsmeden var ikkje meister for oblateska i Norddal, derimot jamaldringen og slektningen, gullsmed Hans Jørgensen (c1673-1745) i Bergen. Kanskje for disse to fagfellane til Sunnmøre i lag?
I alle fall: Det er ikkje umulig at Hans Jørgen Reutz ein gang i 7-9 årsalderen kan han vore storøygd vitne til ein gullsmedmeister i arbeid, og at dette kanskje er forklaringa på at han som fjortenåring blei sett i gullsmedlære i Bergen.
Det er også eit pussig sammenfall mellom namnet til meisteren for oblateska og den seinare sunnmørsgullsmeden: Hans Jørgensen og Hans Jørgen Reutz...
GEIRANGER
Formelt sett var det vesle kirkehuset i Geiranger eit kapell under Norddal, men ulikt dei som sokna til Døvingen kapell hadde folket i Geiranger sjølve tilsynet med gudshuset sitt, og dei førte eigen kirkestol.
Etter inventariet for 1690 åtte Geiranger kapell "1 Liden Sølf forgylt Kalch och disch veyer = 13 ½ Lod". Det samme var tilfelle 1720-22. (Inventariet 1702-04 sette vekta av kirkesølvet til 15 ½ lodd, men dette bygg nok på feil avskrift.)
Fleire opplysningar om dette kirkesølvet har eg ikkje funne. Helst blei det øydelagt under kirkebrannen 1841, men kirkesølvet hadde det med å overleve brannar, så visse kan vi ikkje vere. Etter segna var det einaste som ikkje strauk med under brannen ein gammal messehagl. (Som brannen i Borgund 1904 var også denne kirkebrannen påsett.)
SUNNYLVEN
Inventariet 1690 nemner "1 Sølf Kalch och disch veyer = 13 ½ Lod", og legg så til: "forliden och vferdig". Denne skavanken fikk kirkeverja i Sunnylven, norddalspresten Peder Rasmussen Brandal (også prest for Sunnylven), fjerna snart, for kirkestolen 1690-92 opplyser følgande: "Ladet ombgiøre den brudne Kalch og disch, som var forliden, Huorpaa er bekostet effter Guldsmedens bevis = 10 Rdr 8 Sk".
Dette var eit svært stort arbeid, og soknemugen kosta over halvdelen av det. Inventariet i kirkestolen 1693-95 opplyser såleis: "1 Ny Sølf Kalch oc Disch anno = 1692". Kirkesølvet blei altså rekna som heilt nytt etter vølinga og utvidinga. Den nye vekta er ikkje oppgitt, heller ikkje 1720-22, men det nøyaktige årstallet for arbeidet er for ein gangs skuld nemnt, 1692.
Utanom Sunnylven hadde også sokna Hareid, Borgund og Vatne gullsmedvitjing i treårsbolken 1690-92 - Vatne kirke trulig av ein gullsmed IM - og kanskje var samme mann på ferde alle fire stadane? (Dersom den gamle kalken i Hareid kan oppsporast, og dersom han har stempelmerke og/eller innskrifter vil det vere råd å seie meir om dette.)
Dette kirkesølvet fra 1692 er vekke no. Seinast 1859 blei det erstatta (kanskje omstøypt) av eit nytt, trulig mykje tyngre -kalk og disk - tydelig stempla av S.M.SALVESEN som også sette årsstempel (18 og 59) og lødighetsstempel (13 1/3) på kalken og dertil rita inn vekt og årstall på begge dei heilage kara (kalk: 47 L, 1859; disk: 11 ¼ L, 1859).
På denne tida var bergensaren Lars Martin Salvesen gullsmed i Ålesund, og han stempla arbeida sine L.M.SALVESEN eller bare LMS. Kanskje var det ein slektning av hans - far hans eller ein bror som laga dette kirkesølvet? Faren heitte Salve Muri og er kanskje lik bergensmeisteren Salve Salvesen som tok borgarskap 1827.
