KORT
OM HUSTRU MAGDALENA
Magdalena Tørrisdatter var fødd kring 1515, og var
av lågadel både på fars- og morssida.
Magdalena var først gift med Litle-Jon (Tomasson)
fra Orknøyane (av ei ætt Randall), kjøpmann i Bergen og éin av byen sine to
første borgarmeistrar.
Då Litle-Jon døde dreiv Magdalena handelen vidare
til 1568, då ho ekta sunnmørsfuten Hans Laurensson, som døde 1570. Magdalena
heldt då fram som kjøpmann.
Med Litle-Jon hadde
Magdalena sønene Tomas og Carsten, som begge slo seg ned på Sunnmøre, Tomas i
Spjelkavik og Carsten på Fyrde i Volda. Magdalena må også ha hatt ei datter som
var gift med giskefuten Jens Nilsson, som endte sine dagar på Gjelstein i
Romsdal.
Carsten Jonson Randall til
Fyrde har stor etterslekt, ja, så stor at ein kan seie at nær "halve
Sunnmøre" ættar fra han og den lågadelige kona hans, Maren Jørgensdatter.
Jens Nilsson ser også ut til å ha mykje etterslekt i Romsdal. Tomas Jonson til
Spjelkavik hadde nok også kone og barn, men etterslekta er ikkje kjent; kanskje
var han far til nordmørsfuten Jens Tomasson Kiempe?
Bjørn Jonson Dale:
Hustru Magdalena - sunnmøringane si adelige
stammor?
Den norske adelen kom vekk på 1500-tallet, ja, døde ut, heiter det om
denne høge standen som ikkje klarte å berge det norske sjølstendet fordi han
var for veik - eller blei så veik fordi sjølstendet gikk tapt..?
Såpass er visst: Enno sist på 1500-tallet
sto adelen ved lag som stand i Norge, trass i at "sjølstendet" hadde
vore ein nullitet eit par mannsaldrar og trulig lenger med.
Adelen i Norge ved utgangen av mellomalderen - kring 1540 - var like
"skandinavisk" som "norsk", som han hadde vore svært lenge,
og heldt fram med å vere.
For adel hadde vi, både sist på 1500-tallet og i 150-200 år utetter:
Standen besto, sjøl om både standsnamn og standsnemningar etterkvart blei
vekke.
ADELEN
For vel 400 år sidan blei samfunnet oppfatta
som tredelt - i adel, borgar-/embetsstand og bønder. Tredelinga var langt fra
så absolutt som ho kom til å bli; det var glidande overgangar både mellom
stendene og mellom undergruppene. Systemet var korkje heilt hierarkisk eller
diskriminerande. Giftarmål skjedde støtt over standsgrensene, og søner
kunne både stige opp og ned i høve til faren sin stand.
Adelen var også delt, i høgadel og lågadel - riddarar/herrar og
væpnarar/sveinar - der høgadelen var liten, rik og oftast danskætta, lågadelen
mykje større, fattigare og av norskare opphav.
Fra 1582, med dei nye adelsprivilegia, blei standen slutta: Adelige
kunne no bare gifte seg med adelige, ellers gikk adelskapet tapt. Dermed var
det snart ute med lågadelen. Utan tilsig fra andre stender - særlig av borgarlig
rikdom - var ikkje den mest norske delen av adelen lenger liv laga. Derimot var
det duka for ein ny adel av gammal høgadel og nyrik kjøpeadel.
ADELEN PÅ SUNNMØRE
Ved arvehyllinga 1582 møtte bare éin
adelsmann fra Sunnmøre: Tomas Jonson (Randall) til Spjelkavik. Sidan Tomas blei
rekna som adelig då, kan vi rekne bror hans, Carsten Jonsen Randall til Fyrde,
som adelig med; det gjorde i alle fall Carsten sjøl når han skreiv seg
"til" Fyrde (i Austefjorden). Dessutan var Carsten adelig gift.
Disse brørne var søner av Magdalena Tørrisdatter som bar den lågadelige
konenemninga "hustru", som flytta fra Bergen til Sunnmøre 1568, og
som enno levde 1592. Utanom hustru Magdalena budde kanskje eit par andre
lågadelsdamer på Sunnmøre då, som kona til borgundpresten Oluf Nilsson Tibi,
Gjertrud Anfinnsdatter Soop. Herøypresten Erik Knutson kan også ha vore av
lågadel, i og med at døtrene hans kaltest "hustru" (Maren og Karen,
begge gifte med borgundpresten Claus Corneliussen).
