Bb. 3.

Bb. 3 er og uheilt. Det vantar både byrjinga og slutten og er
difor uråd å få klårleik over. Ein ser av brevet at Erik Olsson og
broren Nils Olsson Vereide i 1601 på lagtinget i Bergen den 19.
juni har fått dom eller kontrakt på å eige l laups leige i I. Bjørdal
og l pd. smørs leige i Y. Bjørdal.

Men 26. september 1629 har det vore halde rettsmøte på Hei-
set av sorenskrivaren vår og 6 lagrettemenn. Etter Bb. 3 har doma-
ren då ikkje kunna respektera Helsetkontrakta, då nest foregåande
kontrakt ikkje har vore framlagt på Helset. Men Bjørdalsmennene
har på grunnlag av den ikkje betalt landskyld i fleire år