Bjørn Jonson Dale:

 

 

EIT "NYTT" SUNNMØRSDIPLOM FRÅ HØGMELLOMALDEREN?

 

Skøytet på Rise, dagsett "Sævarbø" 25. april 1341

 

 

Innleiing

I verket Diplomatarium Norvegicum har ein sidan midt på 1800-talet prøvd å prente alle kjende norske og norgesrelaterte mellomalderdokument. Band XXII er no nær ferdig, men enno vil mange tiår gå før diplomatariet er fullført.

  I eit par års tid har Diplomatarium Norvegicum lege ute på internett (banda til og med XXI) og det har vore råd å søke i heile tilfanget. Sidan verket manglar eit hovudregister, har søkefunksjonane utgjort eit kjærkome historisk verkty. Ikkje uventa har denne nye inngangen til diplomatariet også ført til omvurderingar av opphavet til ein del dokument med omsyn til omtala stader og personar. Døme:

 

Mattiskyrkja i Borgund og Liadal

For Sunnmøre sin del kan eg nemne dokumenta 11 og 12 i band XVIII, som er frå 1331 (med spørjeteikn) og gjeld "Mathios kirkia j Borghund" og ein gard "Lyardal"; utgivarane legg til at dokumenta gjaldt kyrkja i Borgund i Lærdal og at "Lyardal" skulle vere Lærdal i Sogn.

  Dette er urett. Borgundkyrkja i Lærdal var ikkje vigd til Sankt Matias men til Sankt Andreas, og namnet Lærdal vart då skrive "Læradali", "Læradall" og "Læradale".

  Dermed må dokumenta gjelde den Mattiskyrkja i (kaupstaden) Borgund på Sunnmøre, som vi veit fanst, og namnet "Lyardal" kan snautt vise til noke anna enn garden Liadal i Ørsta.

 

Rise og Sæbø anno 1341

I band XVI (dok 6) finn vi eit brev utferda 25. april 1341 i prestestova på "Sæuarbø" som gjaldt sal av ein del av garden "Risum" ("Rise" i dativ). I samandraget over brevteksten skriv utgivarane at namna viser til "Sævarbø (Hjelmeland)" og "Rise (Rennesø)", dvs stader i Rogaland. Brevet sjølv nemner ikkje kva for sokn eller gjeld "Rise" låg i (klammeopplysningane er tilføygde av utgivarane). Dette omstendet er meir enn merkeleg dersom brevet vart utferda i eit anna sokn enn det som garden tilhøyrde.

  Slutninga vert då at "Rise" låg i same soknet som den nemnde prestestova. Berre i eitt norsk kyrkjesokn finn me både "Rise" og "Sævarbø", nemleg i Hjørundfjord på Sunnmøre; Rise og Sæbø er jamvel grannegardar...

 

Den "manglande" sunnmørssoga

I heile Diplomatarium Norvegicum finn ein berre ein handfull brev som gjeld Sunnmøre før 1350 (utanom ein god del dokument som gjaldt giskeherrane samt breva om Mattiskyrkja i Borgund og garden "Lyardal"); det eldste ikkje eldre enn 1324 (eller i vissa 1298). I høve til andre av den tids "fylke" har Sunnmøre sørgeleg lite dokumenttilfang frå høgmellomalderen.

  Det er såleis tale om ein "historisk sensasjon" at vi no kan knyte eit brev frå 1341 til Sunnmøre. Æra for dette skal den sogehuga ulsteinvikingen Leiv M Apelseth ha: han har utnytta alle søkefunksjonane til diplomdatabasen på internett; han har elles "funne" ein del andre, yngre dokument med stor relevans for sunnmørssoga.

  Det, til no, svært sparsame dokumenttilfanget frå sunnmørsk høgmellomalder opplever med dette ein vokster som kanskje vert avgjerande for den vidare forståinga av sunnmørssoga.

