Bjørn Jonson Dale:
Utanom liabygdarane på Hareid kan dei fleste som kjenner leier og lende på Sunnmøre ikkje godta at eit digert sjøslag sto i litje Liavågen. Sjølv utan å ha lese dei tvitydige sogene om slaget i "Hjørungavåg", har dei avvist at eit slikt slag kan ha stått i denne vågen - truleg med rette...
Dei ymse sogene om slaget i
"Hjørungavåg" må lesast med stor velvilje om ein skal få skildringa
av slagstaden til å høve med Liavågen sine topografiske særkjenne, og den som
vitjar vågen ser straks at han ikkje kan ha vore åstad for anna enn eit smålåte
basketak, og i vissa ikkje så stort at det trong nemnast i soger og skaldekvad.
EIN STØRRE SLAGSTAD
Anders Hustadnes, Einar
Klokkersund og Martin Furseth har alle rett i kritikken sin av den
"offisielle" plasseringa av slaget til Liavågen, som no lenge har
fått gå under (det ahistoriske namnet)"Hjørungavåg".
Desse tre lokalkjende og tenksame karane har gjort ein stor
innsats ved å hevde innvendingane sine mot Liavågen som muleg slagstad. At dei
så, i same rennet, vil legge slagstaden så å seie utafor si eiga stovedør, er
forståeleg, men berre Furseth har gått i djupna og gjeve ei grundig forklåring
på korfor han vil legge slagstaden til innløpet av Ørstafjorden.
"VÅG" - IKKJE
"FJORD"
I boka
"Jomsvikingslaget", som Furseth ga ut 1992, legg han fram gode
argument for a) at slaget ikkje sto i Liavågen, og b) at slaget sto ytst i
Ørstafjorden. Når Furseth no gjentar argumenta sine i Sunnmørsposten
(Synspunkt, 3. juli 2002) i ein polemikk mot "islendingen
Vilmundarson" (som dei spelkåte hareidsdølene hadde kalla inn som
sanningsvitne om at Liavågen verkeleg var "Hjørungavåg"), må eg gå
imot Furseth.
Han har rett i at ytste delen av Ørstafjorden ikkje berre høver
betre med sogene si skildring av slagstaden enn Liavågen - ja, samanfallet
mellom topografien i ytste Ørsta og sogene si skildringa av "Hjørungavåg"
er både stort og sterkt.
Problemet er likevel at slagstaden er nemnd som ein
"våg" og ikkje som ein "fjord". Dette har ikkje Furseth
festa seg ved, noke som kan tyde på at han meiner at "våg" er ein
språkleg ekvivalent til "fjord" eller at "våg" kan ha vorte
"fjord" på tusen år. Men Furseth meiner vel ikkje dette? Derimot kan
eg tenke meg at han har oversett denne, ikkje uviktige, detaljen i iveren etter
å finne den rette plasseringa av slagstaden.
"HORUND" OG
"PRIMSIGND"
Korkje eg eller Furseth har
lese Vilmundarson sin artikkel, som skal prove for all æve at Liavågen er
identisk med sogene sin "Hjørungavåg". Eg gler meg til å lese
artikkelen, ikkje berre fordi artiklar som oppnår å avslutte eit mange hundre
års ordskifte er svært sjeldsynte, men også fordi eg lurer på korleis Vilmundarson
vil avvise den norske språkhistorikaren John Megaard sin
hypotese om at slaget sto i "Steinvågen", som etter Megaard femnde om
både dagens Aspevågen og Steinvågen.
Eg lurer elles på korfor Martin Furseth ikkje nemner denne hypotesen, som Megaard la fram 1999 i ein artikkel i det tyske tidsskriftet "alvíssmál - Forschungen zur mittelalterlichen Kultur Skandinaviens". Megaard sine slutningar fekk, så vidt eg minnest, god spalteplass i Sunnmørsposten.
Megaard sin hypotese går kort og godt ut på at ein norrøn saga om
slaget vart skriven på eller omsett til latin og sidan omsett frå latin til
norrønt att (av ein islending). Øynamnet "Sula" vart såleis til
"Palus" (stolpe, støtte) på latin, og frå "Palus" (som
kunne ha sidetydinga "mannleg kjønnslem") til "Horund" (som
på norrønt kunne ha sidetydinga "kjøt"). Vidare kan øynamnet Vigra ha
vorte misforstått som "den vigde øya", som på latin vart til
"Prima signatio", og som vart omsett til norrønt som
"Primsignd".
Megaard har, like mykje som Furseth, sett seg grundig inn i dei
ymse (og ymsande) sagatekstane, og når Furseth irriterer seg
"grenselaust" over folk som ikkje har "teke seg tid til å lese
dei gamle originalkjeldene", reknar eg ikkje med at han siktar til
Megaard.
