Bjørn Jonson Dale:
KIRKESTADEN OG KAUPSTADEN
BORGUND
Reduksjonen av Sunnmøre i
norsk historie
I dei nyaste
lærebøkene i norsk mellomalderhistorie er både kaupstaden Borgund, Giskegodset
og Sunnmøre så godt som neglisjert - i tråd med tradisjonen i norsk
sogeskriving sidan 1800-tallet: Sunnmøre var ikkje noke å rekne med i
mellomalderen...
Lærebokforfattarane er
sjølsagt kjende med at giskeherrane i den norske høgmellomalderen (1150-1350) var
toppen av aristokratiet i landet - og stundom jamvel riksstyrarar (som Erling
Vidkunnson) - men denne kunnskapen kjem på ingen måte Sunnmøre til del, sjøl om
både Bjørn Erlingson og Erling Vidkunnson må ha budd på Giske.
AKTIV NEGLISJERING
Dei aller mektigste mennene
i Norge i høgmellomalderen budde på Sunnmøre, noke som også kan ha vore
tilfelle på 1400-tallet (og jamvel på 1000-tallet). Det burde vere innlysande
at Sunnmøre då var eitt av dei mest "sentrale" punkta i Norge, i alle
fall like sentralt som Nidaros, Bjørgvin og Oslo, og i vissa meir sentralt enn
t.d Stavanger og Tønsberg.
Når ingen lærebokforfattar "ser" dette innlysande
poenget, kan det ikkje skuldast anna enn ein slags villa blindskap - ein
blindskap som rett nok har rådd lenge i historiefaget, men som like fullt må
vere aktiv: Det har ikkje passa inn i det austnorskdominerte
historieparadigmet, som kanskje skriv seg like fra Snorre si tid, å ha eit
tredje "sentrum" nordafjells (utanom Nidaros og Bjørgvin).
Les Knut Helle sitt foredrag
Tidlig
byutvikling i
MANGLANDE MARKERING?
Trass i sunnmøringane sitt
sterke medvet - etterkvart også kunnskap - om både kaupstaden Borgund og
Giskegodset si særstilling, har vi enno ikkje klart å dokumentere dette gjennom
eigne verk:
Monografien "Borgund - kaupstad og kirkestad" burde ha
vore utgjeve for 20-30 år sidan, med full historisk og arkeologisk
dokumentasjon. Og monografien "Giskegard og Giskegodset - Nordens største
adelsgods gjennom 700 år" burde ha vore utgitt allereie for 100 år sidan.
Dei historiske kjensgjerningane har lege på bordet såpass lenge, men trass i
dette har arkeologane enno berre så vidt stukke spaden i jorda på Giske...
"I BALANSEPUNKTET"
Storverket "I
balansepunktet - Sunnmøres eldste historie ca 800-1660" (Ålesund 1994)
prøvde å rette opp noke av omverda sitt inntrykk av Sunnmøre som
"utkant" i mellomalderen, men lukkast ikkje heilt, 1) fordi omverda
allereie leid av det eg har kalla "villa blindskap", 2) fordi verket
sjøl nok var litt smitta av dette gamle perspektivet, og 3) fordi det ein
trudde var eit pålitelig datagrunnlag, slett ikkje var dét - tvert imot var
fleire av dei kildeutgavene som framstillinga bygde på misvisande (t.d
"Skattematrikkelen 1647" og boka "Kven åtte jorda i den gamle
leilendingstida"). Disse kildeutgavene var utgitte av kjente historieprofessorar
- som Rolf Fladby, Andreas Holmsen og Halvard Bjørkvik - og kven kunne tvile på
at dei ikkje hadde gjort jobben sin? Også statsarkivar Per-Øivind Sandberg si
utgave av "Gørvel Fadersdatters regnskap over Giske og Giskegodset
1563" (Kjelde-skriftfondet 1986) hadde fleire pussige feil.