 

Og eit visst "overtak" likevel

Med Sunnmørsættleggen, truleg oppsett kring 1350, har Sunnmøre likevel eit kjeldetilfang som er eineståande i Norge: einaste "ættesagaen" frå høg- og tidleg mellomalder utanom kongesogene og Arnungatal (for Giskeætta). Sunnmørsættleggen reknar t.d opp ættebanda mellom valldalshovdingen "Bruse på Muri" kring 1030, velkjend frå soga om Olaf Digre, og folk som levde på Sunnmøre meir enn 300 år seinare!

  Som kjeldeskrift har Sunnmørsættleggen tvillaust hatt ein "vanlagnad", i og med at historikarane frå midt på 1800-talet (sidan Gustav Storm) og lenge utetter meir har sett han som eit "skryteskrift" enn eit forsøk på å påpeike eldgamal, for ikkje å seie hauggamal odel.

  Men Sunnmørsættleggen inneheld lite "skryt" (påvising av samband med samtidige og eldre stormannsætter), derimot ei rekke anetavler som skal godtgjere etterkomarane sin odel til ymse godssamlingar på Sunnmøre og i Nordfjord, truleg nokre i Romsdal med. 

 

Sæbø og Rise 1341 - på Sunnmøre?

Heilt viss kan ein aldri vere, og ein lyt la tvilen rå med omsyn til det geografiske opphavet til dokumentet "DN XVI 6"; like lite som utgivarane veit eg kor dokumentet hadde vore og fare før det etter nær 600 års tid kom på prent. (Dette treng ikkje vere avgjerande: Eitt av dei mest særmerkte dokumenta i sunnmørssoga, om den 1571 gjenrydde øydegarden "Nørvesæter" - mest truleg galdt det grunneiga til Innomsundet i Ålesund, kom for dagen i Stadsbygd prestegard kring 1900!)

  Heller ikkje andre konkrete opplysningar i dokumentet ser ut til å gjere det meir "sunnmørsk" enn det som skriv seg frå  stadnamna "Sævarbø" og "Risum" og at desse namna fanst i same soknet eller skipreideet.

  Språkhistorisk kan det også vere tvil om ein vår tids gard "Rise" kan ha vore kalla "Risum" (dativ) i mellomalderen (i og med at "Rise" sjølv kan ha vore ei dativform). Derimot kjenner vi fleire andre tilfelle av slik "dobbeldativ" (t.d "Aurum").

 

Men korfor ikkje?

Likevel treng ein ikkje tvile på at Hjørundfjord skipreide og sokn er den mest aktuelle lokaliseringa av desse gardane. Men ho er ikkje rett av den grunn, berre "mest sannsynleg rett" og i vissa "mest truleg rett". Derfor må dokumentet reknast til sunnnmørssoga. Det ville vere haudelaust å ikkje ikkje gjere det, men like haudelaust å gjere det ukritisk.

 

Innhaldet i dokumentet

To prestar, Nikolas Jonson og Jon Andresson, samt lekmannen Sigurd Nikolasson var 25. april 1341 til stades i prestestova på "Sæuarbø" for å stadfeste at Joan Bonde Kolbjørnson denne dagen fekk skøyte på 3 månadsmatleiger i Rise av tre brør og ei søster, og at han ga dei 7 laupar smør og 20 mæler korn for dette. Søskena hans var Ogmund på Rise, Halstein, Martin og Sesilie. Etter denne handelen åtte Joan Kolbjørnson heile Rise med (mi omsetjing) "tun og tufter og dei hus som sto utan- og innangards med alle lutar og lunnender som ligg og låg til garden frå gamle og nye tider".

  Av skøytet går det fram at Joan Bonde Kolbjørnson før hadde kjøpt 4 månadsmatleiger i garden av broren Ogmund, og at han etter den siste jordhandelen åtte heile garden. Eiga hans i Rise var dermed minst 7 månadsmatleiger, men ein kan rekne med at ho må ha vore noke større, i og med at Joan Bonde sjølv kan ha ått noke i garden før.