Bjørdalsbreva.


Dei såkalla Bjørdalsbreva er sju tingdokument
frå perioden 1599-1652 som låg på garden
Bjørdal i Sunnylven. Forfattaren av bygdeboka for Sunnylven
og Geiranger II (1972), P. A. Lillebø, skreiv av desse
dokumenta, og dei vart trykt i 1972-utgåva; dels som rett(?) avskrift,
dels som samandrag med kommentarar. Sidan desse
”avskriftene” ikkje vart funne interessante  nok til
å takast med i den nye utgåva av bygdeboka (1996) og
sidan ingen veit kvar orginalane har teke vegen, har vi under prøvd
å ”rekonstruere”  dokumenta på
grunnlag av framstillinga i Sunnylven og Geiranger II, s.
118-128

For å skilje mellom kva som er orginaltekst og kva som er P.A.
Lillebø sine kommentarar har vi nytta to ulike skrifttypar:


Tekst i kursiv er P.A Lillebø sine merknader eller
samandrag,
medan tekst i Arial er teksten frå
orginaldokumentet

Bjørdalsbrev nr. 1

18. mai 1599

Stryn

Av Bb. l. ser vi at Johannes Ellingsson hadde gjort ei reis i
1595 like til Førde i Sunnfjord og der på tinget

«tilspurgte velbyrdig Peder Tott fordum slotsherre paa
Bergenhus om arffue thotten aff laugenn Huadt tho Brødre
skulle skillie Adt, den ene broder døde før den Anden
og haffde 4 sønner effter sig».

Den gode herre bad han om å møte fram på
heimetinget, så ville han der få svar på dette
spørsmålet,

«Huilket Johannes ogsaa gjorde paa et fritt
ting (i Stryn?) udj Kong. Mayst. fougsneruerelse og tiltalte
Oluff Kaabensen
(Flo) om en halff løb som hand haffde hafft
fra hannom oc hans medarffuinger udj lang sommelig tid.»

Til dette svara Oluff Kaalbensen:

«Men gode Wen ieg Kand her intet adt giøre
før end ieg taler medt Oluff Ericksen paa Flo her om. Da ging
Thore Jensenn i Bøe oc før n Johannes Ellingsenn till Oluff Kol-
ensen oc Oluff Ericksenn paa tindet, Oc tilspurde dennom i danne-
mendts paahørelse om de icke skulde faa dett godtz igienn Som de
haffde fra dennom. Thill huilcket forne Oluff Kolbensen oc Oluff
Ericksen Svarede, At de wilde lade sig nøye medt huad Som danne-
mendt giorde her udj. Oc dog bleff besluttet at de skulle forsam-
lis paa Giørffuen Løffuerdagen nest effter S. Bentte dag om høsten,
Oc dog tage Dannemendt offuer Som skulde Forlike dennom.»

Det heiter vidare at dei vart samde om 4 forliksmenn, nemleg
Anders Lauritsson Øvre Eid, Jon Andersson i Grov, Ingebrigt Lan-
geset og Johannes Gjørven. Desse kom såman på nemnde stad og
dag. Då partane hadde rekna opp ætta og godset som ætta åtte, tok
Anders Øvre Eid eit stykke krit og skreiv opp ættegreinene og kva
jordegods kvar hadde fått.

«Da befandtz at Jordegodtzit beløb sig
merre paa forn Oluff Kolbensens oc hans med Arfuingers Anpart,
end den Anders Saa som forne Johannes oc Thore (i Bø?) med
deres Arffuinger fattedis enn løb oc 9 mark ij Jordegods.»

Anders Øvre Eid spurde då Johannes Bjørdal kvar han og medbrørne hans
ville ha den 1/2 laup, og til dette svara Johannes at han og medar-
vingane ville ha han i garden som far hans hadde kosta mest på og
som var i Bjørdal (ytre).

«Da svarede Oluff Ericksen: Saa meget
som mig tilstaar udj den halffue løb, da giffuer ieg mit ia oc Sam-
tøcke dertill, men ei for mine brødre fordj de ere icke selv tilstede,
Oc derfor maa de sielffue svare for sig. Oc det Samme Samtockte
ocsaa Oluff Kaalbensenn. Da opstod Thure Jensen oc Johannes
Ellingsenn oc tackede forne Oluff Kolbensen oc Oluff Ericksenn
Oc dermedt bleff denne Contract og forligelse Sammetid gioit
imellem dennom Som stadfestelsen holdis skall.»

Brevet vert så
til stadfesting underskreve av partane og lagrettesmennene. Begge
Flomennene har sett sine innsett under. På breva er no merke etter
eitt av dei. Under brevet står stad og dato:

«Actum Stryen 18 Maji1599.»

Så fekk då Johannes og hans medarvingar att 1/2 laup jorde-
gods i Y. Bjørdal, som Flomennene til denne tid hadde bygsla bort.