Sunnylven kirke eig i dag også ei oblateske, to år yngre enn kalken og disken. Denne er merka med månadsstemplet for juli (7 over M), årsstemplet 61 (1861), gullsmedstemplet T.BØRS, Bergen sitt bystempel samt lødighetsstempel (13 1/3). Dette viser til gullsmedmeister Torbjørn Ludvig Synnestvedt Børs i Bergen, som tok borgarskap 1852, trulig son av bergensmeisteren Christian Børs som laga kirkesølv til Haram 1826 og -36 og oblateske til Roald kirke 1836.
STRANDA
Inventariet 1690 opplyser at Stranda kirke då åtte "1 Sølf Kalch och disch = 24 Lod", og akkurat samme ordlyden har inventariet i kirkestolen 1720-22.
Dette er endå eit døme på at inventaria blei direkte kopierte fra rekneskapsbolk til rekneskapsbolk utan omsyn endringar som hadde funne stad i mellomtida.
For Stranda opplyser nemlig kirkestolen 1696-98: "Ladet omgiøre dend gamble Disk som var forliden, veyede = 5 Lod ½ qvintin, oc tillagt 3 Lod 2 ½ qvintin saa dend nu er vegtig = 8 Lod 3 qvintin, kosted med arbeidsløn - 2 Rd 3 Mk 4 Sk."
Denne vektauken av kirkesølvet, fra 24 til snautt 28 lodd, blir ikkje nemnt i dei seinare inventaria.
Også meir gullsmedarbeid blei kosta på samme tid: "For Kalch oc Disk at forgylde, effter Guldsmedens Bevis = 5 Rd 4 Mk." Heller ikkje denne, nokså kostbare forgyllinga av kirkesølvet er nemnt seinare.
Dette kirkesølvet er bevart den dag i dag. Kalken er forgylt innvendig og manglar stempelmerke, men har ei innskrift rundt foten som lyder DENNE KALCH HØRRER STRANS SOGNE KIERCHE TIL 1651. Årstallet viser nok til det året kalken blei laga. Ettersom han ikkje er stempla kan det tenkast at ein sunnmørsk gullsmed, som vi no ikkje kjenner namnet på, har vore meister for arbeidet.
Disken, som er forgylt på oppsida, er også ustempla, men ulikt dei fleste andre diskar er han utstyrt med innskrift, ei ganske prangande innskrift rundt kanten på oppsida: DENNE DISCH HØRER STRANS KIERCHE PAA SYNMØER TIL ANNO 1696.
Etter dette skulle det vere klart at den unamngitte gullsmeden i kirkestolen 1696-98 var på Stranda i 1696. Som nemnt hadde også tre andre sunnmørskirker gullsmedvitjing i samme tidbolken, Ørsta og Hjørundfjord 1697 samt Syvde. Som vi skal sjå var det trulig ikkje samme mann som utførte alle disse gullsmedarbeida.
Stranda kirke eig også ei oblateske av mykje yngre dato, nemlig fra 1864 med stempelmerket ICB, som viser til gullsmed Ingebrigt B.C. Berentsen i Ålesund.
SYKKYLVEN
Sykkylven kirke åtte etter inventariet 1690 "1 Sølf Kalch och Disch paa = 36 Lod". Akkurat dei samme opplysningane finn vi i inventariet 1720-22, endå det sykkylvske kirkesølvet så seint som i rekneskapsbolken 1717-19 var blitt mykje utvida.
Kirkestolen for den sistnemnte treårsbolken gir oss nemlig følgande opplysning: "Omgiordt Kalck og Disk, og dertil udlagt efter Guldsmedens Reigning = 11 Lod Sølf à = 3 Mk 6 Sk, Arbeids Løn = 4 Rdr, tilsammen - 10 Rdr 1 Mk 2 Sk."
Etter dette arbeidet skulle altså kirkesølvet i Sykkylven vege heile 47 lodd og dermed vere det tyngste kirkesølvsettet av alle på Sunnmøre (trass i at soknet langt fra var det mest folkerike).
Dette kirkesølvet overlevde brannen i 1706, då den gamle stavkirka blei utsett for ein "Uløchelig Tordenild", som kirkestolen opplyser. Seinast 1708 var "een ny Kaarskirche af Tømmerbygning" oppsett til ein kostnad av snautt 491 rd, og i denne nykirka kom det gamle kirkesølvet atter i bruk, som det var til 1883 då Sykkylven sokn sette opp ny kirke på den gamle kirkestaden, Aure. I denne nær hundre år gamle kirka registrerte og fotograferte eg dette kirkesølvet i 1980.