DEN UHELDIGE
"KAUPANGEN"
Etter utgravingane av
tuftene i Borgund i 1950-70 åra var det klart at ein hadde med ein rett by å
gjere, og slett ikkje ein "kaupang" i eigentlig tyding: ein
sesongmarknadsplass fra vikingtida (750-1000). Arkeologen Asbjørn Herteig
var skuldig i denne feilnemninga av det, i seg sjøl oppsiktsvekkande fenomenet
som utgravingane avdekte; dermed blei Borgund heilt feilplassert i historikarskjemaet
over norsk byutvikling.
For utgravingane viste at Borgund var yngre enn vikingtida, og at
staden hadde fast (og heilårs) busetnad like til 1400-tallet, og trulig lenger
med. I staden for ein "kaupang" var det altså tale om ein
mellomaldersk "kaupstad" (nemninga brukt om Borgund 1384) som
eksisterte i kring 500 år.
Når først denne feilaktige merkelappen "kaupang" var
festa til kaupstaden, og når utgravingsresultatet aldri blei skikkelig
publisert, var kaupstaden Borgund "dømd" til å bli oppfatta som ein flugelort
av ein by - ein "kaupang".
DEN DIGRE KIRKESTADEN
Kunsthistorikaren Robert
Kloster fann allereie i 1950-åra ut at Borgund hadde 4 - fire - kirker på samme
tid; data låg omtrent i dagen. Men Kloster si oppgave var ikkje historisk -
t.d å sjå Borgund i høve til andre norske byar - men kunsthistorisk: å vurdere
dei bevarte og avdekte bygningsrestane kronologisk og stilmessig. Kloster var
derimot (ulikt arkeologen Herteig) såpass vaken at han fatta mykje av det
norgeshistorisk "sensasjonelle" ved fenomenet Borgund, som ikkje berre
hadde fire kirker, men jamvel ei Kristkirke (som bispekirkene blei nemnte då)
mellom disse.
Problemet var berre at historikarane ikkje brydde seg med å lese
kunsthistorikaren Kloster si avhandling, ja, om dei i det heile kjende til
dette arbeidet hans.
DEI FIRE KIRKENE
25. januar 1308 (eller 1309)
sette giskeherren og baronen Bjørn Erlingson til Bjarkøy (og Giske) opp
testamentet sitt. Første punktet galdt gravstaden hans, i Kristkirka i Nidaros
(Nidarosdomen), og han ville løne kirkj rikelig for denne grava (jordegods i
Aurdal, Sæbø, Søvik, Heissa og Slyngstad). Nokre punkt nedafor står gavene hans
til tre kirker i Borgund: Peterskirka, Kristkirka og Margretekirka. Den samla
gava til disse kirkene var 12 månadsmatbol i ein gard Mo (1/5 av gava til
Nidarosdomen). Neste punktet galdt ei like stor gave (12 månadsmatbol i
Skodje) til Giske kirke - den kirka som må ha vore hans eiga private.
Men altså: 1308 fanst minst tre kirker i Borgund. 120-130 år
seinare - i erkebispen Aslak Bolt si jordebok - er endå ei kirke i Borgund
nemnt: Mattiskirka, som då var nedlagt.
Også Mattiskirka må ha funnest 1308, men fikk inga gave av
baronen på Giske. Når dette kan seiast så visst, er det fordi det ikkje vart
bygd kyrkjer på 1300-tallet, og fordi ingen av dei fire kjente
kirkene/kirkerestane i Borgund kan ha vore bygte seinare enn sist på
1100-tallet (etter Kloster).
FRA FIRE KIRKER TIL TO
Seinast 1200 sto fire kirker
i kaupstaden Borgund, men vel 200 år seinare var to av dei nedlagde: Kristkirka
og Mattiskirka; Mattiskirka blei lagt ned av erkebispen Aslak sjøl (seinast
1430). Begge disse kirkene ser ut til å ha lege i det som no (og fra
1500-tallet) er tunet i Borgund prestegard. Margretekirka låg nede ved
Klokkarsundet - der kirkemurane er synlige - og Peterskirka låg der Borgund
kirke ligg den dag i dag.
