Bjørn Jonson Dale:

 

 

MARGRETEKYRKJA OG MARGRETE PREBENDE

 

Eit blad av gamle Borgund si by- og kyrkjesoge

 

 

Borgundhalvøya hadde fleire kyrkjer i mellom­ald­eren -­ fire, fem, eller berre tre? - men ei av dei var Sankta Mar­grete kyrkje, ei anna Sankt Peders ­kyrkje.

 

 

Då den mektige prelaten Hans Gaas førte opp den flotte "nye­kyrkja" i Borgund (ferdig 1632) - den kyrkja som på sett og vis enno står på same staden - let han hogge ei innskrift inne i kyrkja som lyder slik: EX TEMPLO PETRI & MARGRITHÆ CONDITUR UNUM: "her byggest Peter og Margrete sine tem­pel til eitt".

  Den bokstav­lege tydinga av dette er berre at tilfanget til den nye kyrkja var henta fra dei eldre kyrkjene. Men resten av inn­skrifta viser at det var Peterskyrkja som var blitt for­nya og utvida ved bruk av tilfang fra Margrete­kyrkja. Konservator Robert Kloster har gjort godt greie for dette i bygdeboka "Borgund og Giske I".

 

MARIA OG/ELLER MARGRETE?

Mykje av forvirringa om kyrkjetalet i Borgund skriv seg fra ei nærliggande feiltyding av ei mykje brukt forkorting i jorde­bøkene fra 1600-talet, nemleg "Mar: prebende" eller "Mar: kircke". Fra Hans Strøm og ut­tetter i snart 250 år har folk lese "Mar:" som "Maria" og dermed skaffa seinare gransk­arar store vanskar - for noka Maria­kyrkje i Borgund er aldri nemnd i mellomalderkjeldene; derimot ei Margre­tekyrkje, som også er omtalt i 1600-tals kjelder som Strøm ikkje var kjend med.

  Og denne Margretekyrkja var det som ofte blei skrive som "Mar: kircke". Dermed sluttar vi (som Kloster ville ha gledd seg over) at namnet Mariakyrkja er, som han skreiv, "en senere forvanskning av Margretakirken" - at eksistensen av ei Maria­kyrkje i Borgund aldri er kjelde­fest.

 

FIRE KYRKJER

Utanom Peters- og Margretekyrkja er Kristkyrkja og Mattis­kyrkja i Borgund nemnde i mellomalderdokument. Peterskyrkja låg der Borgund kyrkje ligg no, dei hine lenger nede - fra preste­gardstunet og ned til strandflata ved Klokk­ar­sundet. Tre av kyrkjene er nemnde 1308 (ikkje Mattiskyrkja), og i første halv­delen av 1400-talet kan berre to av dei ha vore i bruk - også Kristkyrkja var nedlagt om ein dømer etter erke­bisp Aslak Bolt si jorde­bok fra kring 1430. Såleis skulle i alle fall Mattis­kyrkja si soge vere kort, men likevel lang nok til at kaupstaden Borgund kan ha hatt heile fire kyrkjer i bruk sam­stund­es ­på 1200-talet.

  Dette ­tal­et på kyrkjer - og det at alle var steinkyrkjer -kan tyde på at Borgund var mellom dei store byane i Norge då, noke som kanskje vert stad­fest av at namnet "Krist­kyrkje" berre blei nytta om bispe­kyrkjer på denne tida. 

 

SANKTA MARGRETE KYRKJE

1587 var det kome kongen "udi Forfar­ing" at "St Margaretæ Kirke udi Borgund paa Søndmøre" tilliks med ei samnemnd kyrkje på Alstahaug for "nogen Tid siden...ere afbrudt og Sognefolket forviist til et andet Sogn at søge Kirke".

  Meininga med "afbrudt" er i vissa at Sankta Margrete kyrkje var opp­høyrt som kyrkje, kanskje også at bygninga var rive. Ord­lyden elles syner at Margretekyrkja hadde hatt eit eige sokn og eigen kyrkjelyd.

