Grova - Lokalhistorisk nettmagasin for Indre Sunnmøre
:Etterlysing

Attende til Etterlysingar


Ole Øystein Nybø: Jon Jonsen Stadheim til Stordal eller Grodås?

Til Grova

 

Eg har eit spørsmål knytta til Stadheim i Sunnylven.  I Sunnylven og Geiranger II side 192   2. avsnitt finn eg ein Jon f. ca 1722. Han skal etter skrivande ha vorte brukar på Grodås. Muleg det er rett, men så finn eg ein Jon Jonsen Stadheim f. 1721 gift med Ane Olsd. Kvammen i Stordal og brukar der. Dei fekk dottra Siri i 1776 i Stordal. Kan dette vere same mannen, og at han likevel ikkje var på Grodås ??  Kjenner du til dette ?

Helsing Ole Øystein Nybø

 

SVAR:

Den Jon du fann på Stadheim f. 1722 er nok han som vert gift til Kvammen i Stordal.

Heile familien ser slik ut:

 

Johan Nilsen Stadheim      f.ca 1676  død 1727

gift med

Sigtrud Larsdtr. Fivelstad f.ca 1690  død 1758

Born: Ingeborg (1716-1782) g.m. Ole Bottolvs. Bjørdal  busett Bjørdal (Sunnylven)

      Nils     (1718-1801) g.m. Marte Nilsdtr          busett Fjørstad (Stranda)

Ingri    (1720-1795)  g.m. Jon Sjurs. Ødegård     busett Ødegård (Stranda)

                     g2.m. Knut Eriksen Aasen     busett Aasen (Sykkylven)

Lars     (1722-1798)  g.m. Marte Olsdtr. Overå    busett Overå (Stranda)

Jon      (1722-       g.m. Anne Olsdtr. Kvamen    busett Kvammen (Stordal)

Anne     (1725-1754)  g.m. Ole Ellingsen Ringset  busett Ringset (Stranda)

 

I skifte etter Ingeborg Bjørdal i 1782 er Jon Jonsen Qvammen nemd som formyndar. Det skulle tyde på at det er rett mann. Ingen av borna ser ut til å ha brukt Johan som farsnamn. Det går i Jon, Jan eller Hans!

Kven var då den Jon Jonsen Stadheim som er nemd på Grodås?

Det som skjedde vidare etter at Johan Nilsen var død, var at enkja gifta seg oppatt med Jon Tormodsen Røyr og fekk 4? born med han.

 

Jon Tormodsen Røyr        f.ca 1708  død 1779

gift med enkja

Sigtrud Larsdtr           f.ca 1690  død 1758

og gift 2g i 1759 med

Else Eriksdtr. Gjørven, Stryn, f.ca 1709  død 1784

Born:  Anne   (1728-1816)   g.m. Carl Larsen Klokkerh. busett Aurdal (Sykkylven)

  Jan    (1732-

  Marta  (1735-1775)   g.m. Lage Olsen Hjelle     busett Hjelle (Sykkylven)

  Tormod (1739-


I skifte etter Anne Jonsdtr. Ringset i 1754 er hennar 5 syskjen og 4 halvsyskjen nemde som arvingar. Det skulle tyde på at Sigtrud hadde desse 4 nemde borna med Jon Tormodsen. Det som forvirrar er Lars Strømme si avskrift av skifte etter Jon Tormodsen i 1779. Arvingane er ein frillebror (må vel vere frilleson?) Jon Jonsen Grødes (N.fj.) og 2 søstre (døtre?) Anne Jonsdtr g.m. Carl Aurdal og Marte Jonsdtr. Jelle (er død, borna arver.) Korleis dette heng saman er vanskeleg å vite før ein har sett skiftet i original. Eg har ein mistanke om at også Tormod f. 1739 kan vere nemd i skiftet og er den nemningane frillebror og søstre relaterer seg til.

Jan Jonsen f. 1732 er vel den som kjem til Grødes (Grodås). (Eller finst der endå ein Jon/Jan Jonsen Stadheim?)

I bygdeboka for Hornindal under Grodås br. nr. 11 er nemd:

Jan Jonsen Hilde (1736-1809) gift 1765 med Brite Jetmundsdtr. Svor.

Om dette er vår mann er vanskeleg å seie. Eg leita raskt gjennom bygdeboka for Innvik, men fann ingen Jon på Hilde som kunne vere faren. Er det Jan Jonsen Stadheim som oppheld seg på Hilde når han giftar seg i 1765? Om han var eit frillebarn av Jon Tormodsen var kanskje mora frå Nordfjord, slik at han kan ha vore hos familie i Innvik?

Men dette vert berre lause spekulasjonar!

I Sunnylven og Geiranger II s.191 fortel Lillebø  ei segn om Johan Nilsen der det heiter at han

 

“…… vart utatt-tretta frå garden, kom på vidvank, var ei tid på Røros koparverk, hadde så ein gard i Lom, og sat sidan som bygselmann på Fjørstad.”

 

Lillebø held dette for å vere lite truleg. Johan Nilsen døyr som kjent i 1727 på Stadheim som ein velhalden mann.

Eg trur det er meir sannsynleg at denne segna kan knyttast til Jon Tormodsen. Om han var på Røros, i Lom eller på Fjørstad veit eg ikkje, men han måtte i alle fall forlate Stadheim. I 1735 bygslar han ein part i Hellset. Tormod er fødd her i 1739. Når kona Sigtrud døyr i 1758 kallar ho seg Korsbrekke. Sjølv skriv Jon Tormodsen seg for Kleiven af Nordals prestegjeld når han året etter gifter seg på nytt med Else Eriksdtr. Gjørven. Og i manntalet for ekstraskatten 1762 finn vi Jon Kleven og hustru Else som husmenn under Hellesylt.

Dei har sikkert budd i Kleiva mellom Hellesylt og Korsbrekke. I eit skattemanntal frå slutten av 1760 talet er det på Hellesylt nemd ein husmann Jon Skaffer. Truleg er dette nemde Jon Tormodsen som har livnært seg som skysskaffar.

 

© Tor Myklebust 22.01.2002

 

Kjelder:  Lars Strømme sine avskrifter ved Statsarkivet i Bergen

                Bygdebøker for Sunnylven, Stranda, Sykkylven, Hornindal og Innvik

                Manntalet for ekstraskatten 1762

                Kyrkjebøker for Sunnylven