INGEN HØGADEL
Høgadel hadde ikkje Sunnmøre hatt sidan
giskeætta "flytta" kring 1500, men sjølsagt var Giskegodseigaren, fru
Gyrvhild Fadersdatter ("frue" var den høgadelige konenemninga), høgadelig,
ja, den mest fornemme adelskvinna i Skandinavia då. Men ho budde i Skåne og
styrte det digre jordegodset sitt på Sunnmøre og ellers i Norge og på Shetland
gjennom ombodsmannen sin på Giskegard - giskefuten.
Giskefuten Jens Nilsson var kanskje adelig, for 1570 hadde han
adelsmannen Finn Jonson Teiste "hos" seg, noke han neppe kunne utan
sjøl å vere adelig. Finn Teiste døde om våren dette året etter eit fall då han
var "i fiellen effter fuglereide".
SYNNESÆTTA
På Sunnmøre fikk hustru Magdalena
storgarden Søvik som bustad. Ektemannen, Hans Laurensson, var fut i lenet, og
også sjøl av lågadel. På morssida var han av den adelige
greina av Synnesætta. Heile Synnesætta var ikkje adelig, men Eiliv
Bårdson på Synnes (kring 1530 erkebispen sin setesvein på Sunnmøre) kan
reknast til lågadelen, og det samme gjeld utan tvil farbroren hans, Povel Jonson,
som hadde tre døtre som bar hustrutittel.
Povelsdøtrene Ingrid, Synneve og Marit kan alle ha levd på Magdalena si
tid: hustru Synneve i Bergen, hustru Ingrid nok også der: hustru Marit veit vi
ikkje meir om, så ho kan ha budd på Sunnmøre. (Sjå meir om disse folka i
Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 2000.)
Utanom dette hadde Sunnmøre kring 1570 ein del rike bønder som kanskje
var like fornemme som lågadelen; her kan nemnast etterslekta til Erik på Austnes
i Haram - rikaste mannen på norskekysten 1520 - og Gulbrand Sjurson i Havåg
(trulig fødd kring 1530), som var største bondegodseigaren på Sunnmøre 1603
(han eigde heile Eiksundbygda og meir til), som kan ha hatt ei lågadelig mor.
SKJOLD OG HJELM
For 500 år sidan levde ein mann som heitte
Amund Tørrisson; vi veit nesten ikkje anna om han enn namnet: ikkje kor han
budde, ikkje kva han gjorde, ikkje kven han var gift med. Men etterslekta hans
er godt kjent.
Av
kong Hans (regjeringstid 1483-1513) fikk Amund Tørrisson skjold og hjelm, dvs
adelsfridom, "for sin manddoms skyld".
Våpenskjoldet er kjent: Vertikaldelt, med ei halv lilje
i eine feltet og ei halv ørn i det andre. Vi veit ikkje konkret kva som gjorde
han fortent til adelskapet, men "manddom" tyder på at han hadde gjort
ein innsats som krigar.
ANDENESÆTTA
Væpnaren Amund Tørrison hadde minst to
søner, Peder Amundson på Andenes og Tørris Amundson, far til Magdalena. Til no
har ein ikkje visst kor Tørris budde eller kva han gjorde, men eg trur eg har
klart å plassere han (sjå nedafor).
Adelsmannen Peder Amundson på Andenes er velkjent. Han var ellers far
til Elsebe Nonne - siste nonna i Bergen - og til dei velbyrdige brørne Jens
Pederson til Tjøtta og Hans Pederson, likeeins til Tjøtta.
SPJELKAVIKÆTTA?
Etter ei tids arbeid med ætta kom eg til at
Tørris Amundson eller kona må ha hatt odel til storgarden Spjelkavik i Borgund,
sidan dette var dattersonen Tomas Jonson sin setegard (som han skreiv seg
"til") og sidan faren til Tomas - borgarmeister Jon Tommasson i
Bergen - var orknøyværing og neppe hadde odelsgods på Sunnmøre.
Standpunktet er rett nok, men Tørris Amundson hadde neppe Spjelkavik som
setegard, for no veit vi kor han budde og kven han var gift med:
ERKEBISPELIG OG ADELIG ÆTTETAVLE
Ei nær eineståande ættetavle fra
reformasjonstida reknar opp etterkommarane til ein Aslak Jonson som levde midt
på 1400-tallet: erkebispar og lagmenn, prestar, setesveinar og adelsmenn av
høgare og lågare adel - med namn som Teiste, Solle og Kuse - alle med
tilknytting til Nordmøre, Trøndelag og Nord Norge. M.a er Aspeætta på Nordmøre
etterkommarar av Aslak.