  Sidan Sankt Peders kyrkje­sokn alle­reie kring 1430 omfatta bygdene i heile det seinare Borgund hovud­sokn, kan ein tenke seg at Margretekyrkja sitt sokn var kaupstaden Borgund, dvs at ho var "bykyrkja" i Borg­und. I så fall burde ho ha lege midt i byen, dvs nett der kyrkjetufta i sjølve kaupstadområdet ligg.

  Fra 1400-talet sto berre to kyrkjer i Borgund: Peterskyrkja høgt og fritt der dagens Borgund kyrkje ligg, Margretekyrkja i ei tett husklynge nede ved Klokkarsund­et og Borgundfjorden.

 

BYKYRKJE UTAN BY

Ingen kjende dokument fra 1500-talet fortel positivt om noke byliv i Borgund då. Kaupstaden ser ut til å ha lege øyde. Men konge­brevet fra 1587 tyder på at det ikkje var så svært lenge sidan Margretekyrkja blei "afbrudt", og vidare: at soknefolket enno fanst.

  Dette siste er oppsiktsvekkande, for sjølv om Borgund ikkje lenger var kaupstad, budde enno 1587 folk på kaup­staden sin grunn! Det må ha dreidd seg om "etterblivne" byfolk, men så fattige og få i tal at dei ikkje lenger kunne halde ved lag ei eiga kyrkje: handverkarar og arbeidsfolk, gjettar eg, men berre ein brøkdel av talet på slike i mellomalderkaupstad­en. Og ikkje minst: Alle adels-, embets- og kjøpmenn fra den tida var vekke. Dette er ikkje gjettverk, for om slike folk hadde funnest i Borgund då, ville vi utan tvil ha visst om det det.

  Trass i at 1500-talet var ei samanhengande oppgangstid for  Sunnmøre ålment, blei siste restane av kaupstaden Borgund så å seie fjerna på denne tida: a) Margretekyrkja blei "af­brudt" (kyrkjetenesta truleg avvikla i 1580-åra og bygnin­ga rive seinast kring 1620) og b) dei gjenverande "byfol­ka" flytta eller blei flytta vekk fra kaupstadområdet - sann­synleg­vis nord til strendene langs Nørvasundet, der det kring 1600 var eit yrande "byliv".

 

FRA KYRKJEINNTEKT...

Kyrkjelivet i mellomalderen, og nesten like opp til vår eiga tid, blei finansiert på tre vis, ved: a) renter (inntekter fra utleige av fast eigedom, stundom også utleige av levande fe: kyrkjeky­r), b) avgifter (som heile kyrkje­lyden måtte svare), og c) gaver (meir eller mindre fri­villege -­ fra dei som nytta kyrkja og trong kyrkjelege tenester, i gjerda alle).

  Vedlikehaldet av kyrkjehuset var mest basert på renter. I teorien vil dette seie at sjølv om ein heil kyrkjelyd døydde ut, kunne kyrkja likevel stå og bli halde ved like.

  Når avgiftene (særleg tiende) og gavene til kyrkja kom vekk, blei det lite å løne presten med, nemleg berre den delen av rentene som heitte "prestebordet" (inn­tekter som var øyremerka til prestelønn) eller "mensa" (det latinske ordet for bord).

  Men kva skulle ein med prest i ei kyrkje utan kyrkjelyd, og kva var poenget med å halde ei slik kyrkje ved lag og like?

  Svara finn vi i kongebrevet fra 1587. Dette ga også svaret på eit anna og meir kinkig spørsmål: Kva med rentene som fra gamalt tilfall ei "afbrudt" kyrkje?