Fire steinkirker låg altså i ei klynge i og ved kaupstaden
Borgund kring 1200. Så seint som 1349-50, då Manndauden kom til Norge, låg dei
der, men ikkje lenge etter må Kristkirka ha vore nedlagt, og først på
1400-tallet også Mattiskirka. Men Peterskirka, oppe og vest om Tinghaugen,
sto, likeeins Margretekirka på neset nede ved Klokkarsundet. Slik sto dei i
enno nær 200 år.
EIN BY MED FIRE STEINKIRKER
Vi tenker oss ein tidbolk på
kring 200 år - helst 1150-1360 - då kaupstaden Borgund hadde fire kirker. Kva
for andre byar i Norge hadde like mange kirker den gongen, for ikkje å seie
like mange steinkirker (som det var tale om i Borgund)?
Kanskje bare Oslo, Bjørgvin og Nidaros - trulig ikkje alle av dei
heller (og slett ikkje Hamar, Skien, Tønsberg og Stavanger). Dermed må Borgund
i denne tidbolken ha vore ein by - i vissa ein "kirkeby" - på line
med nettopp Oslo, Bjørgvin og Nidaros.
Korfor er ikkje denne historiske kjensgjerninga innarbeidd i
norske sogeverk - i alt fra doktorgrads-avhandlingar til lærebøker for
grunnfagsstudentar?
Hovedforklaringa må, som sagt, vere denne: Borgund som by på
linje med Nidaros, Bjørgvin og Oslo "høver ikkje" i dei historiske
skjema som har vore utforma for Norge gjennom snart 200 år.
KVA HENDTE MED BORGUND?
Kaupstaden og kirkestaden
Borgund var kring 1450 nok bare ein "skugge" av sin framfarne glans.
Men enno var der liv. Ja, først 1587 blei jordegodset til Margrete-kirka, som
må ha vore byfolket si soknekirke, omgjort til prestestudentstipend.
Inntektene av dette, nokså store jordegodset hadde til då sytt for vedlikehald
og drift av kirka.
Vi kan rekne med at Margretekirka si endelikt som soknekirke fall
sammen med soknet - folket i restane av kaupstaden Borgund - si endelikt; rett
nok ikkje slik forstått at kaupstadfolket døydde ut i 1570- og 80-åra, men at
dei då var blitt alt for få, eller i vissa for fattige til å kunne halde seg
med eigen prest. Dei som sokna til Margretekirka blei då overførte til hoved-kirka
sitt sokn, dvs Sankt Peders sokn, eller den kirka som bondemugen i Borgund
sokna til: Peterskirka.
Samtidig må disse siste bybuarane i Borgund - for det meste
trulig handverkarar og arbeidsfolk - ha flytta, eller rett og slett blitt
flytta ut av det gamle byområdet, som fra denne tida ga rom for prestegarden si
innmark.
STRANDSTADEN NØRVASUND
Dei flytta nok ikkje langt.
Allereie kring 1600 var det eit yrande "byliv" langs strendene i Nørvasundet:
ein heil koloni av kjøpmenn (borgarar), handverkarar i mange fag og fleire
"strandsittarar" - ei gruppe som kunne omfatte krohaldarar,
klokkarar, losar, fiskarar, sjøfolk og andre arbeidsfolk. På strekninga fra
Hundsvær i vest til Lille Kalvøya i aust budde i 1640-åra 5-6 borgarar, like
mange handverkarar (m.a skreddar, kipper, vevar og kanskje smed, skomakar og
murmeister med) og minst 12-13 strandsittarar og husmenn - i alt nær 150
menneske (bondehuslydane på Store Nørve ikkje medrekna).
Også på Valderhaug, i
Ålesund og Langevågsområdet var det slike bylike tettstadar først på
1600-tallet, men Nørvasundet var den største, og den einaste av disse såkalte
strandstadane som ein med ein viss historisk rett kan sjå som eit framhald av
kaupstaden Borgund.
Først hundre år seinare gikk
Ålesund framom Nørva-sundet i folketall, men strandstaden Nørvasund sto ved lag
i endå vel hundre år. I dei første tiåra av 1800-tallet var det så endelig ute
med denne urbane strukturen som på sett og vis då hadde stått ved lag i over
800 år.