Bjørn Jonson Dale:
"LYARDAL" 1331 =
LIADAL I ØRSTA?
Eit muleg nytt, 669 år
gammalt ørstadokument
Eiliv Arneson var erkebisp i Norge 1309-32. Kopiboka hans tilhøyrer no British Museum, og i denne boka ligg eit blad med to tekstar som etter alt å døme gjeld Sunnmøre - og Ørsta...
Begge tekstane er prenta i
verket Diplomatarium Norvegicum(DN), band XVIII, og dei er årsette til 1331 med
eit spørsmålsteikn etter. Utferdingsstaden er likeeins uviss, men Bergen står
i klammer.
30 DAGARS AVLAT
Første teksten (DN XVIII-11)
er eit brev fra erkebispen der han gir 30 dagars avlat til alle syndarar som
vil gjere bot, dersom dei vil vere med på å bygge opp att eller vøle ei kyrkje
som no sto til nedfalls, nemleg "Mathios kirkia j Borghund".
Utgivarane av Diplomatarium Norvegicum har i ein parentes lagt
til at kyrkja låg i Lærdal (i Sogn). Dette er mest truleg urett, men likevel ei
forståeleg mistyding. Borgund ligg i Lærdal, og i Borgund låg ei kyrkje;
dessutan inneheld den andre teksten eit stadnamn som ein med svært god vilje
kan lese som Lærdal.
MATTISKYRKJA I BORGUND
Men også Sunnmøre hadde sitt
Borgund, kaupstaden og kyrkjestaden i soknet og prestegjeldet av same namn. I
kaupstaden Borgund låg fire kyrkjer - alle steinkyrkjer - på same tid: Kristkyrkja,
Peterskyrkja, Margretekyrkja - og Mattiskyrkja! (Sjå stykket mitt om dette i
Jul på Sunnmøre 2000: Kyrkjestaden og kaupstaden Borgund.)
Men, vil den kritiske tenke, kunne ikkje kyrkja i Lærdal også
vere ei Mattiskyrkje? I så fall ville det vere eit slikt puss som røynda
stundom spelar granskaren. Men kyrkja i Borgund i Lærdal var ikkje vigd til
Sankt Matias, derimot til Sankt Andreas - ei Andreaskyrkje.
Dermed er saka klar: Mattiskyrkja i Borgund = Mattiskyrkja i
Borgund på Sunnmøre.
EIT OPE BYGSELBREV
Andre teksten (DN XVIII-12)
er eit utkast til eit bygselbrev fra jordeigaren E (Eiliv/erkebispen) til ein
unemnd leiglending, og det kritiske punktet i teksten står slik:
"ver vilium at ther
vitid at ver hafum bygt .N. jord Mathios kirkiu .j. Borghund. Lyardal æftir
fornom læiguburdh..."
I denne teksten har så
utgivarane føygd til ei klamme med ein liten "i" - slik: (j) -
framfor "Lyardal". Teksten blir då å lese "Mattiskyrkja i
Borgund i Lyardal". Men dette blir heilt feil, for det ordet som heilt
tydeleg manglar etter "Borgund" er "tilhøyrande".
"Lyardal" blir dermed namnet på den jorda som skulle bygslast vekk. I
tillegg: Namnet Lærdal i Sogn vart ikkje skrive slik på denne tida, derimot
"Læradali", "Læradall" (begge 1323) og "Læradale"
(1339). Noken gard "Lyardal" eller liknande finst heller ikkje i
Lærdal
Teksten er ikkje fullført, og utanom dei vanlege leigevilkåra
står ingen ting om kva landskylda av jorda skulle vere, førstebygselen og
slikt.
"LYARDAL" I ØRSTA?
Berre éin gard i heile Norge
heiter Liadal - i Ørsta. I Fjærland i Sogn er det ein gard "Lidal"
(også den einaste i Norge). Noken gard Lyardal, Lyadal, Lydal finst ikkje i
dag.