 

TIL PRESTESTIPEND

Kongen ("staten") kunne nemleg ikkje berre ta til seg desse rentene, for dei skreiv seg fra jordegods som dei opphavlege eigarane i si tid - lenge før reformasjonen - hadde gitt til kyrkjelege føremål. Den etterreformatoriske rettstilstanden ga rom for at ætta til dei framfarne givarane kunne vinne tilbake gods som ikkje lenger blei nytta etter vilkåra for gava (t.d forretting av sjelemesser for enkeltmenneske, som blei avvikla ved refor­ma­sjonen). For å unngå søksmål om tilbake­føring (som saksøkarane stundom vann fram med då), fann kongen det prak­tisk talt best å halde ved lag det sakrale føremålet til slikt "frigitt" kyrkjegods.

  I vårt tilfelle blei rentene av Margretekyrkja sitt jorde­gods omgjorte til stipend for ein student fra katedral­skulen i Trondheim som ville studere til prest i København eller jamvel i utlandet, folk som "kunne udi Fremtiden blive Kirke og Skole tjenlig" (Sunnmøre låg til 1622 under Trondeheim bispedøme).

  "Stipendkomitéen" skulle bestå av lensherren i Trondheim og bispen der. Stipendiatane måtte vere "skikkelige og...bekvemme til Studering", og måtte forplikte seg til ikkje å "komme udi nogen Misbrug" med stipendiet.

 

HELDIGE STIPENDIATAR

I første halvdelen av 1600-talet var inntektene av Margrete prebende 110 daler, synkande mot 100-90 (sjå nedafor). Dette var mykje meir enn noken student kunne drikke og ete for i København, ja, 5-6 for den saks skuld. Det var tale om ei heil formue. Sjølvsagt blei ikkje alt utbetalt til studen­ten - det kosta jo å styre prebendet - og sjølvsagt, den tida, var det heller ikkje fattige studentar som fekk nyte godt av pengane.

  Vi kjenner nokre av desse heldige stipendiatane, sjå ramma "Prebend­ariske pappagutar".

 

OG HELDIGARE FORVALTARAR

Den første forvaltaren av Margrete prebende vi kjenner til, heitte Jørgen Claussen og brukte halve Aurvåg i Herøy 1612-26, seinare budde han i Romsdal. Jørgen blei stundom kalt "herr", som ein prest, men dette skreiv seg fra at han forvalta geist­leg gods. Jørgen var svært truleg son av Claus Corneliussen, sokneprest i Borgund, og dermed bror til Hans Claussen Gaas og Jens Claussen Parelius (sokneprest i Stjør­dal). Jørgen Claus­sen si etterslekt kalte seg også Parelius.

  Kona til Jørgen Claussen var dotter av Iver Eriksen, presten i Norddal, og kona Marit (som enke gift til Maråk). Han var dermed svoger til Erik Iversen Nordal, sokneprest i Leikan­ger (stamfar til familien Leganger), Rasmus Povelsen Brandal, sokneprest i Ulstein, og Hans Grimmersen eller Grimmer, fut på Sunnmøre 1630-33, seinare borgar av Bergen og kjøpmann i Åle­sund - på det seinare Grimmergård.

  Hans Grimmer tok over som ombodsmann for Margrete prebende etter svogeren Jørgen Claussen. Begge ser ut til å ha hatt svært gode inntekter av stillinga - ja, i grunnen så gode at dei ikkje trong stelle med anna enn denne godsforvaltinga for å leve makeleg og standsmessig. Eg reknar då med at 2/3 av prebendeinntektene gjekk til forvaltaren.

 

INNTEKTENE AV MARGRETE PREBENDE

Etter "S: Margrethæ Kirckis jordboeg" fra 1626 åtte prebendet 56 gardar/gardpartar over heile Sunnmøre utanom Vanylven og Sunnylven, 7 grunnleiger i Borgund, 2 flaumsager og 4 kyr. Dette ga ei årleg viss inntekt på vel 54 våger fisk - av land­skyld for gardane, leige av grunnane og kyrne; flaumsagene var ikkje inntektsgivande då (dei hadde skurdforbod).