Snautt to år seinare var det atter kirkebrann i Sykkylven, 2. februar 1982. Etter det eg først fikk vite etter brannen skulle kirkesølvet vere berga, men no ser det ut til at denne opplysninga bare gjaldt det nye kirkesølvet (særkalkar osv).
Det eg fann i 1980 var følgande: Kalk og disk, kalken innvendig forgylt, begge merka med samme stempel, men stemplet på kalken meir utydelig enn stemplet på disken. Dette stemplet innheldt, utanom initialane (J)sR også årstallet 1703 under bokstavane. Det er ingen tvil om at brukaren av dette stemplet var gullsmedmeister Johannes Johannessen Reimers i Bergen, men om det var faren, den eldre (1644-1722), eller sonen, den yngre (1674-1725), av samme namn som stempla sykkylvssølvet med merket sitt, er enno uvisst.
Men dette er visst: Korkje senior eller junior Reimers kan ha stempla kirkesølvet som opphavsmann. Årstallet 1703 i stemplet hindrar dette i å kunne vere tilfelle. Dette stemplet må derimot ha vore brukt av gullsmeden som utførte den omfattande omgjøringa av kirkesølvet i tidbolken 1717-19. At det var sonen, då 43-45 år gammal, heller enn faren, 73-75 år gammal, som sto for arbeidet, virkar rimelig, men treng ikkje vere tilfelle. Mang ein mann midt i 70-åra er spretten nok til å kunne fare dei 30, "store og farlige" gamle mila fra Bergen til Sunnmøre sommarsdag ombord i ei stødig sunnmørsjekt. Eg vil likevel halde ein knapp på at det var Johannes Johannessen Reimers den yngre som la ut på denne ferda.
Utanom dette settet av samhøyrande kalk og disk fann eg også ei fin oblateske i Sykkylven kirke. Denne hadde eit eineståande skyvelokk og var pryda med to våpenskjold på framsida, eitt med korslagte sverd og eitt med ein halv hjort. Skjolda viser helst til givarane av oblateska. Undersida var stempla med eit gullsmedmerke som eg, kanskje som den aller første i ettertida, både såg og samtidig var i stand til å tilskrive ein viss, namngitt gullsmed: Eit hjerte med tre bokstavar i, nemlig HIR - H i venstre, I i høgre halvrunding og R under, over hjertespissen.
Eg var ikkje i tvil. Dette var stemplet til den til då (dvs 1980) praktisk talt einaste kjente, faglærte sunnmørsgullsmeden før byen Ålesund fikk sine første gullsmedar i 1840-åra: dette var stemplet til Hans Jørgen Reutz på Rellingen i Norddal, som budde og virka på Sunnmøre tre tiår midt på 1700-tallet.
Denne førebelsvissa blei heldigvis ikkje svekka då eg fikk høve til å undersøke om andre norske gullsmedar på 1700-tallet kunne ha brukt eit slikt stempel: Ingen gullsmed med initialane HIR korkje i Bergen eller Trondheim! Heller ikkje i andre byar, etter det vi veit.
Dermed skulle det første og einaste kjente arbeidet av Hans Jørgen Reutz vere oppdaga. Seinare er eitt eller eit par andre arbeid stempla med dette merket registrerte, men oblateska i Sykkylven - det finaste og førstkjente av arbeida hans - skal visstnok vere gått til grunne.
Når det gjeld dateringa av oblateska kan ein ta utgangspunkt i dei to våpenskjolda, som utan tvil viser til ekteparet Nils de Mechlenburg (våpen: korslagte sverd) og Sebastiane Hiort (våpen: halv hjort) som kom i ekteskap 1748 og som seinast fra denne tid var busett på Klokkehaug i Sykkylven (skøytet tinglyst 1745). Mechlenburg var kaptein og sjef for Nordre Søndmørske landvernkompani og dreiv samtidig kremmarnæring på Klokkehaug. Kona var datter av den styrtrike prelaten Hans Jacob Hiort, sokneprest i Ørskog og prost over Sunnmøre. Ved arv fra mostermannen, major Rømer på Klokkehaug,* var Mechlenburg blitt eigar av kirka og kirkegodset i Sykkylven, og dette er vel bakgrunnen for at han og kona ga oblateske til kirka.
