Koppskatten 1645
Tor Myklebust har registert koppskatten 1645 for Dale
Skipreide. I koppskatten for Dale Skipreide er kvar brukar normalt førd
med namn og oppført med eit skattebeløp saman med kona. På
linja under brukaren er eventuell born, drenger/piger og andre hushaldsmedlemmer
førd opp med ein samla skattesum. I avskrifta er gardsnamn, namn
på brukar, stand/stilling, kone, born, tenestefolk og skattesum førd
i eigne felt. Sidan skattetaksten varierer avhengig av brukar si stilling,
jfr. under, har avskrivaren ført opp talet på personar som
er omfatta av skattesummen.
Koppskatten 1645 var en engangsskatt som skulle betales
av alle over 15 år. Satsen var 8 sk. pr. person i bonde- og fiskerhushold
og 6 sk. for husmenn og håndverkere, mens bygdelensmenn, sogneprester
og byborgere skulle gi 1 riksdaler pr. person; byenes borgermestre og rådmenn
1 ½ specidaler, og adelspersoner 6 specidaler (direktiv fra stattholderen,
som ligger som vedlegg til lensregneskap for Lista len 1645).
Norsk historisk leksikon
I Dale Skipreide synest satsane å vere 8 sk pr. person i bondehushald
og 6 sk. pr. person for husmannsfolk. Lensmennene har betalt 1 ort pr.
familiemedlem og 8 sk. for kvar av tjenestefolka. I tillegg er her ein
handverkar (skreddar) som har betalt ½ dalar.
Forsida, før lista over brukarar:
Hoffued Schatte Mand-
tal offuer Sundmørs Fougderj,
huor Effter Hoffuit schaten
her anammet och oppe-
borit Efter Kongl:
Majts: naadigste
Breff och Paabud
In Anno Christi
1645
Dalle Schibrede
Koppskatten 1645 for Dale Skipreide i Digitalarkivet