  54 våger fisk var ikkje noka lita inntekt. I pengar svarte det til vel så mange daler, som var meir enn det sjølvaste futen hadde i pengeløn då!

  Men prebendet hadde fleire inntekter. Når sagene ikkje låg i "forbod" må dei ha gitt 10-12 daler kvar i årleg leige. Utanom landskylda fekk prebendet også bygsel av 13-14 gardar (80-90 mællag) som det hadde heil- eller besteeige i: første­bygs­elen (3.5 dl/mællag) og tredjeårstaka (12 sk/mællag); i årsgjennom­snitt kunne det dreie seg om kring 30 daler (ca 25 i første­bygsel og 5 i tredjeårstake). I åra før 1626 kan vi rekne med at pengeinntektene av Marg­rete prebende låg på 110 daler.

  Sjølv om sagdrifta tok slutt kring 1640, kom prebendet sine inntekter til å halde seg på nær 100 daler, for på denne tida grodde det opp ei lang rekke borgar-, hand­verkar- og strand­sitjarsete som laut svare både innfestings­avgift ("frelse") og årleg grunnleige til prebendet.

 

KVA HENDE MED PREBENDET?

Enno midt på 1700-talet eksisterte Margrete prebende, men då mykje redusert målt i landskyld (fra 45 våger fisk 1626 til vel 27 våger - utanom grunnleigeinntekter). Mykje hadde hendt i mellomtida - m.a måtte prebendet gi fra seg alt det åtte i Borgund 1649 mot "tilsvarande" landskyld i andre sokn på Sunnmøre. Og meir. Men dette veit vi snautt noke om - ikkje kven som forvalta godset og ikkje kven som eventuelt fekk nyte godt av stipendet. I alle fall er det visst at prebendet ikkje blei selt til privatfolk i lag med resten av kyrkjegodset sist i 1720-åra.

  Denne resten av soga får ligge til ein annan gong.

 

 

Rammestykke I:

 

PREBENDARISKE PAPPAGUTAR

   

 

HENRIK JØRGENSEN

heitte første stipendiaten, kanskje fra 1587, og i vissa 1589. Han var adeleg, son av Jørgen Peder­sen, lagmann i Trondheim 1565-89, og Gudrun Jons­dotter Teiste, som mange sunn­mørin­gar ættar fra gjennom dottera Maren, gift med sageig­aren og trelast­handlaren Carsten Jonsen Randall til Fyrde i Volda. Henrik Jørgensen kan ha vore lik mannen av samme namn som blei lagmann i Trondheim då Jørgen Pedersen døydde 1589 (lag­mann 1589-1609).

  Jørgen Pedersen var son av Peder Pedersen, lensherre m.a i Børsa og Skogn, som hadde broren Jørgen Pedersen til Nervik. Denne Jørgen var far til Henrik Jørgensen til Bremsnes, fut på Nordmøre, som igjen var far til Jørgen Henriksen Staur, lagmann i Nordlanda. Denne ætta, som skriv seg fra ein ukjend Peder, blir kalla "Staur", men ættnamnet blei berre nytta i eine greina. Litteraturen flyt av forvekslingar og samanbland­ingar m.o.t Staurætta. Opp­lysningane her er i sam­svar med det ein no reknar som visst, etter historikaren Tore H Vige­rust (leiar av Adelspro­sjektet). Vigerust meiner elles at lagmann Henrik Jørgensen i Trondheim ikkje var son av føre­mannen Jørgen Pedersen.

 

ANFINN OLAFSEN

fikk 1596 "Brev paa Renten af St. Margaretæ Kirke paa Sønd­møre, emeden og al den Stund han er in studiis". Samme året

ville kongen hjelpe han til å få Herøy kall, men ein finn han ikkje som prest der.