HJØRUNDFJORD
Etter inventariet 1690 åtte Hjørundfjord kirke "1 Sølf Kalch og disch" utan oppgitt vekt. Vel 30 år seinare, i inventariet 1720-22, heiter det at kirka eig kalk og disk, forgylte, med ei samla vekt på 40 ½ lodd.
Kirkestolen 1678-79 opplyser følgande: "Ladet ombstøbe Kalch och disch som var bruden och forliden, der till lagt = 10 Lod Sølff, Kosted tillsammen med Arbeedsløn - 8 Rdr."
Kalken og disken i 1690 var altså kring tolv år gamle gjenstandar, nylaga med eit eldre kirkesølv og 10 lodd nytt sølv som vyrke. Etter oppgåver i kirkestolen 1696-98 kan vi rekne ut kor mykje det gamle kirkesølvet i soknet vog før det blei utvida 1678-79, nemlig 16 lodd. Opplysningane er som følger:
"Ladet omgiøre Kirchens Kalch og Disch, som var forliden, dertil lagt efter bevis = 14 ½ lod Sølf, kosted med Arbeidsløn - 11 Rd 3 Mk 12 Sk."
Denne store utvidinga av kirkesølvet tyder trulig, tilliks med den som fann stad snautt tjuge år før, på ein stor folkeauke i Hjørundfjord. I løpet av denne tidbolken gikk nemlig kirkesølvet opp i vekt fra kanskje bare 16 til vel 40 lodd.
Kirkestolen 1696-98 legg så til: "Forgyldingen er forærit af Sognepresten Hr Jens Pedersens Hustru", og oppgir vekta av det forgylte kirkesølvet til 40 ½ lodd.
Den gamle kalken, men ikkje disken, er enno i kirka på Sæbø. Kalken har to stempelmerke, nemlig initialane JR og ein B med krone over, som var Bergen sitt bystempel, i ymse utformingar, på heile 1600-tallet.
Både gullsmedstemplet og dateringa av dette arbeidet viser at det var Johannes Johannessen Reimers den eldre, gullsmedmeister i Bergen, som vitja både Hjørundfjord og Ørsta (sjå nedafor) i, som ei innskrift i kalken viser, året 1697.
Innskrifta lyder: "Giort af Ny Ao 1697." Og dessutan at forgyllinga er "foræret af Anne Jacobs Datter Bandzbil", som var andrekona til presten Jens Pedersen (Aalborg) i Hjørundfjord, og mor til den segnomspunne presten Jacob Bantzbil.
Då kirka i Hjørundfjord "i Aaret 1735 fristede sin tredie Ødelæggelse af Fjeldskred," skriv Peder Fylling, "kom ogsaa Alterkalken saavidt til Skade, at den maatte repareres..."
Denne kalken i Hjørundfjord kirke er nesten i eitt og alt ein tvilling av kalken i Ørsta, som har samme stempel og meister som hjørundfjordskalken. Men ulikt ørstakalken har kalken på Sæbø vunne eit ry mykje utanom det vanlige:
Vølinga i 1735 førte nemlig til at kalken, held Fylling fram, "tabte, mener man, sin underbare Kraft, til stor ulykke for Omegnens Almue, især da ogsaa Hr. Jakob allerede da var gaaet til sin sidste Hvile."
Jacob Jenssen Bantzbil (1672-1732) var kapellan hos faren Jens Pedersen (Aalborg) fra 1693, og fra 1696 til han døydde såkalt residerande kapellan i Hjørundfjord (sokneprest). Herr Jacob overtok også ombodet som kirkeverje etter faren 1696, så det er rimelig at herr Jens døydde 1695/-96 (og ikkje 1705, som det heiter hos Lampe og andre). At andrekona til herr Jens, Anne Jacobsdtr Bantzbil, står som einegivar av forgyllinga i 1697, peiker i samme lei; dessutan tyder det på at gullet kan ha vore ei minnegåve over herr Jens.
