| Grova - Lokalhistorisk nettmagasin for Indre Sunnmøre | |
![]()
:Etterlysing |
Attende til Etterlysingar |
Etterlysing: Steffen Larsen Gjørva, f. ca. 1735, Geiranger
Olaug Dreyer, Ås, etterlyste i Digitalarkivet den 30.04.2002 forfedre til Steffen Larssen Gjørvad, Geiranger.
Hei! Her fikk jeg lyst til å henge meg på i håp om å finne andre som forsker på Gjørva-slekt i Geiranger.Jeg har mange av etterkommerne til Steffen Larsson G. f.ca 1736/38 , men veit lite hvor han stammer fra.Steffen var og kjent som 'Sterke-Steffå'. E-postadresse er olaugdr@frisurf.no
Tor Myklebust gav dette svaret i Digitalarkivet 2.05.2002
I) Steffen Larsen Gjørva (ca1735 - 1806) er son til Lars Pedersen og Eli Olsdtr. som i 1729 bygslar bruk nr 3 på Gjørva.
II) Eli Olsdtr (1703 - 1764) er dotter til Ole Knudsen (født på Årset etter 1666 og død på Gjørva 1724) og Magdeli Nilsdtr frå Gjørva.
II) Eg har ikkje funne kjelder som seier kvar Lars Pedersen kom frå, men ein del indisiar (bruk av faddarar o.l.) kan tyde på at han er son til Peder Larsen Flydal (ca1665 - 1742) og Marthe Halkjellsdtr f. Vesterås.
Olaug Dreyer, Ås, svarte 07.05.2002
Til Tor Myklebust. Tusen takk for opplysningene om Steffen Larson Gjørva. Jeg synes at jeg har finlest kyrkjeboka for Norddal, men har ikkeklart å finne Steffens dødsår. Du veit vel ikke også når kona hans, Anne Marta Ingebrektsdtr. , døde ? Helsing, Olaug
Tor Myklebust svarte 8.05.2002
Eg viser til debattinlegg nr. 6491 i Digitalarkivet. Steffen Larsen Gjørva døyr i 1806 på Ertesvåg i Vatne. Derfor finn du han ikkje i kyrkjeboka for Norddal. Eg skal sjå om eg kan finna ut når kona hans døyr.
Så langt debatten i Digitalarkivet. Tor Myklebust har laga ein langt meir detaljert framstilling av slektssambanda som følgjer under (langversjon):
Anetavle for Steffen Larsen Gjørva (ca1735 - 1806)
1 Steffen Larsen Gjørva (ca.1735 - 1806)
2 Lars Peders. f. Flydal?
3 Eli Olsd. f. Gjørva (1703-1764)
4 Peder Lars. f Flydal (ca1665-1742)
5 Marthe Halkjellsd. f. Vesterås
6 Ole Knuds. f. Årset (et.1666-1724)
7 Magdeli Nilsd. f. Gjørva
8 Lars Ols. (1616-
9 NN Pedersd. f. Møll?
10 Halkjell Gunders. f. Vesterås (1644-ca1677)
11 Synneve Andersd. (?-1709)
12 Knud Knuds. f. Årset
13 Brite Iversd. (?-1709)
14 Nils Ols. f. Bolstad (Stryn)
15
Kommentarar:
2 Eg har ikkje funne kjelder som seier kvar Lars Pedersen kom frå, men ein del indisiar (bruk av faddarar o.l.) kan tyde på at han er son til Peder Larsen Flydal (ca1665 - 1742)
8 Lars Olsen Flydal er truleg gift med ei dotter til Peder Amundsen Møll (f. Ringstad Stranda). I ei sak for tinget i 1693 møter Lars Flydal og stadfestar at han på kona sine vegne er "arfueligen tilfalden" 6 mrk. fiskesleie i Møll.
12 I 1666-manntalet er nemd på Årset: Knud 70 år med sonen Jon 1 1/2 år. Jon er bror til Ole Knudsen, men eg er usikker på om Knud er faren eller bestefaren.
14 Nils Olsen er son til Ole Olsen f. Maråk som i 1633 bygslar eit bruk på Bolstad i Stryn. Ole Olsen er son til Ole Halkjellsen Maråk. Han må vere fødd før Ole Halkjellsen vart gift med Eufemia Nilsdatter f. Vereide. Kanskje er det Maren Olsdatter, enkja etter Norddalspresten Iver Eriksen, som er mora. Ho vart gift med Ole Halkjellsen etter at presten døde i 1610.
Anetavle for Anne Marthe Ingebrigtsdatter f. Ringdal (1747 - 1813)
1. Anne Marthe Ingebrigtsdatter f. Ringdal (1747 - 1813)
2 Ingebrigt Amundsen f. Møllseter (1716 - 1791)
3 Gjertrud Arnesdatter f. Fivelstad (1712 - 1749)
4 Amund Ingebrigtsen f. Møll (1685 - 1769)
5 Anne Johannesdatter f. Møllseter (? - 1730)
6 Arne Olsen f. Fivelstad (1673 - 1753?)
7 ?
