| Grova - Lokalhistorisk nettmagasin for Indre Sunnmøre | |
![]()
:Etterlysing |
Attende til Etterlysingar |
Sakkarias Larssen Halvorsæter, Ørskog
Aase R. Sæther, Sandane, skreiv 29.04.2002 i Digitalarkivet
Hengjer også på desse i Ørskog: Sakarias Larsson Hallvardsæter, f. ca 1752, og kona Ragnhild Pederdtr, f. ca 1756.
Vil nokon svare meg direkte, er adressa aasers@c2i.net
Tor Myklebust, Bergen, svarte 08.05.2002
Saccarias Larsen (1751-1819) g.m. Ragnild Pedersd. Helstad busett Halvorsæter (Ørskog). Foreldra til Saccarias var: Lars Iversen f. Emdal (1714-1766) og Inger Arnesd. Andeberg. Dei budde på Fjørstad (=Fierilstad). Etter at Inger Arnesd. var død gifta Lars Iversen på nytt i 1752 med enkja Gjertrud Rasmusdtr på Fivelstadhaugen (Sunnylven).Ei avskrift av eit skifte etter Nille Larsdtr på Røyr 1826 viser at to syskjen og ei halvsyster arvar. Det var Zacharias Larsen Hallvarsæter (død; 5 born), Brite Larsdatter Nebbedalshaugen (=Fivelstadhaug) (død; 7 born) og Borni Jacobsdtr Rødset (død; 3 born) Der anna ikkje er nemd ligg gardane i Stranda.
Dermed fann eg også følgande i kyrkjeboka: Trolovelser og Brudevielser i Strandens Sogn 1785:
Novembr 12te troelovet ungkarl Saccarias Larsen Fierilstad og Ragnild Pedersd. .....(forlovarar: Halvar Engebretsen Dræge. Hans Hansen Berge) Ægteviet d 1ste Januar 1786