ØRSTA
Inventariet 1690 skildrar kirkesølvet i Ørsta slik: "1 Sølf Kalch og disch = 23 Lod." Nett det samme opplyser inventariet for 1720-22.
Men også i dette soknet var noke hendt i mellomtida, som kirkestolen 1696-98 melder: "Ladet omgiøre Kalch oc Disch som var forliden, derfor med tillagde Sølf oc Arbeidsløn - 7 Rd 3 Mk 4 Sk."
Denne kalken finst framleis - disken er vekkommen - og er, som nemnt, nesten identisk med kalken i Hjørundfjord. Kalken i Ørsta har elles samme stempelmerke som kalken i nabosoknet, og det er ikkje for dristig å gå ut fra at Johannes Johannessen Reimers den eldre utførte arbeidet med begge kalkane samtidig, nemlig i året 1697. Det er likeeins sannsynlig at gullsmeden som virka på Stranda året før, 1696, og som ikkje stempla arbeidet sitt, var ein annan enn Reimers - kanskje ein lokal, sunnmørsk gullsmed.
Kven gullsmeden som arbeidde i Syvde sokn samtidig (1696-98) var, er enno eit ope spørsmål.
Kalken i Ørsta har elles ei pussig innskrift, som lyder: "Ørsta Kyrkje Anno 1750". Vel var Ivar Aasen ørsting, men at dei skreiv nynorsk i bygda allereie på besteforeldra hans si tid, ville ha vore oppsiktsvekkande.
Trulig er innskrifta resultat av eit forsøk på å datere kalken på grunnlag av t.d. bevarte kirkerekneskap fra midten av 1700-tallet, då kirka var i privat eige. Kanskje blei kalken vølt eller utvida 1750, og så er dette blitt oppfatta som opphavsåret. Innskrifta kan også vere sett i staden for t.d. ei nedslitt og nesten uleselig innskrift.
VOLDA
Etter inventariet 1690 åtte Volda sokn då det mest vektige enkeltsettet med kirkesølv (kalk og disk) på Sunnmøre utanom Ulstein, nemlig "1 Kalch og Disch af Sølf forgyldt = 40 Lod". Inventariet 1720-22 reknar opp samme kirkesølvet.
Seinare, uvisst kva tid, men trulig på 1700-tallet, kom det til ei oblateske, etter opplysningar i Riksantikvariatet. Alt dette kirkesølvet skal ha stroke med i kirkebrannen 1929.
Eller nesten alt, for i Volda prestegard finst eit soknebodsett i sølv, kalk og disk, trulig fra kring 1850. Meister for dette vesle kirkesølvet var gullsmed Johan Herman Rønneberg i Ålesund. Det er stempla med meistermerket IR, lødighetsmerket 13 1/3 og Ålesund sitt bymerke fra denne tida, ein A i hexagon med ein halvrunding på kvar av sidene.
* Foreldre og
eventuelle søsken samt farbroren Michel Anderssen Grot, kremmar på Borgarøya i
Ulstein, og Anders Grot (trulig eit søskenbarn), kremmar på Flåvær i Herøy. Det
budde også Grot-folk på Folkestad i Volda på denne tida.
* Formyndarane var
rådmann Magnus Schiødt i Bergen, borgar Adam Jalles sst, borgar Adam Reutz i
Sogn og kaptein Søren Lem i Lyster.
** Søstra, enno
ugift, blir titulert "Ædle Jomfrue", og den eldre halvsøstra deira
(Magdalene Knudsdatter Harboe) var enke etter presten Stevelin Urdahl.
* Hans Strøm,
Søndmørs Beskrivelse II, s ..., skriv om Borgund kirke: "Ved Chorets ¥stre
Ende er opføret et skiønt muret Gravsted, bekostet af en Handelsmand her paa
Stedet, nemlig Niels Stokberg, som i Dreie- og Billedhugger-Konsten var
heel erfaren."