(1677 - 1753?)8 Ingebrigt Toresen f. Møll (1656 - 1696)
9 Ragnild Pedersdatt f. Møllseter (? - 1714)
10 Johannes Mortensen (1629 - ca1689)
11 Marit Olsdatter f. Møllseter? (? - 1712)
12 Ole Olsen f. Fivelstad (1637 -?)
13 Gjertrud Olsdatter
14
15
1 Anne Marthe Ingebregtsd: Giervad gravfesta 27 februar 1813, 68 år gammal
8 Ingebrigt Toresen er son til Tore Olsen nemd som brukar på Møll frå 1658 og utover.
9 Ragnild Pedersdatter er dotter til Peder Pedersen Møll som igjen er son til Peder Amundsen Møll (f. Ringstad Stranda)
11 Marit Olsdatter kan vere dotter til Ole Olsen nemd som brukar på Møllseter frå 1626 til 1660.
12 Ole Olsen er son til Ole Arnesen f. Fivelstad (1596- ?) som igjen er son til Arne Olsen nemd på Fivelstad 1603 - 1627
Gjørva bruk 3:
Steffen Larsen f. Gjørva
f. 1735 d. 1806
gift 1765 med
Anne Marthe Ingebrigtsd f. Ringdal
f. 1747 d. 1813
Born:
Lars
f. 1766
gm. Ingeborg Ellingsd Vesterås
busett Ertesvåg/ Gjørva
Peder
f. 1768
død
Eli
f. 1770
gm. e.m. Sjur Arnesen Seljeflot
busett Sølberskar(Norddal)
Gjertrud
f. 1774
gm. Ole Paulsen Homlung
busett Homlung
Marte
f. 1777
død
Inger
f. 1779
død
Ingebrigt
f. 1782?
busett Ertesvåg/ ?
busett Gjørva
Thore Per f. 1784 g.m.Berte Syversd Blomberg Marthe
f. 1791
Kommentar:
Peder, Marte d.e. og Inger er unemde i skiftet etter faren. Truleg er dei døde som småborn. Kyrkjeboka har mangelfull registrering av gravfestingar på denne tida.
Skiftet etter Steffen Larsen er halde på garden Ertesvåg i Vatne i 1807. Sonen Lars var brukar her frå 1804 til 1807. Då tok Ingebrigt over og Lars vende heim til Gjørva.
Ingebrigt har eg ikkje funne døypt. Han er konfirmert i 1798 so eg har anslått fødselsår til 1782. Også fordi der manglar nokre sider i kyrkjeboka for 1782. I 1801-tellinga for Norddal er der berre ein Ingebrigt Steffensen. Han er 16 år og tjenar på Isflå. Når ein tek omsyn til at Thore Per f. 1784 er oppgitt å vere 15 år i 1801, er det ikkje urimeleg å anta at tjenaren på Isflå er vår mann. Ingebrigt vart som sagt brukar på garden Ertesvåg i Vatne i 1807, men allereide i 1810 gav han opp. Kvar han vart av veit eg ikkje.
Den første Steffen på Gjørva
I "Slektsbok for Gjørva-ætta frå Steffågarda på Gjørva i Geiranger" undrast forfattaren O. Gjørvad seg over opphavet til Steffen-namnet på Gjørva. Frå slutten av 1700-talet og framover heitte annankvar brukar på to av Gjørvabruka Steffen. Medan det før den tid var eit ukjent namn i Geiranger.
Her er forklaringa:
Då Ole Knudsen døde i 1724 gifta enkja Magdeli Nilsdatter seg oppatt med ein Steffen Østensen. Dette er truleg han vi finn på Hole i Sunnylven i 1701 som 14 åring og som seinare tjenestegjorde under den store nordiske krigen. Han var ute frå 1715 til krigens slutt i 1719 og fekk frå 1721 sersjantsgrad. Det var soleis ein mann i sin beste alder som i 1725 overtok bruk 2 på Gjørva.
Då stedottera Eli Olsd gifta seg med Lars Pedersen fekk dei i 1729 bygsel på bruk 3. Her sat då ein tilårskomen og barnlaus(?) Mons Halvorsen som tidlegare hadde vore gift med Brit Ivarsdatter, mor til Ole Knudsen. Nest eldste sonen til Lars og Eli kalla dei oppatt etter Steffen Østensen. Steffen Larsen eller også kjend som "Sterke-Steffen"
I 1750 fekk Ole Larsen Flydal og kona Marte Pedersdatter Øye bygsel på bruk 2 mot å yta kår til Steffen Østensen. Også her fekk nest eldste sonen namnet Steffen. Soleis klarte ein barnlaus Steffen Østensen å knyta namnet sitt til Gjørva heilt fram til vår tid.
Steffen Østensen døyr på Gjørva 77 år gammal i 1760.
Tor Myklebust, 13. mai 2002