Men korfor polemiserer ikkje Furseth mot Megaard?
STEINEN VED VÅGEN - OG TO
TIL
Garden Steinnes ytst i
Ørstafjorden har tvillaust namn etter nokre karakteristiske bautasteinar som sto
der; somme står der enno. Men at det sto tre steinar der då slaget i
"Hjørungavåg" fann stad, veit vi ikkje noke om, og slett ikkje at éin
av dei var større enn dei hine.
Derimot kjenner vi tre "steinar" som står ved ein våg
som er mykje meir kjend, frå sogene og seinare, enn noken andre vågar på
Sunnmøre: Steinvågen i Borgund (no Ålesund).
Som Furseth nemner, kan "stein" på gamalnorsk tyde både
ein "stein" (bautastein) og eit "fjell" (eller helst
"berg"), men derimot ikkje "flud" (som islendingen ville ha
det til). Ved Steinvågen står enno, som alltid før, tre "steinar" i
vissa i tydinga "berg" - éin (mykje) større enn dei hine
(Sukkertoppen i høve til Olsfjellet og Pila).
Ute frå opne havet i vest ser desse "steinane" ikkje
berre ut som høgreiste bautaer, men jamvel som fint forma, elegante
"sverdspissar" (på norrønt heitte sverd "hjorr"). Det er
ein tanke som liknar eit tilfelle. Megaard var ikkje merksam på dette fenomenet
då artikkelen hans vart publisert 1999.
Ålesund.Sukkertoppen til venstre i
bakgrunnen, Olsfjellet og Pila til høgre. Ute i havet: Runde (foto: Svein
Lunde).
ÉIN "STEIN" - ÉIN
STEINVÅG
Namnet
"Steinvågen" lyder så tilforlateleg. Sidan det kryr av vågar langs
norskekysten og, særleg, "steinar" av alle slag i og ved vågane, kunne
ein vente å finne i vissa nokre fleire "steinvågar" enn den vi har på
Sunnmøre.
Men den sunnmørske Steinvågen er eineståande på den lange, nær
endelause kysten vår. Det finst berre éin våg med dette namnet i Norge, og
dette tyder sterkt på at namnet ikkje viser til ei ei rekke steinar i eller ved
vågen, men éin lokalitet "Stein" som må ha vore så særmerkt at han
ikkje var til å ta feil av for dei sjøfarande. Denne "Stein" kan
neppe ha vore noke anna enn vår tids "Sukkertoppen" eller
"Heissaklimpen" - begge namna av etter måten ung dato.
MELLOM STEM OG STAD
Det opphavlege Sunnmøre
strekte seg frå Stad i sør, som enno er grensa mot Nordfjord, og Stem i nord,
som var grensa mot det opphavlege Nordmøre.
Både Stad og Stem er den dag i dag avgjerande eller kritiske
punkt i leia. Omtrent midt i mellom desse iaugefallande punkta (Stadlandet og
Stemshesten) finn vi eit minst like særmerkt punkt: "Sukkertoppen".
Alle som fer i leia mellom Stem og Stad kan sannkjenne at
"Sukkertoppen" er det mest iaugefallande "sjømerket" på
denne kyststrekninga og at namnet "Stein" godt kan ha vore det
opphavlege. Og attom Stein fann ein den lune Steinvågen...
SLAGET OM HJØRUNGAVÅG
Striden om kor slaget i
"Hjørungavåg" eigentleg sto vil aldri verte avslutta med ein
"endeleg", avsluttande og autoritativ artikkel, same om skrivaren er
sprenglærd islending, spaltekåt hjørundfjording, supernøyaktig ørsting, spelkåt
hareidsdøl og liabygdar eller spinnvill rabulist frå Borgund eller Ålesund.
Med tanke på ei førebels avslutting av striden om slaget om
Hjørungavåg, kan det vere greitt å stille opp nokre reglar for den vidare
striden: 1) Slaget sto i ein "våg", 2) slagstaden må enno innehalde
endinga "-våg", men kan godt ha fått eit anna føreledd i mellomtida,
og 3) slagstaden kan ikkje ha vore Liavågen på Hareid.
Reknar eg rett, vert det ikkje noka semje om desse reglane, og
dermed kan "slaget om Hjørungavåg" halde fram i enno 250 år - og
korfor ikkje?
(Dette stykket blei
publisert i Sunnmørsposten sommaren 2002.) ______________________________________________
SISTE NYTT: Johan Ottesen i
Ulsteinvik har no lansert vågen ved Eiksundet, Havågen, som ein muleg slagstad.
Denne hypotesen stettar fullt ut dei krava eg har stilt ovafor. Dermed blir min
hypotese tilsvarande veikare. Ottesen sitt stykke blei publisert i
Sunnmørsposten februar 2003, men eg finn ikkje lenke til stykket.