** Sabbatsforordninga
1735, som innførte tvungen kirkegang, kan ha utløyst utvandringa (konventikkelplakaten
1741 vidareførte politikken). Eitt av barna, Susanna, "reiste fra Herrnhudt
til Pensilvanien i Vestindien, var gift med en student og kiøbmandssøn fra
Stockholm i Sverrig...siden præst i bem.te Vestindien kaldes Nye England, de
ere begge for 3 à 4 aar siden ved døden afgaaen", som broren Lauritz
Stochberg på Sør Herøy, Helgeland, opplyste 1762. Vi har her å gjøre med den
kanskje aller tidligste utvandringa fra Norge til Amerika.
* Ein Henrik Svane i
Finnmark, far til Jacob Henriksen, kan også ha vore far til Morten Svane i
Meldal, som utanom sonen Hans også kan ha hatt (den eldre) sonen Simon
Henrik...
* Då Anna Svane sin
verbror, kremmaren Hans Nilssen Løeg på borgarsetet Valderhaugstrand, i 1748
blei gift med kremmardatra Maren Carina Hafnen fann også vigselen stad
"hiemme i huset i Hafnen", eit gammalt borgarsete på Sula i Borgund.
** Datter av Anna
Svane og Severin Løeg, gift i Borgund 1771 (i huset på Molvær!) med Jens Brinch
Pols, då handelsforvaltar på Grimmergård i Ålesund for William Leslie, seinare
kremmar på Stordalsholmen og gjestgivar på Vinje i Stordalen.
*** Wolff (1747-1839,
huslærar hos Falch 1768-82, blei 1783 gift med Anne Margrete Ulricha Svertz
(1750-1825), ei kremmardatter fra Tyskholmen. At han først kom i prestekall
1782 (pers. kap. i Kvinnherad) tyder på at han fikk svi for maskepiet sitt med
jomfru Svane.
* Ein
"utreiar" lånte fiskaren dei varene han trong for å drive fiske
(varekreditt, "på borg"), som regel mot at fiskaren forplikta seg
til å betale skulda med fiskevarer, og oftast også å levere all fisken sin til
kreditoren, "borgaren".
* Dette siktar til
Peder Elias Rønneberg som døydde 1830; huslyden var då flytta fra Giskegard til
Nørvasundet.
* Salve Salvesen
gikk i lære hos Søren Hammer i Bergen 1817-22 og tok borgarskap som
"Frimester i Guldsmedprofessionen" 1827. 1838 tok han tillike
borgarskap som "Herbergerer og Trakteur": krovert. (BGL, s 290).
* Ikkje utrulig son
av feiarmeister Knut A Haagensen, og dermed ein eldre bror av fotografmeister
Herman J Haagensen (1855-1937) som sette melodi til Krf Randers sin
ålesundssang. Om det blei gullsmed av Haagensen er ikkje kjent.
** Prokurator, ex.
jur. Andreas Mathias Sanne (1809-92) var kjøpstaden Ålesund sin første
ordførar, tingmann for Ålesund og Molde samt pott og panne i det ålesundske
samfunnslivet eit halvt hundreår fra han kom til byen 1844. Han var både
historisk interessert og, trass i rikdommen sin, venstremann.
* Johan Daniel
Widsteen gikk 1798-1805 i lære hos gullsmedmeister Peter Michael Blytt i
Bergen, som han også sto meisteråret hos 1810-11. Han tok borgarskap i Bergen
1812, men flytta seinare til Nordfjord, der han heldt fram i faget sitt. (BGL,
s 279).
*
"Guldsmedsvend" Jonas Jonassen Brandsæg, 21 år gammal (dvs fødd 1845)
fra Kristiansund og "Guldsmeddreng" Oluf Martin Nilsen, 15 år gammal
(fødd 1851) fra Bergen.
* På 1800-tallet,
særlig i andre halvdelen av hundreåret, blei ei rekke nye kirker og kapell
reiste på nye stadar, og gamle kirker blei i stor mon anten mykje utvida eller,
oftast, revne og erstatta av nye, større bygg på samme tomta. Dersom den gamle
kirkestaden ikkje lenger blei rekna som høvelig, kunne nykirka førast opp ein
annan stad, slik det skjedde i Herøy. Mykje av det gamle inventaret leid stor
skade under disse omskifta. Av det som klarte seg best var det gamle
kirkesølvet, ser det ut til.