Aslak hadde m.a datra Jorunn som var gift med Trond Toraldeson, foreldre
til Arne på Husby - bror til Ivar Trondson på Aspa og erkebispen Olaf Trondson
- far til Angerd Arnesdatter som var gift med adelsmannen Torstein Kuse
(namnet skjemte ingen) på storgarden Torge på Helgeland. Angerd og Torstein
hadde sønene Arne Kuse og Lauritz Kuse og tre døtre, m.a Angerd Torsteinsdatter
som var gift med "Torgis Amundson" på Igerøya ved Brønnøysund.
TØRRIS AMUNDSON PÅ IGERØYA
"Torgils Amvndsen" svarte 1521
68.5 lodd sølv i tiandpengeskatt (medrekna barnepengar), og var då ein av dei
rikaste på heile norskekysten (Erik på Austnes i Haram var rikare: han svarte
76 lodd sølv samt 30 lodd for jordegods og 36 lodd for barnepengar, i alt 142
lodd).
Samme året leverte "Tørils Amvntsen" av Brønnøy sokn 17.5
våger fisk på Bergenhus - trulig tiende av soknet - og dette tyder på at han
var "skipper" (jekteeigar).
I
tavla er Tørris og Angerd oppførte med 1 barn, Elisabet, gift med Trond
Ivarson. Dette tyder eg slik at bare Elisabet av barna var gift då tavla blei
sett opp. Elisabetnamnet var ikkje fra morsætta, men kan ha vore namnet på mor
til Tørris Amundson; dette høver godt med at broren Peder på Andenes, også
hadde ei datter Elisabet (Elsebe Nonne).
Tørris og Angerd hadde to barn til:
Magdalena Tørrisdatter og hustru Anne Tørrisdatter som 1597 var
"ved" 90 år gammal.
Anne var nok eldst av dei tre søstrene, Magdalena trulig yngst. Anne var
fødd seinast 1510, Magdalena kanskje 1515. Magdalena sine ungdomsår fall dermed
sammen med den borgarkrigsliknande tida før reformasjonen blei innført 1537.
LITLE-JON TOMASSON
Førstemannen til Magdalena var Jon
Tomasson, ein kjøpmann i Bergen, som blei kalt Litle-Jon fordi byen hadde ein
eldre Jon Tomasson (Klerk). Då borgarmeisterembetet blei innført i Nordens
største by, var Litle-Jon sjølskreven i stillinga (Bergen hadde alltid to
borgarmeistrar).
Som borgarmeister hadde nok Lite-Jon rang på linje minst med lågadelen,
men trulig var han også fødd lågadelig, rett nok på Orknøyane, men like norsk
då som andre nordmenn.
Litle-Jon må ha vore ein velstandsmann, men døde trulig då barna var
unge.
KJØPMANN MAGDALENA
Hustru Magdalena dreiv handelen vidare på
eiga hand nokre år før ho gikk fra enke- til ektestand igjen. 1565 kjøpte ho
t.d ein diger kjøpmannsgard i Bergen - med 7.5 "hus" (store rom) og 2
klever - for 500 daler.
1568 ekta ho så sunnmørsdfuten og "flytta" då hit, sjøl om ho
store delar av året budde i Bergen og pleide omgang med den bergenske sosieteten
av storkjøpmenn, embetsmenn og, ikkje minst, byen sin høg- og lågadel.
Hustru Magdalena hadde også interesser på Sunnmøre før ho ekta
sunnmørsfuten. M.a må ho hatt odel eller eigedom i Fyrde og Spjelkavik, og ho
dreiv også eit borgarsete her ein stad: 1567 heldt ho ein "dreng"
(kjøpsvein) på Sunnmøre, som måtte bøte 4 daler for å ha stukke stallbror
(arbeidsfellen) sin i ryggen med ein daggert.
Vi
veit ikkje kor dette borgarsetet hennar låg, men i fall kjøpsveinane hennar
dreiv trelasthandel, kan det ha vore på Fyrde eller i Spjelkavik; om dei først
og fremst dreiv fiskehandel, er det meir rimelig å gjette på Herøy - eller
Borgund, kanskje i Ålesund...
HANS LAURENSSON
Hustru Magdalena var i 50-års alderen då ho
gifta seg på ny, med ein mann som helst var på hennar alder, men som neppe
hadde barn fra før, og heller ikkje fikk noken med Magdalena.
Bryllupet sto i Bergen. Ektemannen Hans Laurensson var, etter alt å
dømme, son av erkebispen sin setesvein, skipperen Laurens Benktson - ein
sunnmøring som handla i fiskeværet Tunes i Finnmark, men eigde hus i Bergen -
og hustru Ingrid Povelsdatter av Synnesætta. (Ei søster av Hans kan ha vore
den Karine som var mor til hustru Lisbet Rasmusdatter, førstekona til
bergenslagmannen Povel Helgeson, som fra 1604 budde på Brandal.)