Oluf Rygh meiner Liadal i Ørsta er avleidd av eit førsteledd
"Lya" (som i Lystad), medan Lidal i Fjærland har førsteleddet
"lid" (sjå rammestykket Kva tyder Lyardal?).
På Hareidlandet har me landskapsnamnet Liadalen, men dette har
aldri vore namnet på noken gard (namnet på opphavsgarden i dalen var Lid,
seinare delt i Øvrelid, Liaset og Nedrelid).
Dermed er me på temmeleg trygg grunn når me sluttar at "Lyardal"
anno 1331 er lik Liadal i Ørsta.
VIDARE PROV
Mattiskyrkja i Borgund vart nedlagd av erkebispen Aslak Bolt seinast 1430 og jordegodset hennar lagt under erkestolen, og kanskje delvis under andre kyrkjer. Aslak Bolts jordebok oppgir ingen part i Liadal, medan derimot erkebispen Olaf Engelbrektson si jordebok fra kring 1530 fører opp at "Lidaell" var bygsla vekk for "1 puntz verd". Slikt gods ville til vanleg vere å finne i kruna si jordebøker først på 1600-talet, men finst ikkje der. Det vil seie at erkebispeluten i Liadal var gått inn i bondegodset i garden, anten ved hevd eller ved at bondeeigarane gjekk til sak for å få godset tilbake etter reformasjonen (som dei ofte lukkast med). Først på 1600-talet var heile Liadal i bondeeige.
ELDSTE ØRSTADOKUMENTET?
I eit brev om ein gardhandel
i Åm frå 1385 er bygdenamnet Ørsta nemnt første gongen (DN III-347), og er også
det første dokumentet om/frå Ørsta som Ivar Myklebust førte inn under tillegget
Kjeldeskrifter i bygdeboka "Ørsta". Men me har eldre dokument som
gjeld Ørsta, både brevet om "Lyardal" frå før 1332 og eit brev der
Bjørdal er nemnt frå 1324 (då Baugeid Steinarsdotter ga m.a 5.5 månadsmatbol i
Bjørdal til Korsbrørne i Nidaros for å få provent - kost og losji - hos dei, DN
III-137).
Eldre dokument er enno ikkje funne, men kanskje dukkar noke meir
opp etterkvart. Den som leitar finn, trur eg det heiter.

Liadal i Ørsta med Liadalsnipa (foto: Svein Lunde)
KVA TYDER
LYARDAL?
Med fåre for å
erte på meg filologane, vågar eg å stille dette spørsmålet - å svare på det
ville vel vere alt for dristig?
I alle fall: I verket Oluf Rygh: Norske
Gaardnavne, Romsdals amt (1908) heiter det at eit elvanamn "Lya" kan
vere førsteleddet i både Liadal, Lianes og Lystad (Rygh kjende då ikkje forma
"Lyardal").
Når det gjeld Lystad, er det vel ikkje
rimeleg at garden skal ha namn etter noka elv, men for Liadal sin del ser dette
ut til å vere greitt nok: Liadalselva er både godt synleg og høyrleg, og i
grunnen noke for seg sjølv i dette landskapet.
Men om no Liadalselva ein gong heitte Lya,
kva tyder så dét? Ei elv i Eidsvoll har dette namnet, og opphavet skal vere
"hlýr", som kan tyde både "kinn; side på økseblad;
skipsbaug" eller, som adjektiv, "ly, varm" (nytta av skaldar).
Eg vil tru at ingen av desse tydingane høver
godt med Liadalselva; derimot kan ein grunne på om det ikkje er den heilt særmerkte
Liadalsnipa som kan ha heitt Lya. Det kunne forklåre gardsnamna Lystad og Lianes.
Ein kan også tenke seg "hlýda" som
opphavsnamn. Men no er det vel på tide å sleppe til stadnamngranskarane og
andre filologar?