* Førstekonservator
Jorunn Fossberg, Norsk Folkemuseum, som er ein gullsmedhistorisk autoritet
meiner at kirkesølvet blei sendt av garde for vøling. Dette kan godt ha vore
tilfelle på Austlandet, der byane låg tett, men eg kan ikkje godta ei
ålmenngjøring av denne påstanden. Den som vil hevde at kirkesølvet kunne vere
vekke på månads- og halvårslange byferder på 1600- og 1700-tallet må påta seg
børa med å prove dette. Nattverden var ikkje berre innstifta i himmelske lover
men også i verdslige.
* Etter kirkestolen
1678-79 arbeidde bergensmeisteren Caspar Skildrer i Sande kirke heile fem
uker eitt av disse åra, då han fikk utbetalt 50 rd for "at Staffere
Alter-taflen med Maling och forgylding". Samtidig må kirkeverja Mads
Frantzen ha nytta høvet til å la seg og familien avbilde av den dugelige
skildraren. Det livaktige og usminka portrettet er gjengitt i Det norske Folks
Liv og Historie V, s 48 (Oslo 1930).
** Claus var son av
borgaren Jacob Claussen Reimers i Kjeldsund (1644-74c) og Trine Nilsdtr
(1645-1707), søster av borgaren Claus Nilssen (sjå Vigra kirke); Trine blei
gift på ny med borgaren Jens Rasmussen Lund (1643-1720) i Kjeldsund. Claus
Jacobsen Reimers tok borgarskap i Bergen 1698 og handla trulig fra den tid i
Håkeshamn, der han sist er nemnt 1701. Han var ugift og barnlaus og er ikkje
lik samnemningen Claus Reimers i Bergen som var far til trondheimsgullsmeden
Jens Jacob Reimers. Jfr kapitlet om Jan Dischingtun Berle.
* Kirkestolen for
Herøy 1680-81 fører t.d. til utgift 40 rd som var "betalt Casper Schildrer
for Alter=tafflen at mahle och staffere med Maling og forgylding" (i
1676 eller -77), eit arbeid prosten hadde pålagt kirkeverja å få utført. Då
Claus Reimers 25 år seinare mest trulig kosta m.a. oppfriskinga av denne
utsmykkinga blei ikkje dette nemnt i kirkestolen.
* Det er neppe
gullsmeden sjøl som har rita innskrifta, i og med at han konsekvent skreiv
namnet sitt "Stamnæss".
* Gullsmeden Hans
Jørgen Reutz på Rellingen i Norddal skreiv sørgedikt over denne matadoren. På
skiftet etter enka hans, madam Charlotte Amalie Abelset, 1775 blei aktiva sette
til 14.488 rd og passiva til snautt 5.463 rd. Nettoen, vel 9.000 rd, er
imponerande nok i seg sjøl, men trulig var buet blitt mykje forringa i dei
10-11 åra sidan Christopher Abelset døydde.
** Å eige ei kirke
innebar på eine sida retten til visse inntekter av kirka som institusjon
(kirketiende) og som godseigar (bygsel og landskyld av kirkegodset). På hi
sida plikta kirkeeigaren å halde kirkehuset i stand. Verdien av kirkegods og
tiendrettar kunne nå store høgder, som Borgund kirke kan stå som døme på: Då
eigarane selde kirka til ålmugen 1776 laut kjøparane ut med heile 5548 rd
(tingbok 1777).
* Claus Nilssen var
son av Nils Jenssen, borgar av Bergen og kremmar på Vågnesholmen (Nilsholmen,
Fransholmen) i Borgund, og Mein Clausdatter, trulig av ei ætt Svertz. Seinast
fra 1675 budde Claus som kremmar på Slinningen. Han var gift med Else
Madsdatter (Alstrup) (c1653-1713), datter av Mads Povelsen Alstrup, prest i
Norddal, og (Margrete) ei datter av sunnmørsprosten og soknepresten i Borgund
Hans Claussen Gaas.