  Det er likt til at Anfinn Olafsen var son av Olaf Nilssen (Tibi), sokneprest i Borgund til han døydde 1583, og kona Gjertrud som døydde 1579 (etter eit vekkome epitafium), datter av Anfinn den vise, av ei ætt "Soop" fra Aurland i Sogn som fostra ei rekke prelatar. I så fall var Anfinn Olafsen lik mannen av same namn som døydde 1603 som rektor i Trondheim.

 

HANS CLAUSSEN GAAS

var fødd 1599, son av sokneprest i Borgund og prost over Sunnmøre Claus Corneliussen. Hans Gaas hadde stipendiet i vissa då han studerte i København fra 1616 og til han kom heim 1616 som kapellan hos faren. Gaas døydde 1644, etter å ha samanføygd "templa" til Sankta Margrete og Sankt Peder, som sokneprest i Borgund og prost over Sunnmøre.

 

CHRISTEN JENSSEN HEGELUND

var fødd i Trondheim 1604 og hadde stipendiet både under skuletida i Trondheim (seinast fra 1619) og studietida i ut­landet; han var vel i København fra 1620 og blei 1626 immatri­kulert ved univer­sitetet i Leiden, som medisinar­student. Han var sokneprest i Ørskog fra 1629 til han døydde 1673, som prost over Sunnmøre - og ein grunnrik mann.

 

 

Rammestykke II:

 

OPPHAVET TIL BYMENNENE I BORGUND

 

På 1600-talet hadde Sunnmøre 13 skipreide. Margrete pre­bende åtte jordegods i 11 av desse. Ingen andre kyrkjer på Sunnmøre åtte jordegods i så mange skipreide - dei fleste ikkje i meir enn eige skipreide og granneskipreidet, og ingen i fleire enn 3 skipreide.

  Alt dette kyrkjelege jordegodset ser ut til å skrive seg fra milde gaver - oftast fra folk i kyrkjelyden/soknemugen, som for det meste åtte jordegods i det soknet dei budde i. Gavene, som ofte berre utgjorde småbitar av heile gardar, skulle sikre sæla, eller i vissa at givaren fekk lest sjelemesser over seg.

  Slik må det også ha vore med Margretekyrkja sitt jordegods, med den skilnaden at mykje av godset låg til dels langt utan­for heimeskipreidet Borgund og granneskipreida Gryta og Valle. Berre vel halvdelen av gardane/gardpartane i Margretegodset låg i desse skipreida (30 av 56, i alt 96 mællag) - det same målt i land­skyld. Av andre store innslag i Margrete­godset kan ein nemne Volda (5 partar, 9 mællag), Rovde (6 partar, 10 mællag) og Vatne (5 partar, 22 mællag) og, særleg, Ulstein skipreide med berre 3 gardar/partar men heile 21 mællag i landskyld - m.a med med heileige til den store garden Ulset i Liadalen.

  Men Margretekyrkja åtte også gods i skipreida Dale, Hjørund­fjord, Ørsta og Nærøy (i alt 7 partar, 14 mællag).

  Denne fordelinga av Margretekyrkja sitt jordegods kan truleg seie noke om kor bymennene i kaupstaden Borgund hadde opphavet sitt - dvs dei bymennene som hadde råd til å yte milde gaver til kyrkja si.

  Ikkje uventa ser dei fleste av givarane ut til å ha kome fra Nordluten av Sunnmøre (skipreida Borgund, Gryta, Vatne, Valle og Dale med over 2/3 av godset, men ikkje gods i Sunnylven), særleg fra Borgund skipreide (aleine med over 1/3 av godset), men godsmengda fra Sørluten er stort nok til å hevde at kaup­staden Borgund også må ha hatt eit sterkt innslag av folk fra dette området (minus Vanylven).

  Vi kan elles merke oss at Margretekyrkja ikkje åtte eitt einaste mællag eller fjerdingslag utanfor Sunnmøre. Dette kan tyde på at kaupstaden Borgund faktisk var det han skulle vere: eit reint sunnmørsk handelssentrum.