LOKALHISTORISK NETTMAGASIN FOR SUNNMØRE Sist oppdatert: 31. desember 2006 |
|
Innhald
In English
Magasinet Grova
Send melding til: Ansvarlege redaktørar: Skriv deg inn i
Andre portalar
BerGIS Byhistorie |
Grova:Alltid noko av interesseArtikkel Bjørn Jonson Dale, STUDENTEN, TAUSA OG GULLUNGEN : Opphav til Mechlenburg'ar, Friis'ar og andre fine ålesundsborgarar[02.12.2008] Kronologiar Bjørn Jonson Dales Sunnmørskronologi er på plass att. Vi har også laga ein Nordfjord-kronologi med god hjelp av Leiv Magne Apalseth[20.10.2008] DIS-Møre og Romsdal arrangerer ope møte om bruk av dataprogram i slektsforsking 17.11.2007. Bruk av dataprogrammet Legacy står på programmet. Les meir på DIS-MR si heimeside[30.10.2007] Ny lenkedatabase Vi har laga ny database for lenkjer. Her kan du hjelpe oss med å leggje til lenkjer som andre lokalhistorisk interesserte kan ha interesse av! Lenkjer
Retting av lenker Vi har retta ein heil del lenker under Grova, og store delar av Grova er no samla under domenet soga.no. Dersom du finn lenkefeil gjer vel å send ei melding til arne@soga.no?subject=Feilmelding[22.04.2006] Nye artiklar og småstubbar To nye artiklar frå Bjørn Jonson Dale. Her kan du lese meir om Knud Brecke på Brunholmen - odelsguten frå Ørsta som var borgar på Brunholmen for 200 år sidan. Og ein lengre og interessant artikkel om gullsmedane på Sunnmøre i laugstida (1570-1870) Les meir[30.01.2005] Hundretals arveskifte frå Ytre Sunnmøre. Inge Remøy har granska og skrive av over 200 arveskifte i perioden 1740-1825, hovudsakleg frå Ytre Søre, nærare bestemt Herøy. Utan tvil den største samlinga av digitale skifteavskrifter i Norge. Skifte er ei rik kjelde. Her får du vite nøyaktig kva folk eigde. Ei rik kjelde til lokal-, slekts- og personalhistorie. Les meir[15.09.2004] Lensrekneskap 1606/07 for Sunnmøre. Lensreknskapen 1606/07 er den første komplette reknskap for Sunnmøre Lehn. Ivar S. Ertesvåg har skrive av heile reknskapen. Imponerande! Denne reknskapen syner statens inntekter frå Sunnmøre, inntekter frå utleige av jord, tiende, leidang, bygselavgift (omlag som vår dokumentavgift og litt til), skipstoll (=eksportavgift) og sakefall (=bøter t.d. for sex utanom ekteskap). Avskrifta inneheld både hovudtala og underlagsmaterialet. Les meir[18.03.2003] Landkommisjonen 1661 I 1661 nedsette kongen en kommisjon, landkommisjonen, som skulle registrere all jordeigndom i Norge. Stein Arne Fauske har skrive av jordboksdelen av landkommisjonens registeringar i Dale Skipreide. Jordboka inneheld brukarane og eigarane fordelt etter gard. Avskrifta finn du her: Dale Skipreide[28.12.2003] Jordboka 1626 for Borgund Ny kjeldeavskrift tilgjengeleg! Jordboka 1626 er den eldste kjelda som syner både kven som brukte gardane og kven som åtte dei. Eigde bøndene sjølve jorda dei brukte? Jordboka 1626 for Borgen.[28.11.2003] Peder Z. Helbostad forfattar frå Hellebostad i Sunnylven. Gav ut historiske romanar. Aktiv i baptistsamfunnet, m.a. redaktør i medlemsbladet "Banneret". Les meir om P.Z. Helbostad.[15.11.2003] Nye (gamle) postkort frå Geiranger, Sjøholt, Sykkylven og Herøy denne gongen Postkortdatabasen.[10.11.2003] Avskrift av den katolske messeboka for Ørskog: MISSALE SECUNDUM ORDINEM PRAEDICATORUM. Dei bevarte delane av messeboka syner Eigedomane til Ørskog kyrkje og prestebord 1515-1547.[02.11.2003] Fleire nye postkort Frå Knut Arne Opsvik har vi fått tilsendt ei rekkje flotte postkort frå Stranda, Borgund, Ålesund og Geiranger. Korta frå Stranda dokumenterer særs godt utviklinga av Dreges Hotel og Storfjord Turisthotel. Postkortdatabasen.[01.11.2003] Femte bandet om gamle Borgund Bjørn Jonson Dale er tilsett for å skrive band nummer fem av Borgund og Giske bygdebok. Boka skal dekke 400 år fram til 1840-talet, då Ålesund vart by. Dale har ambisjonar om at dette bandet skal verte ei samfunnssoge, ikkje berre ei bygde-bok i tradisjonell forstand. Med Borgund-området som sentralstad for Sunnmøre vert bokverket særs interessant langt utover gamle Borgund kommune Les meir[28.08.2003] Postkort frå Herøy og Geiranger. Nye kort og ny funksjonalitet i postkortdatabasen. Du kan liste nye kort sidan sist oppdatering.[28.06.2003] Postkort frå Ålesund og Sykkylven. Nye kort og ny funksjonalitet i postkortdatabasen. Kåre Aasebø har sendt inn postkort frå Ålesund og Sykkylven.[02.06.2003] Spennande artiklar og nye kjelder. Sidene kjelder, katalogar, artiklar og lenker er oppdatert med stoff frå heimesida til Bjørn Jonson Dale Under artiklar kan du m.a. lese meir om bondeføraren Store-Rasmus Les meir[12.03.2003]
Den ålmenne jordeboka for Sunnmøre 1626. Frå Bjørn Jonson Dale har Grova fått ei rett avskrift av den ålmenne jordeboka 1626 for Dale skipreide. Jordebøkene frå 1626 inneheld dei første komplette listene over jordeigarane, og er såleis ei særs viktig kjelde til både jordeigedomshøva, gard- og slektshistorie. Les meir
Nils Bjørstad - Gjest Bårdsen nære samansvorne. Valldaling Nils Bjørstad vart ein av Gjest Bårdsens nære "medarbeider" i Bergen på 1820-talet. Bjørstad sitt vertshus på Nøstet - var med løynde rom lenge ein sikker skjulestad for Gjest Bårdsen og andre i hans kriminelle miljø. Vertshuset var også eit av fleire "horehus" på Nøstet i BergenLes meir[11.01.2003] Tingbøker og skifteprotokollar er særs nyttige kjelder både til lokalhistorie og slektshistorie. Tingbøkene er "journalar" frå den lågaste rettsinstansen, bygdetinget. Skifteprotokollane innheld lange lister over gjeld, formue, eignelutar og fordeling av arven mellom arvingane. Vi har på grunnlag av opplysningar frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek i Ålesund laga katalog over tingbøker og skifteprotokollar. Desse, og fleire katalogar, finn du på katalogsida vår[11.01.2003]
Arkivet: Nyhende
|
Soga:Siste
Fem siste artiklar Fem siste kjelder Fem siste etterlysingar
|
| Røvastiar: Framside | Kjelder | Artiklar | Etterlysing | Postkort | Bibliografi | Katalogar | Geiranger |
Utgitt av Grova - Lokalhistorisk nettmagasin |
|
Vitjingar sidan 3. april 2001