Bjørn Jonson Dale:
Eit "nytt" dokument til ørstasoga
I
vissa sidan 1926 har dokumentet om salet av Ose til "Sankt Olaf" vore
ålment tilgjengeleg, for dette året kom det på prent som eit av vedlegga i
jordeboka til den siste norske erkebispen, Olaf Engelbrektson...
Denne jordeboka, eller
"Register paa Sankt Olavs jorder", vart skrive kring 1530, og
dokumentet om erkesetet sitt kjøp av Ose er nokre år eldre. Teksten i
dokumentet lyder slik og står på
"LØST BLAD VII"
(side 98 i "Olav Engelbrektssøns jordebog",
Oslo 1926): "Item Torgerd Oluff Anfinszons dotther solde oss vj
Romsdalsøyre som gøre viij Trondelagxøre vdii ein gord szom heiter Ooss
liggendes paa Sundmør. - Ock vnder szame gord ligger et laxefiske."
I modernisert
språkdrakt: "Sameleis <som føregåande> selde Torgerd, Olaf Anfinnson
si dotter, oss 6 romsdalsøyre (som utgjer 8 trøndelagsøyre) i ein gard som
heiter Ose og ligg på Sunnmøre. Under same garden er eit laksefiske."
OSE I ØRSTA?
Når ørstahistorikaren Ivar Myklebust (1892-1966) ikkje
tok med dette dokumentet i bygdesoga "Ørsta" (1933), skuldast det
anten at han ikkje hadde funne det (det er ikkje nemnt i registret til
jordeboka) eller at han tvilte på om det verkeleg galdt Ose i Ørsta. For det er
to andre gardar på Sunnmøre som kunne ha vore skrive "Ooss", nemleg
Os på Vatne i Vatne sokn og Os (Ous) på Stranda.
Når dokumentet
likevel må gjelde Ose i Ørsta, er det fordi det gjeld ein mykje større gard enn
Os-gardane i Vatne og på Stranda. Landskylda av det jordegodset som Torgerd
selde i "Ooss" var på 8 trøndelagsøyre, som svarte til 6
romsdalsøyre, eller 6 våger fisk på Sunnmøre, eller 24 mællag. Ose hadde på
1600-talet ei landskyld på akkurat 24 mællag medan Os i Vatne hadde 6 mællag
(10 om ein reknar med Osgota på 4) og Os på Stranda snautt 7 mællag (snautt 17
om ein reknar med Hjelle på 4 og Framhus på 5).
"STORE MELE"
Allereie kring 1430 åtte erkesetet i Nidaros 1/2 spann i
"Mæll", dvs Mele, noke som truleg femnde om heile Mele og dei seinare
ny- og/eller gjenrydda gardane Nosen, Sporstøyl og Årflot - som 1626 hadde ei
samla landskyld på 27.5 mællag, stigande til 32.5 mællag kring 1700. Vi kan
kalle dette "Store Mele".
Me kjenner ikkje
den som ga dette store godset til erkesetet,
men me kan gisse på at det var same ætta som seinare
selde Ose til erkesetet.
MELS- ELLER OSGODSET
Kring 1700 hadde "Store Mele" og "Store
Ose" (Ose med Osborg, Sandvik Ryste og Midt Ryste) omtrent like stor
landskyld, nemleg 32.5 mællag og 31.5 mællag. Dette ser ut til å peike attende
til ei rein todeling av ein eldre opphavsgard Ose/Mele, som kan ha hatt ei
samla landskyld på kring 60 månadsmatbol etter mellomaldermål (like mange
mællag etter 1600-talsmål).
Seinast kring
1200 var 4 månadsmatbol av Ose, truleg av "Store Ose", gjeve til
Munkeliv kloster i Bergen, og kanskje allereie då vart heile "Store
Mele" gjeve til erkesetet. Dermed åtte dei opphavlege eigarane berre
snaue halvdelen av det gamle godset sitt, men rett nok med hovudeige i og
bygsel til heile "Store Ose".
ODELEN TIL OSE
Torgerd Olafsdotter var den siste som åtte i dette
eldgamle odelsgodset. Me veit ikkje kven ho var, men førenamnet var svært
sjeldent, og det same galdt faren sitt farsnamn, Arnfinn.
Etter
samanhengen må far hennar, Olaf Arnfinnson, ha vore ein kjent mann - i vissa
for erkesetet sine folk. Når han er nemnd i det heile er det for å identifisere
seljaren Torgerd, men kanskje også for å legitimere odelen hennar i godset.
Likeeins:
Torgerd Arnfinnsdotter må ha vore både ugift og barnlaus då ho selde Ose. Det
må vidare vere lov til å tenke seg at ho på salstidspunktet var nokså gammal,
men snautt nok ikkje eldgammal. Vi kan tenke oss at ho var i 60-åra, og altså
fødd i 1460-åra. Då kan faren ha vore fødd kring 1430, og farfaren, Arnfinn,
kring 1400.
NAMNET ARNFINN
Torgerd sin odel til Ose ser ut til å skrive seg frå
faren, og dermed kanskje frå farfaren Arnfinn. Men noken Arnfinn med sunnmørssamband
kjenner me ikkje frå 1400-talet, ja, dette namnet vart snautt brukt på Sunnmøre
før 1600. Derimot er namnet godt kjent frå mykje eldre sunnmørssoge (særleg i
Giskeætta), men det er neppe tale om noke samband.
OG TORGERD
Torgerd-namnet er kjent frå Telemark og Setesdal på denne
tida, men vart også brukt i den såkalla Aspeætta, ei stormannsætt med
utgangspunkt på Nordmøre, som m.a fostra mange geistlege herrar, også
erkebispar.
Fleire av
Aspeætta avhenda jordegods til erkesetet, og ein kan lure på om vår Torgerd
høyrde til denne ætta. Men så lenge me ikkje har identifisert far (og mor)
hennar, kan vi ikkje anna enn dét - lure og spekulere.