Attende til Grova

Om Grova

Røvastiar: Framside | Kjelder | Artiklar | Etterlysing | Postkort | Bibliografi | Katalogar

Mål og ambisjonar

Nettmagasinet vil først og fremst vere ein stad for å publisere artiklar, småstykker og historiske kjelder, ambisjonsnivået regulerer vi etter arbeidslyst og tiltak. Magasinet har ikkje årgangar eller nummer - det vil alltid vere tilgjengeleg og alltid bli oppdatert, så vend tilbake, i morgon finn du kanskje noko nytt som vil interessere deg.

Om magasinet
Grova   eit nettmagasin for den lokalhistorisk interesserte. Vi vil først og fremst ta opp emne som vil fengje dei med tilknyting til Sunnmøre, førebels ligg hovudtyngda til Stordal, Stranda og Norddal kommunar, dvs. Storfjorden innafor Skotet. Men planane om geografisk utviding er klare!

Ansvarlege for Grova er Bjørn Jonson Dale, Tor Myklebust og Arne Solli. Tor kjem frå Eggesbønes men har tjukke røter i Oaldsbygda (Øvstegard og Skjeret!), og Arne er utflytt Strandar. Bjørn er historikar og forfattar frå Ålesund og du kan lese meir om han på Dale-sida

Kontakt oss

    Send melding til
    Redaksjonen
    Ansvarlege redaktørar
      Tor Myklebust
      Arne Solli
      Bjørn Jonson Dale
    Om du vil kontakte oss på ikkje-elektroniske vegar så er adressene:

      Tor Myklebust
      Stavkirkevegen 3 B
      5231 Paradis
      Tlf: 952 31386

      Arne Solli
      Einerhaugen 25D
      5141 Fyllingsdalen
      Tlf: 55150741 (privat), 55588950 (8:00-16:00)

      Bjørn Jonson Dale
      6004 ÅLESUND

Tekniske endringar/Endringar av bunad

  • 02.11.2001 Omfattande endringar av utsjånad og innhald. Ny framside, etablering av nivå-1 sider, t.d. Kjelder.
  • 18.03.2003 Forbetra struktur, etablering av fast topp på sidene med krysslenking (Røvastiar=snarvegar) på nivå-1 sidene
  • 15.11.2003 Gamle nivå-1 sider oppjustert til gjeldande bunad (arkiv, gardar og biografi) med Grova-bunad i topp.
  • Sist oppdatert 31. desember 2006