Hans Laurensson var fut på Sunnmøre seinast 1565 og til han døde 1570.
Han budde i Søvik - kanskje gammalt synnesgods - og dreiv og kjøpte gardar av
synnesgodset. Då Hans døde tok Jens (Nilsson) Jyde over som fut på Sunnmøre,
1571 var han "konstituert", 1574-78 virkelig fut. Denne mannen er identisk
med den førre giskefuten Jens Nilsson (Jyde), ein "svoger" til
brørne Tomas og Carsten.
Hustru Magdalena hadde enno mange jern i ilden. 1571 var ho ein av dei
største skipsreiarane i Bergen, som eigar av eitt nordfarskip og ei jekt;
nordfarskipet gikk helst på Finnmarka, jekta kanskje på Sunnmøre.
ENKEHUSTRU PÅ SKEIDE
Magdalena levde enno 1597. Då budde ho på
Skeide i Ulstein, og vi kan trygt rekne med at ho hadde overlatt både
jordeigar- og handelsinteressene sine til sønene; Tomas Jonson var ellers blitt
avretta ikkje så lenge før, på grunn av dei store og grove brotsverka han hadde
gjort seg skuldig i (meir om Tomas i stykket "Ein adelsmann utan ære, ein
kjøpmann utan hell" i verket "I balansepunktet - Sunnmøres eldste
historie"). Den gamle mor hans ser ut til å ha vore lykkelig uvitande
om dette...
Dermed fer hustru Magdalena ut av soga - ho må ha dødd før 1603 (då ho
kunne ha vore nær 90 år gammal) - men soga sluttar ikkje der...
MAGDALENABARNA
Tomas Jonson til Spjelkavik (sjå seglmerket hans her), Carsten Jonson Randall til
Fyrde og Magdalena si datter som var gift med giskefuten Jens Nilsson,
utgjorde ein sentral del i den sunnmørske overklassen i den turbulente tida
sist på 1500-tallet, då Sunnmøre opplevde ein økonomisk og demografisk vekst
som er heilt utan like i soga vår.
SPJELKAVIKADELEN
Før 1495 var heile storgarden Spjelkavik
(med Neset, Gjerdet og Remvika) reint ættegods, men dette året selte ei Ingrid
Ketilsdatter til giskeherren Alv Knutson så mykje ho åtte i "Spelingevik".
Kring 1600 utgjorde dette 4 pund fisk (1 våg 1 pund). 1503 ga så ein ukjent fra
seg 2 mællag i "Spielkandewiik" til erkebispen mot erkestolen si
oste- og korntiende av Borgund 1504 og 1505. Dette utgjorde 2.5 pund fisk kring
1600. Resten, 13.5 pund (4.5 våger fisk), var midt på 1500-tallet i eiga til
adelige: 3 våger fisk i Bjelkeætta på Austråt og 1.5 våger i Magdalenaætta.
Kring 1400 kan éin mann ha eigde Spjelkavik aleine - ein adelsmann.
Mykje tyder på at han var av den kjente Kane-ætta, som på mannssida døde ut med
riddaren Arald Kane - lensherre på Sunnmøre - som bøndene slo i hel 1496/-97.
Bjelkeadelen på Austråt var Kaneætlingar, noke Tørrisætta også kan ha vore.
I
alle fall: Tomas Jonson kunne ikkje bruke Spjelkavik som setegard utan å ha
odel i garden. Dødsdommen over han innebar at eiga hans i garden (Gjerdet og
Neset) blei lagt under krona som bot. Men ætta kunne enno ha rettar - t.d
førsterett til å bygsle ein slik "tapt" gard.
Seinast 1592 var Peder Hansson fut på Sunnmøre (til 1597), og kanskje
frå den tid brukte han heile Spjelkavik, som han gjorde til 1608/-09. Peder var
også ein slags adelsmann, men borgar av Bergen med. For han var, svært trulig,
frilleson av den velbyrdige Hans Pederson til Tjøtta, hustru Magdalena sitt
søskenbarn på farssida, og Tomas Jonson sin tremenning.
Då
Peder Hansson døde tok den uadelige sunnmørsfuten, jyden Hans Simonsen, over
bruken av Spjelkavik (og kanskje Peder si enke), og dermed var adelssoga om
Spjelkavik ute. Men i nær 300 år utetter var Spjelkavik som ein herregard å
rekne; dei siste "herrane" som rådde der var prokurator Andreas
Mathias Sanne (1809-92) på Øvregarden (Liljedahlgarden) og landmålaren
Henrik Wind Daae (1831-1902) på Nedregarden (Langelandgarden).
Spjelkavik er ikkje mykje herskapelig i dag; snautt skapelig - og minnet
om fortida er like mykje øydelagt som landskapet.
